Innstilling fra forsvarskomiteen om endringer i "Regulativ for tillegg mv. til utskrivne vernepliktige mannskap"

Dette dokument

Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Innledning

I denne proposisjonen legg Forsvarsdepartementet fram forslag om regulering av primærgodtgjersler for utskrivne vernepliktige mannskap frå 1. juli 2006. Under punkt 8 gjer departementet greie for ordninga med vernepliktig akademisk befal.

1.2 Sammendrag og tilrådinger

Forslaget til regulering er basert på ei tilråding til lønsoppgjer mellom staten og LO-Stat, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund-Stat og Unio. Med grunnlag i lønsoppgjeret for statstilsette blir primærgodtgjersler til vernepliktig mannskap tilrådd auka med 4,5 pst. frå 1. juli 2006.

Meirutgiftene for 2006 er utrekna til 12 503 mill. kroner.

1.3 Bakgrunn

Gjennom ei rekkje år har dei økonomiske ytingane til soldatane blitt regulert med basis i lønsoppgjeret for tilsette i staten. Forsvarsdepartementet har dei seinare åra, i tråd med synet til forsvarskomiteen, lagt til grunn den reguleringa som blir gitt i lågaste lønstrinn for vaksen, ufaglært arbeidskraft.

Det tilrådde lønsoppgjeret for statstilsette i lønsramme 1, alternativ 1 gav som resultat ei auke med 4,5 pst. med verknad frå 1. mai 2005.

Departementet meiner det er naturleg og rimeleg at dei vernepliktige i år blir gitt ei tilsvarande regulering på avrunda 4,5 pst. med verknad frå 1. juli 2006.

1.4 Regulering av satsene

Forslaget inneber følgjande regulering av satsane frå 1. juli 2006:

Tenestetillegg

frå kr 120,90 til kr 126,00 pr. dag

Korporalstillegg

frå kr 15,35 til kr 16,00 pr. dag

Kompensasjonstillegg

frå kr 237,00 til kr 247,50 pr. dag

Ektefelletillegg

frå kr 3 231,00 til kr 3 375,00 pr. månad

Barnetillegg, fyrste barn

frå kr 3 669,00 til kr 3 834,00 pr. månad

Barnetillegg, øvrige barn

frå kr 1 515,00 til kr 1 581,00 pr. månad

Dimisjonsgodtgjersle for 12 månader teneste

frå kr 20 000 til kr 20 900

Utdanningsbonus

frå kr 8 007 til kr 8 367

1.5 Samlet utrekning av utgiftene

Meirutgiftene som følgje av forslaget er utrekna til 12 503 mill. kroner for 2006 etter følgjande fordeling:

Auke av tenestetillegg og korporalstillegg

8 303 mill. kroner

Auke av kompensasjonstillegg

0 125 mill. kroner

Auke av forsørgjartillegg

0 308 mill. kroner

Auke av dimsjonsgodtgjersle

3 711 mill. kroner

Auke av utdanningsbonus

0 056 mill. kroner

1.6 Verknad for siviltjenesten

Regulativendringar for militære vernepliktige mannskap utløyser tilsvarande verknad for dei sivile vernepliktige. Dette følgjer av militærnektarlova § 18. Meirkostnadane for siviltenesteforvaltninga for andre halvåret 2006 er utrekna til 1 050 mill. kroner.

1.7 Gjennomgang av systemet for godtgjørelse for vernepliktige og ordningen med vernepliktig akademisk befal (VAB)

I St.prp. nr. 1 (2005-2006) opplyste departementet at ein ville sjå nærare på systemet for godtgjersle for dei vernepliktige og ordninga med vernepliktig akademisk befal (VAB-ordninga) i lys av utviklinga i Forsvaret og i samfunnet elles.

VAB-ordninga er etablert for å utdanne vernepliktig mannskap i viktige kategoriar til krigsoppsetningane, og VAB skal derfor ikkje primært dekkje behov i fredsorganisasjonen. Ei utviding av ordninga med VAB er vurdert med føresetnad om at dei kategoriane som skal vurderast innført er knytt til mobiliseringsstillingar i krigsstrukturen.

Styrkeprodusentane er rådført om ei utviding av ordninga. Tilbakemeldinga er at det ikkje synest å vere behov for ei utviding. Departementet har, etter tilråding frå Forsvarsstaben, vedteke at det ikkje er aktuelt å utvide ordninga med vernepliktig akademisk befal no, men at ordninga med VAB må utreiast ytterlegare.

1.7.1 Godtgjørelse for vernepliktig akademisk befal

I samband med handsaminga av St.prp. nr. 1 (1997-1998) blei det vedteke at vernepliktig akademisk befal frå 1. januar 1998 skulle få løn svarande til lønstrinn 20 i A-tabellen (krigsskole 2 nivå).

VAB blei innplassert med 8 års lønsansiennitet og er som følgje av dette lønna tilsvarande LR 36 alt. I, for tida ltr. 29 for løytnantar og i LR 37, alt. 3, for tida ltr. 34 for VAB i kapteinsstillingar. At VAB ikkje får utteljing i samband med lokale forhandlingar og i justeringsoppgjeret, har gitt til resultat ein lågare lønsvekst enn andre grupper som det kan vere naturleg å samanlikna med. Vernepliktige mannskap, som får ei årleg regulering med basis i lønsoppgjeret, har hatt ei gunstig (lønsmessig) utvikling, som følgje av regulering svarande til låglønsgruppene.

På bakgrunn av dette, og av omsyn til legesituasjonen i Forsvaret generelt og behovet for rekruttering spesielt, finn departementet det ønskjeleg å oppjustere løna for VAB med løytnants grad til LR 36 alt. 8, ltr. 36 og til LR 37 alt. 8 ltr. 40 for VAB med kapteins grad.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Bendiks H. Arnesen, Thorbjørn Jagland og Signe Øye, fra Fremskrittspartiet, Per Roar Bredvold, Henning Skumsvoll og Per Ove Width, fra Høyre, lederen Jan Petersen, og fra Sosialistisk Venstreparti, Bjørn Jacobsen, viser til at det fremlagte forslaget fra Forsvarsdepartementet omhandler regulering av primærgodtgjørelse for utskrevne vernepliktige mannskaper fra 1. juli 2006. I tillegg gjør man rede for ordningen med vernepliktig akademisk befal. De økonomiske ytelser har som mål å sikre de vernepliktige og eventuelt deres familie en rimelig god levestandard.

Komiteen merker seg at forslaget til regulering er basert på lønnsoppgjøret i staten som gir de vernepliktige mannskapene en økning på 4,5 pst. på primærtilleggene med virkning fra 1. juli 2006. Videre merker man seg at merutgiftene for 2006 er beregnet til 12 503 mill. kroner, og at merkostnadene for siviltjenesteforvaltningen for 2. halvår 2006 er beregnet til 1 050 mill. kroner.

Komiteen sier seg videre enig i at man oppjusterer lønnstrinnene for vernepliktig akademisk befal til henholdsvis lønnstrinn 36 for løytnanter og lønnstrinn 40 for kapteiner.

3. Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

I statsbudsjettet for 2006 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter:

450

Sivile vernepliktige

1

Driftsutgifter, blir auka med

1 050 000

frå kr 100 414 000 til kr 101 464 000

1720

Felles leiing og kommandoapparat

1

Driftsutgifter, blir auka med

135 000

frå kr 2 163 505 000 til kr 2 163 640 000

1725

Fellesinstitusjoner og - utgifter under FST

1

Driftsutgifter, blir auka med

634 000

frå kr 1 941 506 000 til kr 1 942 140 000

1731

Hæren

1

Driftsutgifter, blir auka med

5 245 000

frå kr 3 731 859 000 til kr 3 737 104 000

1732

Sjøforsvaret

1

Driftsutgifter, blir auka med

1 768 000

frå kr 2 624 727 000 til kr 2 626 495 000

1733

Luftforsvaret

1

Driftsutgifter, blir auka med

993 000

frå kr 3 398 168 000 til kr 3 399 161 000

1734

Heimevernet

1

Driftsutgifter, blir auka med

1 321 000

frå kr 1 080 979 000 til kr 1 082 300 000

1740

Forsvarets logistikkorganisasjon

1

Driftsutgifter, blir auka med

2 013 000

frå kr 2 033 827 000 til kr 2 035 840 000

1790

Kystvakten

1

Driftsutgifter, blir auka med

394 000

frå kr 774 744 000 til kr 775 138 000

Oslo, i forsvarskomiteen, den 8. juni 2006

Jan Petersen

leder

Signe Øye

ordfører