Innstilling fra familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om endringar på stats­budsjettet for 2000 under Barne- og familiedepartementet

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 60 (2000-2001)
  • Kildedok: St.prp. nr. 16 (2000-2001)
  • Dato: 30.11.2000
  • Utgiver: Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
  • Sidetall: 2

Til Stortinget

1. Sammendrag

Kap. 840 Tilskot til krisetiltak

Post 60 Tilskot til kommunar til krisetiltak, overslagsløyving

Statstilskotet er eit øyremerkt tilskot til kommunane til drift av krisetiltak (krisesenter, incestsenter o.a.). I samsvar med budsjettvedtaket i Stortinget skal staten yte 50 pst. av dei samla budsjetterte utgiftene til drifta.

På bakgrunn av innkomne søknader syner det seg at løyvinga ikkje er tilstrekkeleg til å dekkje behovet. Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 2 100 000 kroner.

Kap. 841 Familievern

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Lovpålagt mekling (jf. barnelova og ekteskapslova) ved samlivsbrot blir utført både av eksternt oppnemnde meklarar og ved familievernkontora. Familievernkontora får midlar over kap. 841, post 60 mens post 21 dekkjer godtgjering til meklingsinstansar utanfor familievernet. I tillegg omfattar posten opplæring av meklingskorpset i fylka og midlar til utviklings- og opplysningsarbeid innanfor familievernet og meklingsordninga.

Utviklinga dei siste åra har vore at stadig fleire meklingar blir utførte av eksterne meklarar. På bakgrunn av tilbakemeldingar frå fylkesmennene er løyvinga for 2000 ikkje tilstrekkeleg til å dekkje behovet for godtgjering. Departementet gjer framlegg om ei tilleggsløyving på 2 000 000 kroner.

Kap. 845 Barnetrygd

Post 70 Tilskot

Utgiftene i år blir ifølge overslag frå Rikstrygdeverket om lag 92 mill. kroner høgare enn tidlegare foresett.

På grunn av dette blir det gjort framlegg om å auke løyvinga under kap. 845 Barnetrygd, post 70 Tilskot, med 92 mill. kroner.

Kap 852 Adopsjonsstøtte

Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

Posten dekkjer utgifter til tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet.

Det er eit meirbehov på 1 mill. kroner for 2000. I løpet av året er det behandla fleire utanlandsadopsjonar enn det som var lagt til grunn for 2000 (etterslep frå 1999). Departemenetet gjer derfor framlegg om ei tilleggsløyving på 1 mill. kroner for 2000.

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 01 Driftsutgifter

Det er eit meirbehov på 4 mill. kroner for 2000. Posten dekkjer utgifter til drift av fylkesnemndene for sosiale saker. Meirbehovet skuldast mellom anna at saksvolumet i 2000 har blitt større enn ein tidlegare har rekna med. Difor har særleg utgiftene til sakkunnige og alminnelege medlemmer auka. Departementet gjer difor framlegg om ei tilleggsløyving på 4 mill. kroner for 2000.

Post 64 Tilskot til einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar, overslagsløyving

Posten dekkjer det særskilde tilskotet til kommunar som buset einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar, og refusjon av fylkeskommunane sine barnevernutgifter. Det er eit meirbehov på 40 mill. kroner. Meirbehovet kjem av at det for 2000 er eit avvik mellom føresetnadene i budsjettet og dei faktiske tilhøva. Departementet har fått nye overslag for utgiftene knytte til einslege mindreårige flyktningar og aylsøkjarar. Overslaga viser eit høgare løyvingsbehov enn tidlegare tenkt. Departementet gjer difor framlegg om ei tilleggsløyving på 40 mill. kroner for 2000.

Kap. 3860 Forbrukarrådet

Post 01 Sal av Forbrukarrapporten

Forbrukarrapporten er ein integrert del av verksemda til Forbrukarrådet. Opplagsutviklinga inneber at det i 2000 blir umogleg for Forbrukarrådet å oppfylle det samla inntektskravet. Departementet foreslår difor at inntektskravet blir redusert med 4 mill. kroner utan tilsvarande reduksjon på utgiftssida.

Som ein del av behovet for å avklare framtidige og føreseielege løysingar for å finansiere og organisere forburkarinformasjonen, ser departementet at det er nødvendig å vurdere framtida til Forbrukarrapporten. Spørsmålet blir vurdert i samband med den gjennomgangen departementet no gjer av organiseringa av Forbrukarrådet. Departementet tek sikte på å fremje forslag til varige løysingar i samband med Revidert nasjonalbudsjett.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Jon Olav Alstad, Frank Willy Larsen, Liv Marit Moland, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Shahbaz Tariq, fra Kristelig Folkeparti, lederen May-Helen Molvær Grimstad og Ola T. Lånke, fra Fremskrittspartiet, Per Roar Bredvold og Per Sandberg, fra Høyre, Trond Helleland og Inger Stolt-Nielsen, fra Senterpartiet, Anne Enger Lahnstein, og fra Sosialistisk Venstreparti, Ågot Valle, har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

I statsbudsjettet for 2000 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål:

Kroner

Utgifter:

840

Tilskot til krisetiltak

60

Tilskot til kommunar til krisetiltak, overslagsløyving, aukast med

2 100 000

frå kr 47 570 000 til kr 49 670 000

841

Familievern

21

Spesielle driftsutgifter, aukast med

frå kr 7 854 000 til kr 9 854 000

2 000 000

845

Barnetrygd

70

Tilskot, aukast med

frå kr 12 449 000 000 til kr 12 541 000 000

92 000 000

852

Adopsjonsstøtte

70

Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving, aukast med

frå kr 13 816 000 til kr 14 816 000

1 000 000

854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

1

Driftsutgifter, aukast med

frå kr 57 789 000 til kr 61 789 000

4 000 000

64

Tilskot til einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar, overslagsløyving, aukast med

frå kr 92 100 000 til kr 132 100 000

40 000 000

857

Barne- og ungdomstiltak

Inntekter:

3860

Forbrukerrådet

1

Sal av forbrukarrapporten, reduserast med

4 000 000

frå kr 14535 000 til kr 10 535 000

79

Tilskot til internasjonalt ungdomsarbeid reduserast med

frå kr 20 710 000 til kr 19 710 000

1 000 000

Oslo, i familie-, kultur-, og administrasjonskomiteen, den 30. november 2000

May-Helen Molvær Grimstad

leder

Ågot Valle

ordfører

Oddbjørg Ausdal Starrfelt

sekretær