Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 2001 m.m. under Olje- og energidepartementet og utbygging, anlegg og drift av Kristin-feltet

Innhold

Til Stortinget

Samandrag

Olje- og energidepartementet(OED) legg i proposisjonen fram budsjettkonsekvensar knytt til restrukturering av det statlege engasjementet i petroleumsverksemda. I tillegg legg departementet fram budsjett­-konsekvensar for staten sitt direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE) og informasjon knytt til bruk av fullmakter under SDØE, samt andre forslag til endringar på statsbudsjettet for 2001 under Olje- og energidepartementet.

Departementet legg i proposisjonen også fram plan for utbygging, anlegg og drift av Kristin-feltet, som er eit gass- og kondensatfelt på Haltenbanken.

Budsjettkonsekvensar knytt til det statlege engasjementet i petroleumsverksemda

Olje- og energidepartementet viser til at departementet på vegne av staten har selt utvalde SDØE-eigardelar til Statoil, samt at staten har kjøpt nokre eigardelar frå Statoil, eit nettosal tilsvarande 15 pst. av verdien av opprinneleg SDØE-portefølje.

Statoil vart delprivatisert og notert 18. juni 2001 på Oslo Børs og ved New York Stock Exchange. Private aksjonærar kjøpte 18,2 pst. av aksjane i selskapet.

Det nye statsaksjeselskapet som skal forvalte SDØE-porteføljen på vegne av staten vart stifta 9. mai 2001 og fekk namnet Petoro AS. Det nye operatørselskapet for transport av naturgass vart stifta 14. mai 2001 og fekk namnet Gassco AS.

Olje- og energidepartementet førebur no sal av SDØE-eigardelar tilsvarande 6,5 pst. av verdien av SDØE-porteføljen til Norsk Hydro og andre selskap. Etter planen skal salet gjennomførast første halvår 2002, med verknad frå 1. januar 2002.

Utgifter til førebuing og gjennomføring av vedtekne tiltak

Herunder utgifter totalt til førebuing/gjennomføring, inkludert eksterne rådgjevarar og utgifter direkte knytt til gjennomføring av SDØE-salet.

Departementet ber om at løyvinga under kap. 1801 post 21 Omstrukturering av statens petroleumsengasjement vert gjort overførbar til 2002.

Utgifter direkte knytt til aksjesalet i Statoil

Herunder provisjon til tilretteleggarane, utgifter til marknadsføring og distribusjon mv., utgifter til Statoil sine rådgjevarar (prospektarbeid), utgifter til Olje- og energidepartementet sine rådgjevarar (prospektarbeid), rabatt til småinvestorar og utgifter til departementet sin prosessrevisor.

Totale utgifter for staten direkte knytt til delprivatiseringa av Statoil ASA er rekna til om lag 336,5 mill. kroner. Hovuddelen av desse utgiftene er det tidlegare ikkje bedt om løyving for. Desse utgiftene vil bli utgiftsført på kap. 1801 post 21.

Olje- og energidepartementet ber om ei tilleggsløyving på 326 mill. kroner, frå 135 til 461 mill. kroner på kap. 1801 post 21 Omstrukturering av statens petroleumsengasjement. I tillegg ber ein om at posten tilføras stikkordet "kan overføres".

Inntekter frå aksjesalet i Statoil

Olje- og energidepartementet foreslår ei løyving for 2001 på kr 14 210 600 000 på kap. 4811 Statoil ASA ny post 90 Salg av aksjer. I tillegg vert det foreslått ei løyving for 2001 på kr 12 325 000 på kap. 5685 Statoil ASA ny post 82 Renter, salg av aksjer.

Inntekter og utgifter i samband med sal av SDØE-eigardelar

Herunder salsoppgjer mellom staten og Statoil og ansvarleg lån til Statoil i samband med sal av SDØE-eigardelar.

Totale nettoinntekter frå sal/kjøp av eigardelar mellom staten og Statoil er 40 228 mill. kroner, 38 980 mill. kroner vert inntektsført på kap. 5440 ny post 31 og 1 248 mill. kroner vert inntektsført på kap. 5440 ny post 81.

Budsjettkonsekvensar for SDØE og informasjon om bruk av fullmakter

Kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsvirksomheten

Departementet viser til at endringar som det er gjort rede for i proposisjonen fører til at kap. 5440 post 24 Driftsresultat samla viser ein reduksjon på 13 900 mill. kroner, frå 100 000 til 86 100 mill. kroner i 2001.

Overslaget for kap. 5440 ny post 85 Renter på mellomregnskapet er -25 mill. kroner. Under denne posten vert det inntektsført/utgiftsført renter på uteståande sum mellom staten og forretningsførar for SDØE.

På bakgrunn av oppgjer for skadar som har funne stad og forventa skadeutbetalingar for resten av året, vert det foreslått ei løyving på 500 mill. kroner i 2001 under kap. 5440 ny post 50 Overføring fra Statens petroleumsforsikringsfond.

Endringane medfører samla sett at netto kontantstraumen frå SDØE aukar med 17 283 mill. kroner i forhold til gjeldande budsjett, frå 107 128 til 124 411 mill. kroner. Dette gir isolert sett ein tilsvarande auke i overføringa til Statens petroleumsfond. Endring av kap. 2800 Statens petrolumsfond, vil verte foreslått i Finansdepartementet sin nysalderingsproposisjon.

Forenkla myndigheitshandsaming

Departementet viser til at under gitte føresetnader kan dei godkjenne nye prosjekt på kontinentalsokkelen, jf. St.prp. nr. 1 (2000-2001) og Budsjett-innst. S. nr. 9 (2000-2001). Verknader på budsjettet for Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE) av desse vedtaka er budsjettert under kap. 2440/5440.

Det er i proposisjonen gjort rede for dei prosjekta som er vedtekne under ordninga etter at St.prp. nr. 19 (2000-2001) Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 2000 m.m. under Olje- og energidepartementet, vart lagt fram.

Overføring av eigedomsrett mot bruksrett

Departementet viser til at det i perioden etter at St.prp. nr. 19 (2000-2001) vart lagt fram til utgangen av oktober 2001 er godkjend 11 avtaler om overføring av statleg eigedomsrett. I tillegg blir det orientert om ein avtale mellom rettshavarane i Huldragruppa og Heimdalgruppa, som vart godkjend 25. juni 1999, men som ikkje har vore omtala tidlegare.

Andre endringsforslag

Kap. 1810 Oljedirektoratet (jf. kap. 4810)

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Det blir foreslått at løyvinga blir auka med 10,9 mill. kroner i forhold til gjeldande budsjett for 2001. Utgiftsauken vil bli motsvara av ei tilsvarande inntektsauke over kap. 4810 post 2.

Kap. 1820 Norges vassdrags- og energidirektorat (jf. kap. 4820)

Post 1 Driftsutgifter

Det blir foreslått å auke løyvinga under kap. 1820 post 1 med kr 250 000 i forhold til gjeldande budsjett for 2001.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overføres

Det blir foreslått at løyvinga blir redusert med 5,5 mill. kroner i forhold til gjeldande budsjett for 2001. Utgiftsreduksjonen vil bli motsvara av ein tilsvarande inntektsreduksjon over kap. 4820 post 2.

Post 22 Forbygningsarbeider og oppryddingstiltak, kan overføres

Det blir foreslått at løyvinga blir auka med 2 mill. kroner i forhold til gjeldande budsjett for 2001. Utgiftsauken vil bli motsvara av ei tilsvarande inntektsauke over kap. 4820 post 40.

Post 75 Tilskudd til sikringstiltak, kan overføres

Ein ønskjer å bruke tilbakeføringa av midlar til å gi tilskott til innkjøp av reservemateriell i kraftforsyninga, og ber om å overskride løyvinga under kap. 1820 Norges vassdrags- og energidirektorat post 75 Tilskudd til sikringstiltak, mot tilsvarande meirinntekt knytt til avhending av transformatorolje under kap. 4820 Norges vassdrags- og energidirektorat post 10, jf. forslag til vedtak II.

Kap. 1860 Statsforetak under Olje- og energidepartementet (jf. kap. 4860)

Post 70 Kompensasjon for avvikling av prosjektene i Beiarn, Bjellåga og Melfjord

Departementet viser til handsaminga i Stortinget av St.meld. nr. 37 (2000-2001) Om vasskrafta og kraftbalansen, jf. Innst. S. nr. 263 (2000-2001) og brev frå olje- og energiministeren til energi- og miljøkomiteen av 21. mai 2001. Det er lagt til grunn å kompensere Statkraft for dei økonomiske tapa som er påført føretaket som følgje av instruksjonane om å stanse utbyggingsprosjekta i Beiarn, Bjøllåga og Melfjord. Kompensasjonen skal reknast ut på grunnlag av forventa noverdi av prosjekta, kostnader knytt til utsetjing av Beiarnprosjektet og skrinlegging av alle tre prosjekta. I tillegg kjem det rentekostnader fram til tidspunkt for utbetaling av kompensasjon.

Det foreslås ein kompensasjon på 440,6 mill. kroner, med føresetnad om at staten utbetaler kompensasjon til Statkraft ved utgangen av inneverande år. Av dette utgjer 345,8 mill. kroner noverdien av prosjekta pr. 1. juli 2000. Utgifter Statkraft har hatt sidan 1. juli 2000 utgjer 52,6 mill. kroner og 42,2 mill. kroner er renter fram til utgangen av inneverande år.

Det er lagt til grunn at kompensasjon er ei skattepliktig inntekt for Statkraft.

Erstatning til Nordland fylkeskommune

Olje- og energidepartementet legg til grunn at Nordland fylkeskommune skal ha økonomisk kompensasjon for at fylkeskommunen ikkje får nytta sin rett til medeigarskap i prosjekta i Beiarn, Bjøllåga og Melfjord. Kompensasjonen til Nordland fylkeskommune blir rekna på grunnlag av 20 pst. av noverdien av prosjekta pr. 1. juli 2000 tilsvarande 69,2 mill. kroner, trekt frå 20 pst. av Statkraft SF sine utgifter før 1. juli 2000, rentejustert til 1. juli 2000 tilsvarande 12,2 mill. kroner. Til saman utgjer kompensasjonen til Nordland fylkeskommune 62,9 mill. kroner medrekna renter fram til utgangen av inneverande år.

Med føresetnad om at staten utbetaler 440,6 mill. kroner i kompensasjon til Statkraft ved utgangen av inneverande år, må staten difor utbetale 62,9 mill. kroner til Nordland fylkeskommune som kompensasjon for at fylket ikkje kan utøve sin rett til medeigarskap i prosjekta.

Radøy kommune – erstatning etter skrinlegging av Melfjordutbygginga

Olje- og energidepartementet peiker i proposisjonen på at Radøy kommune får behalde næringsfondet på 3 mill. kroner for Melfjordutbygginga.

Radøy kommune har fremja krav om økonomisk kompensasjon på grunn av at utbygginga i Melfjord blei stogga. Kommunen krev ein kompensasjon på 8-10 mill. kroner årleg i heile konsesjonsperioden.

Departementet kan ikkje sjå at det ligg føre noko grunnlag for kravet frå kommunen som kan føre fram. Olje- og energidepartementet tilrår difor ikkje nokon kompensasjon i tillegg til næringsfondet på 3 mill. kroner.

Post 71 Kompensasjon for langsiktige avtaler med kraftkrevende industri

Departementet foreslår at Statkraft blir kompensert med 79,6 mill. kroner. Det er lagt til grunn at staten utbetaler kompensasjonen til Statkraft ved utgangen av inneverande år, og at kompensasjonen er ei skattepliktig inntekt for Statkraft.

Kap. 2442 Disponering av innretninger på kontinentalsokkelen

Post 70 Tilskudd, overslagsbevilgning

På basis av oppdaterte estimat over utbetaling av fjerningstilskott i 2001 blir budsjettposten redusert med 231,9 mill. kroner, frå 240 til 8,1 mill. kroner.

Kap. 2490 NVE Anlegg (jf. kap. 5490)

Post 24 Driftsresultat

Overslaget under kap. 2490, underpost 24.01 Driftsinntekter og underpost 24.02 Driftsutgifter blir begge redusert med 6 mill. kroner, frå 42 til 36 mill. kroner. Det medfører ingen nettoendring på post 24 Driftsresultat.

Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehald, kan overføres

Det blir foreslått at løyvinga blir auka med 1 mill. kroner i forhold til gjeldande budsjett for 2001. Utgiftsauken vil bli motsvara av ei tilsvarande inntektsauke over kap. 5490 post 1.

Kap. 4810 Oljedirektoratet (jf. kap. 1810)

Post 2 Oppdrags- og samarbeidsvirksomhet

Løyvinga over posten blir foreslått auka med 10,9 mill. kroner i forhold til gjeldande budsjett for 2001, jf. tilsvarande auke under kap. 1810 post 21.

Post 4 Salg av undersøkelsesmateriale

Oljedirektoratet har så langt i år ikkje selt nokon datapakkar. Departementet foreslår at budsjettoverslaget blir redusert med 10 mill. kroner, til 0 kroner.

Post 5 Salg av publikasjoner

Løyvinga blir foreslått redusert med 1 mill. kroner, frå 2 til 1 mill. kroner.

Kap. 4820 Norges vassdrags- og energidirektorat (jf. kap. 1820)

Post 2 Oppdrags- og samarbeidsvirksomhet

Løyvinga blir foreslått redusert med 5,5 mill. kroner i forhold til gjeldande budsjett for 2001, jf. tilsvarande reduksjon under kap. 1820 post 21.

Post 40 Forebyggingsvirksomhet

Løyvinga over posten blir foreslått auka med 2 mill. kroner i forhold til gjeldande budsjett for 2001, jf. tilsvarande auke under kap. 1820 post 22.

Kap. 4860 Statsforetak under Olje- og energidepartementet (jf. kap. 1860)

Post 80 Inntekter fra oppgjørsordningen for utenlandshandelen med kraft

I løpet av 2000 var inntektene frå denne ordninga på om lag 100 mill. kroner. Ved utgangen av 2000 var nominelt underskott for utanlandshandelen 16,9 mill. kroner. Flaskehalsinntektene for første halvdel av 2001 var større enn saldoen, og Statnett SF har difor innfridd det akkumulerte underskottet i 2001. Flaskehalsinntektene skal no inngå som inntekter i sentralnettsordninga.

Kap. 5490 NVE Anlegg (jf. kap. 2490)

Post 1 Salg av utstyr mv.

Løyvinga under posten blir foreslått auka med 1 mill. kroner i forhold til gjeldande budsjett for 2001, jf. tilsvarande auke under kap. 2490 post 45.

Kap. 5608 Renter av lån til statsforetak under Olje- og energidepartementet

Post 80 Renter, Statnett SF

Pr. i dag reknar ein med renteinntekter for 2001 på 127 mill. kroner, det vil seie 7 mill. kroner høgare enn i Revidert budsjett for 2001. Det blir foreslått å auke løyvinga for 2001 med 7 mill. kroner, frå 120 til 127 mill. kroner.

Utbygging, anlegg og drift av Kristin-feltet

Departementet viser til at dei reservane ein ventar å kunne utvinne på Kristin-feltet er 34,6 mill. Sm3 kondensat, 34,9 mrd. Sm3 gass og 8,5 mill. tonn NGL.

Kristin-feltet er planlagt utbygd med eit produksjonsanlegg under vatn med brønnstraumoverføring til ei halvt nedsenkbar flytande produksjonsplattform, ei såkalla semi-plattform. Produksjonsplattforma vil vere bemanna og inkludere prosessanlegg og bustadkvarter. I prosessanlegget vil rikgassen bli separert til gass og kondensat. Gassen vil bli transportert i eigen ny røyrledning inn til eit tilkoplingspunkt på røyrledningen som går frå Åsgård-feltet til Kårstø. På Kårstø vil ty­ngre komponentar bli skilte ut frå gassen og selde som våtgass (NGL). Tørrgassen vil bli transportert til kontinentet. Kondensat som blir prosessert på Kristin-feltet vil bli overført i ein ny kondensatrøyrledning til eit lagerskip knytt til eksisterande Åsgård C lastebøye for lagring og utskiping med skytteltankarar. Det vil bli vurdert nærare om Åsgård C eller eit nytt lagerskip skal nyttast. Driftsorganisasjonen for feltet vil vere i Stjørdal. Forsyningsbasen vil vere i Kristiansund.

Utbygginga er planlagt ferdigstilt slik at gassleveransar frå feltet kan starte frå 1. oktober 2005.

Dei totale investeringane for Kristin-prosjektet er av operatøren vurderte til 15 990 mill. kroner. Operatøren sine utrekningar viser at Kristin-utbygginga vil gi ein noverdi før skatt på 8 950 mill. kroner ved 7 pst. kalkulasjonsrente. Ved ei avkastning på 8 pst. etter skatt er noverdien av prosjektet utrekna til 1 530 mill. kroner, og prosjektet sin balansepris for olje er utrekna til 13,1 USD/fat. Tilhøyrande balansepris for gass er utrekna til 49 øre/Sm3.

Utbygginga av Kristin-feltet føreset at det blir gjennomført modifikasjonar på mottaksanlegget på Kårstø. Det vil bli gjort eigne konsekvensutgreiingar for desse arbeida.

Departementet viser til at Kristin-prosjektet har vore konsekvensutgreidd. Det er i proposisjonen gitt ein gjennomgang av merknadene frå høyringsinstansane til konsekvensutgreiinga, og departementet sine kommentarar til desse. Det har i høyringsutsegnene ikkje komme fram tilhøve som tilseier at utbyggingsplanane ikkje bør godkjennast.

Olje- og energidepartementet foreslår at Kristin-feltet blir bygd ut i samsvar med dei planar for utbygging og drift som rettshavarene har framlagt med dei merknader og på dei vilkåra som kjem fram i proposisjonen.

Departementet peiker i proposisjonen ut Statoil ASA som operatør for gassrøyrleidningen frå Kristin-feltet til Åsgård Transport i utbyggingsfasen. Departementet vil i rimeleg tid før driftsstart peike ut operatør for gassrøyrleidningen i driftsfasen. Statoil ASA skal vere operatør for kondensatrøyrleidningen til eksisterande Åsgård C lastebøye.

Budsjettkonsekvensar for SDØE for 2001

Kostnader knytt til utbygging av Kristin-feltet og tilhøyrande røyrleidningar skal dekkast av eigarane, og SDØE sin eigardel etter samordning er 18,9 pst. Prosjektet vil i 2001 medføre om lag 34 mill. kroner i investeringar, om lag 2 mill. kroner i driftskostnader og om lag 1 mill. kroner i kalkulatoriske renter for SDØE. Dette inngår i gjeldande budsjett under kap. 2440 post 30 Investeringer og kap. 5440 post 24 Driftsresultat og post 80 Renter.

Komiteen sine merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sylvia Brustad, Rolf Terje Klung­land og Synnøve Konglevoll, fra Høyre, Øyvind Halleraker, Siri A. Meling og Leif Frode Onarheim, fra Fremskrittspartiet, Øyvind Korsberg og Øyvind Vaksdal, fra Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland og Ingvild Vaggen Malvik, fra Kristelig Folkeparti, Ingmar Ljones og lederen Bror Yngve Rahm, og fra Senterpartiet, Inger S. Enger, har merket seg Olje- og energidepartementets forslag til saldering av kap. 1810 post 21, kap. 1820 post 1, 21, 22 og 75, kap. 1860 post 70 og 71, kap. 2442 post 70, kap. 2490 post 24 og 45, kap. 4810 post 2, 4 og 5, kap. 4820 post 2 og 40, kap. 4860 post 80, kap. 5490 post 1 og kap. 5608 post 80 på 2001-budsjettet.

Komiteen sine medlemer frå Sosialistisk Venstreparti vil understreke behovet for at vi satser mindre på ein svart oljeøkonomi med økte oljeinvesteringer og meir på ein grøn kunnskapsøkonomi. Desse medlemene vil vise til at med lågare tempo i investeringane på norsk sokkel vil vi kunne ha større stabilitet og kunne drive aktiviteten meir miljøvennleg og med høgare tryggleik. Dessutan vil eit lågare tempo også ha positive verknader på prisen på desse fossile brensla, slik at utvikling av klimavennlege alternativer blir meir lønnsame, og at fleire då vil bruke ressursar på å utvikle desse.

Desse medlemene viser til det prinsipielle syn som Sosialistisk Venstreparti står for, og som desse medlemene reiste forslag om, i samband med privatiseringa av Statoil og sal av SDØE-andelar. Desse medlemene konstaterer dei ulike budsjettmessige konsekvensane, men køyrer ikkje nokon omkamp mot privatisering og sal av SDØE-andelar i denne saka.

Kap. 1860 Statsforetak under Olje- og energidepartementet

Post 70 Kompensasjon for avvikling av prosjektene i Beiarn, Bjellåga og Melfjord

Komiteen viser til at det tidligere ble gitt økonomisk kompensasjon til kommuner hvor vassdrag ble vernet. Stortinget har gjort vedtak om å avvikle denne typen kompensasjonsordninger. Det ble i 1997 etablert en overgangsordning som varte fram til 1999.

Komiteen viser til at konsesjon for utbygging av Melfjord ble gitt i 1987. Komiteen viser til at Rødøy kommune har kommet i en spesiell situasjon etter at Melfjordutbyggingen ble stanset i 2001. Etter at konsesjonen ble gitt i 1987 er det skapt store forventninger både til inntekter, sysselsetting og næringsutvikling i Rødøy kommune.

Komiteen viser til at Statkraft SF og Nordland fylkeskommune vil motta kompensasjon for manglende utbygging av Beiarn, Bjøllåga og Melfjord.

Komiteen mener ut i fra rimelighetsbetraktninger at Rødøy kommune bør motta kompensasjon for mang­lende utbygging av Melfjord. Komiteen vil derfor be om at Regjeringen tar saken opp på nytt som et særtilfelle innenfor ordningen med kompensasjon til kommuner for ikke-utbygging. Komiteen forutsetter at en kompensajson skal ligge innefor de økonomiske rammer som har vært gjeldende for denne ordningen.

Komiteen foreslår:

"Stortinget ber Regjeringen vurdere saken om kompensasjon til Rødøy kommune på nytt – og som et særtilfelle innenfor ordningen med kompensasjon til kommuner for ikke-utbygging. Det forutsettes at en kompensasjon skal ligge innenfor de økonomiske rammer som har vært gjeldende for denne ordningen."

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til Stortingets behandling av St.meld. nr. 37 (2000-2001) Vannkraften og kraftbalansen, der Fremskrittspartiet støttet utbyggingsprosjektene i Beiarn, Bjellåga og Melfjord. Disse medlemmer vil minne om at Fremskrittspartiets forslag ville medført utbygging, og at man som følge av dette ville unngått dagens problemstilling med kompensasjon. Disse medlemmer viser forøvrig til Fremskrittspartiets merknader og forslag i Innst. S. nr. 263 (2000-2001).

Komiteen sine medlemer frå Sosialistisk Venstreparti viser til side 16 og 17 i St.prp. nr. 24 (2001-2002) vedrørande erstatning til Nordland fylkeskommune, som også omtaler erstatning til Rødøy kommune. Her kan ein lese følgjande:

"berre kommunar som har søkt om kompensasjon i overgangsperioden som blir vurdert. Søknaden frå Rødøy kommune er ikkje mellom desse."

Det er sjølvsagt heilt korrekt, men årsaka til det er at kommunen på det tidspunktet trudde at det ville bli utbygging, slik som Statkraft hadde planlagt og var i gang med å starte opp. Etter sterkt press frå eit fleirtal på Stortinget vart utbygginga likevel stansa våren 2000, altså etter at fristar om kompensasjon var ute. Nordland fylkeskommune, derimot, får kompensasjon for at det ikkje vart utbygging. Då er det grunnlag for å hevde at det er skilnad i handsaminga av Rødøy kommune og fylkeskommunen, sjølv om fylkeskommunen hadde rett til medeigarskap på 20 pst.

Desse medlemene tek ikkje stilling til kva som er rett erstatningssum eller om det skal vere erstatning i det heile, men meiner det må vera lik handsaming, og ber på denne bakgrunn om at saka blir sendt tilbake for ny vurdering. Desse medlemene ber også om ei prinsipiell vurdering av saka, i høve til om dei andre kommunane som denne saka har betydning for, kan ha liknande krav, t.d. Beiarn.

Desse medlemene er samde i vurderingane om erstatning til Nordland fylkeskommune, og ber om at den saka ikkje blir forsinka.

Komiteen har for øvrig ingen merknader til de øvrige foreslåtte endringene.

Komiteen viser videre til del 2 av St.prp. nr. 24 (2001-2002) Budsjettkonsekvensar knytt til det statlege engasjementet i petroleumsverksemda, og har merkt seg salderinga i kap. 1801 post 21 foreslått av Olje- og energidepartementet, og har ingen innvendinger til dette.

Videre har komiteen merkt seg salderingsforslagene til kap. 4811 ny post 90, kap. 5685 post 82, kap. 5440 ny post 31 og 81, kap. 2440 ny post 25, samt kap. 1811 ny post 90, kap. 5685 ny post 81, kap. 2440 ny post 55 og post 30, kap. 5440 post 24, underpost 24.1, 24.2, 24.3, 24.4, 24,5 og post 30, ny post 50, post 80 og ny post 85. Komiteen ser disse salderingene som en konsekvens av omleggingen av SDØE og delprivatiseringen av Statoil.

Utbygging, anlegg og drift av Kristin-feltet

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Sosialistisk Venstreparti, viser til at Kristin-feltet er et felt med høyt trykk og høye temperaturer, og innser at dette betyr at man står overfor spesielle utfordringer knyttet til helse, miljø og sikkerhet. Flertallet er glad for at vern og helse skal stå sentralt når de tekniske løsningene for Kristin-feltet blir utformet.

Flertallet peker på kravene til miljøvern, som omfatter vern mot forurensning og uakseptable inngrep i naturen.

Flertallet har merket seg de innsigelser som SFT har kommet med i sitt høringssvar til departementet i denne saken og de svar som operatøren har gitt (jf. utdrag referert i proposisjonen).

På bakgrunn av dette forutsetter flertallet at arbeidet med steindumping i rørgata foregår på en forsvarlig måte som ikke setter fiskeri- og miljøhensyn i fare.

Videre registrerer flertallet at elektrifisering av Kristin-feltet vil øke investeringsrammen med 1 mrd. kroner, og at dette ikke kan belastes prosjektet.

Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Senterpartiet, ber imidlertid utbyggerne vurdere om det likevel kan finnes fram til alternative løsninger.

Dette flertallet mener at bruk av elektrisitet fra land og en bedre kraftutveksling/samordning generelt vil ha betydelig miljøgevinst.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Sosialistisk Venstreparti, forutsetter at reinjeksjon av produsert vann og oppsamling av hydraulisk væske skjer på en miljømessig og økonomisk forsvarlig måte.

Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Senterpartiet, merker seg at det ikke ligger til rette for injisering av CO2 i området, men anmoder utbygger om – i samarbeid med forskningsmiljøene – å følge opp med ny kunnskap på dette felt, og som eventuelt kan redusere CO2–problemene.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Sosialistisk Venstreparti, legger til grunn at de best tenkelige teknikker blir benyttet ved etablering av rensemekanismer for nmVOC. Flertallet mener dette vil ha store miljømessige fordeler.

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti viser også til uttala frå Havforskingsinstituttet. Desse medlemene forutset at utbyggar gjer undersøkingar om det er kaldvasskorallar i området. Det må vera utbyggaren som må dokumentere at det ikkje er slike førekomstar i området, dersom han skal unngå tiltak i høve til utslepp. Desse medlemene støtter Havforskingsinstituttet sitt krav om at utbyggar blir pålagt å gjennomføre undersøkingar for å kartleggje om utslepp av vassbasert boreslam negativt påverkar kaldvasskorallar i regionen. Utbyggaren må ha kunnskap om korleis eigne utslepp spelar inn på økosystemet i Kristin-området.

Desse medlemene viser til dei vurderingar som er gjort vedrørande CO2-injeksjon, kraftgenerering og spørsmål knytta til kraftleveransar frå land, samt dei innvendingar som SFT har til m.a. utbygging og drift.

Desse medlemene viser til at Regjeringa vil bruke store summar på å utvikle såkalla CO2-frie gasskraftverk, og at det framleis vert vurdert om kraftleveransane kan komme frå land, evt. frå andre plattformar.

Desse medlemene viser også til svar på spørsmål frå komiteen i brev frå OED datert 6. desember 2001, og at Regjeringas Gassteknologiutvalg skal avgje innstilling 1. mars 2002. Desse medlemene vil foreslå at saken vert sendt tilbake til Regjeringa, med tanke på ny handsaming i april/mai 2002, dette mellom anna med tanke på å få ei grundigare vurdering om det er mogleg å bygge eit pilotanlegg for såkalla CO2-frie gasskraft på Kristin-plattforma, dessutan at det vert gjort ytterlegare vurderingar av eventuelle andre løysingar for kraftleveransar.

Dersom det ikkje er fleirtal for å sende saka tilbake, vil desse medlemene foreslå følgjande:

"Stortinget ber Regjeringa om at det vert lagt til rette for at det kan byggast eit pilotanlegg for såkalla CO2-frie gasskraftverk på Kristin-feltet."

Forslag frå mindretal

Forslag frå Sosialistisk Venstreparti:

Stortinget ber Regjeringa om at det vert lagt til rette for at det kan byggast eit pilotanlegg for såkalla CO2-frie gasskraftverk på Kristin-feltet.

Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I

I statsbudsjettet for 2001 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål:

Kroner

Utgifter:

1801

Omstrukturering av statens petroleumsengasjement

21

Spesielle driftsutgifter, kan overføres,blir auka med

326 000 000

frå kr 135 000 000 til kr 461 000 000

1810

Oljedirektoratet (jf. kap. 4810)

21

Spesielle driftsutgifter, blir auka med

10 900 000

frå kr 70 700 000 til kr 81 600 000

1811

Statoil ASA (jf. kap. 4811 og 5685)

90 (Ny)

Ansvarlig lån, blir løyvd med

14 039 700 000

1820

Norges vassdrags- og energidirektoat (jf. kap. 4820)

1

Driftsutgifter, blir auka med

250 000

frå kr 207 400 000 til kr 207 650 000

21

Spesielle driftsutgifter, kan overføres, blir redusert med

5 500 000

frå kr 50 450 000 til kr 44 950 000

22

Forbygningsarbeider og oppryddingstiltak, kan overføres, blir auka med

2 000 000

frå kr 44 150 000 til kr 46 150 000

1860

Statsforetak under Olje- og energidepartementet (jf. kap. 4860)

70 (Ny)

Kompensasjon for avvikling av prosjektene i Beiarn, Bjellågå og Melfjord, blir løyvd med

440 600 000

71 (Ny)

Kompensasjon for langsiktige avtaler med kraftkrevende industri, blir løyvd med

79 600 000

2440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsvirksomheten (jf. kap. 5440)

22

Fjerningsutgifter, overslagsbevilgning, blir redusert med

80 000 000

frå kr 80 000 000 til kr 0

25 (Ny)

Pro et contra-oppgjør, blir løyvd med

8 500 000 000

30

Investeringer, blir redusert med

2 300 000 000

frå kr 20 100 000 000 til kr 17 800 000 000

2442

Disponering av innretninger på kontinentalsokkelen

70

Tilskudd, overslagsbevilgning, blir redusert med

231 900 000

frå kr 240 000 000 til kr 8 100 000

2490

NVE Anlegg (jf. kap 5490)

45

Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres, blir auka med

1 000 000

frå kr 4 000 000 til kr 5 000 000

Inntekter:

4810

Oljedirektoratet (jf. kap. 1810)

2

Oppdrags- og samarbeidsvirksomhet, blir auka med

10 900 000

frå kr 31 200 000 til kr 42 100 000

4

Salg av undersøkelsesmateriale, blir redusert med

10 000 000

frå kr 10 000 000 til kr 0

5

Salg av publikasjoner, blir redusert med

1 000 000

frå kr 2 000 000 til kr 1 000 000

4811

Statoil ASA (jf. kap. 1811)

90 (Ny)

Salg av aksjer, blir løyvd med

14 210 600 000

91 (Ny)

Avdrag, ansvarlig lån, blir løyvd med

14 039 700 000

4820

Norges vassdrags- og energidirektorat (jf. kap. 1820)

2

Oppdrags- og samarbeidsvirksomhet, blir redusert med

5 500 000

frå kr 45 500 000 til kr 40 000 000

40

Forebyggingsvirksomhet, blir auka med

2 000 000

frå kr 8 000 000 til kr 10 000 000

4860

Statsforetak under Olje- og energidepartementet (jf. kap. 1860)

80

Inntekter fra oppgjørsordningen for

utenlandshandelen med kraft, blir auka med

16 900 000

frå 103 000 000 til 119 900 000

5440

Statens direkte økonomiske engasjement

i petroleumsvirksomheten (jf. kap. 2440)

24

Driftsresultat, blir redusert med

13 900 000 000

frå 100 000 000 000 til 86 100 000 000

Spesifikasjon:

Driftsinntekter

129 700 000 000

Driftsutgifter

-17 400 000 000

Lete- og feltutviklingsutgifter

-1 700 000 000

Avskrivninger

-16 900 000 000

Renter

-7 600 000 000

86 100 000 000

30

Avskrivninger, blir redusert med

2 600 000 000

frå 19 500 000 000 til 16 900 000 000

31 (Ny)

Salg av SDØE-andeler, blir løyvd med

38 980 000 000

50 (Ny)

Overføring fra Statens

petroleumsforsikringsfond, blir løyvd med

500 000 000

80

Renter, blir redusert med

800 000 000

frå 8 400 000 000 til 7 600 000 000

81 (Ny)

Renter, salg av SDØE-andeler, blir løyvd med

1 248 000 000

85 (Ny)

Renter på mellomregnskapet, blir løyvd med

-25 000 000

5490

NVE Anlegg (jf. kap. 2490)

1

Salg av utstyr mv., blir auka med

1 000 000

frå 200 000 til 1 200 000

5608

Renter av lån til statsforetak under Olje- og energidepartementet

80

Renter, Statnett SF, blir auka med

7 000 000

frå 120 000 000 til 127 000 000

5685

Aksjer i Statoil ASA (jf. kap 4811)

81 (Ny)

Renter, ansvarlig lån, blir løyvd med

66 200 000

82 (Ny)

Renter m.m., salg av aksjer, blir løyvd med

12 325 000

II

Stortinget samtykkjer i at løyvinga under kap. 1820 Norges vassdrags- og energidirektorat, post 75 Tilskudd til sikringstiltak, kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt under kap. 4820 Norges vassdrags- og energidirektorat, post 10 Refusjoner.

III

Stortinget ber Regjeringen vurdere saken om kompensasjon til Rødøy kommune på nytt – og som et særtilfelle innenfor ordningen med kompensasjon til kommuner for ikke-utbygging. Det forutsettes at en kompensasjon skal ligge innenfor de økonomiske rammer som har vært gjeldende for denne ordningen.

Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 13. desember 2001

Bror Yngve Rahm

leiar og ordførar

Øyvind Vaksdal

sekretær