Årsmeldinga 1999 for Noregs Bank blei
handsama og godkjend i hovudstyremøte 29. mars 1999. Etter § 28
i "lov av 24. mai 1985 nr. 28 om Norges Bank og pengevesenet (sentralbankloven)"
skal årsmelding og årsrekneskap sendast til departementet
for å leggjast fram for Kongen og gjerast kjende for Stortinget.
Etter § 5 i instruks skal Riksrevisjonen sende "et eksemplar av
de i § 2 nevnte dokumenter til Stortinget sammen med sine
mulige bemerkninger om resultatet av kontrollen". Årsmeldinga
følgjer meldinga som utrykt vedlegg.
Det er i meldinga gjort greie for leiing og
administrasjon av Noregs Bank i 1999.
For produksjon av setlar og mynt eig Noregs
Bank to produksjonsbedrifter; Norges Banks Seddeltrykkeri (NBS)
i Oslo og Den Kongelige Mynt (DKM) på Kongsberg, organisert
som avdelingar av sentralbanken. Produksjonsbedriftene DKM og NBS
har dei siste ti åra utvikla ei relativt monaleg næringsverksemd,
i tillegg til produksjon av setlar og mynt for Noregs Bank.
Den 9. mai 2000 blei det lagt fram eit forslag
for Finansdepartementet om å skilje ut Den Kongelige Mynt som
eige aksjeselskap. Hovudmotivet for å gjere om DKM til
aksjeselskap er ifølgje Noregs Bank å skape ein så effektiv
verksemd som mogleg, slik at det også i framtida kan forsvarast å produsere
mynt i Noreg. Det er Noregs Bank si vurdering at det vil vere avgrensa økonomisk
risiko i samband med å føre vidare verksemda ved DKM
som er retta mot eksterne kundar. Denne verksemda stiller likevel
ifølgje Noregs Bank heilt andre krav til resultatmåling,
oppfølging og økonomisk og administrativ styring
enn det som er vanleg i forvaltningsbedrifter som Noregs Bank. Det
er difor Noregs Bank si oppfatning at slik verksemd berre kan bli
ført vidare dersom bedrifta blir skilt ut som eiga aksjeselskap.
I brev frå Finansdepartementet til
Noregs Bank av 23. mai 2000 går det fram at "Finansdepartementet
tar foreleggelsen av saken til etterretning".
I ei melding frå Noregs Bank 5. september
2000 går det fram at representantskapet har vedteke å skilje
ut Den Kongelige Mynt som eiga aksjeselskap heilott av Noregs Bank.
I meldinga heiter det mellom anna:
"Omleggingen finner sted på bakgrunn av
at DKM i løpet av de siste ti årene har utviklet
en relativt betydelig næringsvirksomhet i tillegg til produksjon
av mynt for Norges Bank. En slik næringsvirksomhet er det ikke
naturlig å drive innenfor en avdeling av Norges Bank, slik
DKM i dag er organisert."
Forslaget til endringar i avdelingsstrukturen
i Noregs Bank blei lagt fram for Finansdepartementet 9. mai 2000.Det
er i meldinga gjort nærare greie for saka.
I ei melding frå Noregs Bank 6. september
2000 går det fram at representantskapet har vedteke ny
avdelingsstruktur. I meldinga heiter det mellom anna:
"Norges Bank opprettholder avdelingene i Lillehammer,
Oslo, Larvik, Kristiansand, Stavanger, Bergen, Trondheim og Tromsø for
distribusjon av kontanter og forretningsdrift på kontantområdet.
Norges Bank vil videreutvikle kontanthåndteringen ved disse
distriktsavdelingene som næringsvirksomhet på forretningsmessige
vilkår i konkurranse med andre aktører. Banken
vil utnytte sin kompetanse og infrastruktur for kontroll og behandling
av sedler og mynt til å skape effektive løsninger
på markedet for kontanthåndtering. [..]
Avdelingene
som nedlegges, er Fredrikstad, Ålesund, Bodø,
Hammerfest og Vardø, og i tillegg nedlegges kassekontoret
i Haugesund. Norges Bank har ikke funnet grunnlag for forretningsmessig
drift ved disse avdelingene innenfor en resultatenhet-organisasjon. Sikkerhets-
og kontrollrutiner krever for stor bemanning i forhold til aktivitetsnivået
i de nordligste fylkene. Det er derfor bedre å basere distribusjonen
av kontanter til bankvesenet i disse områdene på at
lokale banker påtar seg å administrere Norges
Banks depoter ved siden av sin øvrige bankvirksomhet. Avvikling
av avdelingene vil være gjennomført i løpet
av første halvår 2001.
Hovedstyret
i Norges Bank har nylig besluttet å lokalisere sentralbord
og enkelte arkivfunksjoner til Vardø for å bidra
til sysselsettingen der. Dette vil gi fra 5 til 7 årsverk
i tiden framover. Inntil disse arbeidsoppgavene er overført,
vil avdelingene i Finnmark bli opprettholdt som depoter drevet av
Norges Bank."
Departementet viser elles til det arbeidet Noregs Bank
har gjort med å sikre ei effektiv ressursutnytting. Ein
er innforstått med at det i ein periode har vore naudsynt
med ein auke i ressursbruken for kapitalforvaltninga i Noregs Bank
i samband med oppbygginga av Petroleumsfondet.
Komiteen tek omtalen
i meldinga til orientering.
Etter sentralbanklova § 1 skal Noregs
Bank mellom anna vere utøvande og rådgivande organ
i penge-, kreditt- og valutapolitikken. Banken skal gi ut setlar
og mynt og fremje eit effektivt betalingssystem. Vidare skal banken
overvake penge-, kreditt- og valutamarknadene.
Det følgjande er ei kort framstilling
av verksemda i 1999, som byggjer på årsmeldinga
frå Noregs Bank. For ein meir utfyllande gjennomgang viser
ein til årsmeldinga. Ein viser og til omtalen av penge-,
kreditt- og renteutviklinga i nasjonalbudsjettpublikasjonane.
Noregs Bank har oppgåver knytte til
betalings-systema som heilskap. Noregs Bank står
for oppgjer av krav og skyldnader mellom bankane og pengeoppgjer i
verdipapirhandelen, og har oppgåver knytte til statens økonomiforvaltning.
Som setelbank står Noregs Bank for produksjon og distribusjon
av setlar og mynt.
Betalingssystemet er ein viktig del av infrastrukturen i
det finansielle systemet. Svikt her kan ha store samfunnsøkonomiske
konsekvensar og kostnader. Noregs Bank har lagt særleg
vekt på å avgrense risikoen for at problem i ein
finansinstitusjon eller ein delmarknad skal forplante seg til andre
institusjonar og marknader gjennom betalingssystema.
Noregs Bank fekk større fullmakter
til å sikre at betalingssystema er organiserte slik at
omsynet til finansiell stabilitet blir ivareteke gjennom lov om
betalingssystem m.v., som blei sanksjonert 17. desember 1999. Lova
følgjer i hovudsak Banklovkommisjonen sitt framlegg i NOU
1996:24 Betalingssystem m.v. Vidare omfattar kapittel 4 i lova EØS-direktivet
om endeleg oppgjer i betalingssystem og i oppgjerssystem for verdipapir.
Lova innfører konsesjonsplikt for etablering og drift av
interbanksystem, som er system baserte på felles avtalar
for avrekning, oppgjer eller overføring av pengar mellom
kredittinstitusjonar. Noregs Bank er gitt konsesjons- og tilsynsansvar
for slike system.
Det er i meldinga gjort nærare greie
for arbeidet med betalingsmiddel og betalingsformidling.
Det er i meldinga vidare gjort greie for oppgåver
og rådgivning i samband med penge-, kreditt- og valutapolitikken
og for statistikkarbeid og kontrolloppgåver for anna verksemd.
Komiteen tek omtalen
i meldinga til orientering.
Tabell 4.2 og 4.3 i meldinga viser Noregs Banks balanserekneskap
ved utgangen av 1999, samanlikna med tilsvarande tal for 1996, 1997
og 1998. Det er i meldinga gjort greie for Noregs Banks aktiva,
Noregs banks passiva og Resultatrekneskap for 1999.
Kursreguleringsfondet blei tilført
124 mill. kroner i 1999. Fondet utgjer etter dette 27 339,2 mill.
kroner. Kursreguleringsfondet har likevel ikkje nådd storleiken
som følgjer av punkt 1.1 punktum i retningslinene. I samsvar
med punkt 2 i retningslinene blei det ikkje avsetning til overføringsfondet.
I samsvar med punkt 3 i retningslinene blei
det overført 10 685,1 mill. kroner til statskassa.
Komiteen tek omtalen
i meldinga til orientering.