Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Vurderingane til departementet

Det følgjer av forvaltningslova § 28 at forskrifter som avgrensar klageretten, berre kan gjevast når «tungtvegande grunnar» taler for det. Regelen om unntak er snever, og det blir følgt ein streng praksis ved vurderinga. At klagaren i bustøttesaker ikkje får prøvd saka si av eit nytt organ, men ved ei ny prøving i Husbanken, er noko som i seg sjølv avgrensar klageretten. Det bør vere større distanse til det organet som skal handsame klagene, enn det er i dag. Det kan elles bli tvil om omsynet til objektivitet og habilitet blir teke godt nok vare på. Det kan vere med på å svekkje tilliten til Husbanken i desse sakene.

I juridisk teori er det lagt vekt på at omsynet til rettstryggleiken kan vere særs viktig for avgjerder som skal dekkje grunnleggjande behov, til dømes avgjerder om tildeling av økonomisk stønad. Bustøtte er ei slik ordning, som skal hjelpe husstandar med låge inntekter til å greie buutgiftene slik at dei skal kunne klare å halde på den bustaden dei har. Departementet meiner difor at det ikkje er tungtvegande grunnar til å halde fram med den gjeldande ordninga, og føreslår å oppheve forskrifta.

Det er likevel ikkje føremålstenleg å gå tilbake til hovudregelen i forvaltningslova om at departementet, som overordna forvaltningsorgan, skal vere klageinstans. Det ville vere lite tilrådeleg ut frå omsynet til effektiviteten. Ei så stor mengd med klagesaker ville få vesentlege administrative konsekvensar for departementet. Dessutan skjer det ei klar forvaltningspolitisk utvikling mot å reindyrke oppgåvene til departementa som sekretariat for den politiske leiinga. I dei seinare åra har det òg i aukande grad skjedd ei dreiing mot at klager blir handsama av særskilde klagenemnder. Departementet meiner dette er grunnar som er tungtvegande nok til å fråvike hovudregelen i forvaltningslova.

Departementet meiner alt dette talar for å leggje klagene til ei uavhengig klagenemnd. Det vil skape større avstand mellom den instansen som gjer vedtak om bustøtte, og den som handsamar klagene. Dei som klagar, får då i større grad ei reell overprøving av den enkelte saka. Nemnda vil stå fram som meir nøytral og objektiv og såleis gje større tillit og legitimitet. Med ei nemnd for heile landet tek ein òg godt vare på omsynet til lik handsaming og ein einsarta praksis.

Det finst allereie ei klagenemnd for vedtak om lån og tilskot frå Husbanken. Talet på klagesaker har gått kraftig ned dei siste åra, noko som kjem av at etab-lerings- og kjøpslåna blei avvikla og erstatta med startlån. Det er kommunane som tildeler startlån, og dei har sine eigne klageordningar. Departementet meiner det kan vere føremålstenleg å kunne leggje klager på bustøtte til denne klagenemnda. Nemnda får då eit rimeleg omfang av saker, samstundes med at det blir ei felles nemnd for alle dei økonomiske verkemidla som Husbanken forvaltar, det vil seie både for lån, tilskot og bustøtte.

Sjølv om det i forvaltningslova § 28 er ein heimel for å fastsetje klagereglar som utfyller eller avvik frå reglane i lova, meiner departementet at den beste løysinga er at unntaket kjem fram i særlova om bustøtte, slik det òg gjer i lov om Husbanken når det gjeld klager på lån og tilskot. Departementet føreslår ein heimel for å fastsetje forskrift for ei særskild klagenemnd.

Departementet viser til § 13 i lovframlegget.