Innstilling frå finanskomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 176/2003 av 5. desember 2003 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsdirektiv 2003/51/EF av 18. juni 2003 om endring av direktiv om årsrekneskapar og konsoliderte rekneskapar for visse selskapsformer, bankar og andre finansinstitusjonar og forsikringsselskap

Dette dokument

Til Stortinget

1. Samandrag

1.1 Bakgrunn

Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 176/2003 av 5. desember 2003 vart vedlegg IX (finansielle tenester) og vedlegg XXII (selskapsrett) i EØS-avtala endra for å innlemme europaparlaments- og rådsdirektiv 2003/51/EF om endring av direktiv 78/660/EØF, 83/349/EØF, 86/635/EØF og 91/674/EØF om årsrekneskapar og konsoliderte rekneskapar for visse selskapsformer, bankar og andre finansinstitusjonar og forsikringsselskap.

Føremålet med direktiv 2003/51/EF er å leggje til rette for at medlemsstatane kan harmonisere rekneskapslovgjevinga si med dei internasjonale rekne­skapsstandardane IFRS. Bakgrunnen for dette er særleg ei tilpassing til kravet i europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1602/2002 om at børsnoterte føretak frå 1. januar 2005 skal nytte dei internasjonale rekneskapsstandardane IAS/IFRS i konsernrekne­skapen. Forordninga vart teken inn i EØS-avtala 14. mars 2003, jf. òg St.prp. nr. 64 (2002-2003) om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 37/2003. Direktivet skal vidare gjere det lettare å samanlikne årsmeldingane og betre rettleiinga i dei gjennom å styrkje krava til opplysningar om utviklinga av verksemda og stillinga til selskapet eller konsernet i tråd med internasjonal beste praksis på området. Direktivet skal òg gje meir samanliknbare og forståelege revisjonsmeldingar gjennom endringar i krava til utforminga av og innhaldet i revisjonsmeldinga i tråd med internasjonal beste praksis.

Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald for samtykket til Stortinget, ettersom gjennomføringa i norsk rett gjer det naudsynt med lovendring, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova.

Avgjerda i EØS-komiteen og rådsdirektivet i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som vedlegg til proposisjonen.

1.2 Nærmare om europaparlaments- og rådsdirektiv 2003/51/EF

Europaparlaments- og rådsdirektiv 2003/51/EF endrar følgjande rekneskapsdirektiv:

  • – direktiv 78/660/EØF om årsrekneskapane for visse selskapsformer,

  • – direktiv 83/349/EØF om konsoliderte rekneskapar,

  • – direktiv 86/635/EØF om årsrekneskapar og konsoliderte rekneskapar til bankar og andre finansinstitusjonar,

  • – direktiv 91/674/EØF om årsrekneskapar og konsoliderte rekneskapar til forsikringsføretak.

I Noreg gjeld EØS-reglane som svarar til direktiv 78/660/EØF og 83/349/EØF, for aksjeselskap og allmennaksjeselskap i tillegg til for partreiarlag, ansvarlege selskap og kommandittselskap når alle deltakarane har avgrensa ansvar eller er selskap som nemnde ovanfor. Direktiv 78/660/EØF gjeld selskapsrekneskapen og direktiv 83/349/EØF gjeld konsernrekneskapen. Direktiva krev som utgangspunkt vurdering av eigedelar og gjeld til historisk kost (kostmetoden). Medlemsstatane kan tillate eller krevje oppskriving av visse eigedelar, vurdering til attkjøpskostnad eller andre metodar som tek omsyn til verknaden av inflasjon. Noreg har ikkje nytta desse opsjonane. Direktiv 86/635/EØF inneheld særlege reglar om selskaps- og konsernrekneskapane til bankar og visse andre finansieringsinstitusjonar. Direktiv 91/674/EØF inneheld særlege reglar om selskaps- og konsernrekneskapane til forsikringsselskap.

I direktiv 2003/51/EF er det gjort endringar i rekneskapsdirektiva som, saman med endringar som tidlegare er gjennomførde ved direktiv 2001/65/EF, skal fjerne attståande hindringar i direktiva for at medlemsstatane kan krevje eller tillate rekneskapsføring i samsvar med dei internasjonale rekneskapsstandardane IAS/IFRS. I samsvar med nr. 15 i fortalen i direktivet vil dei endringane som vert gjorde i rekneskapsdirektiva, fjerne alle mishøve mellom rekneskapsdirektiva og IAS-standardar som gjeld per 1. mai 2002. Direktivet opnar for at medlemsstatane kan tillate eller krevje bruk av oppskriving og verkeleg verdi i rekneskapane i samsvar med den internasjonale utviklinga på området som kjem til uttrykk gjennom IAS/IFRS-standardane. Dette omfattar rekneskapsføring av finansielle instrument til verkeleg verdi i forsikringsselskap, som ikkje var omfatta av direktiv 2001/65/EF (sjå ovanfor). På den same måten modifiserer direktivet krava til presentasjon av resultatrekneskapen og balansen slik at medlemsstatane kan tilpasse lovgjevinga si til IAS/IFRS.

Direktiv 2003/51/EF utvidar direktivkravet om at årsmeldinga skal innehalde eit dekkjande gjennomsyn av den forretningsmessige utviklinga av og stillinga til selskapet. Kravet vert utvida til òg å omfatte resultatet til verksemda i tillegg til vesentlege risikotilhøve og uvisse som er knytte til verksemda. Det vert presisert at gjennomsynet skal vere ein balansert og fullstendig analyse der det vert teke omsyn til storleiken og kompleksiteten til verksemda. Så langt det er naudsynt for å forstå utviklinga, stillinga eller resultat til selskapet eller konsernet, skal analysen omfatte både finansielle og, der det er føremålstenleg, ikkje-finansielle nøkkelindikatorar som er relevante for den aktuelle verksemda, medrekna informasjon om miljø- og arbeidstilhøve. Små selskap kan få unntak frå opplysningskrava. Mellomstore selskap kan få unntak frå opplysningskrava om ikkje-finansielle tilhøve.

I direktiv 2003/51/EF vert dei nærmare krava til utforminga av og innhaldet i revisjonsmeldinga presisert. Revisjonsmeldinga skal omfatte (a) ei innleiing som klart opplyser om kva rekneskapar som er reviderte og etter kva rekneskapsreglar, (b) ei utgreiing om kva revisjonen har dekt og kva revisjonsprinsipp som er følgde, (c) fråsegn frå revisor som klart skal gje uttrykk for om rekneskapen gjev eit påliteleg bilete i samsvar med dei rekneskapsreglane som er følgde; fråsegna skal anten vere utan atterhald, med atterhald, negativ eller ei utsegn om at revisor har sagt frå seg oppdraget, (d) merknader om tilhøve som det er peikt på utan at det er teke atterhald, og (e) ei fråsegn om årsmeldinga er i samsvar med årsrekneskapen eller ikkje.

1.3 Administrative og økonomiske konsekvensar

Opplysningskrava i årsmeldinga vil medføre visse tilleggsoppgåver for større føretak. Kravet om at fråsegna frå revisor klart skal uttrykkje om rekneskapen gjev eit påliteleg bilete vil truleg ikkje få vesentlege administrative eller økonomiske konsekvensar. Dess­utan er det valfritt å gjennomføre EØS-reglane i medhald av direktivet, og desse direktivreglane medfører dermed ikkje i seg sjølv administrative eller økonomiske konsekvensar.

1.4 Konklusjon og tilråding

Regjeringa tilrår at Stortinget samtykker til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 176/2003 av 5. desember 2003 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsdirektiv 2003/51/EF av 18. juni 2003 om endring av direktiv om årsrekneskapar og konsoliderte rekneskapar for visse selskapsformer, bankar og andre finansinstitusjonar og forsikringsselskap.

2. Merknader frå Komiteen

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Ranveig Frøiland, Svein Roald Hansen, Tore Nordtun, Torstein Rudihagen og Hill-Marta Solberg, fra Høyre, Svein Flåtten, Torbjørn Hansen, Heidi Larssen og Jan Tore Sanner, fra Fremskrittspartiet, Gjermund Hagesæter, lederen Siv Jensen og Per Erik Monsen, fra Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, Audun Bjørlo Lysbakken og Heidi Grande Røys, fra Kristelig Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn og Bjørg Tørresdal, fra Senterpartiet, Morten Lund, fra Venstre, May Britt Vihovde, og fra Kystpartiet, Steinar Bastesen, viser til at EØS-komiteen sin beslutning nr. 176/2003 av 5. desember 2003 om å endre vedlegg IX (finansielle tenester) og vedlegg XXII (selskapsrett) i EØS-avtala for å innlemme europaparlaments- og rådsdirektiv 2003/51/EF om endring i direktiv 78/660/EØF, 83/349/EØF, 86/635/EØF og 91/674/EØF om årsrekneskapar og konsoliderte rekneskapar for visse selskapsformer, bankar og andre finansinstitusjonar og forsikringsselskap, krever samtykke frå Stortinget på grunnlag av Grunnlova § 26 andre leddet, jf. EØS-avtala art. 103. Komiteen har lagt innstillingsutkastet fram for utenrikskomiteen, som i brev av 26. mai 2004 opplyste at den ikkje har merknader til utkastet til innstillinga.

Komiteen sluttar seg til forslaget frå Regjeringa.

3. Tilråding frå komiteen

Komiteen viser til proposisjonen og merknadene, og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget gjev samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 176/2003 av 5. desember 2003 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsdirektiv 2003/51/EF av 18. juni 2003 om endring av direktiv om årsrekneskapar og konsoliderte rekneskapar for visse selskapsformer, bankar og andre finansinstitusjonar og forsikringsselskap.

Oslo, i finanskomiteen, den 27. mai 2004

Siv Jensen

leiar

Svein Flåtten

ordførar