Innstilling fra utenrikskomiteen om Noregs deltaking i den 58. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 57. generalforsamling

Dette dokument

Til Stortinget

Sammendrag

Den 58. ordinære generalforsamlinga til Dei sameinte nasjonane vart prega av å finne stad i kjølvatnet av det alvorlege åtaket på FN-hovudkvarteret i Bagdad 19. august 2003. Generalforsamlinga medverka til å setje fokus på FNs plass og rolle i møte med dei nye globale tryggingsutfordringane. Behovet for FN-reform vart dermed ytterlegare tydeleggjort og aktualisert.

Opninga av generaldebatten fann stad dagen etter gjennomføringa av Terrorismekonferansen, som vart leidd av statsminister Bondevik. På denne konferansen deltok ei rekkje stats- og regjeringssjefar. Konferansen la eit godt grunnlag for drøftingane om terrorisme på generalforsamlinga og for den vidare oppfølginga av dette temaet.

Viktige utviklingsspørsmål stod sentralt i generaldebatten. Oppfølginga av FN-konferansen om finansiering for utvikling i 2002 (Monterrey-konferansen) vart vidareført gjennom ein høgnivådialog om finansiering for utvikling. For første gong heldt leiarane i Verdsbanken og Det internasjonale valutafondet (IMF) formelle innlegg i plenum på generalforsamlinga. Det understrekar behovet for nærare kontakt mellom FN-systemet og Bretton Woods-institusjonane. Noregs klare haldning til sentrale utviklingsspørsmål og viktige tilskot til freds- og forsoningsprosessar både i Midtausten, Sri Lanka og Sudan utgjer som tidlegare viktige og svært positive tilskot til den profilen Noreg har i verdsorganisasjonen.

Generalforsamlinga har etter kvart kome noko i skuggen av Tryggingsrådet og generalsekretærens sjølvstendige politiske verksemd. Generalforsamlinga forsvarar likevel posisjonen sin som den sentrale møtestaden for verdsleiarane kvar haust.

Høgnivåsegmentet samlar ei stor gruppe politiske leiarar og er arena for ei rekkje politiske forhandlingar. Generalforsamlinga fyller ikkje minst eit behov som den einaste globale politiske plattforma der alle statar kan presentere dei nasjonale prioriteringane sine i ein breiare internasjonal kontekst - eit forhold som alltid vil vere viktig.

FNs generalsekretær var i tala si til Generalforsamlinga oppteken av dei mange ulike tryggingsutfordringane verda står overfor. Han sa at summen av desse gjer at vi er ved eit vegskilje som kanskje er like avgjerande som ved grunnlegginga av FN i 1945, og at historia ikkje vil tilgje oss dersom vi ikkje klarer å møte desse utfordringane. Generalsekretæren annonserte at han ville opprette eit høgnivåpanel til å evaluere trugsmål mot internasjonal fred og tryggleik, rommet for kollektiv handling og eventuelle konsekvensar for FN-systemet.

Utanriksminister Petersen heldt det norske innlegget i generaldebatten. FNs sentrale plass i internasjonal politikk og mellomstatleg samarbeid var ein raud tråd i innlegget. Hovudtema elles var kampen mot terrorisme, Irak, Midtausten, Afghanistan og tusenårsmåla. Utanriksministeren la òg vekt på verdien av reform og helsa velkomen at generalsekretæren ville opprette eit høgnivåpanel. Innlegget ligg ved meldinga.

Høgnivåmøte

Utanom generaldebattane har det vore ei utfordring å lyfte fram store og viktige politiske saker i dei ordinære generalforsamlingane. Dette er ein av grunnane til at ein det siste tiåret har hatt så mange spesialsesjonar, konferansar og toppmøte utanom sjølve generalforsamlingane. I det siste har ein freista å knytte slike arrangement tettare til sjølve generalforsamlinga.

For å følgje opp Monterrey-konferansen om finansiering for utvikling, som fann stad i 2002 - og samtidig medverke til å vitalisere Generalforsamlinga - vart det i oktober arrangert ein såkalla høgnivådialog om finansiering for utvikling, med deltaking også frå privat sektor og det sivile samfunnet. Dei mange deltakarane på politisk nivå, m.a. utviklingsminister Frafjord Johnson, og toppleiarane frå Verdsbanken og Valutafondet, som begge møtte på generalforsamlinga for aller første gong, medverka til å gjere møtet til ein suksess.

Generalforsamlinga

På generalforsamlinga vart det halde eit eindags høgnivåmøte om hiv/aids for å diskutere generalsekretærens framdriftsrapport om kampen mot epidemien. Dette var eit ledd i oppfølginga av FNs "Erklæring om plikter med omsyn til hiv/aids", som vart vedteken på generalforsamlinga sin spesialsesjon om hiv/aids i 2001. Statsoverhovud og ministrar frå over 100 land deltok i debatten. Frå Noreg deltok utanriksminister Jan Petersen som i innlegget sitt hevda at det i kampen mot epidemien krevst eit breitt samarbeid mellom politiske leiarar, internasjonale organisasjonar, nasjonale helsesystem, det sivile samfunnet og privat sektor.

Det er grunn til å tru at det vert fleire slike høgnivåsegment på generalforsamlingane i åra framover. Frå norsk side ønskjer vi dette velkome, då det mellom anna gjev høve for ikkje-statlege aktørar å delta i arbeidet i FN. Ein vil mellom anna arbeide for eit best mogleg opplegg for deltaking av frivillige organisasjonar.

Arbeidet i komiteane

Reformspørsmålet kom til å stå sentralt i 1. komité. Noreg presenterte eit framlegg til reform av arbeidsmåtane i komiteen som vart godt motteke, og den fins­ke formannen medverka til ein fokusert debatt om desse spørsmåla. Framlegget tek sikte på å revitalisere debatten og redusere preget av vedtaking av relativt likelydande resolusjonar på kvar sesjon. I 2. komité er situasjonen prega av ein gammal dagsorden, som mange - mellom andre Noreg - meiner treng fornying for å verte meir relevant. Eit lyspunkt var det at eit norsk framlegg om oppretting av ei rådgjevande gruppe for gjeldshandtering vart vedteke. I 3. komité er arbeidet prega av at land med eit restriktivt syn på menneskerettar har vorte meir aktive dei seinare åra. 4. komité har ein variert dagsorden som strekkjer seg frå fredsbevaring til avkolonialisering. Det er først og fremst spørsmål knytta til Midtausten som skaper debatt i komiteen. 5. komité kom på overtid fram til eit kompromiss om budsjettspørsmål, som må karakteriserast som godt, og der fleire norske prioriteringar er tekne omsyn til. I 6. komité dominerte spørsmålet om forhandling av ein konvensjon om menneskeleg kloning. Saka vart til slutt utsett. Det er uklart kva som vil hende når saka kjem opp att på den 59. generalforsamlinga.

Nokre hovudsaker

Tryggleik for FN-tilsette og humanitært hjelpepersonell

Åtaket på FN-hovudkvarteret i Bagdad 19. august 2003 førte til ein gjennomgripande prosess i FN-systemet om tryggleiken for humanitært hjelpepersonell og FN-tilsette i felt. Generalsekretæren er i ferd med å utarbeide framlegg til konkrete tiltak som skal setjast i verk i 2004. At denne saka vart så sentral på generalforsamlinga, kom òg av at det vart klart med ein gong at utan naudsynt tryggleik ville FN ikkje kunne styrkje rolla si i Irak, noko som vert sett på som avgjerande for å få til ei politisk stabilisering og nasjonalt sjølvstende i landet.

Høgnivåpanelet for globale tryggingsutfordringar

Generalforsamlinga vart prega av generalsekretæren sitt initiativ til å opprette eit høgnivåpanel for "trugsmål, utfordringar og endring". Høgnivåpanelet, som har mellom andre Gro Harlem Brundtland som medlem, vart annonsert i generalsekretæren si tale til generalforsamlinga 23. september 2003 og oppnemnt 4. november 2003. Panelet har som mandat å analysere det internasjonale trugselbiletet og kome med tilrådingar om korleis utfordringane kan møtast med effektiv kollektiv handling.

I opningstala si på den 58. generalforsamlinga la generalsekretær Annan vekt på at trugselbiletet i dag er prega av gamle trugsmål i nye og farlege koplingar, til dømes nye former for terrorisme og spreiing av masseøydeleggingsvåpen. Samtidig trekte han fram såkalla "mjuke" trugsmål på det økonomiske og sosiale området, der desse påverkar fred og tryggleik. Hovudbodskapen frå generalsekretæren var at FN ikkje kan velje mellom nye og gamle/mjuke og harde trugsmål mot tryggleiken, ettersom alt er samanvove i dagens globaliserte røyndom. FN kan møte utfordringane berre gjennom styrkt evne til kollektiv handling.

FN-reform

Ein oppnådde nokre viktige resultat i gjennomføringa av generalsekretæren sitt omfattande reformframlegg frå den 57. generalforsamlinga. Det er som ei prøveordning vedteke nye og forenkla planleggings- og budsjettprosedyrar. Generalsekretæren har med dette fått langt større fridom når det gjeld bemanningspolitikken og ressursbruken i FN-sekretariatet. Generalforsamlinga vedtok òg å opprette ei rekkje nye stillingar i sekretariatet, som generalsekretæren har tilrådd som ein del av reformprogrammet sitt. Dette gjeld særleg stillingar for å styrkje FNs arbeid med utviklingsspørsmål og med menneskerettar. Også når det gjeld effektivisering og rasjonalisering av sekretariatets arbeid og arbeidsformer, er det gjort ein del framsteg. Ein kan såleis seie at generalsekretærens reformprogram er kome godt i gang. Likevel er det framleis mange område i programmet som heng etter på grunn av at det enno er motstand. Dette gjeld først og fremst spørsmåla om sekretariatet si rolle som premissleverandør til generalforsamlinga der sekretariatet utarbeider rapportar og står for anna møteførebuing. Ei rekkje land er redd for at reformprogrammet vil rokke ved interessene og prioriteringane deira, særleg på det utviklingspolitiske området. Bakgrunnen for dette er at mange utviklingsland først og fremst assosierer reform med effektivisering og innskrenkingar i ressursallokering til dei forskjellige aktivitetane til FN. Generalsekretæren, og ei rekkje andre medlemsland, meiner tvert imot at reform vil frigjere ressursar slik at ein betre kan oppfylle FNs mandat, ikkje minst på det utviklingspolitiske området.

Når det gjeld reform av Tryggingsrådet, gjorde ein heller ikkje i år framsteg i generalforsamlinga si arbeidsgruppe for tryggingsrådsreform. Arbeidsgruppa møtest i sitt tiande år, utan at det kan sporast noka form for semje, eller konturane av eit mogleg kompromiss, om utviding av Tryggingsrådet.

Presidentane i generalforsamlinga har på dei tre siste generalforsamlingane leidd uformelle arbeidsgrupper i plenum for ei revitalisering av generalforsamlinga. Det vart gjort framlegg om ei rekkje tiltak på hovudsesjonen av den 58. generalforsamlinga. Det vart vedteke nokre administrative og tekniske forbetringar, og presidenten vil halde fram med samråda om ytterlegare reformer i 2004. Ingen av framlegga rører likevel ved det grunnleggjande spørsmålet når det gjeld revitalisering og å gjere generalforsamlinga meir relevant i forhold til dei problema det internasjonale samfunnet i dag står overfor. Dette kan best oppnåast ved ei strammare organisering av dagsordenen for generalforsamlinga, betre organisering og gjennomføring av arbeidet i komiteane og ved at ein innfører prosedyrar for å fjerne mindre aktuelle dagsordenspunkt.

Førebygging av væpna konflikt

Ei av dei sentrale arbeidsoppgåvene FN har, er å førebyggje konflikt. Det har likevel vore svært vanskeleg å skape tilstrekkeleg semje om FN si rolle og oppgåver i ein slik samanheng. To gjennomgåande problem er at mange utviklingsland ser konfliktførebygging som innblanding i interne tilhøve, samtidig som dei fryktar at fokus på dette skal stele merksemd og finansar frå FNs utviklingsverksemd.

Generalsekretær Kofi Annan la i 2001 fram ein rapport med framlegg om styrking av FNs arbeid med konfliktførebygging. Store motsetningar gjorde at ein ikkje klarte å samle seg om nokon resolusjon på den 56. generalforsamlinga. Etter ein langvarig og vanskeleg prosess klarte ein å kome fram til semje, og ein konsensustekst vart vedteke 3. juli 2003. Det var naudsynt å inngå ei rekkje kompromiss for å få eit endeleg vedtak.

Sjølv om resolusjonen på mange område ikkje oppfyller dei ambisjonane som vart lagde til grunn då forhandlingane vart sette i gang, er han likevel ein milestein i FNs konfliktførebyggjande arbeid. Han gjev FN-sekretariatet fullmakt til å arbeide vidare på ei rekkje nemnde område, og spørsmålet har no kome inn på dagsordenen for generalforsamlinga slik at medlemslanda kan handsame tilrådingane som vert fremja i generalsekretærens rapport.

Konfliktførebygging er eit område som krev tett samarbeid i heile FN-systemet for å lukkast. Noreg har difor sett fokus på betring av FNs evne og kapasitet innan konfliktførebygging som ein del av det større spørsmålet om FN-reform. FNs evne til å drive konfliktførebygging vil måtte byggje på klarare samordning av aktivitet og ressursbruk innanfor heile FN-systemet, med særskilt fokus på å dyrke fram formålstenleg samarbeid mellom FNs politiske og utviklingsretta verksemd og med regionale organisasjonar, ikkje-statlege organisasjonar og det sivile samfunnet.

Menneskerettar og terrorisme

Tilhøvet mellom menneskerettar og terrorisme har vorte eit viktig tema i generalforsamlinga, og først og fremst i 3. komité. Noreg er ein av pådrivarane i dette arbeidet. Noreg tok opp spørsmålet i hovudinnlegget sitt i 3. komité og var òg medforslagsstillar til ein resolusjon om temaet. Noregs engasjement i generalforsamlinga er mellom anna ei oppfølging av Terrorismekonferansen, som Noreg tok initiativ til og arrangerte i New York saman med Elie Wiesel 22. september 2003. I oppsummeringa si av Terrorisme-konferansen peikte statsminister Bondevik på at det er viktig å ta i vare vernet av menneskerettar, behovet for utdanning og den interreligiøse dialogen.

Korrupsjon

Korrupsjon vert handsama i mange samanhengar i FN. Mest merksemd på den 58. generalforsamlinga vart det rundt generalforsamlinga sitt formelle konsensusvedtak om ein ny FN-konvensjon om nedkjemping av korrupsjon. Konvensjonen er det første globale instrumentet i kampen mot korrupsjon og går på mange punkt vidare enn eksisterande instrument ved at han mellom anna regulerer tilbakeføring av verdiar som stammar frå korrupsjon. Konvensjonen vil, når tilstrekkeleg mange land har ratifisert han, verte eit viktig og nyttig instrument i kampen mot korrupsjon. Noreg var ein pådrivar for ein vidtrekkande og effektiv konvensjon under tekstforhandlingane.

Konvensjonen vart vedteken av generalforsamlinga 31. oktober 2003. Noreg underskreiv konvensjonen på ein underskrivingskonferanse i Mexico 9. desember 2003 og tek sikte på å ratifisere konvensjonen i siste halvdel av 2004. Ratifikasjon vil krevje nokre lovendringar. Noreg vil òg arbeide for at så mange land som mogleg ratifiserer konvensjonen snart, slik at ein sikrar rask ikrafttreding.

Oppfølging av FN-konferansane

Under dette dagsordenspunktet har det særleg vore førebuingane til eit høgnivåmøte i 2005, fem år etter Tusenårstoppmøtet, som har stått i fokus. Frå norsk side har vi hevda at utviklingsdimensjonen bør verte viktig i 2005-arrangementet. Det ligg an til konsensus om å følgje opp alle dei pliktene ein tok på seg i Tusenårserklæringa, men med særleg fokus på utviklingsmåla og det globale samarbeidet som krevst for å nå desse måla i 2015. På bakgrunn av freistnadene for å få ei samla og integrert oppfølging av dei seinaste store FN-konferansane ligg det an til eit vedtak om at høgnivåmøtet også vil tene som ei oppfølging av andre konferansar (Finansiering for utvikling, Verdstoppmøtet for berekraftig utvikling med fleire). Generalsekretæren vert beden om å utarbeide ein rapport som kan tene til å fokusere diskusjonen. Eit endeleg vedtak om modalitetane og formatet for høgnivåmøtet vil verte gjort på den 59. generalforsamlinga.

Ein annan resolusjon som vart vedteken under dette punktet, stadfestar at det på den 59. generalforsamlinga vil verte sett av ein dag til å markere 10-årsdagen for Den internasjonale konferansen om befolkning og utvikling, som fann stad i Kairo i 1994 (ICPD+10).

Kloning

Costa Rica og USA arbeidde hardt for å få tilslutning til eit resolusjonsutkast som ville ha gjeve mandat til å starte forhandlingar om ein konvensjon med totalforbod mot kloning av menneske. Utkastet samla mange medforslagsstillarar, mellom andre Noreg. Ei anna gruppe land, leidd av Belgia, hadde lagt fram eit konkurrerande resolusjonsframlegg, som opna for unntak for terapeutisk kloning. Gruppa av muslimske statar (Den islamske konferansen, OIC) presenterte eit framlegg om utsetjing av all vidare handsaming av spørsmålet i to år, og dette framlegget vart vedteke med 80 mot 79 røyster i 6. komité. Vedtaket frå 6. komité vart teke opp i plenum, og det vart inngått eit kompromiss om eitt års utsetjing. Dei landa som ønskjer eit vidtrekkande forbod, har truleg mest å tape på usemje om og ytterlegare utsetjing av saka. Etter norsk syn må alle krefter setjast inn på at neste generalforsamling skal kunne gjere eit vedtak som gjev mandat til å starte forhandlingar om ein konvensjon om forbod mot kloning av menneske.

Samarbeidet med andre land og grupper

Regjeringa legg vekt på eit breitt samarbeid med andre land og grupper i FN. Eit slikt samarbeid krevst for å få gjennomslag for norske prioriteringar.

Det nordiske samarbeidet i FN har vorte mindre omfattande dei siste åra på grunn av EU-samordninga. Frå norsk side samarbeider ein godt med EU, som er ein leiande aktør i generalforsamlinga, og sluttar seg relativt ofte til EU sine innlegg etter vurdering frå sak til sak. Noreg tek aktivt del i JUSCANZ (vestgruppa utanom EU) og legg òg stor vekt på samarbeidet med andre land, m.a. utviklingsland.

EU har klart å utvikle seg vidare som eit tyngdepunkt i generalforsamlinga, sjølv om ein ikkje alltid klarer å opptre samla. EU kontrollerer i realiteten ca. 40 - 50 røyster i generalforsamlinga når landa opptrer samla, og har dermed sterk forhandlingstyngd i mange saker. Dette gjev land som Noreg nye utfordringar. Det er òg interessant å merke seg at dei komande nye EU-medlemmene alt tilpassar seg omsamde EU-standpunkt og gjev avkall på tidligare nasjonale særstandpunkt.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Haakon Blankenborg, lederen Thorbjørn Jagland, Jens Stoltenberg og Gunhild Øyangen, fra Høyre, Julie Christiansen, Inge Lønning, Oddvard Nilsen og Finn Martin Vallersnes, fra Fremskrittspartiet, Harald Espelund og Christopher Stensaker, fra Sosialistisk Venstreparti, Kristin Halvorsen og Bjørn Jacobsen, fra Kristelig Folkeparti, Jon Lilletun og Lars Rise, og fra Senterpartiet, Åslaug Haga, mener at meldingen gir en god gjennomgang av FNs 58. generalforsamling og de temaene som ble diskutert der.Komiteen har merket seg at generalforsamlingen ble preget av å finne sted i kjølvannet av det alvorlige angrepet på FN-hovedkvarteret i Bagdad 19. august 2003, og at generalforsamlingen medvirket til å sette fokus på FNs rolle i møte med de nye globale sikkerhetsutfordringene. Komiteen har videre merket seg at behovet for FN-reform dermed ble ytterligere tydeliggjort og aktualisert.

Komiteen viser her til merknader i Innst. S. nr. 118 (2003-2004), jf. St.meld. nr. 19 (2002-2003) En verden av muligheter - globaliseringens tidsalder og dens utfordringer. Her sier en enstemmig komité blant annet følgende:

"Globaliseringen innebærer at behovet for globale fellesskapsløsninger blir ytterligere styrket. I særlig grad vil komiteen fremheve behovet for en reform av FN. Et reformert FN som tar bedre hensyn til de politiske, økonomiske, sikkerhetsmessige og miljømessige utfordringer som starten på det 21. århundre reiser, vil være et FN som er mer legitimt og dermed også mer effektivt og demokratisk."

Komiteen har merket seg at fred og sikkerhet samt sikkerhet for FN-personell og humanitært personell dominerte generaldebatten, og at særlig spørsmål knyttet til Irak, terrorisme og FN-reform gikk igjen. Komiteen har videre merket seg at viktige utvik­lingsspørsmål også sto sentralt i generaldebatten. Komiteen registrerer at lederne i Verdensbanken og Det internasjonale pengefondet (IMF) for første gang holdt formelle innlegg i plenum på generalforsamlingen. Komiteen viser også her til sine merknader i Innst. S. nr. 118 (2003-2004) vedrørende behovet for en bedre samordning mellom FN og banksystemet:

"Komiteen mener det er behov for en bedre samordning innad i FN og mellom banksystemet og FN-systemet. Videre er det avgjørende at alle institusjonene samarbeider tett på landnivå, og at rollen som FN-koordinator styrkes. Behovet for samordning bør knyttes til Tusenårsmålene, der ambisjonen er en halvering av verdens fattigdom innen 2015."

Komiteen har merket seg at generalforsamlingen ble preget av generalsekretærens initiativ til å opprette et høynivåpanel for trusler, utfordringer og endring. Komiteen viser i den sammenheng igjen til Innst. S. nr. 118 (2003-2004) hvor en enstemmig komité sier følgende:

"Komiteen ser en nasjons manglende mulighet til å påvirke globaliseringen som en demokratisk utford­ring. Komiteen mener at vi behøver globale institusjoner som er demokratiske, representative, åpne, samordnende og effektive for å fornye demokratiet. Komiteen støtter her FNs generalsekretærs initiativ for å opprette et bredt panel av personer på høyt nivå for å se på globale trusler mot fred og sikkerhet. På dette grunnlaget skal panelet vurdere muligheten for å styrke det internasjonale samarbeidet for å håndtere disse truslene, samt vurdere nødvendige endringer av FN og de globale institusjonene i tråd med Generalsekretærens tale til FNs generalforsamling 23. september 2003. Oppnevningen av et høynivåpanel for FN-reform kan gi startskuddet til en prosess som vil prege og legge føringer på den videre debatt om FN i bred forstand. Panelet skal legge fram sine forslag til FNs generalsekretær slik at han kan fremme anbefalinger til åpningen av neste års generalforsamling. Komiteen mener at FNs generalforsamling må sluttbehandle forslagene til reform."

Komiteen er glad for at dette viktige arbeidet er i gang. I likhet med generalsekretær Annan legger komiteen vekt på at trusselbildet i dag er preget av gamle trusler i nye og farlige koplinger som terrorisme og spredning av masseødeleggelsesvåpen, men også "myke" trusler på det økonomiske og sosiale området. Komiteen viser her igjen til merknader i Innst. S. nr. 118 (2003-2004) hvor en enstemmig komité blant annet uttrykker følgende:

"Komiteen viser til at den kalde krigens slutt har resultert i et annet trusselbilde. Sikkerhet forstås i dag i en videre betydning, det er nye problemer av foruroligende rekkevidde. Slike trusler kan være både politiske, økonomiske, samfunns- og miljømessige. Skapes det ustabilitet på disse felter, trues både individer og samfunn. Komiteen viser til at grenseoverskridende kriminalitet og særlig terrorismen de siste år er en kraftig påminnelse om at mer diffuse sikkerhetsproblemer kan gi seg håndfaste utslag."

Komiteen understreker at kampen mot terror må møtes med en bred og helhetlig tilnærming. Myke og harde sikkerhetstrusler må sees i sammenheng. Det er nødvendig med fornyet oppmerksomhet på det som er FNs overordnede mandat, nemlig konfliktforebygging. Norges tidligere initiativ på dette området bør følges opp med fornyet kraft.

Når det gjelder FN-reform mener komiteen det er positivt at man oppnådde noen viktige resultater i gjennomføringen av generalsekretærens omfattende reformforslag fra den 57. generalforsamlingen. Komiteen har imidlertid merket seg at det heller ikke denne gang ble tegn til framgang i spørsmålet om reform av Sikkerhetsrådet. Komiteen viser også i denne sammenheng til merknader i Innst. S. nr. 118 (2003-2004) hvor en enstemmig komité sier følgende:

"Komiteen slår fast at FN er vår tids viktigste institusjonelle system og det vesentligste virkemiddelet i arbeidet for global fred, sikkerhet, bærekraftig utvikling og forsvar av menneskerettighetene. Komiteen mener at FN må videreutvikles til å bli mer representativt og effektivt. Etter komiteens mening må dette på kort sikt innebære at arbeidet med å reformere FNs sikkerhetsråd videreføres. Forandringer er nødvendige siden representasjonen i Sikkerhetsrådet verken er demokratisk eller representativ for de reelle, globale maktforhold i dag. En reform må sikre at alle regioner er representert i Sikkerhetsrådet."

Komiteen mener at det er bekymringsfullt at det etter ti års virksomhet for arbeidsgruppen som arbeider for sikkerhetsrådsreform, fortsatt ikke kan spores noen form for enighet. Komiteen slutter seg her til generalsekretærens syn at det nå haster med å finne en løsning dersom man ønsker at Sikkerhetsrådets vedtak skal møtes med større respekt, ikke minst i utviklingslandene.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, konstaterer at reform av FN-systemet på landnivå samt styring og finansiering av utvik­lingsprosjekter, er av stor betydning for å kunne utforme en mer effektiv multilateral bistand hvor hovedmålsettingen må være å bidra til økt nasjonalt eierskap til mottakerlandenes egne utviklingsprosesser. Kapasitetsbygging og institusjonsutvikling på områder som demokratisk styresett, korrupsjonsbekjempelse og regnskapspraksis er forutsetninger for å nå dette målet. FNs omdømme som en uhildet partner med stor tillit i mottakerlandene, gjør at multilateral bistand blir særlig viktig i forhold til disse ofte sensitive områdene.

Komiteen viser til meldingens beskrivelse av at Norge var medforslagsstiller til et resolusjonsutkast som ville ha gitt mandat til å starte forhandlinger om et totalforbud mot kloning av mennesker, og at en annen gruppe land, ledet av Belgia, hadde lagt fram et konkurrerende resolusjonsforslag som åpnet for unntak for terapeutisk kloning. Komiteen viser videre til at all videre behandling av spørsmålet ble utsatt i ett år. Komiteen viser også til at Regjeringens syn er at alle krefter må settes inn på at neste generalforsamling skal kunne gjøre et vedtak som gir mandat til å starte forhandlinger om en konvensjon om forbud mot kloning av mennesker. Komiteen vil i likhet med Regjeringens holdning understreke at den er imot kloning av mennesker.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Arbeiderpartiet og Fremskrittspartiet, viser til at Stortinget har vedtatt et forbud mot terapeutisk kloning med den begrunnelse at dette er etisk svært problematisk. Det henvises til flertallets merknader i Innst. O. nr. 25 (2002-2003) og i Innst. S. nr. 238 (2001-2002).

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Fremskrittspartiet vil påpeke at terapeutisk kloning har andre dimensjoner som kan ha stor betydning for medisinens utvikling og som allerede nå gir forskning på dette området store forhåpninger for helbredelse av sykdommer. Disse medlemmer viser her til merknader fra Arbeiderpartiet og Fremskrittspartiet i Innst. O. nr. 25 (2002-2003) og i Innst. S. nr. 238 (2001-2002).

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, har merket seg at på grunn av EU-samordningen har det nordiske samarbeidet blitt mindre omfattende de siste årene. Flertallet har også merket seg at Norge samarbeider godt med EU og at Norge relativt ofte slutter seg til EUs felles innlegg etter vurdering fra sak til sak. Flertallet er av den oppfatning at dette er positivt, siden gode og varige globale fellesskapsløsninger best kan oppnås i samarbeid mellom land, og at det også er beste måten å sikre gjennomslag for norske prioriteringer på. Flertallet har videre merket seg at EU har klart å utvikle seg videre som et tyngdepunkt i generalforsamlingen, selv om EU ikke alltid klarer å opptre samlet. I den sammenheng har flertallet merket seg at EU i realiteten kontrollerer 40-50 stemmer i generalforsamlingen når landene opptrer samlet, og har dermed sterk forhandlingstyngde i mange saker. Flertallet merker seg Regjeringens oppfatning om at dette gir land som Norge nye utfordringer.

Flertallet understreker at Norge bør videreutvikle brobyggerrollen mellom rike og fattige land og kon­sekvent forsvare internasjonal rett og globale fellesløsninger.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet understreker at Norge bør bruke sin uavhengige rolle utenfor EU til å videreutvikle den brobyggerrollen de nordiske landene tradisjonelt har hatt i forholdet mellom rike og fattige land, og for øvrig representere en uavhengig stemme i internasjonal politikk som konsekvent forsvarer av internasjonal rett og globale fellesløsninger.

Komiteen viser til at i tidligere år har alle de generelle humanitære resolusjonene stort sett blitt vedtatt med konsensus. Komiteen har med skuffelse merket seg at det under denne generalforsamlingen ikke var mulig å oppnå konsensus på noen generelle humanitære resolusjoner. Komiteen har merket seg at dette gjaldt resolusjonen om sikkerhet for humanitært personell og vern for FN-personell, resolusjonen om hjelp til det palestinske folket og om humanitær hjelp til Den demokratiske republikken Kongo.

Komiteen ser med bekymring på meldingens omtale av at man innenfor det multilaterale menneskerettighetsarbeidet har hatt liten fremdrift siden første halvdel av 1990-tallet. Komiteen har merket seg at Norge og andre likesinnede land i stedet for å være pådrivere for å videreutvikle den retningsgivende rammen og samtidig styrke implementeringen, ser seg i større grad nødt til å fokusere på å forsvare det som alt er oppnådd.

Komiteen ser positivt på at det med konsensus ble vedtatt to resolusjoner om henholdsvis vold mot kvinner i hjemmet og en dyptgående studie av alle former for vold mot kvinner.

Komiteen er glad for at det under behandlingen i 6. komité av Den internasjonale straffedomstolen (ICC) ble vedtatt en resolusjon som blant annet oppford­rer til snarlig ratifikasjon av Roma-vedtektene og til å bli part i Avtalen om privilegium og immunitet for domstolen. Komiteen er videre fornøyd med at Regjeringen følger opp komiteens enstemmige merknad i Innst. S. nr. 235 (2002-2003) om at det er viktig å fortsette dialogen med de statene som har innvendinger mot domstolen med sikte på å oppnå så bred oppslutning som mulig om domstolen og dens målsettinger.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti viser til diskusjonen i generalforsamlingen vedrørende spørsmålet om nedrustning av atomvåpen. I denne sammenhengen ble det fremmet to resolusjoner hvor Norge avsto fra å stemme. De to resolusjonene, A/C.1/58/L.40/Rev.1, "Towards a Nuclear Weapon Free World: a New Agenda" og A/C.1/58/L.39/Rev.1, "Reductions of Non-Strategic Nuclear Weapons", fokuserte på spørsmål i tilknytning til ikke-spredningsavtalen, rakettforsvar samt taktiske atomvåpen. Norge stemte i stedet for den japansk-australske resolusjonen om kjernevåpen.

Disse medlemmer kan ikke se noen grunn til at Norge ikke stemte for disse to resolusjonene. Det hadde vært i tråd med norsk politikk på området og heller ikke vært i konflikt med den japansk-australske resolusjonen, som Norge stemte for. Disse medlemmer ønsker derfor at Norge ikke avstår fra å stemme for tilsvarende resolusjoner i FNs generalforsamling ved senere anledninger.

Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

St.meld. nr. 33 (2003-2004) - om Noregs deltaking i den 58. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 57. generalforsamling - vedlegges protokollen.

Oslo, i utenrikskomiteen, den 2. juni 2004

Thorbjørn Jagland

leder

Gunhild Øyangen

ordfører