5. Verksemda til Kredittilsynet i 1999

Samandrag

Det er i meldinga gjort greie for oppgåvene til Kredittilsynet og til styring og administrasjon i 1999.

Kredittilsynet overtok tilsynet med rekneskapsførarar (autorisasjonsordninga) frå 1. januar 1999. Sjølv om det blei gjort enkelte forenklingar i regelverket, har forvaltning og tilsyn synt seg særs ressurskrevjande, og meir enn det ein opphavleg rekna med.

Dei samla utgiftene til Kredittilsynet var 95,7 mill. kroner, ein auke på 10,0 pst. frå 1997. Utgiftene blir dekte ved innkrevjing frå dei tilsynspliktige.

Ein viser til Kredittilsynet si årsmelding for nærare omtale av administrative tilhøve o.a. i Kredittilsynet. Årsmeldinga inneheld òg Kredittilsynet sitt syn på tilhøva i finansmarknaden og verksemder under tilsyn. Årsmeldinga frå Kredittilsynet følgjer som utrykt vedlegg til meldinga.

Merknader frå komiteen

Komiteen tek omtalen i meldinga til orientering.