Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Riksrevisjonen peika på, i samband med gjennomgangen av Forsvarets rekneskap for 2004, at det var avdekt eit avvik i inngåande balanse for 2004 som det ikkje var gjort greie for, og at mellomverande med statskassen difor ikkje var korrekt. I samband med omlegginga til nytt lønns- og rekneskapssystem i Forsvarets militære organisasjon, vart det difor gjort ei avstemming av rekneskapen i 2004. Det vart fastsett ein ny inngåande teknisk balanse for 2004 på 71,6 mill. kroner. Utgåande balanse i statsrekneskapen for 2003 var på 280,2 mill. kroner. Det oppstod difor ein differanse på 208,6 mill. kroner, som Forsvaret teknisk sett skuldar statskassen.
I samband med dette syner ein til Innst. S. nr. 240 (2004-2005), St.prp. nr. 65 (2004-2005) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden for 2005. Stortinget gav fullmakt til at Forsvarets mellomverande med statskassen (gjeld til statskassen) vart avskriven med 208,6 mill. kroner mot forskyving i balansen.
Den aktuelle posteringa i statsrekneskapen er ikkje gjort, og det er seinare avdekt at differansen som på dette tidspunkt vart rekna ut, er feilaktig. Det korrekte uidentifiserte rekneskapstekniske avviket er på 351,8 mill. kroner. Feilen gjeld ein forteiknsfeil som vist under.
(i kroner) | ||
Feilaktig | Korrekt | |
UB 2003 | 280 206 482,00 | 280 206 482,00 |
IB 2004 | 71 580 792,93 | -71 580 792,93 |
Differanse | 208 625 689,07 | 351 787 274,93 |
Forsvaret har hausten 2007 gjennomgått inngåande behaldning for 2004. Gjennomgangen har medført at det uidentifiserte rekneskapstekniske avviket er redusert til 346 mill. kroner.
Forsvarets militære organisasjon gjorde, i samband med overgangen til nytt rekneskapssystem, eit grundig arbeid med å identifisere og fastsetje ny inngåande balanse for 2004. Mange tiltak vart gjennomført for å oppklare avviket, og rekneskapen vert no månadleg avstemt for å hindre tilsvarande differansar i framtida.
I samband med Riksrevisjonens revisjon av årsoppgjeret for 2006, vart det avdekt endå fleire rekneskapstekniske avvik i Forsvarets rekneskap. Avviket er dokumenterbart og utgjer totalt 16,9 mill. kroner. Avviket skuldast at ein har brukt rekneskapsprinsipp som har medført feil inntektsføring av ubetalte inntektskrav. Av dette gjeld 3,7 mill. kroner forhold før 2004, medan 13,2 mill. kroner gjeld avvik som har oppstått i det nye rekneskapssystemet knytte til rutinar for rekneskapsføring av refusjonar. Rutinane på dette området er no endra.
På denne bakgrunnen foreslår Regjeringa at Forsvarets mellomverande med statskassen vert avskriven med 363 mill. kroner mot konto for forskyving i balansen. Forsvarets mellomverande med statskassen kjem med dette i samsvar med inngåande balanse 2007 for Forsvarets militære organisasjon, jf. romartalsvedtak.