Innstilling frå kommunalkomiteen om forslag frå stortingsrepresentant Magnhild Meltveit Kleppa om at kommunane og fylkeskommunane blir tilført ekstra midlar for 2001 som fylgje av auka pensjonskostnader

Til Stortinget

Samandrag

I dokumentet vert følgjande forslag fremja:

"Stortinget ber Regjeringa leggja fram eit forslag for Stortinget om ei ekstraløyving på inntil 1,3 mrd. kroner for 2001 slik at kommunar og fylkeskommunar vert sette i stand til å dekkje ekstra pensjonskostnader."

Bakgrunnen for forslaget er at kommunane i år har ekstra pensjonskostnader på om lag 3 mrd. kroner. Eit sterkt fall i aksjemarknaden har medført at kommunane får ei tilleggsrekning som avkastninga av tidlegare innbetalingar normalt skulle dekkje. Kommunane er også førespegla auka innbetaling i 2002 på om lag 3,5 mrd. kroner. Arbeidarpartiregjeringa varslar i framlegget til statsbudsjett ein gjennomgang av situasjonen for 2002 fram mot Revidert nasjonalbudsjett. Forslagsstillaren legg til grunn at Samarbeidsregjeringa fylgjer opp ein slik strategi.

Mange kommunar er i ein svært vanskeleg situasjon når det gjeld løysing for 2001. Førre regjering føreslår at kommunesektoren skal behalde ekstra skatteinntekter, førebels rekna til 1,7 mrd. kroner. Det manglar då om lag 1,3 mrd. kroner, som kommunane sjølve må dekkje inn.

Forslagsstillaren meiner at den økonomiske situasjonen skulle vore såpass robust at både kommunar og fylkeskommunar kunne dekkje svingingar i utgiftene. Når dette ikkje er tilfelle utan at det må kuttast i tenestetilbodet, må Regjeringa og Stortinget gripe inn. Forslagsstillaren føreset at det vert føreteke nærare avvegingar mellom kommunane og forsikringsselskap om korleis kostnadene endeleg skal delast.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigvald Oppebøen Hansen, Reidar Sandal, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen og Signe Øye, frå Høgre, Peter Gitmark, Hans Kristian Hogsnes og Kari Lise Holmberg, frå Framstegspartiet, Torbjørn Andersen og Per Sandberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen og Heikki Holmås, frå Kristeleg Folkeparti, Anita Apelthun Sæle og Ivar Østberg og frå Senterpartiet leiaren Magnhild Meltveit Kleppa, viser til St.prp. nr. 1 (2001-2002) frå regjeringa Stoltenberg, der det står:

"Skatteanslaget for 2001 i Nasjonalbudsjettet for 2002 er oppjustert med om lag 1,7 mrd. kroner fra Revidert nasjonalbudsjett. Merskatteveksten fordeles med om lag 450 mill. kroner på fylkeskommunene og om lag 1 250 mill. kroner på kommunene."

Komiteen har oversendt Dokument 8-forslaget til Kommunal- og regionaldepartementet til vurdering. Kommunal- og regionalminister Erna Solberg svarer dette i brev til komiteen av 28. november 2001:

"I regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2002 (St.prp. nr. 1 tillegg nr. 4 for 2001-2002) er kommunesektorens skatteinntekter for 2001 oppjustert med 1,2 milliardar kroner samanlikna med det ein rekna med i budsjettforslaget frå Stoltenbergregjeringa. Etter dette blir skatteinntektene for kommunesektoren i 2001 om lag 2,9 milliardar kronar høgare enn det ein la til grunn i Revidert nasjonalbudsjett 2001 i mai. Ut frå KS sitt overslag, tilsvarer dette om lag ekstrarekninga til pensjon i 2001. Dei ekstra skatteinntektene i 2001, som kommunar og fylkeskommunar får behalde, kan nyttast til å dekke dei ekstra pensjonskostnadene."

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti, er einig i dei vurderingane som er siterte ovanfor. Fleirtalet konstaterer at dei auka utgiftene til pensjonar som kommunesektoren har hatt i 2001, om lag er dekte inn som følgje av dei auka skatteinntektene. Meirinntektene kan nyttast til å dekkje dei auka pensjonskostnadene.

Komiteen sine medlemer frå Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet viser til brev av 12. desember 2001 til komiteen frå KS. Med brevet fylgjer eit notat som omhandlar dokumentasjon frå KS framlagt i samband med konsultasjonsmøtet mellom Regjeringa og KS 19. november 2001, der det heiter:

"KS viser til at selv om skatteanslaget inneværende år er oppjustert med 1,2 mrd. kroner, er likevel realverdien av kommunesektorens inntekter i 2001 fortsatt om lag 0,5 mrd. kroner lavere enn anslått i Revidert nasjonalbudsjett (RNB).

Pensjonsutgiftene er en del av lønnskostnadene, slik at økningen i pensjonsutgiftene på om lag 3 mrd. kroner reduserer realverdien av kommunesektorens inntektsramme tilsvarende. I tillegg er deflatoren for 2001 oppjustert siden RNB. Dette betyr en ytterligere reduksjon i realverdien av inntektsrammen på (netto) 400 mill. kroner."

Desse medlemene viser til at KS i notatet såleis påviser at medan lønns- og priskostnadene aukar med anslagsvis 3,4 mrd. kroner i forhold til RNB, aukar skatteinntektene med 2,9 mrd. kroner, det vil seie ein differanse på om lag 500 mill. kroner.

Desse medlemene vil understreke at det er stor forskjell mellom kommunane i kva grad dei auka pensjonsutgiftene kan dekkjast gjennom auka skatteinntekter. Sidan inntektsutjamninga ikkje utjamnar forskjell i utgiftsbehov, vil kommunar med høge lønnsutgifter pr. innbyggjar, og som i hovudsak er finansiert gjennom tilskotsordningar frå staten, ha mindre moglegheit til å dekkje auken i pensjonsutgiftene enn gjennomsnittet. Også kommunale verksemder er i høg grad berørt av dei auka pensjonsutgiftene.

På denne bakgrunn vil desse medlemene føreslå ei ekstraløyving på 500 mill. kroner for 2001, slik at kommunar og fylkeskommunar vert sette betre i stand til å dekkje utgiftene sine.

Desse medlemene fremjar følgjande forslag:

"I statsbudsjettet for 2001 vert det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål:

Kroner

571

Rammetilskot til kommunar (jf. kap. 3571):

60

Innbyggjartilskot/utgiftsutjamning, vert auka med

360 000 000

frå kr 29 795 916 000 til kr 30 155 916 000

572

Rammetilskot til fylkeskommunar (jf. kap. 3572):

60

Innbyggjartilskot/utgiftsutjamning, vert auka med

140 000 000

frå kr 16 407 182 000 til kr 16 547 182 000"

Når det gjeld auka innbetaling til pensjonar som kommunesektoren er førespegla for 2002, viser fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, til Budsjett-innst. S. nr. 5 (2001-2002) der det same fleirtalet uttaler følgjande:

"Det er behov for drøftingar mellom staten og kommunesektoren, og fleirtalet er einige i at det er behov for grundig gjennomgang av pensjonskostnadene i Revidert nasjonalbudsjett for 2002."

Komiteens medlemmer fra Høyre og Kristelig Folkeparti vil vise til Budsjett-innst. S. nr. 5 (2001-2002) der disse medlemmer sa at de er tilfreds med at Regjeringen i nær kontakt med Kommunenes Sentralforbund vil ha en bred gjennomgang av de langsiktige og prinsipielle problemstillingene rundt endrede pensjonskostnader for kommunesektoren. Disse medlemmer har ikke registrert at KLP eller noen andre selskaper har fremmet krav om økte pensjonspremier fra sine kunder for 2002. Disse medlemmer forutsetter imidlertid at regjeringen i RNB vurderer spesielle tiltak for 2002 avhengig av den kortsiktige utviklingen i pensjonskostnadene.

Komiteen vil foreslå at Dokument nr. 8:19 (2001-2002) vert å leggje ved protokollen.

Forslag frå mindretal

Forslag frå Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet:

I statsbudsjettet for 2001 vert det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål:

Kroner

571

Rammetilskot til kommunar (jf. kap. 3571):

60

Innbyggjartilskot/utgiftsutjamning, vert auka med

360 000 000

frå kr 29 795 916 000 til kr 30 155 916 000

572

Rammetilskot til fylkeskommunar (jf. kap. 3572):

60

Innbyggjartilskot/utgiftsutjamning, vert auka med

140 000 000

frå kr 16 407 182 000 til kr 16 547 182 000

Tilråding frå komiteen

Komiteenviser til dokumentet og til det som står foran og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Dokument nr. 8:19 (2001-2002) - forslag frå stortingsrepresentant Magnhild Meltveit Kleppa om at kommunane og fylkeskommunane blir tilført ekstra midlar for 2001 som fylgje av auka pensjonskostnader - vert å leggje ved protokollen.

Oslo, i kommunalkomiteen, den 13. desember 2001

Magnhild Meltveit Kleppa

leiar

Reidar Sandal

ordførar

Hans Kristian Hogsnes

sekretær