1. Innleiing

1.1 Samandrag

       Kredittmedlinga for 1996 er noko endra i høve til tidlegare utgåver. Omtalen av administrative forhold knytte til statsbankane, gjeldsforvaltninga, Verdipapirsentralen og Oslo Børs er sløyfa. Samstundes er omtalen av departementet sitt eige forvaltningsarbeid for ein stor del flytta frå nasjonalbudsjettet til kredittmeldinga. Formålet er at kredittmeldinga i større grad skal vere eit dokument som omhandlar aktuelle saker på finansmarknadsområdet.

       Forretningsbankane og sparebankane har samla sett hatt gode resultat i 1996. Det var høg utlånsvekst i bankane i 1996, men bokførte tap er framleis svært låge. Redusert gjennomsnittleg rentemargin i 1996 tyder på sterk konkurranse om kundane innanfor bankanes kjerneverksemd. Store verdipapirvinstar medverka sterkt til gode resultat for livsforsikringsselskapa i 1996. Dei positive resultata har gjort det mogleg å styrka tilleggsavsetnadene og byggja opp kursreservar i livselskapa. Skadeforsikringsselskapa hadde lågare resultat i 1996 enn i 1995. Kapitaldekninga i bankane og forsikringsselskapa er tilfredsstillande i høve til dei fastsette krava.

       Det er i meldinga gjort nærare greie for utviklinga i 1996 innan bank, forsikring, finansieringsføretak, verdipapirhandel og strukturen på finansmarknaden.

1.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Dag Terje Andersen, Erik Dalheim, Gard Folkvord, Trond Giske, Berit Brørby Larsen, Tore Nordtun og Hill-Marta Solberg, frå Framstegspartiet, Siv Jensen, Per Erik Monsen og Kenneth Svendsen, frå Høgre, Børge Brende, Per-Kristian Foss og Kjellaug Nakkim, frå Kristeleg Folkeparti, Randi Karlstrøm, leiaren Lars Gunnar Lie og Ingebrigt S Sørfonn, frå Senterpartiet, Jørgen Holte, frå Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, frå Venstre, Terje Johansen, og frå Tverrpolitisk Folkevalde, Steinar Bastesen, tek det som står i meldinga om utviklinga på finansmarknaden i 1996 til orientering. Komiteen har elles ingen merknader.