Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Stadlege tilsyn er viktige for å avdekkja problem i einskildbankar i ein tidleg fase. Finanstilsynet gjennomfører dei stadlege tilsyna på grunnlag av risikomodular baserte på internasjonale tilsynsstandardar. Modulane vert nytta for å kartleggja kredittrisikoen, marknadsrisikoen, likviditetsrisikoen, den operasjonelle risikoen og den overordna styringa og kontrollen i bankane. Innanfor alle risikoområda vurderer Finanstilsynet både risikonivået og banken sitt system for styring og kontroll av risikonivået. Inspeksjonane tek utgangspunkt i skriftlig materiale innsendt på grunnlag av Finanstilsynets inspeksjonsvarsel. Modulane er tilgjengelege på nettstaden til Finanstilsynet.
I 2011 vart det gjennomført 51 inspeksjonar i bankar og finansieringsføretak. Åtte av inspeksjonane var tematilsyn om korleis bankane følgjer retningslinene for forsvarleg utlånspraksis for bustadlån. To av inspeksjonane var IT-tilsyn.
I dei mindre og mellomstore bankane er det i dei fleste tilfella gjennomført generelle inspeksjonar som dekkjer alle hovudrisikoområda, men det er lagt særleg vekt på kreditt- og likviditetsrisiko.
Når det gjeld kredittrisikoen i dei større bankane, vart det i 2011 lagt særleg vekt på utlånsporteføljar som ein ventar er særskilt påverka av finanskrisa. Det gjeld mellom anna shipping, næringseigedom og oppkjøpsfinansiering. I dei mindre og mellomstore bankane har ein lagt vekt på gjennomgang av ein-skild-engasjement, vurdering av utlånspraksisen til bankane og etterlevinga av interne retningsliner. Overfor somme bankar har ein peika på høg risiko i utlånsporteføljen, ofte knytt til konsentrasjon i einskildbransjar eller einskildengasjement. Desse bankane er bedne om å innføra strammare rammer for slik eksponering.
Bankane som gruppe klarte i dei tre fyrste kvartala å halda oppe den delen av finansieringa som har lengre løpetid enn eitt år. Somme bankar har fått melding om at dei bør auka likviditetsindikatorane eller innskotsdekninga. Dei er òg bedne om å setja klårare rammer for storleiken på likviditetsbufferen og for kvaliteten på dei likvide midlane i bufferen.