Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av eit fleirårig program for ei effektiv integrering av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i utdannings- og opplæringssystema i Europa (e-læringsprogrammet)

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 157 (2003-2004)
  • Kildedok: St.prp. nr. 45 (2003-2004)
  • Dato: 30.03.2004
  • Utgiver: Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
  • Sidetall: 2

Til Stortinget

Samandrag

EU sitt program for ei effektiv integrering av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i utdannings- og opplæringssystema i Europa (e-lærings­programmet), vart vedteke i EU 5.desember 2003 og skal vare i tidsrommet 2004-2006. Programmet er ei vidareføring og oppgradering av handlingsplanen for e læring frå 2001 under eEuropa-paraplyen, som Noreg tok del i. Noreg har gjennom EFTA kome med innspel til utforminga av programmet.

Norsk deltaking i programmet gjer det naudsynt med eit budsjettvedtak for treårsperioden. Stortinget må difor gi samtykke i å ta del i avgjerda i EØS-komiteen, jf. §26 andre leddet i Grunnlova. For at Noreg skal kunne ta del i programmet så tidleg som råd, fremjer departementet proposisjonen før EØS-komiteen tek si avgjerd.

Departementet ventar ikkje at det vil kome endringar i utkastet til avgjerd i EØS-komiteen. Dersom den endelege avgjerda syner stort avvik frå det utkastet som er lagt fram i proposisjonen, vil saka verte lagt fram for Stortinget på nytt.

Det overordna målet for programmet er å støtte og vidareutvikle ein effektiv bruk av IKT i europeiske utdannings- og opplæringssystem, for såleis å medverke til at kvaliteten på utdanninga vert betre og å fremje tilpassinga av systemet til dei krava som kunnskapssamfunnet stiller innafor ramma av livslang læring.

Dei særskilde måla for programmet er:

  • – å identifisere dei aktuelle aktørane og informere dei om korleis e-læring kan nyttast for å fremje digital kompetanse, og såleis medverke til å styrkje sosial utjamning og personleg utvikling, og å fremje dialogen mellom kulturar,

  • – å utnytte potensialet til e-læring for å styrkje den europeiske dimensjonen innafor utdanning,

  • – å skipe ordningar for å støtte utviklinga av europeiske produkt og tenester av høg kvalitet, og for å utveksle og overføre god praksis,

  • – å utnytte potensialet for e-læring innafor ramma av nyskaping i undervisningsmetodar, med sikte på å betre kvaliteten på læringsprosessen og å fremje sjølvstendet til dei som skal lære.

Den finansielle ramma for programmet er på 44 mill. euro for heile treårsperioden. Løyvinga frå EFTA vil på dagens nivå (2,19pst.) vere 0,9636 mill. euro over tre år. Noreg sin del (94,94pst.) vil vere 914842 euro. Med ein eurokurs på 8,6 vil dette utgjere om lag 7,8 mill. kroner over tre år. I tillegg til dette vil Noreg vere plikta til å betale 292500 euro i administrasjonsutgifter til EU, noko som vil svare til om lag 2,5 mill. kroner. Totalt blir dette om lag 10,3 mill. kroner, noko som vil seie ei løyving per år i snitt på om lag 3,4 mill. kroner frå Noreg.

I tillegg til den økonomiske løyvinga må dei statane som sluttar seg til programmet, skipa ei nasjonal eining som skal administrere programmet. Departementet ser det naturleg at administrasjonen av e læringspro­grammet vert lagt til det nyskipa nasjonale organet Senter for internasjonalisering av høgre utdanning som ligg i Bergen. Dette organet vil òg administrere andre program som til dømes Sokrates og Erasmus Mundus. Det er venta at om lag 500000 kroner vil gå med til administrasjonen av e-læringsprogrammet.

Medrekna desse midlane vil programmet i snitt koste Noreg om lag 3,9 mill. kroner kvart år i tre år. Regjeringa vil kome attende til budsjettkonsekvensane av saka i samanheng med Revidert nasjonalbudsjett for 2004. Utgiftene vil verte dekte over statsbudsjettet, kap. 248.

Gjennomføringa i norsk rett gjer det ikkje naudsynt med lov- eller forskriftsendring.

E-læringsprogrammet vil vere med på å styrke samhandlinga mellom høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg og Europa. Det vil òg vere med på å knyte skolar i Europa saman i eit nettverk. Noreg har gode røynsle frå deltaking i noverande program i utdanningssektoren, med den auka vekt som vert lagt på internasjonalisering i alle delar av sektoren. Utdannings- og forskingsdepartementet rår difor til at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av e-læringsprogrammet, og Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Høgre, Ine Marie Eriksen, Jan Olav Olsen, Raymond Robertsen og Søren Fredrik Voie, frå Arbeidarpartiet, Vidar Bjørnstad, Eva M. Nielsen og Karita Bekkemellem Orheim, frå Framstegspartiet, Ursula Evje og Arne Sortevik, frå Sosialistisk Venstreparti, Lena Jensen og leiaren Rolf Rei­kvam, frå Kristeleg Folkeparti, Arne Lyngstad og Elsa Skarbøvik, frå Senterpartiet, Rune J. Skjælaaen, frå Venstre, Trine Skei Grande, og representanten Jan Simonsen, har ingen merknader og sluttar seg til proposisjonen.

Utkast til innstilling om saka har vore lagt fram for utanrikskomiteen til uttale, jf. referat frå Stortinget sitt møte 22.mars 2004. Utanrikskomiteen har ikkje merknader til innstillinga, og komiteen viser til dette.

Tilråding frå komiteen

Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

Stortinget gjev samtykke til at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av eit fleirårig program for ei effektiv integrering av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i utdannings- og opplæringssystema i Europa (e-læringsprogrammet).

Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 30.mars 2004

Rolf Reikvam

leiar

Vidar Bjørnstad

ordførar