Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
På helse- og omsorgsfeltet blir det lagt vekt på at kunst- og kulturopplevingar og deltaking i kulturlivet kan vere med på å gi fleire betre helse og eit betre liv.
Forsking tyder på at kunst og kultur kan stimulere dei oppbyggjande kreftene i kroppen og hjelpe menneske til å hente fram ibuande ressursar i vanskelege livssituasjonar. I gitte samanhengar kan kulturtilbod og kulturaktivitetar bidra til å minske risiko for sjukdom og på ulike måtar inngå i rehabilitering og behandling av sjuke.
Regjeringa varsla i Nasjonal helse- og omsorgsplan 2011–2015 utvikling av ein tverrdepartemental folkehelsestrategi. Eit siktemål er å styrkje koordineringa mellom sektorar og gjere det mogleg å sjå ulike område i samanheng. Folkehelsestrategien skal leggjast fram i 2012. Regjeringa vil styrkje arbeidet med å fremje god helse i befolkninga, førebyggje sjukdom og jamne ut sosiale helseforskjellar.
Regjeringa sine tiltak for å styrkje omsorgstenesta blir oppsummerte i Omsorgsplan 2015, der ein av hovudstrategiane er å sikre ei meir aktiv omsorgsteneste og større tverrfagleg breidd i omsorgssektoren.
Helse- og omsorgsdepartementet legg til grunn at kunst og kultur er viktige kjelder til opplevingar, og gir språk og uttrykksformer til å formidle inntrykk, tankar og opplevingar ein elles vanskeleg finn ord for. Kulturelle uttrykk har difor ein eigenverdi knytt til sjølve livet. Men kultur kan også gi god helse og ha både førebyggjande og lindrande verknad.
I rundskriv om aktiv omsorg strekar regjeringa under at kommunane har plikt til å bidra til at menneske som er heilt avhengige av praktisk eller personleg hjelp, får høve til å leve og bu sjølvstendig og til å ha eit aktivt og meiningsfylt tilvære i fellesskap med andre. I denne samanhengen legg regjeringa vekt på kultur som eit sentralt og grunnleggjande element i eit heilskapleg omsorgstilbod. Ei rekkje undersøkingar tyder likevel på at det er på det sosiale og kulturelle området at dagens omsorgstenester kjem til kort.
Helse- og omsorgsdepartementet har i samarbeid med Kulturdepartementet ansvaret for tilskotsordninga Den kulturelle spaserstokken.
Dei siste åra har det i Noreg vorte større merksemd kring effektane av arkitektur og utforming av det fysiske miljøet ved bygging av nye sjukehus og helseinstitusjonar. Etter kvart har det utvikla seg ei felles forståing for at omgjevnadene spelar ei viktig rolle for trivsel og velvære, i første rekkje for pasientane, men også for pårørande og tilsette.