Eg viser til brev 7. desember 2011 frå Kommunal-
og forvaltningskomiteen, med oversending av representantforslag
om etablering av eit uavhengig tvisteløysingsorgan mellom stat og kommune
(Dokument 8:32 S (2011–2012)).
Forslaget om å etablere ein uavhengig rettsinstans
for løysing av tvistar mellom stat og kommune i forvaltningssaker
reiser omfattande og kompliserte problemstillingar som ikkje er tilstrekkeleg
kartlagde.
Forslagstillarane løfter fram alternative tvisteløysingsordningar.
Nokre av alternativa i forslaget vil innebere ei vesentleg omlegging
av systemet for tvisteløysing. Ei eventuell innføring av slike tvisteløysingsordningar,
som til dømes ein forvaltningsdomstol, krev eit solid kunnskapsgrunnlag
og viktige prinsipielle og praktiske avklåringar.
Eg har ikkje kunnskapsgrunnlag til å vurdere
og kommentere kvar og ei av dei alternative ordningane som er løfta
fram i forslaget, men vil peike på at eg er kjend med den nemnde
nemndbaserte tvisteløysingsordninga for utgiftsdelinga innanfor
barnevernet, jf. ei samarbeidsavtale 19. august 2008 mellom Barne-
og likestillingsdepartementet og KS. Det er òg lagt føringar for å
etablere eit nasjonalt uavhengig organ som skal handsame tvistar
mellom stat (spesialisthelsetenesta) og kommune (den kommunale helse-
og omsorgstenesta) om gjennomføringa av dei nye lovpålagte avtalane
mellom kommunar og helseføretak i Prop. 91 L (2010–2011) Lov om
kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven)
kapittel 28.6.7. Tvisteløysingsorganet skal bli etablert etter avtale
mellom Helse- og omsorgsdepartementet og KS og verke på same måte
som barnevernet sitt tvisteløysingsorgan.
Dei ovannemnde tvisteløysingsordningane gjev moglegheit
til å prøve ut ei nasjonal, uavhengig tvisteløysing i mindre skala
og på avgrensa område. Når ordningane har fått verke ei tid, kan
dei gje eit kunnskapsgrunnlag for å kunne vurdere om ordningane
eventuelt bør overførast til andre forvaltningssektorar.
Dette svaret er utforma i samråd med fornyings-,
administrasjons- og kyrkjeministeren og justis- og politiministeren.