Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

7.3 Regnskap og budsjett

Stortinget fastset budsjettet til Finanstilsynet som ein del av statsbudsjettet. Budsjettet for 2011 var opphavleg på 303,9 mill. kroner.

I tillegg vart det løyvd 2,5 mill. kroner som kompensasjon for lønsoppgjeret, 1,3 mill. kroner til å dekkja auka kontingentar for deltaking i tilsynsstyresmaktene i EU, 1,8 mill. kroner til oppgradering av system for utveksling av elektroniske transaksjonsrapportar med andre EØS-land og 0,6 mill. kroner til å dekkja meirverdiavgiftsplikta for utgifter som Finansinspektionen i Sverige vidarefakturerer til Finanstilsynet i Noreg. Medrekna overførde midlar på 7,6 mill. kroner frå 2010 og refusjonar på 3,8 mill. kroner i foreldre- og sjukepengar var den samla disponible utgiftsramma etter dette 321,5 mill. kroner. Dei samla utgiftene kom på 311,5 mill. kroner, ein auke på 6,3 prosent. Dei samla lønsutgiftene auka med 10,5 prosent, og utgiftene til varer og tenester gjekk ned 3,1 prosent. Dei samla utgiftene til Finans-tilsynet var 10,0 mill. kroner mindre enn det disponible budsjettet. Ubrukte midlar vart overførde til 2012.

Til liks med andre statlege verksemder som inngår i statsrekneskapen, fører Finanstilsynet rekneskapen etter kontantprinsippet. Rekneskapen vert førd etter kontoplanen for statsrekneskapen, som byggjer på ei artsgruppering av utgifter og inntekter. Finanstilsynet har med utgangspunkt i denne planen sett opp ei føremålsgruppering av utgiftene. Hovudgruppering etter føremål går fram av tabell 7.2.

I det avsluttande revisjonsbrevet av 25. mai 2011 om rekneskapen for 2010 går det fram at Riksrevisjonen ikkje hadde vesentlege merknader til rekneskapen eller måten Finanstilsynet hadde gjennomført budsjettet på.

Dei samla utgiftene i 2011 var 6,3 prosent høgare enn i 2010. Det er særleg lønsutgiftene som aukar. Det kan forklarast med fleire tilsette og den generelle lønsauken. Nedgangen i driftsutgifter var på 9 mill. kroner og skriv seg frå at Finanstilsynet i åra 2009 og 2010 hadde store kostnader i samband med etablering i nye lokale. Auken i IKT-kostnader må sjåast i samanheng med auka internasjonale krav til elektroniske system, både til innrapportering, analyse og arbeidsprosessar.

Utgiftene til Finanstilsynet vert etter finanstilsynslova § 9 dekte av institusjonar som er under tilsyn i budsjettåret. Stortinget vedtek difor ei inntektsløyving som er lik utgiftsløyvinga. Etter lova skal utgiftene fordelast på dei ulike institusjonsgruppene etter omfanget av tilsynsarbeidet. Utgiftene vert difor kravde inn etterskotsvis. Det vert òg kravd bidrag frå filialar av føretak frå andre EØS-statar.

Utlikningsbeløpet for 2010, som skulle innbetalast i 2011, utgjorde 286,1 mill. kroner. At den utlikna summen er mindre enn dei rekneskapsmessige utgiftene, kjem av at utlikninga tek utgangspunkt i budsjettløyvinga, at overførde midlar frå året før vert trekte frå, og at ein del av utgiftene vert dekte av folketrygda gjennom fødsels- og sjukepengerefusjonar. Forslaget til utlikning for 2010 vart godkjent av Finansdepartementet 15. juni 2011 etter høyring hjå dei aktuelle bransjeorganisasjonane.

I alt 13 407 tilsynseiningar vart omfatta av utlikninga for 2010. Av dei var 76 filialar av utanlandske føretak. Den største tilsynsgruppa er rekneskapsførarar, med 9 437 einingar. I 2009 var det til saman 12 684 einingar.

Samla utlikna beløp for 2010 auka med 15,8 prosent frå 2009. Det er fleire grunnar til auken, fyrst og fremst at det trengst stadig meir ressursar for å oppfylla plikta til å gjennomføre reguleringar og tilsynssamarbeid innanfor EØS.

Komiteen tar redegjørelsen til orientering.