Innstilling fra familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om endringar på statsbudsjettet for 1998 under Barne- og familiedepartementet.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 47 (1998-99)
  • Kildedok: St.prp. nr. 19 (1998-99).
  • Dato: 03.12.1998
  • Utgiver: Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
  • Sidetall: 3

Til Stortinget.

Regjeringen legg i proposisjonen fram forslag til endringar på kap. 800 Barne- og familiedepartementet, kap. 840 Tilskot til krisetiltak, kap. 845 Barnetrygd, kap. 852 Adopsjonsstønad, kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet, kap. 857 Barne- og ungdomstiltak, kap. 858 Statens ungdoms- og adopsjonskontor, og kap. 866 Statens institutt for forbruksforsking.

Kap. 800 Barne- og familie­departementet

Post 01 Driftsutgifter

Det er eit meirbehov på 2,3 mill. kroner som skuldast at nokre internasjonale tiltak i realiteten vert utført av departementet, men vert finansiert over ulike fagkapittel.

Kap. 840 Tilskot til krisetiltak

Post 60 Tilskot til kommunar til krisetiltak

Løyvinga for 1998 vart auka med 4 mill. kroner i Revidert nasjonalbudsjett, jf. St.prp. nr. 65 (1997-98). Tilleggsløyvinga har vist seg ikkje å vere tilstrekkeleg til å dekkje behovet, og på denne bakgrunn vert det gjort framlegg om å auke løyvinga med 1,753 mill. kroner.

Kap. 845 Barnetrygd

Post 70 Tilskot

Utgiftene i 1998 vil i fylgje berekningar bli 38 mill. kroner høgare enn vedtatt løyving og det blir gjort framlegg om å auke løyvinga under kap. 845 Barnetrygd post 70 Tilskot med 38 mill. kroner.

Kap. 852 Adopsjonsstønad

Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet

Etter ein gjennomgang av Rikstrygdeverket sine utbetalingar av adopsjonsstønad tidlegare i år, kom det fram at til saman 6 060 000 kroner av løyvinga til adopsjonsstønad er blitt ført på feil kapittel.

Departementet gjer difor framlegg om at løyvinga på kap. 852 post 70 vert nedjustert med 6 060 000 kroner i 1998. Ein vil understreke at dette er reint rekneskapsmessig. Stønad til adopsjon frå utlandet vil halde fram på same nivå som før.

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 64 Tilskot til einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar

Utgiftene til rammetilskot til kommunane og fylkeskommunane vert i St.prp. nr. 1 (1997-98) utrekna til kr 30 550 000. Løyvinga viser seg å verte for lita da det gjennom heile 1998 har kome langt fleire einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar enn kva som var forventa og dermed budsjettert.

Departementet gjer difor framlegg om ei tilleggsløyving på 14,450 mill. kroner for 1998.

Kap. 857 Barne- og ungdomstiltak

Post 79 Tilskott til internasjonalt ungdoms­samarbeid m.v.

Posten dekkjer i hovudsak dei faste kostnadene knytt til Noregs bidrag til deltaking i EU sitt ungdomsprogram som fylgje av EØS-avtala. Departementet har ikkje høve til å påverka desse kostnadene. Frå 1997 til 1998 har desse kostnadene auka med om lag 2 mill. kroner og ein treng ei tilleggsløyving på 1,3 mill. kroner for 1998.

Kap. 858 Statens ungdoms- og adopsjonskontor

Post 01 Driftsutgifter

Statens ungdoms- og adopsjonskontor (SUAK) vart oppretta 1. januar 1998 etter ei samanslåing av Statens adopsjonskontor, Sekretariatet for Fordelingsutvalet og deler av den private stiftinga Atlantis. Når kontoret no har vore i drift i nærmare eit år viser det seg at løyvinga på budsjettet for inneverande år har vorte for lita. Meirbehovet for 1998 ligg på 1,8 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om fylgjande omdisponeringar:

Kap. 858 Statens ungdoms- og adopsjonskontor post 01 Driftsutgifter vert auka med 1,8 mill. kroner mot innsparing på kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet post 71 Forsking, utvikling og opplysningsarbeid m.v. med 0,870 mill. kroner, kap. 856 Barnehagar post 63 Tilskot til omstilling med 0,350 mill. kroner, kap. 856 Barnehagar post 64 Tilskot til andre barnehageføremål med 0,130 mill. kroner, kap. 857 Tiltak for barn og unge post 70 Barne- og ungdomsorganisasjonane med 0,450 mill. kroner.

Merknader frå komiteen

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti ser på innsparingen på kap. 857 post 70 som svært uheldig. Det frivillige organisasjonsliv er viktig og har svært få midler fra før. Innsparinger på kap. 854 post 71 medfører at det blir mindre midler og mindre aktivitet i barnevernet, et område som er høyt prioritert av disse medlemmer.

Komiteens medlemmer frå Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet viser til svar frå Barne- og familiedepartementet om innsparing på kap. 857 post 70.

«Det kan imidlertid opplyses om at Finansdepartementet har samtykket i at kap. 857 post 70 blir overskredet med 1.1 mill kroner i 1998, mot tilsvarende innsparelser på kap. 1530 post 70 Tilskudd til de politiske partiers sentrale organisasjoner (inndratte midler fra Sosialistisk ungdom og Fremskrittspartiets ungdom i 1998). Dette betyr at barne- og ungdomsorganisasjonene siste kvartal får utbetalt mer enn de regnet med.»

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet tar til etterretning at ved sammenslåingen/opprettelsen av SUAK har man hatt et aktivitetsnivå som har ført til en budsjettoverskridelse på 1,8 mill. kroner. Disse medlemmer vil oppfordre SUAK til sterkere budsjettdisiplin i kommende budsjettår. Disse medlemmer vil støtte inndekningsforslagene med ett unntak. Disse medlemmer støtter ikke forslaget til reduksjon av kap. 857 post 70 med 0,450 mill. kroner. Disse medlemmer vil i stedet fordele denne reduksjonen på kap. 854 og 856. Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

Kap. 854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

71

Forskning, utvikling og opplysningsarbeid m.v.

r e d u s e r e s med

kr

1 095 000

Kap. 856

Barnehager

64

Tilskot til andre barnehageføremål

r e d u s e r e s med

kr

355 000

Kap. 866 Statens institutt for forbruksforskning

Post 50 Basisløyving

Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) er frå 1. januar 1998 eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter og er sjølv ansvarleg for framtidig dekking av feriepenger.

I samsvar med statleg praksis vart det ikkje sett av feriepenger i 1997 for utbetaling i 1998. Året 1998 vil på grunn av omorganiseringa vere eit overgangsår der SIFO må dekkje feriepenger for 1998 og samtidig sette av midlar til opptente feriepengar som først kjem til utbetaling i 1999.

Barne- og familiedepartementet gjer difor framlegg om å auke løyvinga til SIFO med 1,65 mill. kroner med innsparing frå kap. 844 Kontantstønad post 21 Sær-skilde driftsutgifter med 1,6 mill. kroner og kap. 856 Barnehagar post 63 Tilskot til omstilling med 0,050 mill. kroner.

Forslag fra mindretall

Forslag fra Fremskrittspartiet:

Kap. 854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

71

Forskning, utvikling og opplysningsarbeid m.v.

r e d u s e r e s med

kr

1 095 000

Kap. 856

Barnehager

64

Tilskot til andre barnehageføremål

r e d u s e r e s med

kr

355 000

Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

På statsbudsjettet for 1998 gjøres følgende endringer:

Kap.

Post

Føremål

Kroner

0800

Barne- og familiedepartementet

01

Driftsutgifter, a u k a s t med

2 300 000

frå kr 72 064 000 til kr 74 364 000

0840

Tilskot til krisetiltak

60

Tilskot til kommunar til krisetiltak, a u k a s t med

1 753 000

frå kr 46 150 000 til kr 47 903 000

0844

Kontantstønad

21

Særskilde driftsutgifter, r e d u s e r a s t med

1 600 000

frå kr 7 000 000 til kr 5 400 000

0845

Barnetrygd

70

Tilskot, a u k a s t med

38 000 000

frå kr 13 032 250 000 til kr 13 070 250 000

0852

Adopsjonsstønad

70

Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet,

r e d u s e r a s t med

6 060 000

frå kr 10 500 000 til kr 4 440 000

0854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

64

Tilskot til einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar,

overslagsløyving, a u k a s t med

14 450 000

frå kr 30 550 000 til kr 45 000 000

71

Forsking, utvikling og opplysningsarbeid, m.v.,

r e d u s e r a s t med

870 000

frå kr 27 610 000 til kr 26 740 000

0856

Barnehagar

63

Tilskot til omstilling, r e d u s e r a s t med

400 000

frå kr 20 000 000 til kr 19 600 000

64

Prøveprosjekt Oslo indre øst, r e d u s e r a s t med

130 000

frå kr 4 500 000 til kr 4 370 000

0857

Barne- og ungdomstiltak

70

Barne- og ungdomsorganisasjonar, r e d u s e r a st med

450 000

frå kr 54 500 000 til kr 54 050 000

79

Tilskot til internasjonalt ungdomsarbeid, a u k a s t med

1 300 000

frå kr 10 710 000 til kr 12 010 000

0858

Statens ungdoms- og adopsjonskontor

01

Driftsutgifter, a u k a s t med

1 800 000

frå kr 10 365 000 til kr 12 165 000

0866

Statens institutt for forbruksforsking

50

Basisløyving, a u k a s t med

1 650 000

frå kr 15 643 000 til kr 17 293 000

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 3. desember 1998.

May-Helen Molvær Grimstad,

Grethe G. Fossum,

leder og ordfører.

sekretær.