Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om endringar på statsbudsjettet for 2001 under Barne- og familiedepartementet

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 43 (2001-2002)
  • Kildedok: St.prp. nr. 14 (2001-2002)
  • Dato: 04.12.2001
  • Utgiver: Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
  • Sidetall: 2

Til Stortinget

Samandrag

Kap. 840 Tilskot til krisetiltak

Statstilskotet er eit øyremerket tilskot til kommunane til drift av krisetiltak (krisesenter, incestsenter o.a.). I samsvar med Stortinget sitt budsjettvedtak skal staten yte 50 pst. av dei samla budsjetterte utgiftene til drifta, såframt budsjettet til krisetiltaket er i balanse og godkjend av vertskommunen (den kommunen der krisetiltaket ligg). Dei resterande 50 pst. av budsjetterte utgifter dekkjer lokale og regionale bidragsytarar.

På bakgrunn av innkomne søknader frå kommunene har det vist seg at løyvinga ikkje er tilstrekkeleg til å dekkje det faktiske behovet. Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 3,8 mill. kroner.

Kap. 841 Familievern og konfliktløysing

Lovpålagt mekling (jf. barnelova og ekteskapslova) ved samlivsbrot blir utført både av eksternt oppnemnde meklarar og ved familievernkontora. Familievernkontora får middel over kap. 841 post 60, medan post 21 dekkjer godtgjering til meklingsinstansar utanfor familievernet og utgifter til tolketeneste i samband med mekling. I tillegg omfattar posten opplæring av meklingskorps i fylka. Fylkesmannen har ved forskrift ansvar for at det finst eit kvalifisert meklingskorps i fylka. Godtgjering til meklarar utanom familievernet blir dekt etter tilsvarande satsar som salærforskrifta, fastsett av Justisdepartementet.

Salærsatsane har i 2001 auka to gonger, og er no på 715 kroner per time. I tillegg har talet på separasjonar og skilsmisser stege dei seinare åra, og andelen meklingar utført av andre enn familiekontora er aukande. Dei årlege endringane i utgiftene knytta til den lovpålagte ordninga skuldast forhold som departementet i liten grad kan føresjå.

Løyvinga for 2001 er ikkje tilstrekkeleg til å dekkje behovet for godtgjering. Tilbakemeldingar frå fylkesmannsembeta syner at det er eit meirbehov på 1,8 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om ei tilleggsløyving på 1,8 mill. kroner.

Kap. 844 Kontantstøtte

Post 70 Tilskot, overslagsløyving, kan nyttast under kap. 856 post 60

Utbetalingane til kontantstøtte er regelbundne og følgjer av gjeldande kontantstøttesatsar, utviklinga i talet på barn i alderen 1-3 år og tilbodet av barnehageplassar til denne aldersgruppa.

Utgiftene i 2001 blir etter dei overslaga Rikstrygdeverket har gjort 170 mill. kroner høgare enn løyvinga. Tal ved utgangen av tredje kvartal tyder på at det gjennomsnittlege talet på barn med kontantstøtte i 2001 vil være om lag 90 600. Dette er 5 900 fleire enn føresett. Dette kjem mellom anna av færre nye plassar for småbarn i barnehagane enn det ein tidlegare rekna med.

Løyvinga til barnehagar skal sjåast i samanheng med løyvinga til kontantstøtte under kap. 844 post 70. 70 mill. kroner av meirbehovet under løyvinga til kontantstøtte kan såleis dekkjast av løyvinga under kap. 856 post 60. På bakgrunn av dette blir det gjort framlegg om å auke løyvinga under kap. 844 Kontantstøtte post 70 Tilskot med 100 mill. kroner.

Kap. 845 Barnetrygd

Utgiftene til barnetrygd blir etter overslag frå Rikstrygdeverket 81 mill. kroner lågare enn tidlegare føresett. Mindrebehovet kjem mellom anna av lågare utbetalingar av barnetrygd som følgje av endring i barnetrygdlova om tilsette knytt til verksemda på Sokkelen. Meirutgiftene medrekna etterbetalingar frå 1994 til dette formålet er reduserte frå 45 til 5 mill. kroner. Med bakgrunn i dette gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga med 81 mill. kroner på post 70 Tilskot.

Kap. 856 Barnehagar

Post 61 dekkjer eit særskilt tilskot til nye barnehageplassar som blei etablerte i 2000. Løyvinga på 12 mill. kroner blei gitt i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2001 for å dekkje etterslepet av utbetalingar frå 2000. Etter utbetaling av etterslepet er det på posten 1,55 mill. kroner i unytta midlar. Departementet gjer derfor framlegg om å redusere løyvinga med 1,55 mill. kroner.

Kap. 862 Positiv miljømerking

Stiftelsen miljømerking ventar ein nedgang i lisensinntektene i 2001. Nedgangen skuldast for ein stor del at 2-3 store papirprodusentar har valt å ikkje lenger nytte miljømerket. Av Stiftelsen sin totale omsetnad på 12,3 mill. kroner i 2000, var 8,6 mill. kroner lisensinntekter frå næringsdrivande som nytta miljømerket på sine produkt, og 3,7 mill. kroner tilskot frå staten.

For at det skal vere mogleg å halde oppe det høge ambisjonsnivået i arbeidet med miljømerkinga, og for at merket skal vinne utbreiing innanfor nye produktområde, er det nødvendig å tilføre Stiftelsen 1,2 mill. kroner i 2001.

Departementet gjer derfor framlegg om ei tilleggsløyving på 1,2 mill. kroner for 2001 under post 70.

Merknader frå komiteen

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Eirin Faldet, Trond Giske og Torny Pedersen, frå Høgre, Afshan Rafiq, leiaren Sonja Irene Sjøli og Olemic Thommessen, frå Fremskrittspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, frå Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og May Hansen, frå Kristeleg Folkeparti, Dagrun Eriksen og Ola T. Lånke, og frå Senterpartiet, Ola T. Heggem, viser til at dei ulike budsjettjusteringane skuldast meir- og mindreforbruk innanfor dei ulike kapitla. Komiteen har ingen merknader og sluttar seg til framlegget frå departementet.

Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I statsbudsjettet for 2001 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål:

Kroner

840

Tilskot til krisetiltak

60

Tilskot til kommunar til krisetiltak, overslagsløyving,aukast med

3 800 000

frå kr 50 571 000 til kr 54 371 000

841

Familievern og konfliktløysing

21

Særskilde driftsutgifter, aukast med

1 800 000

frå kr 8 615 000 til kr 10 415 000

844

Kontantstøtte

70

Tilskot, overslagsløyving, kan nyttast under kap. 856 post 60,aukast med

100 000 000

frå kr 2 820 914 000 til kr 2 920 914 000

845

Barnetrygd

70

Tilskot, reduserast med

81 000 000

frå kr 14 914 000 000 til kr 14 833 000 000

856

Barnehagar

61

Stimuleringstilskot, reduserast med

1 550 000

frå kr 12 000 000 til kr 10 450 000

862

Positiv miljømerking

70

Driftstilskot, aukast med

1 200 000

frå kr 2 386 000 til kr 3 586 000

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 4. desember 2001

Sonja Irene Sjøli

leiar

Ola T. Heggem

ordførar

Trond Giske

sekretær