I proposisjonen legg Barne-, likestillings-
og inkluderingsdepartementet (BLD) fram endringsforslag på statsbudsjettet
for 2010.
BLD arrangerer i 2010 fire folkemøte som skal skape
dialog og engasjement rundt politikken på området og gi innspel
om erfaringar og idear personar i lokalmiljøet har. Departementet
føreslår å flytte 400 000 kroner for å dekkje utgifter til folkemøte
frå kap. 821 post 71 til kap. 820 post 1.
Løyvinga er basert på at 8 300 personar utløyser integreringstilskot
for det første året i 2010. Talet er no venta å bli 7 850 personar.
Utgifter til integreringstilskot for det første året blir dermed redusert.
Utgifter til tilskot ved busetjing av personar med alvorlege, kjende
funksjonshemmingar og åtferdsvanskar er høgare enn det som tidlegare
blei lagt til grunn.
BLD føreslår å nytte 500 000 kroner for å styrkje integreringsarbeidet
for utsette grupper i innvandrarbefolkninga med utgangspunkt i rapporten om
levekår for norsksomaliarar. Midla blir føreslått flytta frå kap.
821 post 71. Føremålet for bruk av midla er uendra, men mottakaren
vil vere ein kommune eller bydel, og ikkje ein frivillig organisasjon.
Løyvinga skal dekkje utgifter til gjennomføring av
norskprøver for vaksne innvandrarar, og behovet er no venta å bli
lågare enn føresett i 2010.
BLD føreslår å redusere løyvinga under kap.
822 post 22 med 1,4 mill. kroner.
Løyvinga for 2010 er basert på at 13 400 personar
er i målgruppa for opplæring i norsk og samfunnskunnskap i 2010
og vil utløyse førsteårs tilskot. Talet på personar i målgruppa
som vil utløyse førsteårs tilskot er no venta å bli 11 500 personar.
I tillegg blir fleire tilskot utbetalt seinare enn venta. Talet
på asylsøkjarar som kjem inn under ordninga for opplæring i norsk
i mottak er lågare enn det som tidlegare blei lagt til grunn for
2010.
BLD føreslår å redusere løyvinga under kap.
822 post 60 med 150,8 mill. kroner.
Det er lagt til grunn at 100 prosent av overføringsflyktningane
kjem frå ODA-godkjende land og at 50 prosent av utgiftene som blir
dekka av første års integreringstilskot er ODA-godkjende. Integreringstilskotet
har ulik sats for det første året mellom barn og vaksne. Endring
i samansetjinga av barn og vaksne er årsaka til at løyvinga er venta
å bli redusert.
BLD føreslår å redusere løyvinga under kap. 3821
post 1 med 450 000 kroner.
95 prosent av utgiftene til norskopplæring i
mottak blir rekna som ODA-godkjende utgifter. Ein reduksjon i talet
på asylsøkjarar som kjem inn under ordninga for opplæring i norsk
i mottak fører til ein reduksjon i utgifter til opplæring og ein
reduksjon i ODA-godkjende utgifter.
BLD føreslår å redusere løyvinga under kap. 3822
post 1 med 29,7 mill. kroner.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Lise Christoffersen, Roald Aga Haug, Håkon Haugli, Ingalill Olsen
og Eirik Sivertsen, frå Framstegspartiet, Per-Willy Amundsen, Gjermund
Hagesæter og Åge Starheim, frå Høgre, Trond Helleland og Michael
Tetzschner, og frå Sosialistisk Venstreparti, leiaren Heikki Holmås,
frå Senterpartiet, Ola Borten Moe, frå Kristeleg Folkeparti, Geir
Jørgen Bekkevold, handsamar i innstillinga dei budjettkapitla
som høyrer inn under rammeområde 6 Innvandring, regional utvikling
og bolig.
Komiteen har ingen merknader,
viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I statsbudsjettet for 2010 blir det gjort
følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter |
820 | | Integrerings- og mangfaldsdirektoratet | |
| 1 | Driftsutgifter, blir auka med
| 400 000 |
| | frå kr 173 592 000 til kr 173 992 000 | |
821 | | Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar | |
| 60 | Integreringstilskot, kan overførast, blir
auka med | 5 600 000 |
| | frå kr 3 945 355 000 til kr 3 950 955 000 | |
| 62 | Kommunale innvandrartiltak, blir
auka med | 500 000 |
| | frå kr 86 193 000 til kr 86 693 000 | |
| 71 | Tilskot til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig
verksemd,
blir redusert med | 900 000 |
| | frå kr 47 488 000 til kr 46 588 000 | |
822 | | Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar | |
| 22 | Norskprøver for vaksne innvandrarar, blir
redusert med | 1 350 000 |
| | frå kr 14 450 000 til kr 13 100 000 | |
| 60 | Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for
vaksne innvandrarar, blir redusert med
| 150 800 000 |
| | frå kr 1 607 663 000 til kr 1 456 863 000 | |
| | | |
Inntekter |
3821 | | Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar | |
| 1 | Integreringstilskot for overføringsflyktningar, ODA-godkjende
utgifter, blir redusert med | 450 000 |
| | frå kr 78 120 000 til kr 77 670 000 | |
3822 | | Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar | |
| 1 | Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter, blir redusert med | 29 700 000 |
| | frå kr 112 572 000 til kr 82 872 000 | |
Oslo, i kommunal- og forvaltningskomiteen, den 3. desember 2010
Heikki Holmås |
Åge Starheim |
leiar |
ordførar |