1.1 Innleiing

Regjeringa legg med dette fram ei stortingsmelding om norsk sjøpattedyrpolitikk. Den førre meldinga om sjøpattedyrpolitikk vart lagd fram 19. mars 2004 av regjeringa Bondevik II i St.meld. nr. 27 (2003–2004) Norsk sjøpattedyrpolitikk. Grunngjevinga for å leggje fram ei ny melding no er i hovudsak Stortinget sitt ønskje om dette i samband med behandlinga av meldinga i 2004, jf. det samrøystes vedtaket i Stortinget 18. mai 2004. I St.meld. nr. 27 (2003–2004) vart det teke til orde for ei meir aktiv forvaltning av sjøpattedyr gjennom å styrkje vernet av trua og sårbare bestandar, auke utnyttinga av bestandar det kan haustast av og førebu overgangen til økosystembasert forvaltning av dei levande marine ressursane, der også sjøpattedyr skulle vurderast som komponentar i økosystem som det kan haustast frå.

1.1.1 Oppfølging av Stortinget sine vedtak og varsla tiltak

Arbeidet til regjeringa med sjøpattedyrpolitikken kviler i hovudsak på to pilarar; å drive seriøst vitskapleg arbeid og å følgje folkeretten. Noreg følgjer dei folkerettslege pliktene sine til internasjonalt samarbeid om forsking og forvaltning av kval og sel ved å delta i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen – IWC, Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen – NAMMCO og i Det internasjonale råd for havforsking – ICES.

Ei bærekraftig hausting av dei levande marine ressursane byggjer på prinsippa nedfelt i ei økosystembasert forvaltning. I dette ligg blant anna bevaring av biologisk mangfald på lang sikt og at det kan verta hausta av livskraftige bestandar.

Fangst av sel og kval er tradisjonsrike næringar i norske havområde. Eit ansvarleg uttak av sjøpattedyr kan også ha gunstig verknad for den totale utnyttinga av andre marine ressursar. Samtidig er sjøpattedyra ikonar med stor symbolverdi for natur- og dyrevern.

Innanfor EU er det fremma forslag om å innføre forbod mot omsetning, import og transitt av skinn og andre produkt frå selfangst. Om dette forbodet trer i kraft, vil rammevilkåra for norsk selfangstnæring bli betydeleg endra. EUs eventuelle forbod vil også reise spørsmål knytt til ein eventuell WTO-prosess.

1.2 Kvalfangstnæringa

Den norske forvaltninga av kval er, som forvaltninga vår av dei andre ressursane i havet, tufta på FNs havrettskonvensjon. Kvalforvaltninga er basert på den best tilgjengelege vitskaplege kunnskapen og på Den internasjonale kvalfangstkommisjonen – IWC.

1.2.1 Vågekval

Kvart femte år blir det gjennomført ei vitskapleg vurdering av vågekvalbestanden i regi av vitskapskomiteen i IWC. Resultatet av denne evalueringa dannar grunnlaget for norske forvaltningstiltak i neste femårsperiode. Under møtet i vitskapskomiteen i 2008 var det ein gjennomgang der all ny kunnskap vart oppsummert og drøfta. Den norske delegasjonen presenterte eit forslag til nytt bestandsestimat basert på teljingane for perioden 2002–2007. Det nye estimatet er 103 000 dyr for totalområdet, 79 000 for den austlege delen og 24 000 for Jan Mayen-området. Det står att noko utrekningsarbeid før estimatet kan godkjennast for bruk i IWC sin reviderte forvaltningsprosedyre, RMP.

1.2.2 Andre kvalartar

I Nordaust-Atlanteren har vi om lag 20 kvalartar som har tilpassa livssyklusen sin på ulike måtar til forholda i området. I dag blir eit fåtal grønlandskval observerte i dei nordlege, isfylte områda våre. Det er sett i gang forsking for å kartleggje bestandsidentiteten til desse kvalane. Resultata av denne forskinga vil bli ein del av dei framtidige forvaltningstiltaka.

Av dei vandrande artane har vi bardekvalane av finnkvalgruppa som forutan vågekval omfattar blåkval, finnkval og knølkval. I tillegg har vi tannkvalartane nebbkval og spermkval. Med unntak av vågekvalen er det i dag truleg ikkje bestandsmessig grunnlag etter RMP for fangst på nokon av dei andre store vandrande kvalartane i norske farvatn. Stortinget ber i vedtaket sitt om at det blir vurdert å opne for forskingsfangst på andre kvalartar enn vågekval. Svaret frå regjeringa er at Noreg ikkje bør gå i gang med forskingsfangst av andre kvalartar.

1.2.3 Førebuing til økosystembasert forvaltning av kval

Dei store kvalane er viktige i økosystemet, blant anna fordi dei utgjer ein stor biomasse, sjølv om dei er heller få i talet. Fleire av kvalartane i norske område er ikkje næringsspesialistar. Det vil seie at dei kan veksle mellom fleire byttedyr. Det blir dermed viktig å forstå korleis dietten til kvalane endrar seg med skiftande tilgang på byttedyr. Det er også viktig å forstå korleis fiskeria verkar inn på kvalbestandane. Fiskeria kan påverke kvalane indirekte ved å konkurrere om same byttedyr.

1.2.4 Forvaltning av kvalfangsten

Engasjementet til regjeringa i kvalsaka kviler i hovudsak på to pilarar: Hausting av dei levande marine ressursane våre basert på vitskapleg dokumentasjon og å følgje folkeretten. Dette utgangspunktet, som Noreg har følgt konsekvent i den moderne ressursforvaltninga vår, har gitt Noreg truverd som forvaltar av dei levande marine ressursane.

Noreg følgjer dei folkerettslege pliktene sine til internasjonalt samarbeid om forvaltning av kval gjennom å delta i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen, IWC, men IWC fungerer ikkje i dag etter føremålet sitt. Organisasjonen er låst fast av politiske motsetnader. På IWCs 60. årsmøte framstod EU–landa som éi blokk, med eitt felles mandat for forhandlingane. EUs 23 medlemsland i IWC kan dermed ikkje stemme fritt i kvalfangstkommisjonen, og EU vil med dette kunne blokkere alle vedtak. Dersom IWC også i framtida viser seg å vere handlingslamma som forvaltningsorganisasjon, vil Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen, NAMMCO, kunne vere eit alternativ, i samsvar med Havrettskonvensjonen sine føresegner, for å søkje internasjonale råd om fangstkvotar. Årsmøtet i 2009 vil truleg bli avgjerande for IWC sin framtidige funksjon som forvaltningsorganisasjon.

Noreg har under skiftande regjeringar fastsett kvotane for norsk fangst av vågekval på bakgrunn av det regelverket som IWC sin vitskapskomité har tilrådd. Kvoten for 2009 vart fastsett til 885 vågekval, av dette ein felleskvote på 750 i dei kystnære småområda. Vågekvalfangsten føregår i Norsk økonomiske sone, i Fiskevernsona ved Svalbard, i Fiskerisona ved Jan Mayen og i internasjonalt farvatn (Smotthavet). 30 fartøy hadde i 2008 konsesjon (løyve) for kvalfangst.

Dei seinare åra har ikkje den norske kvalfangsten vekt nemnande interesse i den internasjonale opinionen. Det er ro rundt norsk kvalfangst, og det er grunn til å tru at dette langt på veg kan forklarast med at Noreg understrekar så sterkt det vitskaplege grunnlaget for forvaltninga.

Kvalprodukta blir i all hovudsak selde på innanlandsmarknaden i form av kvalkjøt. Næringa er subsidiefri, men lønnsemda er noko svekka.

Det er berre Færøyane, Island, Japan, Peru og Noreg som lovleg kan handle med produkt av vågekval. Sidan både Færøyane og Island har eigen kvalfangst, og desse marknadane uansett er svært små, er den japanske marknaden den einaste som betyr noko utanfor Noreg.

1.2.5 Regjeringa sine konklusjonar og tilrådingar

Regjeringa har sett i verk tiltak for å nå dei måla som det vart gjort greie for i St.meld. nr. 27 (2003–2004). Regjeringa sine konklusjonar om status for framdrifta og tilrådingar om ytterlegare tiltak er følgjande:

  • Bestanden av vågekval blir overvaka i samsvar med protokoll utarbeidd som ein del av IWCs forvaltningsprosedyre (RMP) og kvotane blir fastsette etter ein prosedyre utarbeidd av IWCs vitskapskomité.

  • Ein elektronisk metode for fangstovervaking er utvikla og innført på alle fangstskutene.

  • Regjeringa vurderer løpande kva organisasjon som er tenleg å nytte i det internasjonale samarbeidet om forvaltninga av kval.

  • Det blir arbeidd kontinuerleg med å skape kunnskapsgrunnlag og regelverk for økosystembasert kvalforvaltning.

  • Overvaking av bifangst av kval i norske fiskeri skal vidareførast, og eventuelle behov for avbøtande tiltak blir vurdert løpande.

1.3 Selfangstnæringa

1.3.1 Grønlandssel

Med Vestisen meiner vi i hovudsak drivisområda i fiskerisona ved Jan Mayen og i havområda ved Jan Mayen utanfor Grønlands økonomiske sone og sørvest av Svalbard, og i tilgrensande område i Grønlands økonomiske sone og Islands økonomiske sone. I 2007 vart det gjennomført ny teljing og modellering av bestanden i Vestisen. Totalbestanden i 2007 vart rekna til 756 200 dyr, fordelt på 109 800 ungar og 646 400 eitt år gamle og eldre dyr.

Med Austisen meiner vi områda aust for 20° aust i Russlands økonomiske sone. Fem uavhengige russiske teljingar av ungeproduksjonen mellom 1998 og 2003 er nytta i modelleringa av bestanden. Dette viser ein produksjon i 2005 på 361 000 ungar og ein bestand av eitt år gamle og eldre dyr på 2 065 000. Alle teljingar etter 2003 tyder på ein betydeleg reduksjon i ungeproduksjonen. Under forhandlingane i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen i St. Petersburg i oktober 2007 vart det bestemt at grønlandssel i Austisen/Kvitsjøen skulle setjast til 55 000 eitt år gamle og eldre dyr der 2,5 ungar balanserer éin eldre sel.

1.3.2 Klappmyss i Vestisen. Bestand og uttak

To nyare teljingar (1997 og 2005) viste ein nedgang på nærare 40 pst. i ungeproduksjonen frå 1997 (om lag 24 000 ungar) til 2005 (om lag 15 200). På denne bakgrunnen har det heller ikkje for sesongane 2008 og 2009 vore opna for fangst av klappmyss.

1.3.3 Aktuelle prinsipp og data for framtidig forvaltning av ishavssel

St.meld. nr. 27 (2003–2004) Norsk sjøpattedyrpolitikk har som berande prinsipp at det ikkje skal vere høve til fangst på nokre bestandar utan at det ligg føre estimat for kor stor bestanden er.

ICES har foreslått å klassifisere selbestandar etter kor gode bestandsdata som ligg føre. Det vil seie at bestanden kan klassifiserast som data-rik. Dersom bestanden ikkje er data-rik, foreslår ICES eit meir varsamt regelverk. For tida oppfyller verken klappmyss i Vestisen eller grønlandssel i Vestisen og Austisen krava til å bli klassifisert som data-rik.

I kjølvatnet av St.meld. nr. 27 (2003–2004) sette Fiskeridirektoratet ned ei arbeidsgruppe. Gruppa skisserte ein mogleg forvaltningsmodell for ishavssel og brukte bestanden av grønlandssel i Vestisen som eksempel. Norske styresmakter bad ICES vurdere den foreslegne forvaltningsstrategien. ICES konkluderte med at så lenge grønlandsselbestanden i Vestisen blir klassifisert som data-fattig, så er ikkje strategien aktuell.

1.3.4 Økonomiske rammevilkår og deltaking i fangsten

1.3.4.1 Fangstresultat og deltaking

Den norske selfangsten etter ishavssel i Austisen og Vestisen er etter 2004 førd vidare etter følgjande to hovudprinsipp:

  • Auka lønnsemd slik at det blir attraktivt å drive selfangst.

  • Auka fangst ut frå eit fleirbestandsperspektiv (økosystembasert forvaltning).

Det har vore brukt ulike typar verkemiddel for å nå desse måla, men også etter 2004 har det vore nødvendig å tilføre næringa betydelege offentlege midlar som følgje av svak lønnsemd. Utbetalt tilskot har variert mellom 11,1 mill. kroner og 15,9 mill. kroner, medan talet på fangsta dyr har variert mellom 1 263 og 21 497. I 2009 har tre fartøy delteke i selfangsten i Vestisen. Førebelse tal viser at fartøya har fangsta 8 437 sel.

M.a. som følgje av at fleire fartøy er gamle og ikkje optimalt utrusta for selfangst, har departementet sett arbeidet med å opprette ei konsesjonsordning på vent. Departementet regulerer difor framleis kva fartøy som kan delta i fangsten gjennom ei årleg forskrift om tilgang til å delta i fangst av sel i Vestisen og Austisen. Forskrifta stiller krav om løyve for å delta og fortel kva vilkår som må oppfyllast for å kunne få tildelt løyve.

1.3.4.2 Ordningar for stønad til produktutvikling og investeringar for effektivisering om bord på fartøya

Produktutvikling er ein føresetnad for å skape ei lønnsam selnæring så framt det finst ein marknad som er villig til å betale tilstrekkeleg god pris for dei produkta som blir utvikla. Per i dag har det vore gjort ei rekkje nyvinningar med utvinning av selolje. Framveksten av seloljeindustrien blir rekna som ei av dei største suksesshistoriene knytt til utnyttinga av selråstoff. I 2009 er det gitt tilsegn om 295 000 kroner til eit forprosjekt for auka kommersiell utnytting av selskinn.

1.3.4.3 Rapport frå arbeidsgruppe

I 2005 sette Fiskeridirektoratet ned ei arbeidsgruppe som skulle komme med forslag til korleis lønnsemda for selfangstfartøya kunne komme på eit tilfredsstillande nivå gjennom endring av rammevilkåra. Konklusjonen til arbeidsgruppa er at for å nå målet om ein berekraftig og bedriftsøkonomisk fangst er ein langsiktig avgiftsfinansiert selfangst det beste alternativet. Sidan arbeidsgruppa ikkje stod samla bak framlegga i rapporten, og næringa gjennom Norges Fiskarlag si høyringsfråsegn har understreka at framlegga ikkje er nokre eigna løysingar, har regjeringa valt å ikkje følgje opp dei foreslegne tiltaka.

1.3.4.4 Vurderingar

Resultata frå fangsten dei siste fem åra viser at norsk selfangstnæring, trass i betydelege statlege overføringar og satsingar, framleis er ulønnsam og avhengig av offentlege tilskot. Regjeringa sitt overordna mål er at det skal haustast berekraftig av alle dei marine ressursane, medrekna også selbestandar i god stand. Regjeringa har det siste tiåret vridd selfangststønaden i retning av ein meir verdibasert stønad, men likevel er resultatet nedslåande. På denne bakgrunn må det stillast spørsmål ved om selfangsten i Vestisen har så mykje å seie at han framleis skal subsidierast.

Regjeringa legg til grunn at det likevel er sterke omsyn som talar for at Noreg framleis bør leggje til rette for selfangst i Vestisen. Sel utgjer ein ressurs som kan og bør utnyttast. Selen er eit betydeleg element i økosystemet som det bør haustast av. Norsk selfangstnæring har kunnskap og erfaring som bør haldast ved like, utviklast og vidareførast til nye generasjonar. Det er framleis ein viss marknad for sel og produkt av sel, og når det gjeld helseprodukt, er det interessante moglegheiter for utvikling, jf. kapittel 5 i meldinga.

Regjeringa ønskjer på denne bakgrunn å oppretthalde stønadsordningar til fangst i Vestisen. Regjeringa ønskjer vidare å gi stønad til samarbeidsprosjekta med Russland i Austisen dersom dei kjem i gang igjen.

1.3.5 Handel med selprodukt

1.3.5.1 EU-marknaden for selprodukt

Forbod mot selfangst er ei merkesak for ulike interessegrupper i Europa. Motstanden kjem m.a. til uttrykk gjennom vedtak i Europarådet, Europaparlamentet (EP) og på nasjonalt nivå. Motstandarane sitt hovudargument for eit forbod er at fangstmetodane påfører selen uakseptabel smerte, angst og anna liding. Kritikken er særleg retta mot bruk av slagvåpen som hakapik etc.

Europakommisjonen la 23. juli 2008 fram eit forslag til forordning om handel med selprodukt som svar på framlegget frå Europaparlamentet. Kompromissforhandlingar mellom parlamentet, Rådet og Kommisjonen har ført til einigheit om eit de facto forbod mot import av selprodukt til EU.

EU betyr først og fremst noko som transittområde for den internasjonale handelen med selskinn. EU blir også vurdert som ein potensielt viktig marknad for helseprodukt av selolje. Vi må gå ut frå at EU-marknaden vil bli lukka for kommersiell omsetting av eksisterande og framtidige selprodukt som for eksempel selolje. Regjeringa legg stor vekt på dei prinsipielle sidene av denne saka og vil følgje opp eit eventuelt forbod i høve til WTO.

1.3.6 Regjeringa sine konklusjonar og tilrådingar

Bestandsovervaking og ‑forvaltning

  • Det er gjennomført teljing av bestandane i Vestisen i 2006 og 2007. Resultata er innarbeidde i råd om kvotefastsetjing.

  • Utkast til forvaltningsplanar med langsiktige mål for bestandsutviklinga er utarbeidd og lagt fram for evaluering av ICES.

  • Grønlandsselen i Vestisen er truleg på sitt maksimale nivå, og bestandstilveksten er stoppa opp.

  • Fangstane av klappmyss har vore små dei seinare åra, og den siste halveringa av ungeproduksjonen kjem truleg ikkje av fangsten.

  • For klappmyss, der bestanden truleg berre er om lag 5–6 pst. av opphavleg storleik, skal fredinga vidareførast til bestanden viser gjenvekst.

  • Overvakning av storleiken på bestandane og reproduksjonsevna skal vidareførast slik at bestandane av grønlandssel og klappmyss i Vestisen kan klassifiserast som data-rike etter terminologien nytta av ICES.

  • Arbeidet med innsamling av data for bruk i økosystembasert forvaltning skal vidareførast og styrkast.

  • Det er eit mål å halde oppe selfangsten i Vestisen.

  • Stønaden til selfangsten skal rettast mot prosjekt som gir størst mogleg avkastning i form av lønnsemd og økosystembasert verknad.

Økonomiske rammevilkår

  • Den økonomiske stønaden frå staten har teke sikte på å leggje til rette for ei lønnsam næring ved støtte til produktutvikling, vidareforedling og investeringar i fangsteffektiviserande tiltak.

  • Resultata frå den norske selfangsten dei siste fem åra viser at næringa framleis er ulønnsam og avhengig av offentleg stønad.

  • Stønaden til selfangst i Austisen skal vidareførast i form av støtte til samarbeidsprosjekt med russiske selskap for auka uttak av sel i Austisen dersom dette igjen blir aktuelt. Eventuell stønad til samarbeidsprosjekt må sjåast i lys av utviklinga i rammevilkåra på russisk side.

Handel med selprodukt

  • Regjeringa vil motarbeide EUs foreslegne forordning. Det er vedteke at Noreg skal be om tvisteløysingskonsultasjonar i WTO så snart som forordninga er formelt vedteke i Ministerrådet i EU.

1.4 Forvaltning av kystsel

Vi reknar havert og steinkobbe som kystsel, og dei lever året rundt i koloniar spreidde langs norskekysten. Historisk har kystsel vore ein ettertrakta ressurs. Frå og med 1997 vart det innført krav om registrering av jegerar og plikt til innrapportering av fangst. Samtidig vart det innført ei ordning med årlege kvotar og jakttider. Frå og med 2003 vart det etablert ei ordning med utbetaling av kompensasjon for innsending av kjevar frå felling av kystsel. Formålet var å bidra til å sikre at kvotane vart tekne og samstundes få samla inn biologisk materiale som grunnlag for sel-forsking.

Frå 1996 er det etablert standardisert metodikk for overvakning av kystsel. Dei første landsdekkjande teljingane av både havert og steinkobbe med standardisert, moderne metode vart gjennomført av Havforskingsinstituttet i 1996–1999 og resulterte i eit overslag på 4 400 havertar og 7 500 steinkobbar. I 2003–2006 vart det gjennomført ei ny landsdekkjande teljing av steinkobbe med same metode som resulterte i eit overslag på om lag 6 700 dyr. Nye teljingar av havert vart gjennomført hausten 2008. Førebels resultat tyder på ein årleg vekst på om lag 3,3 pst. dei siste 10 åra.

1.4.1 Forholdet til fiskeria

Kystsel vekkjer sterke negative reaksjonar mange stader i Noreg. Lokalt kan kystselen opplevast som eit problem og ei plage med konsekvensar for livskvalitet og yrkesutøving. Dette er omsyn som må balanserast mot pliktene våre knytt til langsiktig, berekraftig og heilskapleg forvaltning av det marine livet. Det føreset samarbeid mellom fiskerinæringa og forskinga, og i forvaltninga vil det bli gjort endå meir for å få dette til.

1.4.2 Forvaltningsplanar

Havforskingsinstituttet vil i 2009 utarbeide forslag til forvaltningsplanar for kystselartane. Utkast til forvaltningsplanar vart lagt fram for Sjøpattedyrrådet 22. oktober 2008. Rådet sa seg einig i utkasta og tok til etterretning at hovudkonklusjonane i forvaltningsplanane får ei politisk behandling ved framlegginga av denne meldinga.

1.4.3 Regjeringa sine konklusjonar og tilrådingar

Regjeringa sine konklusjonar om status for framdrifta og tilrådingar om ytterlegare tiltak er mellom anna:

  • Arbeidet med forvaltningsplanar med langsiktige forvaltningsmål og strategiar som utløyser tilpassa tiltak er i sluttfasen og vil bli ferdigstilt etter at Stortinget har behandla denne meldinga.

  • Regjeringa tilrår ei tilpassing av steinkobbekvotane slik at bestanden stabiliserer seg på det nivået han hadde i 2006.

  • Regjeringa foreslår høgre uttak slik at havertbestanden blir redusert og stabilisert på eit nivå som tilsvarar at 1200 ungar blir registrerte årleg.

  • Bestandteljingar med standard metode og overvaking av reproduksjon til kystselen blir styrka.

  • Overvaking av bifangst av kystsel i norske fiskeri skal vidareførast.

  • Genetisk samansetning av steinkobbeførekomstane må kartleggjast.

  • Fiskeri- og havbruksnæringa blir oppmoda om å samarbeide med forskarane om å konkretisere skadar kystselen påfører fiskeri- og havbruksnæringa og om metodar for å måle omfang og utbreiing av desse skadane.

  • Når arbeidet med forvaltningsplanar er sluttført, skal det etablerast mekanismar for internasjonal evaluering av det vitskaplege grunnlaget for forvaltningsråda. Det er ei utgreiing i gang om ICES og NAMMCO er moglege fora for slik evaluering.

1.5 Forskings- og rådgivingsbehov

1.5.1 Forskingsbehov

Regjeringa legg til grunn at dei viltlevande marine ressursane skal forvaltast på ein heilskapleg, ansvarleg og langsiktig måte. Det er viktig at bestanden av vågekval blir overvaka i samsvar med protokollen utarbeidd som ein del av IWCs forvaltningsprosedyre (RMP), og at bestandane av grønlandssel, klappmyss, havert og steinkobbe skal overvakast slik at dei kan klassifiserast som data-rike etter terminologien som ICES nyttar. Kvaliteten og omfanget av forskinga på bestandar av sjøpattedyr skal vidareførast.

I førebuingane til økosystembasert forvaltning av sjøpattedyr er det ein føresetnad å styrkje forskinga om interaksjonar mellom miljøet og sjøpattedyr og mellom sjøpattedyr og fiskeressursar.

Eit nært samarbeid mellom sterke forskingsmiljø ved universiteta og instituttsektoren vil styrkje arbeidet med å utvikle gode og brukelege fleirbestandsmodellar i ressursrådgivinga. Fiskeri- og kystdepartementet vil stimulere til slik samhandling gjennom sine løyvingar til fleirbestands- og økosystemforsking.

Trass i gode og internasjonalt aksepterte rutinar for avlivning av sjøpattedyr oppstår det til tider kampanjar mot norske fangstnæringar basert på feilinformasjon om avlivning. Både på grunn av beredskap knytt til avlivingsteknikkar og av omsyn til forsking om dyrehelse er det viktig at Noreg opprettheld ein vitskapleg kompetanse som spesialiserer seg på sjøpattedyr og dei spesielle tilhøva for denne dyregruppa.

1.5.2 Rådgivingsbehov

1.5.2.1 Nasjonal rådgiving

Fiskeri- og kystdepartementet har hatt to sentrale, faglege rådgivarar knytt til sjøpattedyr: ein rådgivar for forvaltning av sjøpattedyr og ein for dyrevelferd og avlivingsspørsmål.

Regjeringa ønskjer å vidareføre den fagleg gode rådgivinga og samtidig organisere rådgivinga breiare for å dekkje nye behov. Regjeringa foreslår ei fleksibel ordning som sikrar breiare representasjon til rådgivingsfunksjonen. Det kan vere tenleg å erstatte sjøpattedyrrådet med ein serie høyringsmøte for å drøfte fangstreguleringa, deltaking og støtteordningar med representantar for fangstnæringane og andre interessentar som saka vedkjem.

For å møte styresmaktene sitt framtidige kunnskapsbehov skal eit ekspertpanel kallast saman årleg for å gi Fiskeri- og kystdepartementet råd om innretninga på forskinga og forskingsfinansiering. På lengre sikt er det ønskjeleg at den generelle sjøpattedyrrådgivinga blir knytt til ei permanent stilling ved Havforskingsinstituttet.

1.5.2.2 Internasjonal rådgiving

Det internasjonale råd for havforsking, ICES, er eit regionalt, vitskapleg og rådgivande organ for fiskeri- og havmiljøspørsmål i Nord-Atlanteren med 20 medlemsland. Det kan i tillegg vere aktuelt å nytte NAMMCO eller ICES til kvalitetssikring av overvakinga av kystsel og til å gi råd om kystselforvalting. For å søkje breiast mogleg internasjonal aksept for norsk sjøpattedyrforsking og ‑forvaltning er det viktig at Noreg held fram med å spele ei aktiv rolle innanfor både ICES og IWC.

1.5.3 Regjeringa sine konklusjonar og tilrådingar

Forsking

  • Alle bestandar som vi driv fangst eller jakt på, skal overvakast, og det skal liggje føre oppdaterte vurderingar av bestandane som viser at dei er livskraftige og toler fangst før kvotane blir fastsette. Det er viktig at den norske bestandsovervakinga framleis oppfyller dei krav som internasjonale, rådgivande organ (ICES, NAMMCOs vitskapskomité og IWCs vitskapskomité) set til overvaking som skal nyttast i forvaltningsrådgivinga.

  • Kvaliteten på og omfanget av forskinga på sjøpattedyr skal vidareførast.

  • For å møte forvaltninga sitt framtidige kunnskapsbehov skal eit ekspertpanel, under leiing av Havforskingsinstituttet, kallast saman årleg for å gi Fiskeri- og kystdepartementet råd om innretninga på forskinga og forskingsfinansieringa. Feltstudiar for betre å forstå sjøpattedyra si rolle i økosystemet, skal styrkast. Økosystemtokt og satellittsporing blir viktige datakjelder i dette arbeidet. Internasjonalt samarbeid er vesentleg for datatilgang frå heile Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen.

  • Feltdata og økologisk teori skal utnyttast til ein ny generasjon fleirbestands- og økosystemmodellar.

  • Forsking og veterinærmedisinsk kompetanse på dyrevelferd og dyrehelse skal oppretthaldast. Det er viktig at Noreg har beredskap knytt til dei spesielle tilhøva rundt sjøpattedyr.

  • Forskinga om helsegevinstar ved bruk av sjøpattedyroljar skal vidareførast.

Internasjonalt samarbeid

  • Noreg skal halde fram med å spele ei aktiv rolle innanfor ICES og IWC for å få breiast mogleg internasjonal aksept for norsk sjøpattedyrforsking og -forvaltning.

  • Forvaltninga av kystsel har vore basert på nasjonal rådgiving. Når arbeidet med forvaltningsplanar er sluttført, skal det etablerast mekanismar for internasjonal evaluering av det vitskaplege grunnlaget for forvaltningsråda.

  • Arbeidet med revisjon av IWC sin forvaltningsprosedyre skal vidareførast med sikte på ei snarleg avgjerd.

1.6 Økonomiske, administrative og distriktsmessige konsekvensar

Det blir varsla at bestandsteljingar med standard metode og overvaking av reproduksjonen til kystselen skal styrkast. Det blir lagt til grunn at dei tiltaka og den politikken som elles er behandla i denne meldinga, ikkje vil utløyse nye økonomiske byrder av noko omfang.

I denne meldinga blir det ikkje fremma tiltak som kan ventast å føre til administrative konsekvensar av noko omfang.

Regjeringa vil styrkje og vidareutvikle fangstnæringane for å bidra til å sikre lønnsam næringsverksemd og ei berekraftig forvaltning av dei marine ressursane våre. Dette har mykje å seie for distrikta. Å ta vare på fangstkulturen langs norskekysten er også eit viktig element i denne politikken. Lukkast det å få til ei betre lønnsemd i fangstnæringane, vil det ha ringverknader i dei kystsamfunna der fangstnæringane er etablerte.