Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om representantforslag frå stortingsrepresentantane Henning Warloe, Linda C. Hofstad Helleland, Elisabeth Røbekk Nørve, Gunnar Gundersen og Nikolai Astrup om ein styrka innsats for kommersialisering av forskingsresultat

Dette dokument

Til Stortinget

Samandrag

Dokumentet inneheld dette framlegget:

  • «1. Stortinget ber regjeringen fremlegge en plan for Stortinget for å styrke FORNY-programmet.

  • 2. Stortinget ber regjeringen fremlegge en strategi for Stortinget for hvordan insentivene for kommersialisering av forskningsresultatene kan styrkes og hvordan virkemiddelapparatet kan bidra til dette.

  • 3. Stortinget ber regjeringen innarbeide kommer-sialisering som en del av tildelingskriteriene til forskningsfinansiering i universitets- og høyskolesektoren.

  • 4. Stortinget ber regjeringen sørge for at oversikt over kommersialisering av forskningsresultater skal inngå som en del av rapporteringen fra landets høyere utdanningsinstitusjoner.

  • 5. Stortinget ber regjeringen innføre en ordning med direkte fradragsføring for FoU-investeringer.

  • 6. Stortinget ber regjeringen fremlegge en sak for Stortinget om styrking av Skattefunn-ordningen, gjennom å heve maksimalbeløpet knyttet til bedriftsintern og -ekstern støtte, samt å fjerne taket på timesats og utvide Skattefunn-ordningen til også å omfatte innovasjonsaktiviteter.

  • 7. Stortinget ber regjeringen utvide gaveforsterkningsordningen for forskning til også å omfatte kommersialiseringsaktiviteter.

  • 8. Stortinget ber regjeringen vurdere en styrking av BIA-programmet (Brukerstyrt innovasjonsarena), samt etablere flere brukerstyrte forsk-ningsarenaer etter modell av BIA.»

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Tor Bremer, Svein Gjelseth, Stine Renate Håheim, Hadia Tajik, Truls Wickholm og leiaren Marianne Aasen, frå Framstegspartiet, Mette Hanekamhaug, Tord Lien og Bente Thorsen, frå Høgre, Elisabeth Aspaker, Svein Harberg og Henning Warloe, frå Sosialistisk Venstreparti, Aksel Hagen, frå Senterpartiet, Anne Tingelstad Wøien, frå Kristeleg Folkeparti, Dagrun Eriksen, og frå Venstre, Trine Skei Grande, viser til representantforslaget.

Komiteen meiner at det i framtida ikkje er mogleg eller ønskjeleg at Noreg kan leve av olje- og gassnæringa åleine. Difor må det framtidige næringslivet vere eit breitt og kunnskapsbasert næringsliv.

Komiteen vil peike på at samfunnet krev større forskingsbasert kunnskap på stadig fleire område. Denne utviklinga fører til at framtidig vekst i forskingsløyvingane i større grad vil vere basert på nytteverdien av forskinga. Dette må ikkje stå i motsetnad til den frie grunnforskinga si rolle.

Komiteen meiner at sjølv om den norske offentlege FoU-støtta til verksemder i næringslivet ligg på eit forholdsvis høgt nivå samanlikna med andre land, så er det viktig å fortsette arbeidet med å få ulike typar verksemder til å auke forskingsinnsatsen.

Komiteen vil her særleg peike på dei gunstige resultata av Skattefunn-ordninga. Det er ei brei og omfattande ordning som i 2012 er rekna til om lag 1,3 mrd. kroner.

Kombinasjonen av ulike typar av støtte må i neste omgang, etter FoU-innsatsen, stimulere til auka kommersialisering av oppnådde forskingsresultat.

Komiteen meiner at det er lagt godt til rette for dette gjennom det breie settet av ordningar i Norges forskningsråd. Samla sett er det ei auke i løyvingane frå 180 mill. kroner i 2009 til 252 mill. kroner i 2010. Dette er fordelt på fleire store program som Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA), Mat-programmet, Demo 2000, FORNY 2020 og andre.

Komiteen meiner kommersialisering av forskingsresultat er avgjerande for den norske forskingsinnsatsen av fleire grunnar. Kommersialisering bidreg til ei breiare utnytting av forskingsresultata slik at dei kan nyttast av og komme fleire til gode. Kommersialisering av forskingsresultat er etter komiteen sitt syn eit viktig verkemiddel for å bidra til framtidig kunnskap og konkurransekraft.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, vil støtte intensjonen i framlegget nedanfor om korleis styrkje intensiva for kommersialisering av forskingsresultat. Det er slik at dette er eit viktig tema som naturleg nok òg har rom for forbetringar. Fleirtalet vil difor tilrå at regjeringa vurderer kommersialisering av forskingsresultat i arbeidet med Forskingsmeldinga fram mot 2013.

Fleirtalet viser vidare til framlegget nedanfor om oversikt over kommersialisering av forskingsresultat. Fleirtalet ber om at det vert vurdert om det er føremålstenleg i større grad å ta inn i Forskingsbarometeret sin faste del ei oversikt over kommersialisering av forskingsresultat som ein av dei nasjonale indikatorane i eit internasjonalt perspektiv.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre har registrert at Norge på EU Innovation Scoreboard 2010 blir klassifisert som en «moderate innovator», mens andre nordiske land, som Sverige, Danmark og Finland, ligger i toppsjiktet, klassifisert som «innovation leaders». Det er urovekkende for norsk forskningsinnsats at Norge ikke kommer bedre ut i undersøkelser om innovasjonsevne. Disse medlemmer mener en økt satsing på kommersialisering vil bidra til å styrke Norges innovasjonsevne.

Disse medlemmer har registrert statsrådens svar 23. september 2011 til komiteen, men er like fullt av den klare mening at det er nødvendig å styrke innsatsen på dette feltet. Disse medlemmer har merket seg statsrådens svar vedrørende innholdet i rapporteringen fra landets høyere utdanningsinstitusjoner, og vil derfor foreslå at kommersialisering av forskningsresultater nå i større grad inkluderes i de årlige utgavene av Forskningsbarometeret.

På bakgrunn av dette fremmer disse medlemmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen fremlegge en strategi for Stortinget for hvordan insentivene for kommer-sialisering av forskningsresultatene kan styrkes og hvordan virkemiddelapparatet kan bidra til dette.»

«Stortinget ber regjeringen sørge for at oversikt over kommersialisering av forskningsresultater vies større plass i de årlige utgaver av Forskningsbarometeret.»

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, støttar ikkje framlegga nedanfor om høvesvis FORNY, fradrag, Skattefunn, gåveforsterking og BIA.

Fleirtalet viser til at ei styrking av FORNY-programmet alt er gjennomført. Det nye FORNY-programmet, FORNY 2020, vart starta 1. januar 2011. Dette er etterfølgjaren etter det gamle programmet som har vore i drift sidan 1995.

Fleirtalet viser vidare til at FORNY 2020 er basert på ei evaluering av FORNY-programmet. Det er gjort viktige greip i FORNY 2020 for å leggje til rette for kommersialisering av forskingsresultat. Eit døme er det tydelege skillet mellom basisfinansiering og prosjektstøtte. Programmet skal stimulere til eit profesjonelt, effektivt og spesialisert kommersialiseringsapparat tilknytta offentleg finansierte forskingsmiljø.

Fleirtalet meiner at å lage skattemessige særordningar for å oppnå spesielle næringspolitiske mål, som FoU, er eit lite presist verkemiddel. Det er dessutan slik at det gjennom Skattefunn-ordninga alt er ei slik gunstig ordning. Ein eventuell alternativ regel om løypande frådragsføring av kostnader til eiga FoU vil også føre med seg avgrensings- og kontrollproblem. Det må skiljast mellom kostnader til eiga FoU og kostnader til eigenutvikling av driftsmiddel, som følgjer allmenne reglar.

Fleirtalet vil vise til at maksimalbeløpet vart heva i 2009 for eigenutførd FoU frå 4 til 5,5 mill. kroner og for innkjøpte tenester heva frå 8 til 11 mill. kroner.

Fleirtalet vil vidare peike på at grensa for maksimal timesats vart innført i 2007 for å betre økonomistyringa i Skattefunn. I samband med forskrifts-endringa i januar 2011 vart maksimal timesats auka til 530 kroner pr. time. Taket på timelønn gjeld berre kostnader knytt til eigne tilsette. Maksimal timesats set med andre ord ikkje begrensingar på samarbeidsprosjekt med godkjente forskingsinstitutt.

Når det gjeld forslaget om å utvide Skattefunn-ordninga til også å gjelde innovasjonsaktivitetar, så meiner fleirtalet at dette vil utvatne ordninga og skape store avgrensings- og kontrollutfordringar.

Fleirtalet vil vidare vise til at gåveforsterkingsordninga ligg til handsaming i samband med statsbudsjettet for 2012.

Fleirtalet vil peike på at BIA skal støtte opp om dei beste forskingsbaserte innovasjonsprosjekta innanfor tematiske område som ikkje er dekka av andre program i Norges forskingsråd. Programmet har utover det ingen tematiske eller bransjemessige prioriteringar. Dette gir auka konkurranse mellom prosjekta og gjer det mogleg med koplingar og læring på tvers av bransjar og tema. I utveljinga av prosjekt skal ein, mellom anna, leggje vekt på innovasjon, forskingskvalitet, bedriftsøkonomisk verdi, samfunnsøkonomisk nytteverdi, internasjonal orientering og utløysande effekt på næringslivet sin eigen FoU-innsats. Fleirtalet støttar difor ikkje framlegget.

Komiteens medlemmer fra Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre viser til representantforslaget, og går inn for forslag som vil bidra til en helt nødvendig opptrapping av virkemidlene som skal bidra til kommersialisering av forsk-ningsresultater.

Disse medlemmer fremmer derfor følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen fremlegge en plan for Stortinget for å styrke programmet FORNY 2020.»

«Stortinget ber regjeringen innføre en ordning med direkte fradragsføring for FoU-investeringer.»

«Stortinget ber regjeringen fremlegge en sak for Stortinget om styrking av Skattefunn-ordningen, gjennom å heve maksimalbeløpet knyttet til bedriftsintern og -ekstern støtte, samt å fjerne taket på timesats og utvide Skattefunn-ordningen til også å omfatte innovasjonsaktiviteter.»

«Stortinget ber regjeringen utvide gaveforsterkningsordningen for forskning til også å omfatte kommersialiseringsaktiviteter.»

«Stortinget ber regjeringen vurdere en styrking av BIA-programmet (Brukerstyrt innovasjonsarena), samt etablere flere brukerstyrte forskningsarenaer etter modell av BIA.»

Når det gjeld forslaget nedanfor om å endre tildelingskriteria og auke rapporteringa i forhold til kommersialisering av forskingsresultata ved dei høgare utdanningsinstitusjonane, meiner fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, at dette er feil veg å gå.

Fleirtalet vil peike på at gjennom endringane i målstrukturen for sektoren så har institusjonane fått ei friare rolle til å dyrke sine fortrinn. Å endre tildelingskriteria vil vere å gå i motsett retning.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti og Venstre er tilhengere av å gi universitetene mer ressurser til å kommersialisere forskningsresultater. Dette arbeidet må ikke minst sees i sammenheng med budsjettsituasjonen for TTO-ene, men også arbeidet med eierskap til immaterielle rettigheter. Disse medlemmer vil imidlertid advare mot å innarbeide kommersialisering som en del av tildelingskriteriene til forskningsfinansiering i universitets- og høyskolesektoren.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener en slik endring vil skape mye støy og uro i sektoren. Mens disse medlemmer mener en styrking av de teknologiske fagene innenfor universitets- og høyskolesektoren er nødvendig, finner disse medlemmer grunn til å advare mot at et slikt nytt finansieringselement vil slå veldig forskjellig ut for de forskjellige institusjonene. En slik endring vil særlig svekke de humanistiske, samfunnsvitenskapelige og velferdsorienterte disiplinene. Å styrke de teknologiske disiplinene er både fornuftig og nødvendig, men dette bør, etter disse medlemmers oppfatning, gjøres som del av de allerede etablerte budsjettprosessene.

Når det gjelder forslagsstillernes andre forslag, er disse medlemmer enig i intensjonene, men mener disse spørsmålene bør avklares i forbindelse med behandlingen av statsbudsjettet og viser til Fremskrittspartiets merknader i de forestående innstillingene nr. 2 og nr. 12 om statsbudsjettet for 2012.

Komiteens medlemmer fra Høyre fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen innarbeide kommersialisering som en del av tildelingskriteriene til forsk-ningsfinansiering i universitets- og høyskolesektoren.»

Forslag frå mindretal

Forslag frå Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre:

Forslag 1

Stortinget ber regjeringen fremlegge en strategi for Stortinget for hvordan insentivene for kommer-sia-lisering av forskningsresultatene kan styrkes og hvordan virkemiddelapparatet kan bidra til dette.

Forslag 2

Stortinget ber regjeringen sørge for at oversikt over kommersialisering av forskningsresultater vies større plass i de årlige utgaver av Forskningsbarometeret.

Forslag frå Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre:

Forslag 3

Stortinget ber regjeringen fremlegge en plan for Stortinget for å styrke programmet FORNY 2020.»

Forslag 4

Stortinget ber regjeringen innføre en ordning med direkte fradragsføring for FoU-investeringer.

Forslag 5

Stortinget ber regjeringen fremlegge en sak for Stortinget om styrking av Skattefunn-ordningen, gjennom å heve maksimalbeløpet knyttet til bedriftsintern og -ekstern støtte, samt å fjerne taket på timesats og utvide Skattefunn-ordningen til også å omfatte innovasjonsaktiviteter.

Forslag 6

Stortinget ber regjeringen utvide gaveforsterkningsordningen for forskning til også å omfatte kommersialiseringsaktiviteter.

Forslag 7

Stortinget ber regjeringen vurdere en styrking av BIA-programmet (Brukerstyrt innovasjonsarena), samt etablere flere brukerstyrte forskningsarenaer etter modell av BIA.

Forslag frå Høgre:

Forslag 8

Stortinget ber regjeringen innarbeide kommer-sialisering som en del av tildelingskriteriene til forsk-ningsfinansiering i universitets- og høyskolesektoren.

Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til representantforslaget og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Dokument 8:148 S (2010–2011) – representantforslag frå stortingsrepresentantane Henning Warloe, Linda C. Hofstad Helleland, Elisabeth Røbekk Nørve, Gunnar Gundersen og Nikolai Astrup om ein styrka innsats for kommersialisering av forskingsresultat – vert ikkje vedteke.

Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 17. november 2011

Marianne Aasen

Tor Bremer

leiar

ordførar