7. Den særskilte distrikts- og ­regionalpolitiske innsatsen

7.1 Sammendrag

Regjeringa ønskjer å vidareføre hovudinnrettinga i bruken av særskilde regional- og distriktspolitiske verkemiddel for å fremme vekst, omstilling og utvikling i alle delar av landet. Det gjeld både den differensierte arbeidsgivaravgifta og alternativa til denne, tilskot til regional utvikling over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet og dei spesielle verkemidla i tiltakssona i Nord-Troms og Finnmark. Til saman utgjer denne innsatsen om lag 11 mrd. kroner i 2005. I tillegg blir det gitt om lag 2 mrd. kroner i Nord-Noreg-tilskot og regionaltilskot over kommuneinntektssystemet som er særskild regionalpolitisk grunngitt.

Den differensierte arbeidsgivaravgifta, og alternativa til denne, og midlane til regional utvikling over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet, blir i all hovudsak nytta til ein distriktspolitisk ekstrainnsats. Den skal medverke til å styrkje grunnlaget for busetjing og verdiskaping i område og landsdelar med særlege utfordringar knytte til lågt folketal, tynne næringsmiljø og lange avstandar til større senter og marknader for innbyggjarane og for næringslivet. Det er knytt ulike geografiske avgrensingar til dei ulike økonomiske verkemidla. Med "det distriktspolitiske verkeområdet" meiner vi det geografiske området som er fastsett i eigne føresegner, og som gjeld for midlar til regional utvikling under Kommunal- og regionaldepartementet.

Den differensierte arbeidsgivaravgifta utgjer framleis ein stor del av den distriktspolitiske ekstrainnsatsen. Til saman utgjer vidareføring av ordninga og kompenserande ordningar om lag 8,9 milliardar kroner i 2005. Regjeringa har lagt opp til at dei auka inntektene frå avgifta, som følgje av omlegginga av ordninga, skal tilbakeførast til dei områda som endringane får verknader for. Dette betyr at dei kompenserande ordningane samla sett skal ha eit omfang som svarar til dei auka avgiftsinntektene som følgjer av omlegginga av arbeidsgivaravgifta. Stortinget har slutta seg til dette.

Midlane som er sette av til regional utvikling over programkategori 13.50 på budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet, skal medverke til å styrkje grunnlaget for regional utvikling gjennom utvikling av lønnsame verksemder og til å skape attraktive stader for næringslivet og befolkninga. Noko av innsatsen over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet blir også nytta utanfor det distriktspolitiske verkeområdet, som ein regionalpolitisk innsats for å utnytte potensial og fremme utvikling i ulike typar av regionar i alle delar av landet.

Regjeringa legg vekt på at bruken av midlane over programkategori 13.50 blir koordinert med innsats på ulike sektorområde, for å utløyse effektar som ikkje oppstår av enkelttiltak aleine, eller for å fremme tiltak som ligg i gråsona mellom fleire aktørar. Regjeringa legg også vekt på at innsatsen skal byggje på ei medviten holdning til at barrierar for etablering av verksemder varierer med alder, kjønn og bakgrunn.

Ansvaret for bruken av hovuddelen av desse midlane er desentralisert til fylkeskommunane. Dette er gjort som eit ledd i Regjeringa sitt arbeid med moderniseringa av offentleg forvaltning og fornying av regional- og distriktspolitikken.

Regjeringa legg til grunn at midlane skal nyttast til å fremme utvikling av lønnsame verksemder, både gjennom direkte verkemiddel og gjennom tilrettelegging for næringsutvikling, og til å skape attraktive stader for næringslivet og for befolkninga. Regjeringa legg særleg vekt på behovet for å fremme nyetableringar, innovasjon og omstilling.

Fordelinga av midlane mellom fylkeskommunane er basert på ein fordelingsnøkkel og på skjønnstildeling som samla sett gir ei sterk prioritering av fylke med område innanfor det distriktspolitiske verkeområdet. Dei fylka som har liten eller ingen busetnad innanfor verkeområdet, blir gitt ei mindre minimumsløyving. Det kan vere aktuelt å justere kriteria for fordeling av midlar mellom fylka noko som del av den planlagde gjennomgangen av det distriktspolitiske verkeområdet per 1. januar 2007.

Regjeringa meiner at dei gjeldande retningslinjene gir fylka stor fridom i bruken av midlane. Regjeringa ønskjer likevel å auke handlingsrommet ytterlegare ved å redusere dei geografiske grensene for tilrettelegging for næringsutvikling.

Ein annan del av midlane til regional utvikling blir forvalta sentralt. Innsatsen skal nyttast på område som av ulike grunnar bør bli koordinerte og/eller stimulerte frå nasjonalt hald. Regjeringa legg vekt på at hovuddelen av midlane som blir løyvde over kap. 552 post 76 Nasjonalt samarbeid for regional utvikling, skal brukast til å styrkje regionale konkurransefortrinn og byggje ned hindringar for innovasjon. Det skal skje gjennom innsats tilpassa regionale potensial, utfordringar og føresetnader. Innsatsen skal primært nyttast innanfor det distriktspolitiske verkeområdet, men kan også nyttast utanfor, til dømes i mellomstore og mindre byregionar, i tråd med strategien om å utnytte meir av utviklingspotensiala knytt til desse områda. Midlane er også med på å dekkje norsk deltaking i EU-programma Interreg B og C, som er viktige arenaer for internasjonalt regionalpolitisk samarbeid.

Av ei total ramme på 278 mill. kr i 2004, forvalta Innovasjon Noreg, Forskingsrådet og SIVA om lag tre firedelar til innovasjonsretta program.

I internasjonale avtalar blir det lagt auka vekt på å regulere støtte til næringslivet. EØS-avtalen, WTO-avtalen om subsidiar og utjamningsavgifter og avtalen om landbruk i WTO er dei viktigaste avtalane på dette feltet. Disse avtalene får stadig meir å seie for omfanget og utforminga av næringsstøtte i Noreg.

I samband med omlegginga av den differensierte arbeidsgivaravgifta oppnemnde Regjeringa våren 2004 eit utval for å vurdere kva handlingsrom EØS-avtalen gir for bruk av alternative verkemiddel retta mot næringslivet. Utvalet la fram innstillinga si, NOU 2004:15, i august 2004.

Utvalet har kartlagt kva type verkemiddel som er lovlege å nytte under EØS-reglane for offentleg støtte. Utvalet har også samanfatta kunnskap om bruk av slike verkemiddel i andre EØS-land. Regjeringa meiner at kartlegginga på ein god måte synleggjer at det nasjonale handlingsrommet er relativt stort og at unntaka frå det generelle forbodet mot offentleg støtte opnar for fleire typar av verkemiddel. Samstundes meiner Regjeringa, til liks med utvalet, at den konkrete verkemiddelbruken må vurderast ut frå kva som er effektiv verkemiddelbruk regionalt og nasjonalt, ikkje berre kva som er lovleg.

Regjeringa meiner at dagens verkemiddelbruk til næringsretta innsats i regionalpolitikken er fornuftig, i tråd med Regjeringa sine prioriteringar i regionalpolitikken og ikkje i strid med dei gjeldande reglane for offentleg støtte. Regjeringa legg ikkje opp til vesentlege endringar verken når det gjeld dei sentralt forvalta verkemidla eller når det gjeld dei overordna føringane for regionale utviklingsmidlar til fylka. Fram til nye reglar for statsstøtte innanfor regionalpolitikken trer i kraft, vil verkemiddelbruken frå nasjonalt hald derfor i store trekk liggje fast. Eventuelle endringar vil bli vurderte når endringar i retningslinjene for regional statsstøtte blir kjende.

Kommunal- og regionaldepartementet vurderer jamleg om ny eller endra verkemiddelbruk i regional- og distriktspolitikken krev notifisering til ESA.

Kommisjonen arbeider med å utvikle nye retningslinjer for regionalpolitisk statsstøtte som skal gjelde frå 1. januar 2007, når eksisterande retningslinjer går ut. Eit utkast til nye retningslinjer skal vere klare i mai 2005, og dei endelege retningslinjene er forventa vedtatte hausten 2005.

Departementet meiner at forslaga frå Kommisjonen er eit godt utgangspunkt for vidare dialog med Kommisjonen om det framtidige regelverket og gir i stor grad nødvendig rom for regionalpolitiske verkemiddel som er tilpassa norske utfordringar. Forslaget om at det for å motverke avfolking i regionar med færre enn 8 innbyggjarar per km2 skal bli opna for andre former for driftsstøtte enn transportstøtte, er eit heilt nytt element i statsstøtteregelverket.

Generelt har Noreg ei positiv holdning til Kommisjonen sitt mål om å redusere nivået på statsstøtte, og også til målet om ei sterkare målretting av støtta.

Regjeringa støttar forslaga frå Kommisjonen om å tillate andre former for driftsstøtte i regionar der det er større utfordringar knytte til nedgang i folketal. Regjeringa vil arbeide aktivt for at minimum dei fire nordlegaste fylka blir med i det norske verkeområdet for slik støtte.

Ut frå forslaget vil det berre vere lov med særskild regionalpolitisk heimla statsstøtte i dei fire nordlegaste fylka og i Sogn og Fjordane, Aust-Agder, Telemark, Oppland og Hedmark. Regjeringa har derfor nytta alle høve til å ta opp med Kommisjonen at det nye regelverket må tillate ein viss fleksibilitet i avgrensinga av det geografiske verkeområdet.

Dei maksimale støttesatsane som er foreslått for investeringstilskot, er i hovudsak dei same som i dag. Dei gir etter Regjeringa si vurdering eit tilfredsstillande handlingsrom for å kunne gi offentleg støtte til nødvendige bedriftsretta tiltak innanfor verkeområdet.

7.2 Komiteens merknader

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, har merket seg at Handlingsromutvalget (NOU 2004:15) påpekte at Norge ikke utnytter det handlingsrom vi har innenfor EØS-avtalen til å drive en aktiv distrikts- og regionalpolitikk. Utvalget uttalte blant annet:

"I kapittel 4 har vi sett at det er meir dei nasjonale prioriteringane enn EØS-reglane som set grensa for kor stor støtte som blir gitt til ulike formål. Styresmaktene har eit stort handlingsrom innanfor støtteordningar som alt er godkjende av ESA, til dømes å gradere ei godkjend horisontal støtteordning innanfor den melde maksimale støttesatsen, eller berre å støtte visse regionar.

Ei rekkje tiltak kan nyttast meir enn i dag. Men det er ikkje sikkert at det i alle tilfelle er fornuftig å gjere det.

[...]

Investeringstilskot er eit døme på at styresmaktene kan ha stort handlingsrom innanfor fastsette rammer med omsyn til støtteintensitet."

Samtidig uttalte Effektutvalget (NOU 2004:2) om de spesielle distrikspolitiske virkemidlene hvor investeringsstøtte og bedriftsutviklingstilskudd er de viktigste:

"Evalueringer tyder på at disse virkemidlene gir gode effekter med lavere kostnader enn mange av de andre politikkområdene som har positive effekter for distriktene. Virkemidlene er selektive, i den forstand at de tildeles etter søknad. Utvalget mener at de gode effektene tilsier at det bør anvendes større ressurser på dette området, og at det bør åpnes for større grad av automatikk i tildelingen av investeringstilskudd til bedrifter i distriktene. Dette vil være mulig innenfor konkurransereglene i EØS-avtalen."

Blant annet på dette grunnlag uttalte Distriktskommisjonen (NOU 2004:15) enstemmig:

"Investeringstilskudd bør i distriktene brukes mer aktivt enn i dag med sikte på å øke enkeltbedrifters konkurransekraft. Rammene for investeringstilskudd bør økes, slik at virkemidlet kan brukes i et omfang som er mer på linje med hva som er vanlig i andre europeiske land."

Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, slutter seg til Distriktskommisjonens enstemmige vurdering om at bevilgningen til investeringstilskudd bør økes.

Dette flertallet er derfor ikke enig med Regjeringen når den i meldingen uttaler at "Regjeringa meinar at dagens rammer ligg på eit riktig nivå".

Dette flertallet har imidlertid merket seg at bevilgningene til regional utvikling - som blant annet omfatter distriktsrettet investeringstilskudd - er redusert betydelig de senere år. Dette flertallet mener derfor at bevilgningene til regionale utviklingstiltak bør økes.

Dette flertallet vil peke på at den distriktspolitiske situasjonen kan variere svært mye mellom de ulike regionene. Dette flertallet er derfor uenig i at rent objektive kriterier skal legges til grunn for fordeling av de distriktspolitiske virkemidlene mellom fylkeskommunene. Dette flertallet mener at fordelingen mellom fylkene må være fleksibel i forhold til utviklingen i de enkelte regioner.

Som en illustrasjon på utviklingen i bevilgningen til regionale utviklingstiltak viser dette flertallet til utviklingen i bevilgningene til Finnmark. Dette flertallet vil peke på at departementet i dokumenter til Stortinget har trukket frem at mange av de bo- og arbeidsmarkedsregionene som har sterkest nedgang i sysselsettingen de siste ti årene ligger i Finnmark, og at fylket står overfor betydelige omstillingsutfordringer. Dette flertallet finner det da påfallende at bevilgningene til de regionale utviklingstiltak i fylket er redusert fra om lag 142 mill. kroner i 2002 til om lag 111 mill. kroner i 2005. Dette tilsvarer en reduksjon på om lag en fjerdedel siden 2002. Dette flertallet mener dette illustrerer den svekkelse av de distriktspolitiske virkemidlene som er gjennomført de siste årene, og som har rammet flere utsatte distriktsområder.

Dette flertallet har merket seg at departementet i meldingen foreslår at retningslinjene for bruken av de distriktspolitiske virkemidlene endres slik at midlene i større grad kan benyttes utenfor det distriktspolitiske virkeområdet. Kommunal- og regionaldepartementet legger i tråd med dette opp til å endre retningslinjene fra 2006 slik at det kan gis støtte til en del kommunale, næringsrettete fysiske investeringer og til stedsutvikling utenfor virkemiddelområdet. Dette flertallet vil vise til at de distriktspolitiske virkemidlene er betydelig svekket de siste årene, samtidig som behovet for tiltak er stort. Dette flertallet kan ut fra dette ikke slutte seg til at retningslinjene endres slik Regjeringen foreslår. Dette flertallet forutsetter derfor at de tiltak som er distriktspolitisk begrunnet også framover benyttes innenfor det distriktspolitiske virkemiddelområdet.

Dette flertallet viser til sine merknader under kapittel 6 om forvaltningen av de regionalpolitiske utviklingsmidlene.

Dette flertallet vil understreke at selv om bruken av regionale utviklingsmidler er desentralisert til fylkeskommunene, er det behov for virkemidler også på nasjonalt plan. Slike virkemidler må blant annet iverksettes der utfordringene omfatter flere fylker, og der særskilte forhold begrunner en nasjonal innsats.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, mener at ordningen med regionalt differensiert arbeidsgiveravgift er det mest velfungerende og målrettede virkemiddel i distriktspolitikken. Flertallet mener derfor at ordningen med gradert avgift må videreføres så langt mulig. Det gjelder både i forhold til privat og offentlig sektor. Flertallet har samtidig lagt til grunn at det skal gis full og varig kompensasjon for den økte arbeidsgiveravgiften til den enkelte region som berøres av bortfall av ordningen.

Flertallet viser videre til at det i finansinnstillingen for 2004 og budsjettinnstillingen fra kommunalkomiteen for 2004 var full enighet om at kompensasjon for økt arbeidsgiveravgift måtte innrettes slik at "alle kompensasjonstiltakene skal innrettes til de områder i det enkelte fylke som er påført økt avgift". Flertallet ber departementet påse dette. Flertallet ber likeså departementet påse at kompensasjonstiltakene skal komme i tillegg til andre ordinære nærings- og distriktsutviklingstiltak, og ikke istedenfor disse. Flertallet peker i tråd med dette på at fordeling av ordinære virkemidler innenfor det enkelte fylke ikke skal påvirkes av kompensasjonstiltakene.

Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, understreker at komiteens merknad i Budsjett-innst. S. nr. 5 (2003-2004) må forstås slik at bevilgningene til disposisjon for det enkelte fylke ble forutsatt overført til fylkeskommunen som regional utviklingsaktør og beslutningstaker, men likevel slik at disponeringen skulle skje "med grunnlag i forpliktende handlingsplaner som utformes i nært samarbeid med næringslivet selv, organisasjonene i arbeidslivet og kommunene i de områder av fylket hvor avgiften blir økt". Dette flertallet finner det derfor overraskende, og ikke i tråd med Stortingets forutsetninger når departementet i denne meldingen skriver:

"Næringslivet skal ha ein sentral plass i samarbeidet om utviklinga av planane, og der er ein føresetnad at næringslivet slutter seg til forslaga."

Dette flertallet vil igjen understreke at det er fylkeskommunen som er beslutningstaker. Dette flertallet har i denne forbindelse merket seg at departementet også i denne meldingen beskriver fylkeskommunens behandling av handlingsplanene som at "behandlinga har hatt ein rådgivande karakter".

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at et flertall i komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, i Budsjett-innst. S. nr. 5 (2004-2005) fant grunn til å påpeke tilsvarende omtale i budsjettproposisjon for 2005. Flertallet uttalte at "fylkeskommunens behandling således ikke var forutsett avgrenset til å ha "ein rådgjevande karakter"." Flertallet forutsetter at departementet nå innretter praksis i tråd med Stortingets forutsetninger.

Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, mener det er viktig at næringslivet gis en sentral rolle i arbeidet med bruken av midlene. Dette flertallet har i tråd med dette merket seg at det er etablert styringsgrupper hvor næringslivet er gitt en sentral rolle. Dette flertallet finner det imidlertid prinsipielt uheldig at det ut­vikles nye "forvaltningsnivå" eller "virkemiddelorgan" på siden av de etablerte strukturene.

Dette flertallet vil framheve at det lenge har vært bred praktisk enighet om å samordne virke­middel­apparatet slik at næringslivet kan henvende seg til et sted. Dette må ikke undergraves gjennom framvekst av nye operatører for den bedriftsrettede delen av kompensasjonstiltakene.

Dette flertallet har i denne forbindelse merket seg at departementet i meldingen uttaler at fylkeskommunene bør vurdere å benytte erfaringene fra arbeidet med de næringsrettede utviklingstiltakene i arbeidet med å videreutvikle samarbeidet i de regionale partnerskapene for prioritering av midler til regional utvikling. Departementet henviser her til en studie som baseres på at næringslivet er i førersetet, og at målet er størst mulig konsensus om prioriteringene. Dette flertallet vil i tråd med merknadene foran sterkt understreke at det er fylkeskommunen og ikke ulike interesseorganisasjoner som er uttrykk for den folkevalgte myndighet i det enkelte fylke. Dette flertallet ser det derfor som en selvsagt forutsetning at det er fylkeskommunen som skal lede arbeidet i de regionale partnerskapene, og at det er fylkeskommunen som har beslutningsmyndighet når det gjelder prioriteringer.

Komiteen har merket seg at EU-kommisjonen arbeider med å utvikle nye retningslinjer for regionalpolitisk statsstøtte som skal gjelde fra 1. januar 2007. Komiteen viser til omtalen av forslaget til nye retningslinjer i meldingen.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, ser det som svært viktig at det må kunne gis regionalpolitisk statsstøtte blant annet i form av investeringsstøtte og transportstøtte i regioner med lav befolkningstetthet. Flertallet ser det imidlertid som alvorlig dersom bruken av distriktspolitiske virkemidler avgrenses til å gjelde fylker som i sin helhet har et folketall på mindre enn 12,5 innbyggere pr. kvadratkilometer. En slik avgrensning vil bety at næringssvake kommuner i fylker som Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal, Hordaland, Buskerud, Rogaland og Vest-Agder vil falle ut av det geografiske virkeområdet. Flertallet ber Regjeringen sterkt påpeke overfor EU-kommisjonen at en slik innretning av regelverket vil bety at det kan anvendes distriktspolitiske virkemidler overfor områder nær Oslo og med relativt gunstig økonomisk utvikling, mens enkelte områder med betydelig fraflytting og næringsmessige utfordringer i ytterdistriktene vil være avskåret. Flertallet forutsetter derfor at Regjeringen vil legge stor vekt på å komme fram til ordninger som tillater en fleksibilitet i avgrensingen av virkemiddelområdet, slik at det nye virkemiddelområdet også kan tilpasses til de regionalpolitiske utfordringene i utkanten av fylker med store befolkningssentra.

Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, har videre merket seg at forslaget fra kommisjonen kan gi rom for gjeninnføring av differensiert arbeidsgiveravgift. Dette flertallet mener imidlertid at det ikke vil være tilfredsstillende at ordningen avgrenses til landsdeler som i sin helhet har et innbyggertall på mindre enn åtte innbyggere pr. kvadratkilometer. Dette vil utelukke gjeninnføring av ordningen i de delene av Sør-Norge som tidligere hadde gradert arbeidsgiveravgift. Dette flertallet forutsetter derfor at Regjeringen legger stor vekt på å få tilslutning til at ordningen må gjennomføres i hele det området hvor ordningen tidligere gjaldt.

Dette flertallet har i den forbindelse merket seg at Regjeringen i sitt brev til EU-kommisjonen 8. mars 2005 ga uttrykk for at det området hvor ordningen var aktuell å gjeninnføre uansett ville være lite sammenliknet med det tidligere virkeområdet ("In any event the total area eligible would be small compared with the areas within the former Norwegian scheme"). Dette flertallet finner det svært uheldig at Regjeringen på denne måten avskriver muligheten for å gjeninnføre gradert arbeidsgiveravgift i hele det området som tidligere hadde gradert avgift. Dette flertallet er uenig i denne vurderingen, og forutsetter at Regjeringen søker å få gjeninnført ordningen i et så stort område som mulig.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Kristelig Folkeparti vil bemerke at den differensierte arbeidsgiveravgiften fremdeles utgjør en stor del av den distriktspolitiske ekstrainnsatsen. Disse medlemmer viser til at den differensierte arbeidsgiveravgiften er ment til å styrke grunnlaget for sysselsetting i de områdene som er omfattet av ordningen, på en generell måte. Disse medlemmer støtter Regjeringen sitt arbeid for å kunne gjeninnføre den gamle ordningen - også i mindre folketette strøk i Sør-Norge. Disse medlemmer mener at kompensasjonen for bortfall av differensiert arbeidsgiveravgift (DA) ser også ut til å være treffsikker i forhold til næringslivets behov og prioriteringer.

Disse medlemmer viser til at Regjeringen har arbeidet målrettet for at retningslinjene som avgrenset offentlig næringsstøtte skulle tilpasses norske forhold i størst mulig grad. Særlig vil disse medlemmer løfte fram områder med mindre enn 12,5 innbygger pr. km2 og SMB som viktige felt. I tillegg viser disse medlemmer til at tilbakeføring av differensiert arbeidsgiveravgift er høyt prioritert fra Regjeringens side.

Disse medlemmer viser til at de foreløpige forslag fra Kommisjonen er et godt utgangspunkt for de videre drøftinger. Forslaget om at områder med mindre enn 8 innbyggere pr. km2 skal åpnes for andre statsstøtteordninger enn transportstøtte er et nytt element i statsstøtteregelverket. Disse medlemmer ser det også som svært positivt at Regjeringa har framholdt at det må tillates en viss fleksibilitet i regelverket i avgrensinga av det geografiske området.

Disse medlemmer er av den oppfatning at ansvarsreformen gav fylkeskommunene større frihet som regional utviklingsaktør. Denne ordningen har vært positivt mottatt, og de forskjellige regioner har oppfylt sin rolle som regional utviklingsaktør på en god måte. Disse medlemmer viser til at resultatene er at de nyetableringene som er kommet er i mer nyskapende retning, noe disse medlemmer mener er positivt. Disse medlemmer viser imidlertid til at flere representanter har gitt uttrykk for at det fremdeles er for sterke bindinger på bruk av midlene i geografisk retning. Disse medlemmer mener derfor at Regjeringen sitt forslag til endrede retningslinjer gir fylkeskommunene mer frihet til å følge egne planverk og prioriteringer på en bedre måte.

Disse medlemmer ser dessuten positivt på de pågående drøftelser Regjeringen har med EU-kommisjonen vedrørende bruk av distriktsrettede virkemidler.