Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1.5 Riksrevisjonens uttale

Riksrevisjonen vil understreke at Fornyings- og administrasjonsdepartementets overordna ansvar som etatsstyrar inneber å sjå til at det er samsvar mellom embetas oppgåver og ressursar. Granskinga syner at enkelte embete er nøydde til å saldere det ordinære budsjettet ved hjelp av midlar frå ekstern finansiering for å løyse ordinære oppgåver. Departementet har gjort korrigerande omposteringar over fleire år, og Riksrevisjonen stiller derfor spørsmål om Fornyings- og administrasjonsdepartementet har lagt opp til ei realistisk budsjettering.

Ei omfattande oppgåveportefølje og lite realistisk budsjettering gjev behov for stramme prioriteringar i embeta. Granskinga syner at dette fører til at ein ikkje når dei måla som er sett på enkelte resultatområde, som for eksempel utviklingsoppgåver innanfor samfunnstryggleik og beredskap og oppgåver under Sosial- og helsedirektoratets embetsoppdrag. I ein strammare ressurssituasjon har fylkesmannsembeta prioritert oppgåvene knytt til rettstryggleik. I nokre tilfelle har embeta også vore nøydde til å prioritere innanfor rettstryggleiksoppgåvene. I slike tilfelle har det å nå måla med omsyn til klagesaksbehandling gått føre tilsynsoppgåver. Ifølgje Fornyings- og administrasjonsdepartementet stemmer ikkje nedprioriteringa av samfunnstryggleik og beredskap med tilbakemeldingane frå fagdepartementa. I granskinga seier Justisdepartementet at dei i liten grad hentar inn informasjon som kan belyse fylkesmannsembetas arbeidsbelasting og i kva grad dei når måla på justisområdet. Riksrevisjonen meiner dette tyder på at styringsinformasjonen på justisområdet er mangelfull.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet opplyser at departementets budsjettproposisjon skal vere så generell og kortfatta som mogleg, mens den faglege delen av rapporteringa skal finnast i dei ulike fagproposisjonane. Riksrevisjonen er samd i at budsjettproposisjonane skal vere kortfatta og oversiktlege. Som etatsstyrar har Fornyings- og administrasjonsdepartementet, etter Riksrevisjonens vurdering, ansvar for at informasjonen i St.prp. nr. 1 faktisk syner om måla er nådd på sentrale resultatområde for ulike sektorar, og at proposisjonen har nok informasjon til å spegle embetas reelle prioriteringar. Fornyings- og administrasjonsdepartementets St.prp. nr. 1 må kunne gje ein tilstrekkeleg heilskapleg presentasjon av prioriteringar og i kva grad måla er nådd, slik at det er mogleg for løyvande styresmakter å fastsetje ei rett løyving for embeta i forhold til deira oppgåver.