Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2.10 Medbestemmingsordningar – utbreiing

Det blir her gjort greie for utbreiinga av dei ulike medbestemmingsordningane i norsk arbeidsliv. Ordningane har stor oppslutning både hos leiinga og dei tilsette i arbeidslivet, men kunnskapen om ordningane er svak. Ein studie viser at åtte av ti tilsette i verksemder med 10 tilsette og fleire rapporterer å ha etablert ordninga med verneombod. Etter lova skal alle verksemder ha verneombod. To av tre tilsette i verksemder med 50 tilsette og fleire svarer at arbeidsmiljøutval er etablert. Det er ein relativt stor prosentdel som ifølgje lova skal ha arbeidsmiljøutval, men som ikkje har det.