I 2011 har det vore meir flaum og ras enn det som
har vore vanleg. Det blir foreslått å auke løyvinga i 2011 med 56
mill. kroner for å dekkje meirkostnader.
I juni 2011 brann det i snøoverbygget på Hallingskeid
på Bergensbanen. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga med 40
mill. kroner for å dekkje kostnadene i samband med brannen på Hallingskeid.
På denne bakgrunn foreslår Samferdselsdepartementet
å auke løyvinga på kap. 1350, post 23 Drift og vedlikehald, med
i alt 96 mill. kroner.
Delar av dei tekniske anlegga på Gardermobanen
har etter kvart fått auka feilfrekvens. Behovet for vedlikehald,
ettersyn og beredskap har dermed auka.
Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga
på kap. 1350, post 25 Drift og vedlikehald av Gardermobanen, med
25 mill. kroner, for å oppretthalde den høge standarden og den gode punktlegheita
i togtrafikken på denne banestrekninga.
Det norske Veritas har med verknad frå 1. januar 2012
sagt opp avtalane med Kommunal- og regionaldepartementet og Samferdselsdepartementet
om å føre tilsyn med tau- og kabelbanar og park- og tivolianlegg.
Frå same dato blir det under Statens jernbanetilsyn etablert eit
offentleg tilsyn med tau- og kabelbanar og park- og tivolianlegg
i Trondheim.
For å kunne ha eit operativt tilsyn frå 1. januar 2012
er arbeidet med å førebu overtakinga av dei nye tilsynsoppgåvene
godt i gang.
Samferdselsdepartementet foreslår å løyve 3 mill.
kroner på kap. 1354, post 21 Spesielle driftsutgifter – tilsyn med
tau- og kabelbanar og park- og tivolianlegg.
Komiteen viser til
regjeringens forslag og har ellers ingen merknader.