2. Regelverksutvikling og forvaltningssaker på finasmarknadsområde

2.1 Regelverksutviklinga på finansmarknadsområdet

2.1.1 Samandrag

Bank- og finansieringsverksemd

       Det er i meldinga gjort greie for desse regelverksendringane:

- Ny lov om sikringsordninger for banker og offentlig administrasjon m.v. av finansinstitusjonar vart fastsett ved lov av 6. desember 1996 nr. 75 ( Ot.prp. nr. 63 (1995-1996) og Innst.O.nr.3 (1996-1997)).
- Ved lov av 7. juni 1996 nr. 30 vart mellom anna finansinstitusjonslova § 2-17 om tiltak mot kvitvasking av pengar endra med sikte på å styrkje regelverket til å førebyggje og kjempe mot kvitvasking av utbytte frå kriminell aktivitet, jf. Ot.prp. nr. 22 (1995-1996) , Innst.O.nr.50 (1995-1996) og omtale i Kredittmeldinga 1995.
- Finansdepartementet har føreslått lovedningar og fastsett forskrifter som følgje av krav frå EFTA sitt overvakingsorgan ESA om å bringe regelverket i tråd med EØS-reglar. Finansdepartementet fastsette 19. desember 1996 naudsynte forskrifter og endringsforskrifter:
- Forskrift 2. mai 1994 nr. 326 om filial av bankar og andre kredittinstitusjonar i annan stat innanfor EØS vart endra slik at dotterføretak av utanlandsk kredittinstitusjon kan etablere filial i Noreg. Vidare vart føresegner om informasjon som skal gjerast offentleg, revisjon av filial og lovval endra. I hovudsak vart tilsvarande endringar gjorde i forskrift 7. juli 1994 nr. 717 om grenseoverskridande tenesteyting av utanlandske bankar og andre kredittinstitusjonar i annan stat innanfor EØS.
- Forskrift 28. desember 1993 nr. 1257 om fordeling av tilsyn med finansinstitusjonar med hovudsete i annan EØS-stat og som driv verksemd i Noreg, mellom Kredittilsynet og utanlandsk myndigheit vart endra til å omfatte tilsynssamarbeid om forvaltningsselskap for verdipapirfond. Det vart òg fastsett at Kreditttilsynet skal utveksle opplysningar i samband med samarbeid med tilsynsmyndigheit i annan EØS-stat.
- Det vart lagt til ei føresegn i forskrift 28. juli 1994 nr. 750 om prospekt for verdipapirfond om at marknadsføring av verdipapirfond skal innehalde opplysningar om kvar prospekt skal vere tilgjengelege.
- Det vart fastsett ei ny forskrift 19. desember 1996 nr. 1319 om varslingsplikt ved suspensjon av innløyseretten som pålegg forvaltningsselskap for verdipapirfond straks å varsle myndigheitene i dei statar der dei tilbyr partar, dersom innløyseretten for partane blir suspendert.
- Det vart fastsett ei ny forskrift 19. desember 1996 nr. 1320 om forsikringstekniske avsetnader ved koassuranse i skadeforsikring innanfor EØS. Denne forskrifta fastset mellom anna at ein koassurandør sine avsetnader for ikkje oppgjorde skadar minst skal svare til den avsetnad som er fastsett av hovudassurandøren etter reglar eller praksis i den stat der dette selskapet har sitt hovudsete. Det norske selskapet sine avsetnader skal i alle høve fylle kravet til avsetnader etter norske reglar.
- Finansdepartementet fastsette 28. juni 1996 forskrift om verksemda til norske kredittinstitusjonar i annan EØS-stat. Forskrifta er omtala i Kredittmeldinga 1995.
- Finansdepartementet fastsette 23. april 1997 forskrift nr. 376 om tilsyn og kontroll med kredittinstitusjonar og verdipapirføretak sine store engasjement.
- Kredittilsynet har oppdatert årsrekneskapsforskriftene som gjeld for bank og forsikring, jf. nye forskrifter 13. september 1996 nr. 920 og 921. Regelverket blir revidert på nytt når ny rekneskapslov er vedteken.
- Kredittilsynet har i 1996 ført vidare sitt arbeid med rekneskapsreglar for finansielle derivat. Det er mellom anna teke inn krav om tilleggsopplysningar i rekneskapane til bankar og forsikringsselskap. Etter Kredittilsynet si vurdering er situasjonen i Noreg på dette området i samsvar med utviklinga internasjonalt. Men det er framleis mykje som ikkje er avklara når det gjeld rekneskapsmessig behandling av derivat både her i landet og ute.
Forsikringsverksemd og pensjonsordningar

       Det er i meldinga gjort greie for desse regelverksendringane:

- Finansdepartementet har endra rammeverket for livsforsikring med investeringsval (unit linked).
- Med verknad frå 1997 er det opna for ei ny ordning for individuelle pensjonsavtaler (IPA), som kan inngås med forsikringsselskap, bank eller forvaltningsselskap for verdipapirfond.
- IPA-regelverket erstattar ordninga med egen pensjonsforsikring etter skatteloven (EPES). Forskrift 4. september 1992 om egen pensjonsforsikring etter skatteloven vert oppheva frå 1. januar 1998. Etter denne datoen vert EPES-kontraktar regulerte av reglane om pensjonsforsikring i IPA-forskrifta. I motsetnad til det som sto i Ot.prp.nr.64 (1996-1997) skal kontraktar som har vorte teikna som EPES konverterast til IPA, og vil verte regulerte av reglane om pensjonsforsikringsavtaler.
- Premie og tilskott til IPA gir etter skattelova rett til frådrag i skattytars alminnelege inntekt.
- Finansdepartementet fastsette 23. april 1997 forskrift nr. 377 om forsikringsselskap si kapitalforvaltning. Forskrifta gjennomfører EØS-reglar som svarar til rdir. 92/49 EØF (tredje skadeforsikringsdirektiv) og 92/96 EØF (tredje livsforsikringsdirektiv) som mellom anna inneheld reglar om forvaltning av eigedelar i forsikringsselskap.
- Kredittilsynet har utarbeidd eit utkast til forskrift med heimel i filialforskrifta (forskrift 2. mai 1994 nr. 326) med reglar om korleis EØS-selskapa skal oppfylle krav og vilkår om garantiordningar i forsikringsverksemdslova med forskrifter. Utkastet vart sendt på høyring i november 1996.
- Forskrift 15. september 1997 nr. 1005 om premier og forsikringsfond i livsforsikring inneheld reglar om grunnlagsrente, berekning av kor stor minsteverdi forsikringsfondet har, og reglar om tilleggsavsetnader. Samstundes med fastsetjinga vart forskrift 25. november 1993 nr. 1063 om premier i livsforsikring oppheva. Endringa inneber ei gjennomføring av EØS-avtalen, direktiv 79/267/EØF og 92/96/EØF , og er ei presisering i forhold til tidlegare regelverk.
- Finansdepartementet fastsette 23. april 1996 endringar i forskrift 19. februar 1993 nr. 117 om forsikringsverksemdslova si anvending på pensjonskasser og pensjonsfond.
- Finansdepartementet fastsette 22. mai 1996 forskrift nr. 506 om overdraging av forsikringsportefølje teikna etter reglane om etableringsrett eller utveksling av tenesteytingar. Forskrifta gjennomfører EØS-reglar, jf. forsikringsverksemdslova § 3-8. Forskrifta er omtala i Kredittmeldinga 1995.
Verdipapirhandel

       Det er i meldinga gjort greie for arbeidet med desse regelverksendringane:

- Ny lov om verdipapirhandel vart fastsett ved lov av 19. juni 1997 nr. 73 (Ot.prp. nr. 29 og Innst.O.nr.83 (1996-1997)). Den gamle verdipapirhandellova vart endra ved lov av 7. juni 1996 nr. 25. Endringane galdt reglane for konsesjon for verdipapirføretak og verksemda i desse, og er omtala i Ot.prp. nr. 15, jf. Innst.O.nr.48 (1995-1996) og i Kredittmeldinga 1995. Desse endringane er tekne inn i den nye lova. Vidare er reglane for handel med aksjar og andre finansielle instrument endra, mellom anna reglane om innsidehandel, meldepliktig verdipapirhandel, forretningsmetodar og kursmanipulering, flaggingsplikt, tilbodsplikt, prospektkrav og motrekning av valuta- og derivatkontraktar. Verdipapirlovutvalet vart oppnemnt ved kgl.res. 31. januar 1994. Lovendringane byggjer på to delinnstillingar frå utvalet trykte som NOU 1995:1 og NOU 1996:2 .

       I medhald av verdipapirhandellova er det til no fastsett 15 nye forskrifter og overgangsreglar m.v., som det er gjort nærare greie for i meldinga:

- Forskrift 14. oktober 1996 nr. 983 om sikkerheit som må stillast for verdipapirføretak, slår i samsvar med verdipapirhandellova § 4-13 første ledd fast at verdipapirføretak og filialar av utanlandske verdipapirføretak skal stille sikkerheit for ansvar føretaket kan pådra seg i samband med verksemda.
- Den såkalla NAT-saka avdekte eit generelt behov for reglar om tilsette i finansnæringa sin eigenhandel med finansielle instrument. NAT-saka hadde fleire sider. Ei galdt usakleg fordeling av aksjar i ein aktuell emisjon frå tilretteleggjaren si side i strid med krav om god forretningsskikk. Ei anna galdt visse proteføljeforvaltarar si handtering av oppdragsgivaren sine interesser i høve til eigne interesser. Finansdepartementet fastsette på denne bakgrunn forskrift 11. juni 1997 nr. 593 om minstekrav til internreglar for verdipapirføretak, finansinstitusjonar m.v. om eigenhandel i finansielle instrument for visse tilsette.
- Kredittilsynet fastsette forskrift 6. juni 1997 nr. 590 om eigenhandel med finansielle instrument for tilsette i forvaltningsselskap for verdipapirfond. Internregelforskrifta gjeld difor ikkje for tilsette i forvaltningsselskap for verdipapirfond.
- Finansdepartementet sende 28. april 1997 på høyring eit lovforslag frå Kredittilsynet om reglar for tilsette i verdipapirføretak når dei driv eigenhandel med finansielle instrument. Høyringsfristen var 1. august 1997. Saka er for tida til behandling i departementet.
Anna regelverk

       Det er i meldinga gjort greie for arbeidet med desse regelverksendringane:

- Emisjonsforskrifta 27. februar 1989 nr. 135 vart oppheva 20. desember 1996.
- Samstundes med at emisjonforskrifta blei endra, vart det fastsett ei ny forskrift 20. desember 1996 nr. 1247 om emisjonskurs og meldeplikt når eit føretak utsteder ihendehavarobligasjonar o.a.
- Finansdepartementet sende 24. oktober 1996 ut eit høyringsnotat om opprydding i føresegner i penge-, kreditt- og valutalovgivinga m.v. med frist til å uttale seg 20. mars 1997. Høyringsnotatet inneheldt mellom anna forslag om oppheving av penge- og kredittlova og valutalova.
- Ved kgl.res. 6. september 1996 vart ansvaret for Kommunalbanken flytta frå Finansdepartementet til Kommunal- og arbeidsdepartementet med verknad frå 1. januar 1997. 15. november 1996 vart det fastsett endringar i forskrift for Norges Kommunalbank som følgje av at ansvaret vart flytta.

2.1.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen tek til orientering det som står i meldinga om regelverksutvikling på finansmarknadsområdet.

       Komiteen har elles ingen merknader.

2.2 Viktige forvaltningssaker

2.2.1 Samandrag

       I vedlegg til meldinga er det gitt ei oversikt over forvaltningsavgjerdene som departementet tok i 1996. I meldinga er det gitt ei omtale av følgjande viktige forvaltningssaker i 1996 og 1997:

- Finansdepartementet fastsette 6. desember 1995 nye retningsliner for Postbanken sitt høve til å plassere overskuddslikviditet som kontolån i Noregs Bank.
- Finansdepartementet avgjorde i 1996 følgjande konsesjonsaker om skiping eller utviding av finanskonsern gjennom oppkjøp eller samarbeid mellom finansinstitusjonar:
- Departementet gav 12. januar 1996 Kreditkassen løyve til å kjøpe 100 % av aksjane i Norgeskreditt Holding AS. Kredittilsynet gav tilråding i saka. Kreditkassen fekk òg mellombels løyve til å eige mellom 90 og 100 % av aksjane fram til 31. mars 1997.
- Både DnB og det nederlandske forsikringsselskapet AEGON fekk 23. januar 1996 samtykke til å eige 100 % av aksjane i Vital Forsikring AS. Kredittilsynet gav tilråding i saka.
- Finansdepartementet godkjende 4. juni 1996 ei samarbeidsavtale mellom Sparebanken Midt-Norge, Sparebanken Nord-Norge, Sparebanken Rogaland og Sparebanken Vest.
- 20. desember 1996 godkjende departementet ei samarbeidsavtale mellom 12 mindre sparebankar. Desse danna Samarbeidende Sparebanker AS som, saman med dei fire eigarbankane i Sparebankgruppen, samstundes fekk løyve til kvar å eige 20 % av Sparebankgruppen AS.
- Finansdepartementet vedtok 22. mai 1996 å redusere eit refusjonskrav mot Sparebanken Rana i samband med granskingsarbeidet i Wiker-utvalet.
- Finansdepartementet gav 27. august 1996 Cultura Lånesamvirke løyve i medhald av sparebanklova § 3 til å drive sparebankverksemd.
- Finansdepartementet avslo 5. september 1996 å forlengje dispensasjonane til Orkla ASA og Tiger Management Corporation (Tiger) til kvar å kunne eige inntil 15 % av aksjane i UNI Storebrand.
- Ved kgl. res. 27. november 1993 vart det i medhald av sentralbanklova § 16 vedteke å gi ut ein jubileums- og minnemyntserie i samand med Sykkel-VM i Oslo 1993.
- Finansdepartementet vart i brev 3. juli 1996 frå Eksportfinans AS bede om ei avklaring av om departementet kunne oppretthalda Eksportfinans sin dispensasjon frå eigaravgrensingsreglane, dersom selskapet ovetok og fusjonerte med Kommunekreditt Norge AS, eit selskap i Kreditkasse-konsernet.
- Finansdepartementet behandla i 1996 følgjande fire søknader om godkjenning etter finansieringsverksemdslova § 2-7 i saker knytte til betalingsformidling:
- Sparebankenes servicekontor, Forretningsbankenes servicekontor og Postbanken søkte 24. november 1995 Finansdepartementet om godkjenning for rammeavtale om integrering av Postbanken i den felles intrastrukturen for betalingsformidling som dei andre bankane har.
- Finansdepartementet godkjende 9. mai 1996 ei avtale om skiping av eit selskap for betalingsterminalar i varehandelen o.a. (RFTPOS), kalla Bank-Axept AS, etter søknad frå bankforeiningane. Selskapet er sentral for innsamling av data frå betalingsterminalar i detaljhandelen.
- Finansdepartementet godkjende 9. juli 1996 ei ny avtale om interbankgebyr etter søknad frå servicekontora for dei to bankforeiningane.
- Finansdepartementet godkjende 11. juni 1996 ei avtale om « regler om beregning av pris for tilgang til bankenes fellessystemer innen betalingsformidlingen », etter søknad frå Sparebankforeningens servicekontor og Bankforeningens servicekontor.
- Finansdepartementet vedtok 16. august 1996 ikkje å gi UNI Storebrand løyve til å eige inntil 45 % av A-aksjane og 40 % av B-aksjane i Røde Kors Klinikk AS. Kredittilsynet gav tilråding i saka.
- Veddrar AS, eit selskap heimehøyrande i Verdal kommune, klaga 8. juli 1994 over Finansdepartementet sitt vedtak 17. juni 1994 om å gi UNI Storebrand dispensasjon til å eige Værdalsbruket AS fram til 1. januar 2004.
- Finansdepartementet gav 18. mars 1997 løyve til at det danske AS Forsikringsselskapet Codan skipar dotterselskapet Fokus Livsforsikring AS. Kreditttilsynet gav tilråding i saka. Samstundes godkjende departementet eit samarbeid mellom Codan og Fokus Bank mellom anna om distribusjon av forsikringsprodukta til Fokus Livsforsikring gjennom Fokus Bank sine filialar.
- Styra i Storebrand og Kreditkassen la 1. april 1997 fram eit forslag til fusjonsplan der eit selskap i Storebrandkonsernet skulle vere det overtakande selskap i fusjon med morselskapet i Kreditkassekonsernet.
- Kredittilsynet gjorde 30. mai 1997 vedtak med heimel i finansieringserksemdslova § 2-6 første ledd bokstav b om at aksjeeigarane Ivory Enterprise Corp, Ivory AS, Kjell Inge Røkke og Aker RGI ASA skulle sjåast på som ei gruppe ved bruk av eigar- og stemmerettsgrensene i høve til reglane i finansieringsverksemdslova § 2-2 og § 2-4. Storebrand ASA vart med heimel i kredittilsynslova § 4 nr. 9 pålagd ikkje å godkjenne aksjekjøp i strid med vedtaket.
- Finansdepartementet godkjende 11. mars 1997 samanslutninga av Eiker Sparebank og Drammensbanken Skoger Sparebank til Sparebanken Eiker Drammen i medhald av sparebanklova § 47, jf. § 5 og finansieringsverksemdslova § 2a-7 andre ledd.
- Finansdepartementet gav 18. mars 1997 det sveitsiske selskapet Zürich Insurance Company (Zürich) løyve til å kjøpe Protector Forsikring ASA.
- Finansdepartementet gav 10. mai 1997 Landsbanken og Samvirkegruppen løyve til å skipe eit finanskonsern i medhald av reglane om finanskonsern i finansieringsverksemdslova kap. 2a.
- Finansdepartementet godkjende 22. juli 1997 at Rutebileiernes Forsikringsselskap Gjensidige vart omdanna til aksjeselskap, og at alle aksjane i selskapet vart overtekne av Trygg Hansa Försäkring AB.
- Finansdepartementet avslo 25. juli 1997 klage over Kredittilsynet sitt vedtak om ikkje å gi K-Fondene AS samtykke til å gjere verdipapirhandlar og yte rådgivingstenester for Christiania SICAV. K-Fondene er eit norsk forvaltningsselskap for verdipapirfond og Christiania SICAV (société d'investissement à capital variable) er eit luxembourgsk investeringsselskap inndelt i underfond.
- Finansdepartementet gav 29. august 1997 løyve til seks søkjarar om at dei kan opprette livsforsikringsselskap som skal tilby livsforsikring med investeringsval (unit linked) i medhald av nye reglar fastsette 20. desember 1996, jf. omtale i pkt. 2.1. Kredittilsynet gav tilråding i saka. Desse selskapa fekk slikt løyve:
- David Livsforsikring AS/Sparebankgruppen AS
- Den norske Bank ASA/Vital Forsikring ASA
- Landsbanken-Samvirkegruppen AS
- Storebrand ASA
- Christiania Forsikring AS (Kreditkassekonsernet)
- Gjensidige Livsforsikring
- Finansdepartementet godkjende 12. september 1997 delt eigarskap mellom bilimportfirmaet Møller Bil AS og finansieringsselskapet Finans Skandic AB av bilfinansieringsselskapet Møller Bilfinans AS.

2.2.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen tek til orientering det som står i meldinga om viktige forvaltningssaker på finansmarknadsområdet i 1996.

       Komiteen har elles ingen merknader.