Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om endringer av bevilgninger på statsbudsjettet for 2006 under Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 79 (2006-2007)
  • Kildedok: St.prp. nr. 14 (2006-2007) kap. 651, 670, 683, 690, 691,3651, 3690 og 3691
  • Dato: 08.12.2006
  • Utgiver: Kommunal- og forvaltningskomiteen
  • Sidetall: 3

Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Kap. 651 Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar (jf. kap. 3651)

Post 60 Integreringstilskott, kan overførast

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga til integreringstilskott med 112,4 mill. kroner, frå 2 718 mill. kroner til 2 830,4 mill. kroner.

Auken er i all hovudsak knytt til ein auke i utbetaling av integreringstilskott for tidlegare busettingsår (etterslep), og ein auke i utbetaling av tilskott for funksjonshemma.

Kommunane ser nå ut til å bruke ordninga med tilskott til funksjonshemma i større grad. Det ser òg ut til at ein større del av dei som blir busett, utløyser dette tilskottet.

Post 61 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Grunna færre deltakarar i overgangsordninga enn det som blei lagt til grunn i saldert budsjett 2006, blir utgiftene til ordninga mindre. For per capita ordninga viser nye utrekningar at 2 400 færre deltakarar vil kome inn under ordninga i 2006. Ein reknar òg med at nye deltakarar som kjem inn i ordninga frå november 2006 og ut året ikkje vil utløyse tilskott før budsjettåret 2007.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om at løyvinga for 2006 blir sett ned med 121 mill. kroner, frå 1 215 mill. kroner til 1 094 mill. kroner.

Post 62 Kommunale tiltak for innvandrarar, kan overførast

Departementet foreslår at posten får stikkordet "kan overførast".

Tilskot frå posten vert utbetalt av IMDi etter søknad frå kommunar om midlar til ulike integreringstiltak. Prosessen med søknad, handsaming og førebuing av prosjekta før eit stykkje ut i året, og dei får heller ikkje avslutta prosjekta i løpet av budsjettåret. Kommunane må betale tilbake pengar som ikkje er brukt i løpet av året på grunn av eittårsprinsippet. Dersom posten får stikkordet "kan overførast", vil det kunne føre til betre måloppnåing for dei kommunale prosjekta.

1.2 Kap. 3651 Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar (jf. kap 651)

Post 1 Integreringstilskott for overføringsflyktningar, ODA-godkjende utgifter

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om at løyvinga for 2006 på posten blir sett ned med 9,8 mill. kroner, frå 72 552 mill. kroner til 62 752 mill. kroner. Enkelte utgifter kan i samsvar med statistikkdirektivet frå OECD/DAC (Development Assistance Commitee) godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Grunna mindre utbetaling av integreringstilskott for år 1 i 2006 minkar dei ODA-godkjende utgiftene.

1.3 Kap. 670 Nasjonale minoritetar (jf. kap. 3670)

Post 72 Tiltak for rom, kan overførast

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har, i samarbeid med Oslo kommune og romgruppa, kartlagt kva for tiltak som kan medverke til å nå målet med løyvinga på ein god måte. Dette arbeidet har vore tidkrevjande, og konkrete tiltak vil bli starta opp før hausten 2006.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om at posten får stikkordet "kan overførast".

1.4 Kap. 683 Ressurssenter for natur- og reindriftstenester (jf. kap. 3683)

Post 1 Driftsutgifter, kan overførast

Etableringa av senteret har synt seg å vere eit krevjande nybrotsarbeid, og oppstarten er vesentleg forseinka.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om at kap. 683 post 1 Driftsutgifter får stikkordet "kan overførast".

1.5 Kap. 690 Utlendingsdirektoratet (jf. kap. 3690)

Post 22 Spesielle driftsutgifter, tolk og oversetting

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 2,6 mill. kroner, frå 24,139 mill. kroner til 14,050 mill. kroner.

I rammene for 2006 er det lagt til grunn at 5 500 personar vil søke asyl, og ein intervju- og eigenerklærings­andel på 70 pst. Tal hittil i 2006 viser at desse delane har gått noe ned. Dette gir nye anslag på behovet for løyvingar.

Post 75 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, kan overførast

Løyvinga utover overført beløp frå 2005, er rekna ut frå 1 550 reisande og ein kostnad per reise på 8 689 kroner. I tillegg kommer UDI sin avtale med Norsk Folkehjelp om mottak av overføringsflyktningar som kjem til landet på omtrent 0,6 mill. kroner. Tall for UDI sin rekneskap i 2005 viser at ein gjennomsnittleg reise kostar omtrent 6 000 kroner. Legg ein denne prisen til grunn, er behovet på posten 9,9 mill. kroner (0,6 + 9,3).

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 8,5 mill. kroner, frå 14,050 mill. kroner til 5,550 mill. kroner.

1.6 Kap. 3690 Utlendingsdirektoratet (jf. kap. 690)

Post 3 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, ODA- godkjende utgifter

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 4,1 mill. kroner, frå 13,769 mill. kroner til 9,669 mill. kroner.

Utgifter til transport av flyktningar til og frå Noreg kan i samsvar med OECD/DAC sitt statistikkdirektiv i sin heilskap godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Tall viser at 98 pst. av personane ein betalar reise for kjem frå ODA-land, jf. omtale på kap. 690 post 75 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet.

1.7 Kap. 3691 Utlendingsnemnda (jf. kap. 691)

Post 1 Tilfeldige inntekter

Som følgje av at UNE sporadisk har inntekter i form av bl.a. lønnsrefusjonar når medarbeidarar har kortare oppdrag ved annen verksemd, for eksempel ved ein ambassade, og UNE framleis utbetalar lønn til vedkommande, gjerast det framlegg om at det blir oppretta ein inntektspost med tilhørande meirinntektsfullmakt. Denne posten og meirinntektsfullmakta er tatt inn i St.prp. nr. 1 (2006-2007).

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å opprette ein inntektspost med tilhørande meirinntektsfullmakt med nemninga kap. 3691 post 1 Tilfeldige inntekter.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen Tore Hagebakken, Saera Khan, Silvia K. Kosmo, Inger Løite og Arild Stokkan-Grande, fra Fremskrittspartiet, Per-Willy Amundsen, Åge Starheim og Ib Thomsen, fra Høyre, Kari Lise Holmberg og Bent Høie, fra Sosialistisk Venstreparti, Rolf Reikvam, fra Kristelig Folkeparti, Bjørg Tørresdal, fra Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, og fra Venstre, Vera Lysklætt, viser til Regjeringens forslag i proposisjonen vedrørende endringer på statsbudsjettet for 2006 under Arbeids- og inkluderingsdepartementets område. Komiteen slutter seg til endringene.

3. Komiteens tilråding

Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slike

vedtak:

I

I statsbudsjettet for 2006 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

651

Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar

60

Integreringstilskot, kan overførast, aukast med

112 400 000

frå kr 2 718 000 000 til kr 2 830 400 000

61

Opplæringstiltak i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar,

blir redusert med

121 000 000

frå kr 1 215 000 000 til kr 1 094 000 000

690

Utlendingsdirektoratet

22

Spesielle driftsutgifter, tolk og oversetting, blir redusert med

2 600 000

frå kr 24 319 000 til kr  21 719 000

75

Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, kan overførast, blir redusert med

8 500 000

frå kr 14 050 000 til kr  5 550 000

Inntekter

3651

Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar

1

Integreringstilskott for overføringsflyktningar, ODA-godkjente utgifter, blir redusert med

9 800 000

frå kr 72 552 000 til kr 62 752 000

3690

Utlendingsdirektoratet

3

Reiseutgifter for flyktningar, til og frå utlandet, ODA-godkjente utgifter, blir redusert med

4 100 000

frå kr 13 769 000 til kr 9 669 000

II

Merinntektsfullmakt

Stortinget samtykkjer i at Arbeids- og inkluderingsdepartementet i 2006 kan

Overskride bevilgningen under

mot tilsvarende merinntekter under

kap. 691 post 1

kap. 3691 post 1

III

Tilføying av stikkord

Stortinget samtykjer i at stikkordet:

  • 1. "kan overførast" tilføyes løyving under kap. 651 Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar, post 62 kommunal tiltak for innvandrarar.

  • 2. "kan overførast" tilføyes løyvinga under kap. 670 Nasjonale minoritetar, post 72 Tiltak for rom i statsbudsjettet for 2006.

  • 3. "kan overførast" tilføyes løyvinga under kap. 683 Resurssenter for natur og reindriftstjenester, post 1 Driftsutgiftar i statsbudsjettet for 2006.

Oslo, i kommunal- og forvaltningskomiteen, den 8. desember 2006

Tore Hagebakken

leder

Arild Stokkan-Grande

ordfører