Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1.5 Uttale frå Riksrevisjonen

Kommunal- og regionaldepartementet er samd med Riksrevisjonen i at tilbodet til dei vanskelegstilte på bustadmarknaden ikkje er godt nok. Riksrevisjonen meiner at verkemidla ikkje har fungert tilfredsstillande når det gjeld dei bustadpolitiske måla. Departementet peikar på at dei oppgåvene som ikkje er løyste må takast alvorleg, og at det difor er nødvendig med eit sterkt nasjonalt fokus.

Riksrevisjonen understrekjer at verkemidla ikkje fungerer godt nok, og at ein del vanskelegstilte ikkje vert fanga opp av dei ulike ordningane. Riksrevisjonen meiner at departementet i si styring av området må vurdere om verkemidla, både samla sett og kvar for seg, fører til at måla vert nådde. Dette vil vere nødvendig for å sikre at vanskelegstilte på bustadmarknaden får tilstrekkeleg hjelp.

Riksrevisjonen understrekjer at god kunnskap om kven dei vanskelegstilte på bustadmarknaden er, storleiken på denne gruppa og kven som ikkje vert omfatta av verkemidla, er nødvendig for å kunne målrette bruken av dei. Samla sett har ikkje forsking og offentleg statistikk så langt gitt nok kunnskap om dette. Riksrevisjonen meiner at det er behov for å arbeide meir systematisk med kunnskapsgrunnlaget.

På same vis som Riksrevisjonen ser departementet alvorleg på problema med at mange vanskelegstilte ikkje får vedtak på søknader om kommunal bustad, og at ein del kommunale bustader har lite tenleg standard og bumiljø. Riksrevisjonen har merka seg at Husbanken skal gå meir aktivt ut til dei kommunane der dette er eit problem og ventar at Kommunal- og regionaldepartementet følgjer opp dette arbeidet.

Husbanken har dei siste åra vore gjennom ei omlegging frå å vere ein finansieringsinstitusjon til å verte eit kompetansesenter for bustadsosialt arbeid med ansvar for rettleiing overfor kommunane. Undersøkinga syner at Husbanken framleis står overfor store utfordringar når det gjeld å ta vare på rolla som pådrivar og å vere ein institusjon som legg til rette og formidlar kunnskap. Riksrevisjonen meiner det er nødvendig at Husbanken både utviklar denne rolla vidare og styrker innsatsen på det bustadsosiale området.