Innstilling fra finanskomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 87/2006 av 7. juli 2006 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2005/60/EF av 26. oktober 2005 om tiltak for å hindre at det finansielle systemet vert nytta til kvitvasking og finansiering av terrorisme

Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Bakgrunn

EØS-komiteen vedtok 7. juli 2006 å endre vedlegg IX til EØS-avtala til å omfatte direktiv 2005/60/EF av 26. oktober 2005 om tiltak for å hindre at det finansielle systemet vert nytta til kvitvasking av pengar og finansiering av terrorisme.

Ettersom gjennomføringa av rettsakta i norsk rett krev lovendring, vart avgjerda i EØS-komiteen teken med atterhald for samtykke frå Stortinget til godkjenning i samsvar med § 26 andre leddet i Grunnlova.

Avgjerda i EØS-komiteen og direktiv 2005/60/EF i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.

1.2 Nærmare om direktivet

I direktiv 2005/60/EF er det fastsett førebyggjande tiltak mot bruk av det finansielle systemet til kvitvasking av pengar og til finansiering av terrorisme. Direktivet byggjer på tidlegare direktiv på dette området, men utvidar tiltaka m.a. i høve til tiltak mot finansie­ring av terrorisme og verkeområdet til direktivet. Direktivet kjem i staden for tidlegare kvitvaskingsdirektiv (direktiv 91/308/EØF og direktiv 2001/97/EF).

Direktivet følgjer opp tilrådingar frå Financial Action Task Force (FATF) om tiltak mot kvitvasking av utbytte (revidert i juni 2003) og delar av dei spe­sielle tilrådingane frå FATF mot terrorfinansiering frå oktober 2001, med samordna gjennomføring og bruk av tilrådingane på fellesskapsnivå. FATF er ein inter­nasjonal organisasjon med deltakarar frå alle OECD-land, medrekna Noreg, og einskilde andre land. Sidan skipinga i 1989 har FATF utarbeidd tilrådingar om tiltak mot kvitvasking av utbytte. Tilrådingane gjeld m.a. identifisering av kundar, og gransking og rapportering av transaksjonar ved mistanke om at transaksjonen er knytt til utbytte frå ei straffbar handling.

På bakgrunn av terroråtaka i USA 11. september 2001 har FATF utvida verkeområdet sitt til å omfatte tiltak mot terrorfinansiering. Føremålet med tilleggstilrådingane er m.a. å hindre at terroristar og støttespelarane deira får tilgang til det internasjonale finansielle systemet, og dessutan å kunne avdekkje kven som står bak innsamling av midlar til terrorføremål. Tilleggstilrådingane gjeld m.a. tiltak for å sikre opplysningar om identiteten til avsendaren ved elektronisk overføring av midlar.

Direktivet inneheld ein ny definisjon av "kvitvasking av pengar" ved at finansiering av terrorisme òg er omfatta.

Tidlegare kvitvaskingsdirektiv krev nasjonal regulering av ei rekkje ulike typar institusjonar, m.a. finansinstitusjonar, kredittinstitusjonar, verdipapirføretak, eigedomsmeklarar, advokatar og revisorar. Etter det nye direktivet skal verkeområdet for nasjonale reglar òg omfatte livsforsikringsmeklarar og tilbydarar av tenester som omfattar hjelp ved etablering eller leiing av selskap og såkalla trustar. Dessutan skal alle fysiske og juridiske personar som handlar med varer og aksepterer betaling i kontantar over ein terskel på 15 000 euro, omfattast. Sett i høve til tidlegare direktiv på dette området opplyser direktivet om endringar i krav til identifikasjon av kundar, m.a. ved at prosedyrane skal gjennomførast på grunnlag av ei risikovurdering. Direktivet opnar for at medlemsstatane kan tillate meir lempelege identifikasjonskrav når det er lågare risiko for kvitvasking av pengar. Det skal nyttast skjerpa identifikasjonskrav når risikoen for kvitvasking vert rekna som stor - som minstekrav i tilfelle der kunden ikkje er fysisk til stades, ved korrespondentbankavtaler mellom ein EØS-institusjon og institusjonar frå tredjestatar (korrespondentbankar er bankar som avtalar at betalingstransaksjonar over landegrensene skal finne stad gjennom overføringar mellom kontoane som dei høvesvise bankane har hos kvarandre) eller overfor samband med utanlandske såkalla politisk utsette personar (dette tyder fysiske personar som har eller har hatt høgtståande offentlege stillingar, familiemedlemmene deira og andre som dei er nært knytte til).

Vidare inneber direktivet at det i nasjonal rett skal stillast krav til å slå fast kven som er den reelle eigaren, og til å forstå selskapskonstruksjonen til kunden.

Etter direktivet skal det setjast i verk føremålstenlege tiltak for å unngå at tilsette og familiane deira vert utsette for truslar etter rapporteringar.

Det skal førast tilsyn med at alle institusjonar og personar som er omfatta av direktivet, stettar krava i direktivet.

EU-kommisjonen har fått fullmakt til å vedta ein­skilde gjennomføringstiltak. Det er skipa ein komité for kvitvaskingsspørsmål som skal hjelpe Kommisjonen i dette arbeidet.

Finansdepartementet har varsla at eit utval vil få i oppdrag å vurdere om det er naudsynt med endringar i kvitvaskingslova og kvitvaskingsforskrifta til gjennomføring av EØS-plikter som svarar til direktiv 2005/60/EF og til gjennomføringsrettsakter som er fastsette av Kommisjonen til utfylling av det nemnde direktivet, og å kome med framlegg til slike naudsynte endringar.

1.3 Tilhøvet til norsk rett

Dei gjeldande reglane om tiltak mot kvitvasking er gjevne i lov av 20. juni 2003 nr. 41 om tiltak mot kvitvasking av utbytte frå straffbare handlingar mv. (kvitvaskingslova) og forskrift av 10. desember 2003 nr. 1487 om tiltak mot kvitvasking av utbytte frå straffbare handlingar mv. (kvitvaskingsforskrifta), som tok til gjelde 1. januar 2004. Desse gjennomfører m.a. det første og andre kvitvaskingsdirektivet til EU, saman med nokre av tilrådingane frå FATF.

Det vil vere naudsynt med visse endringar i gjeldande reglar (lova og forskrifta) for å gjennomføre direktivet. Det vil vere naudsynt å endre krava til kun­deidentifikasjonsprosedyrane, skjerpe identifikasjonskrava når det gjeld politisk utsette personar og å skjerpe krava til gransking av kven som er reell eigar. Det vil òg vere naudsynt med endringar i regelverket for å sikre tilsyn med at alle institusjonar og personar som er omfatta av direktivet, stettar krava i direktivet.

1.4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Gjennomføringa av direktivet vil få nokre økonomiske og administrative konsekvensar for styresmaktene, m.a. ved at det skal førast tilsyn med at alle institusjonar og personar som er omfatta av direktivet, stettar krava i direktivet.

Men etter Finansdepartementet si vurdering krev direktivet ikkje tiltak som vil føre til vesentlege meirkostnader verken for næringslivet eller for styresmaktene.

Det vert lagt til grunn at gjennomføringa av direktivet på nokre punkt vil føre til auka kostnader for næringslivet. Dette gjeld m.a. i høve til reglar om skjerpa krav til kundeidentifikasjon. På den andre sida vil den tilgangen som direktivet gjev til å tillate for­enkla kundeidentifikasjon i tilfelle der risikoen vert rekna som låg, leggje til rette for å avgrense kostnadene for næringslivet.

1.5 Konklusjon og tilråding

Direktivet skal medverke til å hindre at finanssektoren og andre utsette delar av økonomien vert nytta til å kvitvaske utbytte frå straffbare handlingar eller vert nytta i samband med terrorfinansiering. Gjennom førebyggjande tiltak tek direktivet sikte på å motkjempe slik kriminalitet.

Regjeringa rår til at Noreg godkjenner avgjerda i EØS-komiteen om endring av vedlegg IX til EØS-avtala om innlemming av direktiv 2005/60/EF om tiltak for å hindre at det finansielle systemet vert nytta til kvitvasking og finansiering av terrorisme.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Marianne Aasen Agdestein, Rolf Terje Klungland, Torgeir Micaelsen, Reidar Sandal, lederen Karl Eirik Schjøtt-Pedersen og Eirin Kristin Sund, fra Fremskrittspartiet, Gjermund Hagesæter, Ulf Leirstein, Jørund Rytman og Christian Tybring-Gjedde, fra Høyre, Svein Flåtten, Peter Skovholt Gitmark og Jan Tore Sanner, fra Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og Heikki Holmås, fra Kristelig Folkeparti, Hans Olav Syversen, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, og fra Venstre, Lars Sponheim, viser til at EØS-komiteens beslutning nr. 87/2006 av 7. juli 2006 om innlemming i EØS-avtalen av direktiv 2005/60/EF av 26. oktober 2005 om tiltak for å hindre at det finansielle systemet blir benyttet til hvitvasking og finansiering av terrorisme, krever Stortingets samtykke på grunnlag av Grunnloven § 26 annet ledd, jf. EØS-avtalen art. 103. Komiteen har forelagt innstillingsutkastet for utenrikskomiteen, som opplyser at den ikke har merknader til utkastet til innstilling.

3. Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

Stortinget gir samtykke til godkjenning av EØS-komiteens beslutning nr. 87/2006 av 7. juli 2006 om innlemming i EØS-avtalen av direktiv 2005/60/EF av 26. oktober 2005 om tiltak for å hindre at det finansielle systemet blir benyttet til hvitvasking og finansiering av terrorisme.

Oslo, i finanskomiteen, den 30. november 2006

Karl Eirik Schjøtt-Pedersen

leder

Marianne Aasen Agdestein

ordfører