Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Løyvinga på post 90 gjeld innbetalte avdrag og betalte berekna renter frå tidlegare år. Avskrivne og betalte renter er frå 2010 splitta opp i avskrivne og betalte renter i inneverande og tidlegare budsjettperiodar. Avskriving av ikkje-renteberande lån samt avskriving av renteberande lån over kap. 2410 postane 73 og 74, som tidlegare vart førte på post 91, blir frå 2010 førte på post 90. Tilbakebetaling av opphavleg hovudstol er berekna til å utgjere om lag 8,2 mrd. kroner i 2012. Tilbakebetaling av rentegjeld frå tidlegare periodar er berekna til å utgjere om lag 1 mrd. kroner i 2011.Tilbakebetaling frå tap/kostnadsløyvingar utgjer om lag 720 mill. kroner (omfattar både hovudstol og berekna renter frå tidlegare periodar, spesifisert på kap. 2410 postane 73 og 74). Innbetalte gebyr og rentefritak blir frå 2010 ikkje lenger førte på denne posten.
Post 93 omfattar innbetaling frå eit fond (konverteringsfondet) til Lånekassen basert på konvertering av lån til stipend, jf. kap. 2410 post 50, og er beregnet til 4,9 mrd. kroner i 2012.
Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.