6. Statens medieforvaltning og nærkringkastingsspørsmål

Statens medieforvaltning

       Statens medieforvaltning har no 13 tilsette. Verksemda er organisert i to avdelingar, kringkastingsavdelinga og presse- og administrasjonsavdelinga.

       I 1994 har Statens medieforvaltning sett i verk i alt 27 sanksjonar i form av åtvaringar mot ulike nærkringkastingskonsesjonærar for brot på regelverk. Sanksjonane gjaldt særleg brot på reglane om rekneskaps- og avgiftsplikt, om vidareformidling av satelittkringkasting og om reklame og sponsing.

       TVNorge AS fekk to åtvaringar for brot på regelverket om reklame og sponsing. Statens medieforvaltning har òg teke opp brot på regelverket med P4 og NRK, men utan at det er sett i verk sanksjonar mot desse selskapa.

       Dei utanlandske satellittselskapa TV1000 og FilmMax fekk varsel om at det ville bli lagt ned forbod mot vidaresending av sendingane deira i norske kabelnett fordi det vart sendt pornografiske filmar som var i strid med norsk lov. TV 1000 tok varselet til følgje og sladda dei sendingane som var i strid med norsk lov. FilmMax heldt fram med å sende ulovlege filmar, og Statens medieforvaltning gjorde derfor vedtak om forbod mot vidaresending av kanalen. Iverksetjinga av vedtaket var utsett til Kulturdepartementet hadde handsama ein klage over vedtaket. Departementet avviste klagen i mai 1995 og FilmMax tok på nytt til med sladding av sendingane. Eigarane av FilmMax stemna i juli Kulturdepartementet for Oslo byrett med påstand om at departementet sitt vedtak ikkje er gyldig. Saka er lagt fram for EFTA-domstolen for at den skal uttale seg, og kjem venteleg opp for Oslo byrett i 1996.

Nærkringkastingsspørsmål

       Samla var det betalt inn 1,7 mill. kroner i reklameavgift for nærradio i 1994. Mellom anna på grunn av mangelfulle opplysningar er det framleis rekneskap som ikkje er ferdig kontrollerte med sikte på å avdekkje manglande eller for låg innbetaling av reklameavgift. Nokre konsesjonærar er såleis framleis skyldig reklameavgift. Statens medieforvaltning vil leggje vekt på om konsesjonærar har retta seg etter føresegnene om reklameavgift ved tildeling av nye konsesjonar frå 1996.

       I 1994 tildelte Audiovisuelt produksjonsfond 11,7 mill. kroner til nærkringkastingsformål. Audiovisuelt produksjonsfond gir med dette eit tilskott til nærkringkastingssektoren som totalt er om lag tre gonger høgare enn det sektorane fekk utbetalt i snitt på 90-talet frå dei tidlegare fonda på området.

Nærradio

       Ved årsskiftet 1994/1995 var landet delt i 201 konsesjonsområde for nærradio medan talet på konsesjonærar var 386. Det vart gitt 8 nye konsesjonar medan 34 konsesjonar av ulike årsaker vart sletta i 1994. 117 av konsesjonsområda dekte berre ein kommune. Det var 218 operative sendaranlegg. 1994 var økonomisk sett eit vanskeleg år for bransjen. 34 konsesjonar vart sletta, ni av desse på grunn av konkurs. Etter at P3 og P4 starta sine sendingar gjekk den totale lyttaroppslutninga ned frå 20 % i 1993 til om lag 12 % i 1994.

       Statens medieforvaltning har i 1994, som ledd i ei prøveordning, tillate 21 samsendingsprosjekt ulike stader i landet. Mange nærradioar har òg gjort forsøk med andre former for samarbeid i perioden.

       Statens medieforvaltning har òg i 1994 motteke klagar over at utbygging av sendarar for P3 og P4 har medført tekniske forstyrringar for einskilde nærradioar. Statens teleforvaltning har i den grad det har vore mogleg, søkt å løyse dei tekniske problema innanfor disponible frekvensressursar.