Innstilling fra finanskomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 152/2006 av 8. desember 2006 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2006/70/EF av 1. august 2006 om gjennomføringstiltak for direktiv 2005/60 EF - definisjon av "politisk utsett person" mv.

Til Stortinget

Sammendrag

Innleiing

EØS-komiteen vedtok 8. desember 2006 å endre vedlegg IX til EØS-avtala slik at det òg omfattar direktiv 2006/70/EF av 1. august 2006 om gjennomføringstiltak for direktiv 2005/60/EF, m.a. med definisjon av "politisk utsett person" og tekniske kriterium for prosedyrar rundt forenkla kundeidentifikasjon og for unntak for finansiell verksemd som vert driven sporadisk eller i svært avgrensa omfang. Direktivet gjer det klart kven som er "politisk utsette personar" og kva kundar som representerer låg risiko mv. etter tredje kvitvaskingsdirektivet.

Ettersom gjennomføringa av rettsakta i norsk rett krev lovendring, vart avgjerda i EØS-komiteen teken med atterhald for samtykke frå Stortinget i samsvar med § 26 andre leddet i Grunnlova.

Avgjerda i EØS-komiteen og direktiv 2006/70/EF i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.

Nærmare om direktivet

Direktiv 2005/60/EF om førebyggjande tiltak mot bruk av det finansielle systemet til kvitvasking av pengar og finansiering av terrorisme (tredje kvitvaskingsdirektivet) gjev EU-kommisjonen fullmakt til å fastsetje nærmare reglar til å gjennomføre direktivet på visse område.

I kommisjonsdirektiv 2006/70/EF er det fastsett visse tiltak for gjennomføring av tredje kvitvaskingsdirektivet. Direktiv 2006/70/EF skal gjennomførast i den nasjonale lovgjevinga i medlemsstatane innan 15. desember 2007, dvs. at gjennomføringsfristen er den same som for tredje kvitvaskingsdirektivet.

Etter tredje kvitvaskingsdirektivet vert det stilt særskilte krav til lovgjevinga i medlemsstatane når det gjeld dei rutinane som institusjonar har når dei gjennomfører transaksjonar med og/eller har eit forretningsmessig tilhøve med utanlandske "politisk utsette personar". Overfor slike personar skal institusjonane gjennomføre grundigare kundeidentifikasjon enn det som følgjer av dei alminnelege reglane i direktivet når det gjeld slik identifikasjon. Kommisjonsdirektiv 2006/70/EF definerer kva personar som skal reknast som "politisk utsett person". I direktivet er det fastsett at politisk utsette personar m.a. skal omfatte statsoverhovud, medlemmer av regjering, nasjonalforsamling og høgsterett, høgtståande diplomatar og offiserar, og dessutan ektefellane/sambuarane, foreldra og barna til slike personar.

I tredje kvitvaskingsdirektivet er det fastsett at medlemsstatane kan gjere unntak frå delar av regelverket for kundeidentifikasjon for kundar som representerer ein låg risiko for kvitvasking eller terrorfinansiering. Kommisjonsdirektiv 2006/70/EF gjev nokre tilfelle der kunden skal reknast for å utgjere ein låg risiko. Som døme på dette nemner direktivet visse offentlege styringsorgan, visse juridiske personar som er under tilsyn og visse produkt som på førehand er avgrensa til ein sum på 15 000 euro.

Tredje kvitvaskingsdirektivet tillèt at medlemsstatane kan avgjere at visse institusjonar som driv finansiell verksemd av sporadisk eller svært avgrensa omfang, ikkje skal vere omfatta av direktivet. Kommisjonsdirektivet fastset nærmare kriterium for kva som skal reknast som sporadisk og svært avgrensa omfang. Den finansielle verksemda må m.a. vere avgrensa både i høve til den samla verksemda og med omsyn til den einskilde transaksjonen. Nasjonale styresmakter må fastsetje ei grense for kva summar den finansielle verksemda ikkje skal overstige. Den finansielle verksemda skal dessutan vere direkte knytt til hovudverksemda, og skal berre vere eit tilbod til hovudverksemda sine kundar.

Avgjerda i EØS-komiteen

Etter avgjerd i EØS-komiteen nr. 152/2006 av 8. desember 2006 skal vedlegg IX til EØS-avtala endrast.

Avgjerd i EØS-komiteen nr. 152/2006 av 8. desember 2006 inneheld ei innleiing og fire artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala og særleg artikkel 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.

Artikkel 1 slår fast at i vedlegg IX til EØS-avtala etter nr. 23b (europaparlaments- og rådsdirektiv 2005/60/EF) skal nytt nr. 23a lyde:

"23ba. 32006 L 0070: Kommisjonsdirektiv 2006/70/EF av 1. august 2006 om fastsetjing av gjennomføringstiltak for europaparlaments- og rådsdirektiv 2005/60/EF med omsyn til definisjonen av "politisk utsett person" og dei tekniske kriteria for forenkla framgangsmåtar for kundekontroll og for unntak i tilfelle der finansiell verksemd vert driven tilfeldig eller i svært avgrensa omfang (EUT L 214 av 4.8.2006, s. 29)."

Artikkel 2 fastset at teksta til direktiv 2006/70/EF på islandsk og norsk, som vil verte kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen, skal vere gyldig.

Artikkel 3 slår fast at avgjerda tek til å gjelde 9. desember 2006, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala.

Artikkel 4 slår fast at avgjerda i EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.

Tilhøvet til norsk rett

Reglar om tiltak mot kvitvasking av pengar og finansiering av terrorisme er gjevne i lov av 20. juni 2003 nr. 41 om tiltak mot kvitvasking av utbytte frå straffbare handlingar mv. (kvitvaskingslova) og forskrift av 10. desember 2003 nr. 1487 om tiltak mot kvitvasking av utbytte frå straffbare handlingar mv. (kvitvaskingsforskrifta), som tok til å gjelde 1. januar 2004. Lova og forskrifta gjennomfører det første og andre kvitvaskingsdirektivet til EU, og dessutan nokre av tilrådingane som er fastsette av den internasjonale organisasjonen Financial Action Task Force (FATF).

Det gjeldande regelverket inneheld ikkje føresegner som definerer "politisk utsett person". Det vil vere naudsynt å fastsetje eit særskilt lovgrunnlag for å gjennomføre kommisjonsdirektivets føresegner om dette.

Økonomiske og administrative konsekvensar

For institusjonar som pliktar å utføre kundeidentifikasjon, medverkar direktivet til å klargjere kva personar som skal reknast som politisk utsette personar etter tredje kvitvaskingsdirektivet. Direktivet opnar òg for at det i norsk rett kan innførast unntak frå delar av regelverket om kundeidentifikasjon. Det vert difor lagt til grunn at direktivet kan føre til økonomiske og administrative innsparingar både for visse næringsdrivande og for styresmaktene.

Konklusjon og tilråding

Etter Finansdepartementet si vurdering er det føremålstenleg med fellesskapsreglar som gjer det klart kven som er "politisk utsette personar" og kva kundar som representerer låg risiko etter tredje kvitvaskingsdirektivet.

Finansdepartementet tilrår at Noreg godkjenner avgjerda i EØS-komiteen om endring i vedlegg IX til EØS-avtala ved innleming av direktiv 2006/70/EF av 1. august 2006 om gjennomføringstiltak for direktiv 2005/60 EF når det gjeld definisjon av "politisk utsett person" og tekniske kriterium for prosedyrar rundt forenkla kundeidentifikasjon og for unntak for finansiell verksemd som vert driven sporadisk eller i svært avgrensa omfang.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Marianne Aasen Agdestein, Espen Torsteinsbø Hansen, Alf E. Jakobsen, Rolf Terje Klungland, Torgeir Micaelsen og lederen Reidar Sandal, fra Fremskrittspartiet, Gjermund Hagesæter, Ulf Leirstein, Jørund Rytman og Christian Tybring-Gjedde, fra Høyre, Svein Flåtten, Peter Skovholt Gitmark og Jan Tore Sanner, fra Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og Heikki Holmås, fra Kristelig Folkeparti, Hans Olav Syversen, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, og fra Venstre, Lars Sponheim, viser til at EØS-komiteens beslutning nr. 152/2006 av 8. desember 2006 om innlemming i EØS-avtalen av direktiv 2006/70/EF av 1. august 2006 om gjennomføringstiltak for direktiv 2005/60 - definisjon av "politisk utsett person" mv. krever samtykke fra Stortinget på grunnlag av Grunnloven § 26 annet ledd og EØS-avtalen art. 103. Komiteen har forelagt innstillingsutkastet for utenrikskomiteen, som i uttalelse av 7. juni 2007 opplyste at den ikke hadde merknader til innstillingsutkastet.

Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag.

Komiteens tilråding

Komiteen viser til proposisjonen og til det som står foran, og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

Stortinget samtykker i godkjennelse av EØS-komiteens beslutning nr. 152/2006 av 8. desember 2006 om innlemming i EØS-avtalen av direktiv 2006/70/EF av 1. august 2006 om gjennomføringstiltak for direktiv 2005/60 - definisjon av "politisk utsett person" mv.

Oslo, i finanskomiteen, den 8. juni 2007

Reidar Sandal

leder

Svein Flåtten

ordfører