Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Den overordna målsetjinga med regjeringas frivilligpolitikk er å støtte aktivt opp under utviklinga av eit levande sivilsamfunn. Regjeringa legg vekt på ei styrking av rammevilkåra for frivillig sektor, som kjem heile frivillig sektor til gode. I tillegg til auka merksemd om inkludering og integrering omfattar regjeringas satsing auka fokus på ressursar til lokal aktivitet og lågterskeltilbod, og styrkja kunnskap og forsking.
Regjeringa har etablert ei tilskotsordning for kompensasjon av meirverdiavgift til frivillige organisasjonar. Ordninga gjeld frå 1. januar 2010 og skal trappast opp med ein milliard kroner fram til 2014. Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2012 at bevilgninga til denne ordninga aukar til 627,5 mill. kroner. Føremålet med ordninga er å kompensere for kostnader som frivillige organisasjonar har til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester basert på årsrekneskap eit år tilbake i tid. Ordninga kjem heile frivillig sektor til gode. Om lag 13 000 lag og foreiningar mottok kompensasjon frå ordninga i 2010. Fleirtalet av desse var lokallag.
Denne grasrotordninga kom i stand i 2009 og har bidrege til å auke ressursane til lokal aktivitet. I 2012 reknar ein med at lokale lag og foreiningar vil motta om lag 275 mill. kroner i støtte gjennom grasrotordninga.
Frifond er ei ordning som bidreg til å styrkje rammevilkåra for barne- og ungdomsorganisasjonar, og er ein viktig del av regjeringa si satsing på lokal aktivitetsskaping blant barn og unge i frivillige organisasjonar og i frittståande grupper og foreiningar. I 2011 blir det fordelt til saman over 170 mill. kroner til lokal aktivitet gjennom dei tre paraplyorganisasjonane Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar, Norsk musikkråd og Norsk teaterråd. Tilskotsordninga har vorte styrka for å stimulere til auka innsats i arbeidet med integrering og inkludering. Departementet vil vurdere modellen for fordeling av midlar til paraplyorganisasjonane for å sikre ein mest mogleg hensiktsmessig ansvarsfordeling.
Kulturdepartementet gjennomfører eit prosjekt for å forenkle barne- og ungdomsorganisasjonane si samhandling med det offentlege i samband med tilskotsordningar. Det er sett ned ei arbeidsgruppe og ei referansegruppe med representantar frå frivillig sektor. Departementet vil vidareføre arbeidet med forenkling. Ein vil mellom anna vurdere å sjå nærmare på om nokre av dei krava som det offentlege stiller til frivillige lag og organisasjonar, bidreg til å heve terskelen for deltaking for enkelte grupper.
Regjeringa har sidan 2005 gitt tilskot til oppretting av 118 nye frivilligsentralar. I 2011 har totalt 371 frivilligsentralar fått statstilskot, fordelt på 308 kommunar i alle fylka i landet. I 2012 er det foreslått ei samla løyving på nærmare 111 mill. kroner. Føremålet med løyvinga er å leggje til rette for auka deltaking, lokalt engasjement og å skape gode vilkår for frivillig innsats lokalt. Frivilligsentralane skal vere lokalt forankra møteplassar, som er opne og inkluderande for alle som har lyst til å delta i frivillig verksemd.
Forsking bidreg til auka kunnskap om og for-ståing av sivilsamfunn og frivillig sektor, og er eit prioritert område i regjeringas frivilligpolitikk. Innanfor forskingsprogrammet Virtuelt senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor har det mellom anna vorte fokusert på deltaking i frivillig verksemd, endringsprosessar i frivillig sektor og påverknadsfaktorar i samband med finansieringsordningar og andre rammevilkår. Det er sett i gang prosjekt for å auke kunnskapen om sosiale mekanismar som hindrar deltaking, om korleis personleg økonomi påverkar deltaking og fråfall, om betydninga av rekrutteringsarenaer og om korleis organisasjonane kan bidra til å auke arbeids- og samfunnsdeltakinga.
Eit mangfaldig og levande frivillig kulturliv er ein av føresetnadene for framveksten av eit sterkt profesjonelt kulturliv og for oppslutnaden om ein profesjonell kultursektor. På fleire sjangerområde innanfor det frivillige kulturlivet finn ein kunstnarlege uttrykk av høg kvalitet. Slik har frivillig kulturliv både ein verdi i seg sjølv som kunstnarleg produksjonsarena, som opplevingsarena for den enkelte og som rekrutterings- og opplæringsarena for det profesjonelle kulturlivet. Samspelet mellom det frivillige og det profesjonelle kulturlivet er verdifullt.
Departementet vil stimulere til langsiktig og forpliktande samarbeid mellom kunst- og kulturinstitusjonar, kunstnarlege verksemder og mangfaldsaktørar om konkrete kunstproduksjonar og formidlingstiltak. Målet er å styrkje det kulturelle mangfaldet i og utanfor institusjonane.
Folkebiblioteka står i ei særstilling som demokratisk møtestad i lokalsamfunnet, og har mange og gode moglegheiter til å drive inkluderingsarbeid. Leseløftet 2010–2014 og Leseåret 2010 er gode døme på korleis biblioteka kan nyttast målretta for å nå ut til grupper som er vanskelege å nå og bidra til å motverke utestenging frå både kultur-, samfunns- og arbeidsliv. Fleire frivillige organisasjonar og enkelte frivilligsentralar har delteke i dette arbeidet.
Regjeringa vil gi støtte til samarbeid mellom bibliotek og frivillige organisasjonar for vidare utvikling av kulturtilbod som kan virke inkluderande. Samarbeid og partnarskap mellom bibliotek og ulike aktørar i frivillig sektor kan vere ein veleigna strategi for å byggje ned barrierar for deltaking og skape fellesarenaer og møtestader for eit fleirkulturelt tilbod. Frivilligsentralane kan bidra til å samordne frivillig aktivitet på lokalt plan og styrkje det tverrfaglige samarbeidet med frivillige, lag/foreiningar og det offentlege. Nasjonalbiblioteket vil fordele støtte til prosjekt i bibliotek, der det er eit samarbeid mellom bibliotek, frivillige organisasjonar og frivilligsentralar, gjennom deira ordning med utviklingsmidlar.
Festivalar og kulturarrangement kan fungere som møtestadar og fellesskapsarenaer som er med på å fremme inkludering og integrering. Frivillige bidreg til at lokale festivalar og kulturarrangement lukkast gjennom å gjere ei rekkje ulike oppgåver, både i planlegginga, gjennomføringa og i oppryddings- og etterarbeidet. I tillegg kan frivillige vere gode ambassadørar for eit arrangement og trekke publikum frå eigen vennekrets og nettverk. Gjennom å gjere det attraktivt å vere med som frivillig og rekruttere frivillige strategisk, kan ein gjennom ein festival eller eit anna kulturarrangement indirekte nå nye publikumsgrupper. Departementet vil auke merksemda om samarbeid med frivillige organisasjonar og frivillig deltaking i dialog med knutepunktinstitusjonane.
Det er eit problem dersom delar av befolkninga står utanfor frivillige organisasjonar der tillit og nettverk kan byggjast. Deltaking i frivillig sektor har samanheng med utdanningsnivå og inntekt. Generelt for frivillig sektor er det ein tendens til at unge menn med låg utdanning, som er arbeidsledige, og/eller på trygd, fell utanfor.
Når det gjeld medlemskap og verv i frivillige organisasjonar er det ein klar samanheng med landbakgrunn eller innvandrarbakgrunn. Etniske minoritetar er generelt underrepresenterte på alle nivå i organisasjonshierarkiet. Erfaringar frå arbeidet med styrande mangfald i kultursektoren viser at det er nødvendig å kople saman personar og styre, og leggje til rette for utveksling av erfaringar, råd og rettleiing mellom dei. Ved å bli betre kjent med ressursane som finst i ulike miljø, vil målretta tiltak kunne bidra til at folk med ein fleirkulturell bakgrunn i større grad blir rekruttert og selektert til å inneha posisjonar på leiarnivå og verv i styrande organ.
Regjeringa vil gjennom satsinga på betre rammevilkår støtte opp under det arbeidet som organisasjonane gjer for å fremme auka deltaking og sikre brei representasjon. I tillegg vil regjeringa støtte opp under særskilte satsingar på enkelte område.
Regjeringa vil i samarbeid med frivillig sektor utvikle eit pilotprosjekt der målet er å finne fram til egna tiltak for å auke talet på personar med etnisk minoritetsbakgrunn i styre og leiande posisjonar i frivillige kunst- og kulturorganisasjonar. Arbeidet sjåast- i samanheng med satsinga på styrande mangfald i kultursektoren.
Regjeringa vil bidra til auka merksemd om kva som fungerer og korleis ein kan byggje vidare på dei gode erfaringane i deler av frivillig kultursektor, til dømes i musikkorganisasjonane.
Det er ei utfordring at det i dag er eit relativt delt organisasjonssamfunn der minoritetane og majoritetane deltek i ulike typar frivillige organisasjonar. Innvandrarar deltek i mindre grad på kultur- og fritidsfeltet, som er den delen av frivillig sektor der majoritetsbefolkninga er mest aktiv. På den andre sida er innvandrar mellom anna aktive i trudoms- og livssynssamfunn, og etniske og fleirkulturelle organisasjonar.
I denne samanhengen er det også viktig å leggje til rette for at menneske kan møtast på tvers av mellom anna sosial og økonomisk bakgrunn, etniske gruppeidentitetar og alder. Dette for å styrkje fellesskap og auke innsikt, forståing og gjensidig tillit. Frivillig sektor kan spele ei nøkkelrolle i å danne møteplassar og arenaer for samhandling.
I handlingsplanen for 2011–2012 heiter det at Frivillighet Norge «skal arbeide for at minoritetsorganisasjoner skal ha en synlig plass i organisasjonsfellesskapet i Norge og for økt samarbeid mellom tradisjonelle norske organisasjoner og minoritetsorganisasjoner». Departementet vil i dialog med frivillig sektor støtte opp under denne type initiativ som bi-dreg til å fremje kontakt, samarbeid og erfaringsutveksling mellom dei tradisjonelle kunst- og kulturorganisasjonane og ulike typar etniske og fleirkulturelle organisasjonar.
Regjeringa vil bidra til at frivilligsentralane blir vidareutvikla som viktige samhandlingsarenaer for frivilligheit lokalt, og at sentralane skal vere støttespelarar for å skape gode, levande lokalmiljø. Departementet vil støtte opp under arbeidet til frivilligsentralar i område med høg grad av innvandrarar.