Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1.4.3 Vilkår for rett til bustøtte

Det går fram av proposisjonen at alle som er over 18 år, har rett til bustøtte, om dei elles fyller vilkåra i lova. Søkjarar som er under 18 år og har eigne barn som bur i husstanden, har òg rett til bustøtte. Dei som gjer førstegongsteneste i Forsvaret eller sivilteneste, og studentar som ikkje har eigne barn i husstanden, har ikkje rett til bustøtte. Dei får støtte til bustad gjennom eigne ordningar. Heller ikkje søkjarar som bur saman med personar som høyrer til desse gruppene, har rett til bustøtte, med unntak av foreldre som bur saman med barn som er studentar.

Det er vidare eit krav om at søkjaren sjølv skal bu i bustaden, og at han eller ho skal vere ansvarleg for buutgiftene i bustaden.

Departementet tilrår å vidareføre gjeldande rett.

Departementet peikar på at det kan verke urimeleg at det berre kan gjevast bustøtte til husstandar der studenten bur saman med foreldra sine, eller der studenten bur saman med eigne barn, og ikkje til husstandar der studenten bur saman med til dømes ektefelle, sambuar osv. Kunnskapsdepartementet peika på det i høyringa. Likevel har verken departementet eller Husbanken registrert klager på gjeldande regelverk. Ei utviding av ordninga til å gjelde alle som bur saman med studentar, vil gje ein vesentleg årleg vekst i utbetalingane av bustøtte. Ei slik utviding er difor ei budsjettsak, og må vurderast i samanheng med framlegginga av dei årlege budsjetta.

Departementet gjer framlegg om å vidareføre høyringsframlegget og viser til § 3 og § 4 i lova.