1.1 Hovedinnholdet i meldingen

Fiskeri- og kystdepartementet legg med dette fram ei melding til Stortinget om dei fiskeriavtalane Noreg har med andre land. Ei slik melding skal leggjast fram årleg. Meldinga vart første gong lagt fram i 1995.

Denne meldinga omtalar kvoteavtalane for 2011, og norsk deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar. Vi gjer vidare greie for bestandsutrekning, rådgjeving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltningsplanar for dei viktigaste bestandane som Noreg deler med andre land. Meldinga omtalar også dei kontrolltiltaka som er sette i verk for å kontrollere norsk og utanlandsk fiske på avtalte kvotar, i tillegg til kontrollsamarbeidet med andre land og tiltak mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Til sist gjev meldinga ei oversikt over i kva grad norske og utanlandske fiskarar utnytta kvotane sine i 2009 og 2010, og kva slags fartøygrupper som fiskar på dei kvotane Noreg har i sonene til andre land.

Kvoteavtalane for 2011 finst på Fiskeri- og kystdepartementet sine heimesider: http://www.regjeringa.no/fkd

1.2 Kvoteavtalane for 2011, deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar

I fiskeriforhandlingane med Russland om ein kvoteavtale for 2011 har partane bestemt ein totalkvote for nordaust-arktisk torsk på 703 000 tonn, som er ein auke frå 2010. Partane justerte i 2009 den etablerte forvaltningsstrategien ved at det er lagt inn ein ny mekanisme som skal sikre at kvotefastsetjinga også tek høgde for periodar med sterk vekst og oppskriving av bestanden. Med overføring av ein del av den russiske kvoten til Noreg, og ein kysttorskkvote på 21 000 tonn, er den samla norske kvoten av torsk nord for 62°N på 312 253 tonn.

Hysebestanden er òg i god forfatning, og totalkvoten er auka frå 243 000 tonn for 2010 til 303 000 tonn for 2011. Den norske kvoten er på 148 000 tonn etter overføring frå Russland. Loddekvoten vart sett til 380 000 tonn.

Ei hovudsak for samarbeidet mellom Noreg og Russland om forvaltning og kontroll i Barentshavet i 2010 har, som i 2009, vore arbeidet for ein styrka kontroll med uttak og omlasting av fisk i Barentshavet. Det er ikkje registrert overfiske eller ulovleg fiske av torsk i 2009 og 2010. Torskebestanden i nord er i svært god forfatning.

I forhandlingane om ein kvoteavtale mellom Noreg og EU for 2011 vart kvoten på torsk i Nordsjøen sett til 26 842 tonn. Det er ein nedgang frå 2010, og er i tråd med den reviderte gjenoppbyggingsplanen. Kvoten må også sjåast i samanheng med arbeidet for å betre beskatningsmønsteret for i praksis å redusere det reelle uttaket av torsk. Noreg har for 2011 også inngått kvoteavtalar med EU om fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen.

Noreg har vidare inngått ein tosidig kvoteavtale for 2011 med Grønland. Det er for 2011 også utveksla kvotar med Island i tråd med «Smottholavtalen» og den tilhøyrande tosidige avtalen, medan også trepartsavtalen er vidareført mellom Noreg, Island og Grønland om regulering av lodde i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen. Det vart ikkje inngått ein bilateral avtale med Færøyane for 2011 grunna usemje om makrellspørsmålet.

Det vart også i 2010 gjennomført fempartsforhandlingar om norsk vårgytande sild mellom Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland, og ein firepartsavtale for kolmule vart også underteikna for 2011.

Partane vart ikkje einige om ein makrellavtale for 2011. Noreg og EU har ein bilateral avtale og har forhandla om ein ny kyststatsavtale som inkluderer Færøyane og Island, med Russland som observatør.

Partane i NEAFC (Den nordaust-atlantiske fiskerikommisjonen) er einige om reguleringstiltak for fiske av uer i Irmingerhavet og Norskehavet i 2011, og har forplikta seg til ikkje å fastsetje større kvotar enn tidlegare år.

Noreg har også i 2010 vore representert i ulike møte i globale og regionale fiskeriforvaltnings- og verneorganisasjonar som CCAMLR (Konvensjonen for bevaring av levande marine ressursar i Antarktis), ICCAT (Den internasjonale konvensjonen for bevaring av atlantisk tunfisk) og SEAFO (Den søraust-atlantiske fiskeriorganisasjon).

Noreg har også i 2010 vore aktiv i ulike møte i både IWC (Den internasjonale kvalfangstkommisjonen), og NAMMCO (Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen).

Dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land er baserte på rådgjevinga frå ICES. For alle dei viktigaste fellesbestandane har vi etablert langsiktige forvaltningsplanar.

Noreg har i ei årrekkje hatt kontrollavtalar og avtalar om gjensidig satellittsporing med dei viktigaste samarbeidspartane i fiskerisektoren, mellom anna med Russland og EU-landa.

Norske styresmakter har dei seinare åra innført ei rekkje tiltak for å hindre ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Eit sentralt tiltak har vore den såkalla «svartelistinga» av fartøy som har drive uønska aktivitet i område utanfor norsk jurisdiksjon.

1.2.1 Norsk hausting av kvotar

Dei norske fartøya har nytta kvoten på fellesbestandane torsk, hyse og lodde nord om 62ºN godt i 2009 og 2010. Kvoten på blåkveite vart også godt utnytta i 2010.

I Nordsjøen vart den norske kvoten av fellesbestanden sild hausta i 2009 og 2010, medan ubrukt norsk kvote av fellesbestanden makrell i 2009 vart overført til 2010. Seikvoten vart ikkje oppfiska i 2009, men vart betre utnytta i 2010.

I 2010 vart loddefisket igjen opna ved Island, og den norske kvoten vart utnytta godt i begge sesongane 2009/2010 og 2010/2011. I Barentshavet vart det i 2009 opna for loddefiske for første gongen på fem år, og kvotane vart godt nytta i både 2009 og 2010. Det norske fisket i Skagerrak var i hovudsak konsentrert om reker og sild i 2009 og 2010.

1.2.2 Utanlandsk hausting av kvotar

Når det gjeld forvaltninga av norsk vårgytande sild vart kyststatane einige om å innføre kvotefleksibilitet over årsskiftet til 2008. Det vart opna for å føre over inntil 10 pst. av ubrukt kvote til neste år. Det vart også gitt tilgang til å forskottere inntil 10 pst. på neste års kvote. Alt fiske utover kvote skal trekkjast frå kvoten neste år. Alle landa, med unntak av Russland, fiska på forskot på 2010-kvoten. Ifølgje førebelse fangsttal for 2010 har Russland og Færøyane ikkje utnytta kvoten sin for 2010.

Russland utnytta 41 pst. av torskekvoten i norsk økonomisk sone (NØS) i 2009, i 2010 utnytta dei 45 pst.

Ifølgje offisiell fangststatistikk har EU i dei seinare åra hatt relativt god utnytting av torske- og sei-kvotane sine i Nordsjøen. Utnyttinga av dei fastsette kvotane i Skagerrak har også vore gjennomgåande høg for EU.

Island utnytta torskekvoten i NØS nord for 62°N godt i 2009. Dei overfiska kvoten med 6 pst. i 2010. Fisket etter sild nord for 62°N har falle frå 87 pst. kvoteutnytting i 2009 til 65 pst. i 2010. Island har dei siste åra fiska ein større andel sild i si eiga sone.

1.3 Overordna hovudliner i fiskerisamarbeidet med omverda

Som betydeleg havnasjon har Noreg eit stort ansvar for, og viktige interesser i, korleis det internasjonale samfunnet sitt forhold til bruk og vern av havet utviklar seg. Dei viktigaste utfordringane er å få gjennomslag for føre-var-prinsippet, prinsippet om berekraftig bruk og økosystembasert forvaltning.

Det er tre overordna mål som ligg til grunn for Noreg sin medverknad i dei ulike forhandlingsprosessar og internasjonale ressursforvaltningsfora:

  • Å fremme norske prinsipp for forvaltning av levande marine ressursar, i første rekkje prinsippet om berekraftig forvaltning basert på best tilgjengeleg vitskapleg kunnskap og prinsippet om økosystembasert forvaltning.

  • Å sikre Noreg ein rettferdig del ved kvotefordeling av felles regulerte bestandar, i første rekkje basert på sonetilhøyrsleprinsippet.

  • Å sikre ein tilfredsstillande kontroll og handheving innan dei forvaltningsregime som Noreg deltek i.

Det er særleg tre saksfelt som har fått mykje merksemd dei seinare åra. For det første blir det i meldinga gjort greie for kampen mot ulovleg, urapportert og uregistrert fiske. Dette er ei sak regjeringa har arbeidd med i fleire år. Dette arbeidet vil halde fram. For det andre har Noreg dei seinare åra særleg sett utkast av fisk på dagsordenen. Eit tredje område det er naturleg å omtale særskilt er internasjonale havmiljøprosessar der Noreg etter kvart har fått ei sentral rolle.

1.3.1 Det havrettslege rammeverket

Etter FN sin havrettskonvensjon av 10. desember 1982 har kyststatane suverene rettar til å utnytte ressursane i havet innanfor dei økonomiske sonene. Dei kyststatane som deler ein eller fleire fiskebestandar skal samarbeide om regulering og vern av bestandane. Ein omfattande del av norsk fiske skjer på bestandar som vi deler med andre land.

Kyststatane har ei plikt til å fremje ei forsvarleg ressursforvaltning som samstundes skal ta omsyn til dei økonomiske behova til kystbefolkninga. Norske styresmakter legg vekt på dette når den norske fiskeripolitikken vert utforma. I tråd med dette fører Noreg årleg tosidige og fleirsidige forhandlingar med ei rekkje land om forvaltning og vern av fiskebestandar, om gjensidig fangstløyve og fiskekvotar, og om einsidig løyve for fiskarar i nokre land til å fiske i dei norske 200 nautiske mil-sonene.

Stortinget gav 11. juni 1996 samtykke til ratifikasjon av FN sin havrettskonvensjon av 10. desember 1982 og FN-konvensjonen av 4. desember 1995 om fiske på det opne hav, som supplerer FN sin havrettskonvensjon av 10. desember 1982. FN-avtalen om fiske på det opne hav forpliktar også til samarbeid om forsvarleg forvaltning av vandrande og langt migrerande bestandar. Noreg har derfor i aukande grad teke del i samarbeidet i ulike relevante internasjonale organisasjonar.

Den 28. august 2009 vart det semje om ein tekst for ein global bindande avtale om hamnestatstiltak for å førebyggje, hindre og eliminere ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Avtalen trer i kraft når 25 statar har slutta seg til. Forslag til vedtak om samtykke til ratifikasjon av avtalen vart fremma for Stortinget i Prop 54 S (2010–2011), og vedteke 26. april 2011.

1.3.2 Norsk arbeid for å redusere utkast av fisk

Undersøkingar viser at fisk som vert kasta ut berre unntaksvis overlever. Utkast av fisk er derfor å sjå på som ei sløsing med ressursar. I tillegg vil ikkje fisken som vert kasta ut verte registrert i fangststatistikken, noko som gjev havforskarane eit mangelfullt talgrunnlag å basere bestandsestimata sine på.

Noreg innførte eit utkastforbod allereie i 1987. I starten omfatta forbodet torsk, men det har sidan blitt utvida til å gjelde alle kommersielt viktige bestandar. Årsaka til utkastforbodet var bestandssituasjonen for torsk i Barentshavet. Etter fleire svake årsklassar fekk ein i 1983 ei sterk årsklasse. Erfaring frå tidlegare viste at sterke årsklassar vart kraftig reduserte på grunn av utkast, noko ein ville unngå ein gong til. Forbodet verka med ein gong inn på fiskarane si åtferd. Styresmaktene innsåg likevel at utkast av fisk ikkje opphøyrer på grunn av eit forbod. Det har difor i åra etter vorte utvikla ei rekkje tiltak for å unngå utkast.

Det er utfordrande å handheve utkastforbodet. Fiskeriforvaltninga arbeider difor ut ifrå ei heilskapleg tilnærming om å regulere fiskeria, slik at poten-siell utkastfisk ikkje kjem med i fangstane. Dette kan vere fisk under minstemål, bifangst som overstig tilleten innblanding, eller fisk som fiskarane ikkje har kvote på, eller som det er forbode å fiske. Reguleringane som medverkar til å redusere risikoen for utkast, kan klassifiserast i fire kategoriar: kvotegrunnlag, bifangst, skifte av fiskefelt og stengde område.

Dei siste åra har Noreg meir enn før retta merksemda mot utkast i andre land, særleg utkast frå EU-fartøy. Målet har vore å redusere risikoen for utkast og bidra internasjonalt med våre erfaringar i samband med eit utkastforbod.

Samtidig har Noreg teke initiativ for å få denne saka på dagsordenen globalt. Det første initiativet var under forhandlingane om fiskeriresolusjonen i generalforsamlinga i FN hausten 2008. Etter eit norsk forslag vart det her semje om ein paragraf om ein handlingsplan mot utkast. Generalforsamlinga til FN bad FAO sin fiskerikomité (COFI) i 2009 om å vurdere ein handlingsplan mot utkast. Dette la grunnlaget for at FAO på fiskerimøtet sitt (COFI) i februar 2011, vedtok internasjonale retningsliner mot utkast av fisk.

1.3.3 Internasjonale havmiljøprosessar

Det å bruke marine nettverk av verneområde som eit verkemiddel for å verne marine ressursar, er no i utvikling i dei to næraste fiskeri- og havmiljøorganisasjonane våre, NEAFC (Den nordaust-atlantiske fiskerikommisjonen) og OSPAR (The Convention for the Protection of the Marine Environment of the North East Atlantic).

I 1992 oppmoda FN-konferansen for miljø og utvikling (UNCED) om å forhandle fram ei presisering av det globale regimet om fisket utanfor dei økonomiske sonene. Under generalforsamlinga vart det i 1993–1995 framforhandla ein FN-avtale om fiske på det opne havet (UN Fish Stocks Agreement). Forvaltningsprinsippa i avtalen gjeld også innanfor dei økonomiske sonene. Avtalen pålegg statane å bruke ei føre-var-tilnærming i fiskeriforvaltninga og viser til omsynet til bevaring av biodiversitet og økosystembasert forvaltning. I det nordaustatlantiske området har ICES leia dette arbeidet.

Generalforsamlinga i FN vedtek årlege resolusjonar om havmiljø og fiskerispørsmål som mellom anna gjev overordna retningslinjer for korleis statar og regionale organisasjonar bør forvalte det marine miljøet. Eit tema som har blitt diskutert i mange fora internasjonalt sidan hundreårsskiftet, er fiske ved og øydelegging av sårbare økosystem.

1.3.4 Arbeid mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske

Ulovleg, urapportert og uregulert (UUU) fiskeriaktivitet er ei global, regional, nasjonal og lokal utfordring for ei forsvarleg utnytting av fiskebestandane og for marine økosystem. UUU-fiske skjer ikkje berre på bestandar som Noreg som kyststat har eit forvaltningsansvar for. Den overnasjonale karakteren som UUU-aktiviteten ofte har, gjer at vi må ha ei brei tilnærming til desse spørsmåla.

Den nye havressurslova tok til å virke 1. januar 2009. Det er eit sentralt mål og eit viktig tiltak å få innarbeidd denne lova i fiskeriforvaltninga gjennom forskriftsarbeid.

Fiskeridirektoratet, Kystvakta, Norges Råfisklag og Norges Sildesalgslag utarbeider nasjonale strategiske risikovurderingar for kontrollstyresmaktene. Slik sikrar vi at kontrollressursane vert sette inn der det er mest sannsynleg at det skjer lovbrot og der følgjene av lovbrot er størst. Risikovurderingane er også eit viktig hjelpemiddel for å samordne innsatsen til dei sentrale aktørane i ressurskontrollen i fiskeria.

Den nasjonale inspeksjonen skal forsterkast mellom anna ved hjelp av eit elektronisk system for risikovurdering, ELORV, som er under utvikling. Når systemet er ferdig oppbygd vil det kontinuerleg risikovurdere aktørane i fiskerinæringa og sikre at dei rette objekta, på havet så vel som på land, vert kontrollerte. Dette vil gjere ressurskontrollen meir målretta og vil effektivisere kontrollinnsatsen både på kaikanten og i etterføljande kontrollar (omsetningskontrollar).

EU vedtok ei rådsregulering den 29. september 2008 om å etablere eit system for å nedkjempe UUU-fiske. Reguleringa tok til å virke 1. januar 2010, og inneber mellom anna at det må skrivast ut fangstsertifikat for villfanga fisk som skal eksporterast til EU. Fangstsertifikata skal følgje produkta heilt til dei vert omsette i marknaden. Som ei følgje av det som er nevnt over, har salslaga i samarbeid med Fiskeridirekatoratet utvikla og implementert eit system for utskriving av fangstsertifikat, www.catchcertificate.no.

I 2010 vart det innførd krav om elektronisk rapportering (ERS) for fartøy over 21 meter og krav om posisjonsrapportering for fartøy over 15 meter. Fartøy mellom 15 og 21 meter vart pålagd elektronisk rapportering frå og med 1. januar 2011. Elektronisk rapportering erstattar føring av fangstdagbok i papirform.

Frå 1. januar 2009 har Fiskeridirektoratet igjen hatt i drift ein tips- og beredskapstelefon. Kontroll- og overvakingssenteret til Fiskeridirektoratet (FMC Norway) vart sett i drift 29. mai 2009. Senteret samordnar ei rekkje kontroll- og overvakingsoppgåver.

Noreg rår over ei rekkje maritime sporings- og rapporteringssystem under ulike etatar. Desse systema må vi sjå i samanheng, og dei må utnyttast for å oppnå maksimal verknad. Det er eit klart mål å få så god oversikt over UUU-fisket som mogleg.

Satellittsporing av fiskefartøy er svært viktig, og det vert arbeidd for å få på plass ein avtale om fullstendig utveksling av sporingsdata med Russland for å oppnå best mogleg innsyn i den samla fiskeriverksemda.

Kontrollavtaler er nyttige verktøy i kampen mot UUU-fiske, og Noreg ønskjer å inngå nye avtaler med blant andre Senegal og Kina. Det er også ønskjeleg å følgje opp den eksisterande avtalen med Grønland. Det finst også generelle fiskeripolitiske avtalar med Canada, USA, Sør-Korea, Kina og Japan, og det bør vurderast om kontrollsamarbeid med desse statane kan utviklast under dei eksisterande avtalane.

Gjennom NEAFC ønskjer vi å styrkje regelverket om landingskontroll og sporing av fisk og fiskeprodukt. Eit anna viktig spørsmål som må drøftast i NEAFC er svartelistingssystemet for NEAFC-medlemsstatar.

Systematiske UUU-aktivitetar i stor skala er prega av enkelte store internasjonale kriminelle aktørar. I arbeidet mot desse nettverka må det leggjast til rette for samarbeid mellom politiet i seljar- og kjøparland for å etterforske eventuelle kriminelle tilhøve. I generalforsamlinga i FN sin fiskeriresolusjon frå 2008 vert det peika på at det kan vere sambandslinjer mellom UUU-verksemd og annan grenseoverskridande organisert kriminalitet. For å ha ei heilskapleg tilnærming til UUU-spørsmåla må vi ta dette poenget med i vurderinga av framtidige tiltak.

Fleire land har teke til orde for at eit globalt register av fiskefartøy kan bli eit nyttig verktøy i kampen mot UUU-verksemda. Dette vart diskutert under møtet i COFI (FAO sin Fiskerikomitè) i januar 2011. Ein del land uttrykte skepsis til kven som skal betale rekninga for dette, og meinte at eit slikt register, så langt som mogleg, må byggje på eksisterande system.

Fiskeriforvaltningas analysenettverk (FFA) vart etablert i 2009, og er eit konkret tiltak mot organisert kriminaIitet knytt til ulovleg fiske (Meld. St. 7 2010–2011 «Kampen mot organisert kriminalitet«). FFA er også identifisert som eit av fleire tiltak mot fiskerirelatert kriminalitet i regjeringas handlingsplan mot økonomisk kriminalitet frå 2011.

1.3.5 Kontroll av fiske i norske jurisdiksjons-område

I Prop. 1 S (2010–2011) heiter det:

«Norge jobber for at forvaltning av marine ressurser skjer i tråd med anerkjente prinsipper som blant annet bærekraftig bruk, føre-var-prinsippet og økosystembasert forvaltning og havressurslova. Disse prinsippene er forankret i folkerettslige konvensjoner og er derfor sentrale for Norge. Dette gjelder i våre egne fiskerisoner, på det åpne hav og i andre nasjoners fiskerisoner.»

For å kunne nå dette målet for ressursforvaltninga, trengst det informasjon om og kontroll med alt ressursuttak i norske jurisdiksjonsområde. Fysisk kontroll med all fiskeaktivitet er ein sentral del av det norske systemet for kontroll og handheving. Dette inneber kontroll på alle nivå, til havs, under landing og ved omsetning av fiskefangstar. I Noreg har Fiskeridirektoratet ansvaret for ressurskontrollen saman med Kystvakta og salslaga.

All import og alle landingar av fisk i EU frå tredjeland må ha eit fangstsertifikat etter 1. januar 2010. Dei norske fiskesalslaga skriv ut og godkjenner norske fangstsertifikat. Salslaga har i tillegg hovudansvar for all førstehandsomsetning av fisk i Noreg, og salslaga utfører ein viktig del av kontrollarbeidet.

I internasjonale samanhengar vert det norske systemet med nært samarbeid mellom Fiskeridirektoratet, Kystvakta og salslaga ofte framheva som ein vellukka modell for god ressurskontroll.

Frå 1. juli 2010 vart alle norske fiske- og fangstfartøy over 21 meter pålagt å rapportere fangst- og aktivitetsdata elektronisk til Fiskeridirektoratet. Frå 1. januar 2011 vart plikta utvida til også å gjelde fartøy over 15 meter.

1.3.6 Kontrollsamarbeid

Kontroll med ressursuttaket på felles fiskebestandar krev eit nært samarbeid mellom dei landa som deler ressursane. Eit slikt samarbeid er inngått med begge dei to partane som Noreg deler viktige fiskeressursar med: Russland og EU. Noreg har også inngått avtalar om kontroll direkte med enkelte medlemsland i EU og fleire andre nasjonar.

Fiskeridepartementet innførte frå 1. juli 2000 satellittovervaking av alle norske fiske- og fangstfartøy over 24 meter. Plikta vart utvida til å gjelde alle fartøy over 21 meter frå 1. oktober 2008, og frå 1. juli 2010 vart dette gjeldande for alle fartøy over 15 meter. Desse fartøya er underlagte sporing i område både under norsk og utanlandsk fiskerijurisdiksjon.

1.4 Dei ulike fiskeriavtalane for 2011

Dei viktigaste tosidige forhandlingane for 2011 er førte med Russland, EU, Færøyane og Grønland. Det er også ført forhandlingar med EU på vegne av Danmark og Sverige om fiske i Skagerrak og Kattegat, og med EU på vegne av Sverige om ein avtale om svensk fiske i Noreg si økonomiske sone.

Noreg har i 2010 også samarbeidd med Island og Grønland om gjennomføring av trepartsavtalen om regulering av lodde i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen og med Island om kvotebyte og oppfølging i tråd med Smottholavtalen.

Det vart også i 2010 gjennomført fempartsforhandlingar om norsk vårgytande sild mellom Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland. Tidleg på hausten i 2010 vart det underteikna ein kyststatsavtale for 2011.

Noreg tek vidare del i dei årlege kyststatsforhandlingane om makrell. Her har ein framleis ikkje lukkast med å få på plass ein ny avtale. Noreg har også vore med i kyststatsforhandlingane om ein avtale om eit internasjonalt forvaltningsregime for kolmule. Avtalen er vidareført mellom Noreg, Island, Færøyane og EU i 2011.

Noreg er medlem av og tek del i dei årlege møta i dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane NAFO (North Atlantic Fisheries Organization) og NEAFC. Noreg deltek i samarbeidet i IWC og NAMMCO om forvaltninga av kval. Som medlem i CCAMLR er Noreg representert på møta til organisasjonen. Noreg tek også del i det internasjonale fiskerisamarbeidet innan organisasjonen ICCAT og i den regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonen SEAFO.

Noreg er medlem i Det internasjonale råd for havforsking, ICES. ICES er ein ubunden, vitskapleg organisasjon som gjev regionale fiskeri- og miljøorganisasjonar, EU og statane ved Nord-Atlanteren råd om forvaltninga av dei marine ressursane og det marine miljøet i området.

Dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land er baserte på rådgjevinga frå ICES.

1.4.1 Kvoteavtalane for 2011

Noreg – Russland

I Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen fører Noreg og Russland årleg kvoteforhandlingar om totalkvotar for fellesbestandane i Barentshavet. Fellesbestandane er nordaust-arktisk torsk, nordaust-arktisk hyse, blåkveite og lodde. Partane vart i 2006 einige om å forvalte kongekrabbebestanden kvar for seg i sine respektive økonomiske soner frå og med 2007. Partane er også einige om at resultata frå felles forskingsinnsats som gjeld bestandsvurderingar, migrasjon og innverknaden krabben har på økosystemet framleis skal drøftast på dei årlege sesjonane.

Partane avtalar også fordeling av kvotane mellom Noreg, Russland og tredjeland. Det er semje mellom partane om ei fast prosentvis fordeling av fellesbestandane. Kvoteavtalen for 2011 mellom Noreg og Russland vart underskriven i Svolvær, Norge, 8. oktober 2010.

Noreg har tradisjonelt gitt Russland tilgang til å fiske store delar av torske- og hysekvotane sine i Noreg si økonomiske sone. Dette er både av biologiske omsyn (større fisk lenger vest), og av kontroll-omsyn som er betre med ei vestleg fordeling av fisket. Av omsyn til balansen i kvoteavtalen er Noreg og Russland også for 2011 samde om like høve til å fiske torsk og hyse i sonene til kvarandre.

Innanfor ramma av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen har Noreg og Russland dei seinaste åra gradvis utvida fiskerisamarbeidet til nye område.

Grunna mange effektive tiltak er UUU-fisket i Barentshavet og Norskehavet kraftig redusert dei siste åra. Dette viser at forvaltninga er god i området og at samarbeidet mellom Noreg og Russland fungerar.

Det har vore reell framgang i det bilaterale fiskerisamarbeidet med Russland dei seinare åra på fleire område. Dette har blant anna fått konkret utslag i redusert overfiske. Ifølgje berekningar gjort av Fiskeridirektoratet har overfisket av torsk i Barentshavet vorte redusert med 84 pst. frå 101 300 tonn i 2005, til om lag 15 000 tonn i 2008. Ein er i samarbeidet einige om at det ikkje er registrert overfiske eller ulovlig fiske av torsk i 2009 og 2010.

Noreg – EU

På grunnlag av rammeavtalen med EU om fiskeri, har Noreg frå 1978 og fram til i dag inngått årlege kvoteavtalar om Noreg og EU sitt fiske i Nordsjøen, Noreg sitt fiske vest av Dei britiske øyane og EU sitt fiske i Noreg si økonomiske sone i Barentshavet. Noreg vert også tildelt kvotar frå EU i grønlandske farvatn.

Dei seinare åra har det utvikla seg ein situasjon der torskekvoten Noreg tilbyr EU har auka medan bestandar EU gjev Noreg som motyting minkar. Dette gjer at Noreg i 2011 heldt tilbake over 14 000 tonn torsk.

Innanfor ramma av det bilaterale fiskerisamarbeidet er Noreg i ein prosess med EU i spørsmålet om langsiktige tiltak i forvaltninga av viktige kommer-sielle fiskebestandar i Nordsjøen. Partane har no på plass forvaltningsplanar for sild, sei, torsk og hyse som legg fast bestandsnivå og tiltaksgrenser som grunnlag for å fastsetje kvotar. For botnfiskbestandane i Nordsjøen er det særskilt torsken som har vore i dårleg forfatning. Partane har derfor, i samsvar med råd frå ICES, vorte einige om ein ny gjenoppbyggingsplan for torsk.

I arbeidet med å forbetre beskatningsmønsteret i Nordsjøen er utkast av fisk eit særleg og samansett problem. Dei seinare åra er det avtalt mange tiltak for å redusere utkast. EU har innført eit forbod mot high-grading/utsortering av botnfisk i Nordsjøen. Partane vart i 2009 einige om eit system for opning og stenging av felt for å beskytte yngel og småfisk. Dette vart iverksett 1. september 2009 og vart evaluert grundig i 2010. Evalueringa av systemet for stenging og opning av fiskefelt viste at det ikkje var effektivt nok, og i forhandlingane om ein avtale for 2011 vart vi ikkje einige om eit nytt felles system. Derfor planlegg Noreg å innføre eit betre system i norsk sone i Nordsjøen.

Gjensidig satellittsporing vart innført 1. januar 2000. Frå 1. februar 2004 vart det innført like prosedyrar for landing og veging av pelagiske fangstar og eit standard vasstrekk frå slike fangstar på 2 pst.

Noreg og EU underteikna 4. desember 2010 ein kvoteavtale for 2011.

Noreg – Færøyane

Dei årlege avtalane mellom Noreg og Færøyane opnar for eit gjensidig fiske i sonene til kvarandre. Det vart ikkje inngått nokon kvoteavtale mellom Noreg og Færøyane for 2011. Sidan partane ikkje vart einige i makrellforhandlingane, vart det ikkje forhandla om nokon bytteavtale for 2011. Noreg er bekymra over Færøyane si haldning til ei ansvarleg ressursforvaltning.

Noreg – Grønland

Det har vorte forhandla fram årlege fiskeriavtalar mellom Noreg og Grønland sidan 1991. For norske fiskarar er kvotane på dei kommersielt viktige artane blåkveite, uer og torsk av størst verdi.

Noreg og Grønland inngjekk ein avtale om kontrollsamarbeid 4. mars 2005. Avtalen er vidareførd i 2011. Partane er einige om å setje i verk eit samarbeid om å etablere elektronisk fangstdagbok med intensjon om gjensidig rapportering i kvarandre sine soner i løpet av 2011.

Noreg – EU (fisket i Skagerrak/Kattegat)

Noreg og EU vart 4. desember 2010 samde om reguleringane for fisket i Skagerrak og Kattegat i 2011.

Ifølgje Skagerrak-avtalen, som er frå 1966, er havet utanfor 4 nautiske mil å sjå på som ope hav. I dag har Noreg 12 nautiske mils-territorialfarvatn og økonomisk sone utanfor det. Det finst såleis ikkje ope hav i Skagerrak. Noreg har difor starta ein prosess med sikte på å endre rammeverket, slik at det vert i tråd med moderne havrett. Som ein start på dette sa Noreg opp Skagerrak-avtalen i 2009. Overeinskomsten opphøyrer 7. august 2012.

Forvaltninga av norsk vårgytande sild

Norsk vårgytande sild (NVG-sild) er den største fiskebestanden i Nord-Atlanteren og den største sildebestanden i verda. 18. januar 2007 vart det på ny underteikna ein kyststatsavtale mellom EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland om forvalting av NVG-silda for 2007. Denne avtalen gav Noreg 61 pst. av NVG-silda. Avtalen inneheldt òg ein langsiktig forvaltningstrategi. Partane var også samde om bilaterale avtalar om sonetilgang.

For 2011 har kyststatane sett TAC til 988 000 tonn, som er ein reduksjon på om lag 33 pst. frå 2010. Noregs del på 61 pst. ligg fast og utgjer for 2011 602 680 tonn. Sildebestanden er i god forfatning og vert hausta berekraftig. Reduksjonen i kvotane for 2011 kjem av ei svakare rekruttering etter 2004.

Forvaltninga av kolmule

Noreg, EU, Færøyane og Island har inngått ein kyststatsavtale om forvaltninga av kolmule i 2011. Noreg og EU er einige om å oppretthalde den gjensidige sonetilgangen for 2011 på same nivå som i 2010. Dette inneber at norske fartøy også i år kan fiske 68 pst. av den norske kyststatskvoten i EU-sona. I kyststatsavtalen har norske fartøy òg fått vidareført sonetilgang til færøysk sone i 2011.

Forvaltninga av makrell

På bakgrunn av ekspansjonen i det uregulerte makrellfisket i internasjonalt farvatn, fremma Noreg, EU og Færøyane eit felles forslag om regulering av makrellfisket i internasjonalt farvatn, på det ekstraordinære årsmøtet i NEAFC 8.–9. februar 1999. Forslaget vart vedteke mot stemmene til Russland og Island.

Med det felles forslaget aksepterte Noreg og EU implisitt at Færøyane var kyststat til makrellbestanden. Dette førte til at dei tre partane kunne starte forhandlingar om etablering av eit nytt forvaltningsregime for makrell.

Partane vart ikkje einige om ein ny trepartsavtale for 2010. Noreg og EU inngjekk derfor ein bilateral avtale om forvaltninga av makrell 26. januar 2010. I avtalen vart partane samde om fordelinga seg imellom og tilgang til kvarandre sine farvatn for fisket etter makrell.

15.–18. mars 2010 møttest Noreg, EU, Færøyane og Island med sikte på å inngå ein ny kyststatsavtale om framtidig fordeling og forvaltning av makrell. Dette var første gong Island var invitert til å delta på lik linje med dei opphavlege kyststatane. Russland deltok som observatør. Forhandlingane vart avslutta utan resultat. Usemja gjaldt Island og Færøyane sine krav til bestandsfordeling og sonetilgang.

I løpet av 2010 vart det halde heile seks forhandlingsrundar om forvaltning av makrell, utan at partane nærma seg nemneverdig. Forhandlingane held fram i 2011.

Forvaltninga av uer

Partane i prosessen om fordeling og regulering av snabeluer i Irmingerhavet er kyststatane Island, Grønland og Færøyane og ikkje-kyststatane EU, Noreg og Russland. Alle partane utanom Russland vart i mars 2011 samde om ein fordelingsnøkkel og nedtrappingsplan for fisket. Noreg har i denne avtalen ein andel på 3,85 pst. av totalen. Det samla uttaket har vore altfor høgt, og Russland er ein av dei store aktørane i dette fisket. Uttaket vil truleg vere vesentleg høgare enn ICES si tilråding så lenge Russland ikkje vil bli part i ein avtale. Avtalen som no er inngått, inneber ei utvida tid- og områdeavgrensing for fisket.

Når det gjelder snabeluer i Norskehavet, så tilrår ICES nullfiske i mangel av ein gjenoppbyggingsplan. Den norske haldninga var og er at det er viktig av omsyn til bestanden å få regulert dette fisket.

Ei uavhengig utgreiing vart sett i gang av NEAFC i 2008 med tanke på å etablere eit vitskapleg fundament for ein fordelingsnøkkel. Rapporten konkluderte med at sonetilhøyrsla til Noreg ligg på minst 90 pst. Noreg inviterte dei andre NEAFC-partane til drøftingar om fordeling hausten 2009, utan at ein vart samde.

NAFO

Det overordna målet til Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen (NAFO) er å bidra, gjennom konsultasjonar og samarbeid, til langsiktig bevaring, optimal utnytting og rasjonell forvaltning av fiskeressursane i konvensjonsområdet. NAFO har i 2011 12 medlemsland, frå Nord-Amerika, Europa, Asia og Karibia. Fire av medlemslanda er kyststatar til konvensjonsområdet: USA, Canada, Frankrike og Danmark.

NEAFC

Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen har som formål å sørgje for ei langsiktig bevaring og optimal utnytting av fiskeressursane i konvensjonsområdet. For å nå målet skal kommisjonen sørgje for at forvaltninga er basert på den best tilgjengelege vitskapelege kunnskapen og ei føre-var-tilnærming.

NEAFC har i første rekkje ein samordnande funksjon i reguleringa av fisket etter bestandar som vandrar mellom partane sine økonomiske soner og internasjonalt farvatn. Det gjeld makrell, kolmule, norsk vårgytande sild og uer. Det vert gjort kyststatsavtalar for desse bestandane. Partane til NEAFC er Danmark, EU, Island, Noreg og Russland.

På årsmøtet i 2005 oppretta NEAFC for første gong ei såkalla svarteliste. Det vil seie ei liste over fartøy som ikkje har rett til å fiske i NEAFC sitt reguleringsområde eller som har motteke fisk frå slike fartøy. Reglane gjeld for fartøy som ikkje fører flagget til eitt av medlemslanda i NEAFC. Fram til 1. mai 2007 omfatta regelverket berre aktivitet i internasjonalt farvatn, men etter regelendringa gjeld det også aktivitet i medlemslanda sine økonomiske soner. Svartelista fartøy skal ikkje få løyve til å gå i hamn eller ta imot sørvis eller forsyningar, føreta mannskapsbyte og liknande i hamnene til medlemslanda. På årsmøtet i 2007 vedtok NEAFC at fartøy som står på svartelistene til NAFO, CCAMLR og SEAFO og som ikkje er flagga i nokon av NEAFC-landa, skal inkluderast i svartelista til NEAFC.

NEAFC har, som første regionale fiskeriforvaltningsorganisasjon, etablert reglar for hamnestatskontroll (Scheme of Control and Enforcement) som har vist seg å vere eit effektiv verkemiddel i kampen mot ulovleg fiske. Det nye regelverket vart sett i kraft 1. mai 2007. NEAFC har også sett i verk eit omfattande opplegg for satellittovervaking av fiskeria i Nordaust-Atlanteren.

Under årsmøtet i 2009 vedtok NEAFC eit forbod mot utkast i NEAFCs reguleringsområde for dei viktigaste artane som vert regulerte av NEAFC i anneks I A i kontroll- og handhevingsregimet. Vedtaket har formelt tredd i kraft 3. mars 2010. EU reserverte seg mot tilrådinga, og vedtaket er difor ikkje bindande for EU.

Under årsmøtet i 2010 vart det berre gjort mindre justeringar i kontroll- og handhevingsregimet.

IWC

Noreg er medlem av Den internasjonale kvalfangstkommisjonen, IWC, som regulerer fangst av større kvalartar. I 1982 vedtok IWC eit totalforbod mot all kommersiell kvalfangst. Noreg har reservert seg mot dette forbodet, og er difor ikkje bunden av det. Hovudsaka i IWC er no diskusjonen om kva som skal vere IWC si oppgåve i framtida. Det er uklart om det kan bli semje om noko som helst. Noreg kan vanskeleg gå med på kompromiss som ikkje opnar for at IWC igjen tek til med å forvalte kvalressursane.

NAMMCO

Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen, NAMMCO, vart etablert i 1992. Arbeidet er konsentrert om småkval, sel og kvalross, men studiane og samarbeidet omfattar òg dei store kvalartane. Noreg er saman med Færøyane, Grønland og Island medlem i kommisjonen. Danmark, Russland, Canada og Japan møter regelmessig som observatørar, og Canada og Russland tek aktivt del i arbeidet i arbeidsgrupper.

1.5 Bestandsutrekning, rådgjeving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltingsplanar

Bestandsutrekning inneber vanlegvis å kombinere tilgjengeleg informasjon frå fangststatistikk og data frå vitskaplege tokt. Utfallet er grunnlag for rådgjeving om fiskekvotar, og er elles viktig for meir grunnleggjande forsking på tilhøve som avgjer storleiken på bestanden, rekruttering osv.

For dei fleste bestandar av interesse for Noreg vert desse utrekningane gjort i samarbeid med forskarar frå fleire land i arbeidsgrupper innanfor ICES. I Noreg brukar ein hovudsakleg modellar der føresetnaden er at både fangstane og toktdata ligg føre som tal på fisk fordelt på alder.

Det finst ulike forvaltingsmålsettingar nedfelt i forvaltingsplanar. Desse kan vere tidsavgrensa eller permanente. I begge tilfelle bør det vere mogleg å revidere planen undervegs. For forvaltingsmålsettingar og haustingsreglar er berekraft ei grunnleggjande norm. Føre-var-prinsippet i forvalting av naturressursar er nedfelt i fleire internasjonale konvensjonar.

1.5.1 Tilstandsrapportar og rådgjeving for nokre av dei viktigaste fiskebestandane i norske farvatn

Noreg haustar i alt 2–3 millionar tonn årleg frå om lag 90 ulike bestandar til ein førstehandsverdi av 11–12 milliardar kroner. Her skildrar vi dei økonomisk viktigaste bestandane.

Nordaust-arktisk torsk

Bestanden er utbreidd i heile Barentshavet opp til polarfronten. Frå 2005 til 2008 gjekk fangsten ned frå om lag 640 000 tonn til ca 460 000 tonn, men har auka igjen etter det. Her er det lagt til grunn tal for eit urapportert overfiske

For perioden 2002–2005 er det ifølgje Fiskeridirektoratet berekna eit årleg urapportert overfiske på 100 000 tonn. For 2006 var talet 80 000 tonn, i 2007 på 40 000 tonn og i 2008 på 15 000 tonn. I 2009 og 2010 er det ikkje påvist overfiske. Dette heng spesielt saman med innføringa av NEAFC sitt hamnestatsregime frå 1. mai 2007, aktivt bilateralt samarbeid og auka merksemd om problemet både i næring og opinion.

Bestanden minka frå 1993 til 1999. Den auka att fram til 2003, og var stabil i perioden 2003–2007, før ein fekk ein auke frå 2007 til 2011 Ein viktig grunn til auken etter 1999 er truleg betre ungfiskvern gjennom stenging av område med småfisk og bruk av sorteringsrist i trålfiskeria. Gytebestanden er i dag høg samanlikna med det han var i åra 1960–1990.

Nordaust-arktisk hyse

Hyse vert fiska gjennom heile året, i hovudsak som bifangst i trålfisket etter torsk, særleg når bestandsnivået er lågt. Dei siste åra har Russland og Noreg stått for meir enn 90 pst. av landingane. Dei rapporterte fangstane i 2009 var 200 000 tonn.

Bestanden av nordaust-arktisk hyse var nede på eit svært lågt nivå i 1983–1984. Frå 1998 ser det ut til at vi har kome i ein ny situasjon med meir stabilt god rekruttering. Alle årsklassane etter 1998 ser ut til å ha rekruttert godt til den delen av bestanden som overlever til 3-års alder. Grunnlaget for ei svært positiv bestandsutvikling er framleis til stades, om bestanden vert forvalta etter vedtekne reglar.

Nordaust-arktisk sei

Kvoten for 2010 vart fastsett til 204 000 tonn. Noreg dominerer fisket (ca. 95 pst.), og det gjennomsnittlege norske utbyttet i perioden 1960–2010 var på 136 000 tonn.

I april 2010 gjennomførte ICES nye bestandsutrekningar. Seibestanden nord for 62°N er i god forfatning.

Lodde i Barentshavet

Storleiken på loddebestanden og framlegg til kvote basert på haustingsregelen vert utarbeidde av norske og russiske forskarar etter økosystemtoktet i august–september. Delingsforholdet mellom Noreg og Russland for denne kvoten er 60 pst. til Noreg. Frå og med 2005 har denne gruppa rapportert til ICES si arbeidsgruppe for arktiske fiskeri (Arctic Fisheries Working Group).

Biomassen til loddebestanden vart mykje redusert frå 2002 til 2003, og situasjonen må kallast eit bestandssamanbrot. Rekrutteringa har teke seg opp etter 2005. Samanbrotet i bestanden etter 2002 skuldast først og fremst to faktorar: Svake rekrutterande årsklassar og auka naturleg død. Samanbrotet skuldast ikkje fisket.

Den modne delen av bestanden vart hausten 2010 målt til 2,1 mill. tonn, og basert på det fastsette Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen ein totalkvote for vinteren 2011 på 380 000 tonn, i tråd med tilrådinga frå ICES.

Norsk vårgytande sild

Den vaksne bestanden av norsk vårgytande (NVG) sild er på årlege vandringar som dekkjer store deler av det nordlege Atlanterhavet. Det er Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland som fiskar på denne sildebestanden. Silda oppheld seg for det meste i norske farvatn, og Noreg er også største fiskerinasjonen.

Etter det totale bestandssamanbrotet på slutten av 1960-talet vart bestanden bygd opp att til det som kan kallast historiske nivå. Først rundt 1997 var fangsten tilbake på eit nivå som likna situasjonen før samanbrotet. I 2011 er gytebestanden rekna å vere om lag 8 millionar tonn, ein reduksjon samanlikna med året før.

Dei norske fangstane vert tekne i overvintringsområda og på gytefeltet med varierande fordeling mellom dei to områda frå år til år. Russland fiskar det meste av sin kvote i norske farvatn, på gytefelta i februar og i havet mellom Svalbardsona og Troms i august–oktober.

Det vart hausten 2010 semje mellom kyststatane (EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland) om å følgje haustingsregelen og ein totalkvote på 988 000 tonn for 2011, og ei fordeling av den totale årlege fangsten.

Nordsjøsild

Noreg og EU har ein avtale om forvalting av nordsjøsilda frå 1998. Avtalen vart revidert i 2004. ICES åtvara etter dette mot ei negativ utvikling i bestanden, og sju år med dårleg rekruttering gav stor grunn til uro. Som følgje av dette vart forvaltingsavtalen oppdatert i 2008.

Den avtalte kvoten for vaksen sild til konsum i Nordsjøen har lenge vore lågare enn kvantumet som vert fiska. Dei siste åra har dette kvantumet lege 10–15 pst. over kvoten, men i 2009 var fiska kvantum om lag som avtalt. Overfisket kjem hovudsakleg av utstrekt feilrapportering.

Makrell

Den nordaustatlantiske makrellbestanden består av tre gytekomponentar: sørleg makrell, vestleg makrell og nordsjømakrell. Vestleg og sørleg makrell er på eit relativt høgt nivå, medan nordsjøkomponenten framleis er på eit lågt nivå. Gytebestanden har auka med over 60 pst., frå 1,75 mill. tonn i 2002 til i underkant av 3,0 mill. tonn i 2010. Bestandsmålingar vert utførte kvart tredje år, og i 2008 vart nordsjøbestanden målt til å vere berre 5 pst. av nivået på 1960-talet.

Uttaket frå bestanden er større enn det som vert landa, i og med at det vert dumpa og sleppt makrell på feltet. Det fører til auka dødsrate. Analysar viser at dette uttaket har vore så stort at totalfangsten sannsynlegvis har vore minst 60 pst. høgare enn oppgjeve. Innan pelagisk sektor tyder tilbakemeldingar frå norske og samarbeidande lands kontrollstyresmakter på at det urapporterte fisket av makrell er sterkt redusert, spesielt dei siste åra.

Den vestlege komponenten utgjer ca. 85 pst., og nordsjøkomponenten har vore låg (1–5 pst.) heilt sidan han vart fiska ned på byrjinga av 1970-talet. På grunn av problem med fangsttala vert utrekningane av gytebestanden svært usikre.

Avtalen mellom kyststatane vart revidert hausten 2008. Den reviderte forvaltingsplanen vart i 2009 evaluert av ICES og funnen å vere i samsvar med føre-var-prinsippet dersom TAC svarar til totalt uttak frå bestanden.

Torsk, hyse, kviting og raudspette i Nordsjøen

Torskelandingane fall frå 300 000 tonn i 1981 til ca. 24 000 tonn i 2007 og gjekk så litt opp att, og i 2009 var landingane 31 000 tonn.

Det er et stort utkast av undermåls fisk i alle fiskeria. Årsfangstane (inkludert utkast) av hyse låg på kring 220 000 tonn i åra 1980–1986 og fall gradvis til eit nivå på 100–170 000 tonn i tiårsperioden 1991–2002. Etter dette har fangstnivået gradvis vorte ytterlegare redusert til vel 40 000 i 2009. Vel 10 000 tonn av dette vart kasta ut att. Norsk fangst i 2010 var ca. 1 200 tonn inkludert bifangst i industritrålfisket. Utbyttet av kviting har vore stabilt dei siste ti åra, men er monaleg lågare enn i perioden 1960–1980. Storbritannia tek om lag 80 pst. av totalfangsten. Utbytet av raudspette har vore minkande og landingane er no på ca. 50 000 tonn, medan dei i ein lang periode fram mot midten av 1990-talet var på over 100 000 tonn.

Gytebestanden av torsk vart redusert frå ca. 250 000 tonn i 1970 til langt under 70 000 tonn, sidan 1999. Grensa for god reproduksjonsevne (Bpa) er vurdert å vere 150 000 tonn. ICES har ei tredelt tilråding for fisket av torsk i 2011, og føre-var-tilnærminga gjev ei tilråding om null-fangst.

Kolmule

Kolmulebestanden nådde toppen i 2003, og er no raskt på veg nedover. Situasjonen med sterke årsklasser år etter år ser ut til å vere dramatisk endra og årsklassene som vart gytt i 2005–2009 ser ut til å vere blant dei svakaste som er observert. Gytebestanden var lågare enn føre-var-grensa på 2,25 mill. tonn i 2010 og er venta å minke ytterlegare i 2011.

Etter ein svært langvarig forhandlingsprosess vart kyststatane (Noreg, EU, Færøyane og Island) den 16. desember 2005 samde om forvaltinga og fordelinga av kolmule frå 2006 og framover. Denne sameinte planen vart revidert i 2008 og evaluert av ICES i 2009. Den reviderte forvaltingsplanen vart stadfesta av ICES å vere i samsvar med føre-var-prinsippet.

Det er uråd å unngå nedgang i bestanden dersom rekrutteringa ikkje vert høgre.