Tiltaka som er føreslegne i meldinga
pålegg ikkje staten, kommunane eller fylkeskommunane oppgåver eller
plikter ut over det som alt ligg i gjeldande lovgjeving eller som
likevel må gjennomførast som oppfølging
av den nye helsetenestelovgjevinga.
Fleire av tiltaka som blir drøfta som
oppfølging av NOU 1999:2 Livshjelp, er av ein slik art
at det er naturleg å følgje dei opp ved seinare
budsjettframlegg overfor Stortinget.
Framlegget om oppretting av kliniske etikk-komitear ved
dei større sjukehusa, er så marginalt ressurskrevjande
at departementet reknar med at dei sjukehusa det gjeld over ei viss
tid vil kunne finne rom for dette som del av den vanlege organisasjonsutviklinga.
Framlegget om oppretting av eit sentralt samordningsorgan for dei
kliniske etikk-komiteane vil krevje noko ekstra utlegg for departementet.
Framlegget om eit nasjonalt prioriteringssystem
vil føre til visse endringar i rådsorganiseringa
kring Sosial- og helsedepartementet og Statens helsetilsyn. Desse
endringane kan gjennomførast ved omdisponering av ressursane
som er tilgjengelege. Det blir uttala at ei nærare kopling
mellom prioriterings- og kvalitetsarbeidet vil vere kostnadssparande
og effektivitetsaukande for helsetenesta samla sett.