Innstilling frå justiskomiteen om forslag frå stortingsrepresentant Steinar Bastesen om å endra verjemålslova slik at fiskarar som er fylt 16 år og står på blad B i fiskarmanntalet får registrere seg i foretaksregisteret

Til Stortinget

Sammendrag

Stortingsrepresentant Steinar Bastesen har den 2. oktober 1999 gjort følgjande framlegg:

«Stortinget ber Regjeringa leggje fram forslag om endring i verjemålslova slik at fiskarar som står oppført på blad B og er under 18 år får registrere seg i foretaksregisteret.»

I grunngjevinga for framlegget vert det m.a. vist til at fiskarar som er fylt 16 år kan bli opptekne på blad B i fiskarmanntalet. Dette gjev rettar til å kjøpe og registrere båt i fiskeriregisteret og få tildelt kvote for torsk og andre fiskeslag. Vidare gjev det rett til å ta del i konsesjonsbelagte fiskeri; etablering er avhengig av finansiering. Når ein fiskar driv fiske med eigen båt i einingskvotesystemet så kan han ikkje vere hovudmedeigar i anna fartøy som er med i fartøykvoteordninga, eller omvendt.

Fiskarar under 18 år kan ikkje registrere seg i foretaksregisteret, noko som er ein føresetnad for å kunne betale meirverdiavgift.

Fiskarar under 18 år må ha verje, først og framst foreldre. I og med at fiskerilovgjevinga er slik at ein ikkje både kan delta i einingskvotefiske og fartøykvotefiske, kan det bli problem med foreldre som verje dersom desse sjølv eig båt.

Merknader frå komiteen

Framlegget i Dokument nr. 8:3 (1999-2000) har vore sendt justisministeren som har avgitt uttale i brev til komiteen av 18. november 1999, jf. vedlegg.

Komiteen syner til at vergemålslova ikkje har eigne registreringsreglar for næringsdrivande. Slike reglar må utleiast frå foretaksregisterlova og elles samanhaldast med vilkåra om fiskeriregister og øvrig fiskerilovgjeving.

Komiteen vil peike på at etter vergemålslova § 2 går det fram at ein umyndig som hovudregel ikkje kan rå over eigne midlar eller binde seg ved rettshandel. Det er vergen som handlar på den umyndige sine vegne og i tilfelle fiskaren er under 18 år og vil etablere seg med båt og eigen fiskekvote, kan gjere dette ved at vergen gjev sitt samtykke.

I dei tilfella der Foretaksregisteret ikkje godkjenner registreringa grunna at vergen alt sjølv er registrert med fiskebåt og fiskekvote, kan ein få oppnemnt hjelpeverge for den mindreårige i tråd med vergemålslova § 16 første leddet første alt.

Komiteen meiner at denne regelen er fullt ut tilfredsstillande for å kunne ivareta dei mindreårige fiskarane sine interesser sjølv om deira hovudverge også er deira yrkesbrør. Komiteen syner til at hjelpeverge kan ein få ved å vende seg til overformynderiet i bustadkommunen.

Med bakgrunn i at § 16 i vergemålslova ikkje hindrar umyndige i å utøve næringsverksemd går komiteen ikkje inn for forslag til endring slik Dokument nr. 8:3 (1999-2000) legg opp til.

Komiteen strekar likevel under at forslagsstillaren sin intensjon er viktig, og ber Justisdepartementet ta kontakt med andre aktuelle departement for å klargjere at andre lover, som t.d. fiskerilovgjevinga, reglane for føretaksregistrering e.l., ikkje står i vegen for at intensjonen i Dokument nr. 8:3 (1999-2000) kan setjast ut i livet.

Tilråding frå komiteen

Komiteen viser til dokumentet og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

Dokument nr. 8:3 (1999-2000) - forslag frå stortingsrepresentant Steinar Bastesen om å endra verjemålslova slik at fiskarar som er fylt 16 år og står på blad B i fiskarmanntalet får registrere seg i foretaksregisteret - vert ikkje å tilrå.

Vedlegg: Brev frå Justisdepartementet v/statsråden til justiskomiteen, datert 18. november 1999

Dok. nr. 8:3 (1999-2000) - Forslag fra stortingsrepresentant Steinar Bastesen om å endre vergemålsloven slik at fiskere som er fylt 16 år og står på blad B i Fiskermantallet får registrere seg i foretaksregisteret.

Det vises til oversendelse 26.10.99.

Vergemålsloven har ingen egne registreringsregler. Disse må utledes av foretaksregisterloven sammenholdt med bestemmelsene om fiskeriregister og øvrig fiskerilovgivning. Det er Nærings- og handelsdepartementet som har lovansvaret for foretaksregisterloven.

Jeg gjør imidlertid oppmerksom på at vergemålsloven åpner for en løsning av registreringsspørsmålet. En slik løsning har statsministeren redegjort for som svar på spørsmål nr. 2 i Stortingets spørretime 02.06.99.

Av vergemålsloven § 2 fremgår at en umyndig som hovedregel ikke kan råde over egne midler eller binde seg ved rettshandel. Det vil være vergen som handler på den umyndiges vegne i formuessaker med unntak for de tilfeller hvor bl.a. særreglene i kapittel 4 kommer til anvendelse, se vergemålsloven § 38.

En fisker under 18 år som vil etablere næringsvirksomhet, kan gjøre dette ved at vergen gir sitt samtykke, og deretter lar seg registrere på den mindreåriges vegne i Foretaksregisteret. I de tilfelle hvor dette register ikke godkjenner en slik registrering fordi foreldrene allerede selv er registrert, kan det være aktuelt å få oppnevnt hjelpeverge for den mindreårige i medhold av vergemålsloven § 16, 1. ledd, 1. alt. Denne bestemmelsen gir hjemmel for å oppnevne hjelpeverge for den mindreårige hvor vergen ikke kan ivareta den mindreåriges interesser i visse saker.

Det vil være overformynderiet i bostedskommunen som foretar oppnevning av hjelpeverge, og den mindreårige og vergen kan henvende seg dit, jf. loven § 11.

Jeg er av den oppfatning at ovennevnte forhold ikke nødvendiggjør noen endringer i vergemålsloven siden loven allerede oppstiller en løsning på det skisserte problemet. Det vil dessuten stride mot lovens system dersom man inntok særregler som skulle gjelde kun for visse grupper av mindreårige. Slike spørsmål bør eventuelt reguleres i spesiallovgivningen.

Oslo, i justiskomiteen, den 20. januar 2000

Kristin Krohn Devold

leiar

Astrid Marie Nistad

ordførar

Jan Simonsen

sekretær