Kap. 1330 Særskilte transporttiltak. Saker til orientering

Samandrag

Fordelingsprinsipp for avgiftskompensasjon for rutebilar

Det blir orientert om nytt fordelingsprinsipp for avgiftskompensasjon for rutebilar, samt gjort framlegg om at kap. 1330 post 60, får føydd til stikkordet "kan overførast".

Fritaket for autodieselavgift for bussar blei oppheva frå 1999. I den samanhengen blei det innført ei kompensasjonsordning for rutebilar. Løyvinga for 2000 er på 464 mill. kroner.

Kompensasjonen for 1999 blei fordelt ut frå historisk drivstofforbruk.

Ved handsaminga av samferdselsbudsjettet for 2000 uttalte samferdselskomiteen i Budsjett-innst. S. nr. 13 (1999-2000):

«Komiteen legger til grunn Stortingets forutsetninger om kompensasjon etter antall kilometer det er gitt løyve for, blir gjennomført. Komiteen ber Regjeringen redegjøre for oppfølgingen i Revidert nasjonalbudsjett.»

Kompensasjon basert på faktisk køyrde km i budsjettåret i staden for historisk drivstofforbruk synest å vere ei naturleg tolking av intensjonane til samferdselskomiteen. Ei nøyaktig avstemming basert på produksjon i budsjettåret gjer det nødvendig å halde av ein del av løyvinga til etter årsslutt for ei nøyaktig avrekning. Samferdselsdepartementet vil halde av 90 mill. kroner av løyvinga for 2000 til ei slik avstemming. À konto utbetalingane i 2000 blei av praktiske årsaker baserte på literforbruk, men ved avstemming etter årsslutt vil det bli teke utgangspunkt i utkøyrde km. Frå 2001 vil også konto utbetalingane i året byggje på utkøyrde km.

Endring av fordelingsprinsipp frå 1999 til 2000 gjer det nødvendig å føye stikkordet "kan overførast" til posten.

På grunnlag av ei utgreiing om rapportert drivstofforbruk pr. km i fylka for perioden 1997-1999 har departementet gruppert fylkeskommunane i tre grupper. Ei tredeling tek omsyn til ufrivillige skilnader i kostnadene mellom fylka, samstundes som det gir ei praktikabel kompensasjonsordning.

Ei kompensasjonsordning som både byggjer på ufrivillige skilnader i kostnadene og på utkøyrde km, vil verke rettferdig og samstundes stimulere til å spare drivstoff.

Når det gjeld forslag til vedtak vedr. å føye til stikkordet kan overførast på posten, viser departementet til Finansdepartementets proposisjon i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2000.

Dieselkompensasjon til ekspressbussruta frå Finnmark til Oslo

Departementet legg opp til at det ikkje blir gitt kompensasjon for autodieselavgift for ekspressbussruta frå Finnmark til Oslo.

Med bakgrunn i Budsjett-innst. S. nr. 13 (1999-2000) har Samferdselsdepartementet vurdert kompensasjon for heile ruta i lys av internasjonale reglar på konkurranseområdet.

Det må konkluderast med at det ikkje kan bli gitt kompensasjon for autodieselavgift til ekspressbussruta mellom Finnmark og Oslo via Finland og Sverige ut frå internasjonale reglar på konkurranseområdet. Ruta kan heller ikkje få kompensasjon for autodieselavgift for køyring på norsk område, da ho ikkje har lokale rettar på norsk område.

Merknader frå komiteen

Komiteen viser til finanskomiteens innstilling i forbindelse med behandlingen av St.prp. nr. 61 (1999-2000) Omprioriteringer og tilleggsbevilgninger på statsbudsjettet 2000, Innst. S. nr. 220 (1999-2000) når det gjelder fordelingsprinsipp for avgiftskompensasjon for rutebiler.

Komiteen har for øvrig ingen merknader.