2.1 Sammendrag

2.1.1 St.meld. nr. 32 (2001-2002)

I kapittel 2 i St.meld. nr. 32 (2001-2002) vert det sett nærmare på, samt gjort ei vurdering av, marknads- og konkurransetilhøva i den norske mobilmarknaden.

Offentlege system for mobilkommunikasjon vart introduserte i den norske marknaden på byrjinga av 1980-talet. Internasjonalt sett var Noreg mellom dei første landa som gjorde automatiserte system for mobilkommunikasjon allment tilgjengelege, og heilt frå introduksjonen og fram til i dag har Noreg vore i fremste rekkje med omsyn til å ta i bruk mobile teletenester. Veksten i bruk av mobilkommunikasjon har vore spesielt sterk frå midten av 1990-talet, og utviklinga når det gjeld pris, kvalitet og tenesteomfang har gjort at mobiltelefonen i dag står fram som eit stadig viktigare kommunikasjonsverktøy både for næringsliv og folk flest.

Nettoperatørar

Med omgrepet nettoperatørar vert det sikta til verksemder som står for utbygging, drift og vedlikehald av mobilnetta.

Tilgang til radiofrekvensar er ein føresetnad for å kunne etablere og drive mobilnett. Av omsyn til at radiofrekvensar er ein knapp naturressurs er talet på operatørar som får høve til å etablere offentlege system for mobilkommunikasjon, difor avgrensa. Sjølv om det per i dag berre er to operatørar som har bygd ut eigen infrastruktur for offentleg mobilkommunikasjon, NetCom GSM as og Telenor Mobil AS, er tilhøva etter departementet si vurdering lagt godt til rette for at det kan verte etablert konkurrerande infrastruktur.

Tenesteleverandørar

Tenesteleverandørane tilbyr sluttbrukarar tilgang til mobilnetta gjennom eit fast abonnement eller eit kontantkort. Dei faste abonnementa blir i privatmarknaden tilbode av dei fleste tenesteleverandørane i to-tre variantar som rettar seg inn mot ulike bruksmønster.

Når det gjeld marknadstilhøva, har Telenor Mobil AS og NetCom GSM as inntil nyleg vore åleine om å tilby mobiltenester til sluttbrukarane. Sjølv om framveksten av fleire tenesteleverandørar har medført auka konkurranse, er mobilmarknaden framleis dominert av dei to nettoperatørane som samla sett har ein marknadsdel på over 90 pst. målt i omsetnad i sluttbrukarmarknaden per første halvår 2001 (Telenor Mobil AS 61 pst. og NetCom GSM as 30 pst.).

Prisar og tenester

Samanlikna med situasjonen i andre europeiske land, er prisane for bruk av mobiltelefoni i Noreg låge. Dei underliggjande kostnadene, forskjell i nettverka og utviklinga i marknaden kan gje opphav til prisforskjellar som ikkje treng å samsvare direkte med konkurransenivået i dei ulike landa. Statistikk frå Post- og teletilsynet syner at samtaleprisane innanfor eitt og same nett vart meir enn halverte frå midten av 1990-talet og fram til 1998, men at det deretter har vore liten nedgang. Prisane for samtalar mellom netta vart også redusert heilt på slutten av 1990-talet, men ikkje i same omfang som prisane for samtalar innanfor same nett. Abonnementsprisane har vore tilnærma uendra dei siste seks-sju åra.

Noreg er mellom dei landa i heile verda med størst mobiltettleik. Om lag 70 pst. av befolkninga er aktive kundar, medan 78 pst. er abonnentar.

Konkurransetilhøve

Når det gjeld konkurransetilhøva, meiner departementet at det er fleire teikn som tyder på at konkurransen i den norske mobilmarknaden ikkje er tilfredsstillande.

Etter departementet sitt syn er hovudårsaka til dette at det er for få aktørar av ein viss storleik som konkurrerer i den norske mobilmarknaden. Det låge talet på aktørar av ein viss storleik, er eit resultat av etableringsbarrierane i mobilmarknaden.

Sjølv om det har vore ein framvekst av fleire tenesteleverandørar, er marknadsdelane til nettoperatørane framleis så store at det må kunne seiast å eksistere ein såkalla "duopolsituasjon" i den norske mobilmarknaden.

Departementet meiner at konkurransetilhøva og mark­nadsstrukturen i mobilmarknaden ikkje er unaturlege fordi det er ein bransje der det er ein føresetnad at selskapa er store for at dei skal kunne vere lønsame. I tillegg er den norske marknaden relativt liten. I slike marknader vil det eksistere vesentlege etableringsbarrierar, og ein vil ikkje finne mange aktørar. Men departementet meiner like fullt at det i framtida bør liggje til rette for at nye, større aktørar kan kome inn i marknaden, at eksisterande konkurrentar til Telenor Mobil AS og NetCom GSM as kan styrkje seg og at vi kan få alternative nisjeaktørar i marknaden.

2.1.2 Sammendrag - St.meld. nr. 18 (2002-2003) - Tilleggsmeldinga

Kapittel 2 i St.meld. nr. 18 (2002-2003) viderefører vurderingene i St.meld. nr. 32 (2001-2002) om markeds- og konkurransesituasjonen i det norske mobilmarkedet og om virkemidler for å styrke konkurransen.

Det langsiktige telepolitiske målet skal være å legge til rette for bærekraftig konkurranse i mobilmarkedet.

Utvikling av bærekraftig konkurranse er en forutsetning for at sektorspesifikk teleregulering kan avvikles på sikt. For å nå målet må de regulatoriske virkemidlene innrettes mot å legge til rette for, og belønne, aktører og virksomhet som bidrar til at markedet blir mer effektivt. Dette innebærer at staten gjennom sine inngrep i mobilmarkedet, må stimulere til økt selvstendighet hos flere aktører i forhold til operatører med sterk markedsstilling bl.a. ved å oppfordre til investeringer i egen infrastruktur.

2.2 Komiteens merknader

Komiteen har merket seg departementets og Post- og teletilsynets (PTs) vurdering av at konkurransen i mobilmarkedet (GSM) ikke er tilfredsstillende og at vi ikke har virksom konkurranse på dette området. Vi har i dag et duopol, hvor Telenor og NetCom er alene med landsdekkende nett, mens det i tillegg er aktører som selger tjenester i Telenors og NetComs nett.

Selv om det er tildelt flere GSM-lisenser, og det fortsatt er mulig å få tildelt nye, har det så langt ikke ført til utbygging av nye landsdekkende GSM-nett og styrking av nettverkskonkurransen i betydelig grad.

Komiteen deler departementets målsetting om å styrke nettverkskonkurransen. Det vil redusere behovet for sektorregulering og i beste fall føre til at behovet for regulering av mobilområdet bortfaller på sikt.