Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1.2.5 Omsynet til at kontrollutvalet skal vere ubunde

I Ot.prp. nr. 17 (2008–2009) om tillitsskapende forvaltning mv. kapittel 4.3 og 4.5 drøfta departementet spørsmålet om kontrollutvalet var ubunde. Dette temaet hadde vore reist i fleire representantforslag i Stortinget. Det blir i proposisjonen gjeve att frå Ot.prp. nr. 17 (2008–2009) om drøftinga til departementet om hvorvidt kontrollutvalet var ubunde, sjå proposisjonen kapittel 3.5.1.

Departementet gjorde i Ot.prp. nr. 17 (2008–2009) ikkje framlegg om å innføre reglar som avgrensa høvet kommunestyret har til å velje nytt kontrollutval. Departementet orienterte Stortinget om at det var sett ned ei arbeidsgruppe som skulle føreslå tiltak for å styrkje eigenkontrollen i kommunane. Arbeidsgruppa la i desember 2009 fram rapporten 85 tilrådingar for styrkt eigenkontroll i kommunane. Eitt av punkta i mandatet knytte seg direkte til spørsmålet om kontrollutvalet er tilstrekkeleg ubunde.

I høyringsnotatet drøfta departementet på bakgrunn av tilrådingane frå arbeidsgruppa tre konkrete måtar kontrollutvalet kunne bli meir ubunde på.

Fleirtalet i arbeidsgruppa ynskte ikkje å innføre særskilde rettar for mindretalet i kontrollutvalet.

Departementet vurderte spørsmålet i høyringsnotatet, men gjorde heller ikkje denne gongen framlegg om særskilde rettar for mindretalet i kontrollutvalet. Sjå proposisjonen pkt. 3.5.2 for argumenta til departementet. I høyringsrunden var det to høyringsinstansar som gav uttrykk for at mindretalet bør få særskilde rettar, medan 19 sa seg samde med departementet.

Departementet held på denne bakgrunnen fast ved vurderingane og konklusjonen i høyringsnotatet og gjer i proposisjonen ikkje framlegg om særskilde rettar for mindretalet i kontrollutvalet.

Arbeidsgruppa blei beden om å vurdere om mindretalet i kommunestyret bør ha fleirtalet i kontrollutvalet. Arbeidsgruppa meinte at det ikkje er naudsynt med nasjonale føresegner om kven som skal ha fleirtal i kontrollutvala.

Departementet vurderte spørsmålet i høyringsnotatet, men meinte at det ikkje er eigna for lovregulering. Etter formannskapsmodellen vil det kunne vere svært vanskeleg å definere kva for parti eller grupperingar som utgjer «posisjon» og «opposisjon» i kommunestyret. Fleirtalet i kommunestyret vil kunne skifte frå sak til sak. I høyringsrunden var det ingen som gav uttrykk for eit ynske om ein slik regel, medan 18 sa seg einige med departementet.

Det går fram av proposisjonen at departementet på denne bakgrunnen held fast ved vurderingane og konklusjonen i høyringsnotatet, og gjer ikkje framlegg om lovendringar i dette spørsmålet. Departementet viser òg til at det ikkje er noko krav i lova om at medlemmene i kontrollutvalet høyrer til eit politisk parti og såleis kan tenkjast å bli knytt til anten eit fleirtal eller eit mindretal i kommunestyret.

Arbeidsgruppa drøfta om leiarar og styremedlemmer i kommunalt åtte selskap burde utelukkast frå val til kontrollutvalet. Arbeidsgruppa la vekt på at ingen må kome i ein situasjon der dei kontrollerer seg sjølve eller ei verksemd dei sjølve leier eller er medansvarlege for, og konkluderte med at kommunelova burde endrast slik at leiarar og styremedlemmer i kommunalt åtte selskap ikkje kan sitje i kontrollutvala.

I høyringsnotatet var departementet skeptisk til å innføre slike avgrensingar i kven som kan veljast til kontrollutvalet. Det blir i proposisjonen vist til at verva i folkevalde organ prinsipielt burde vere opne for flest mogleg av innbyggjarane. Dersom habilitetsreglane er tilstrekkelege til å oppnå rolleklårleik, meiner departementet at særskilde grupper ikkje bør utelatast frå val. Departementet la i høyringsnotatet til grunn at kommunane er vel kjende med habilitetsreglane. Sjølv om reglar om valbarheit kan vere enklare å praktisere, er dette ikkje eit avgjerande omsyn i departementets vurdering.

Spørsmålet om korleis ein skal velje mellom omsynet til rolleklårleik og omsynet til at verva skal vere opne for flest mogleg, kjem på spissen når det gjeld kontrollutvala. På den eine sida har kontrollutvalet oppgåver som krev at utvalsmedlemmene er ubundne av kommunen. Dette er naudsynt for å sikre legitimitet i kontrollarbeidet, og difor har vi i dag strenge reglar om valbarheit. På den andre sida er det ein stor fordel at kontrollutvalet har medlemmer med fagkunnskap og motivasjon i kontrollarbeidet. I den samanhengen er det uheldig dersom ein stor del av innbyggjarane er utelukka frå val, fordi det fører til at det er færre personar å velje blant.

Dersom selskapet blir å rekne som part i ei sak om selskapskontroll, vil leiarar og styremedlemmer i selskapet bli inhabile, jf. forvaltningslova § 6 første ledd bokstav e. Elles blir det snakk om å vurdere om «andre særegne forhold foreligger som er egnet til å svekke tilliten til hans upartiskhet», jf. forvaltningslova § 6 andre ledd.

Det blir i proposisjonen vist til at eit fleirtal av dei som uttalar seg om spørsmålet i høyringa, er samde i departementets vurdering, men at det òg er eit stort mindretal, mellom anna KS, som går inn for å utelukke leiarar og styremedlemmer i kommunale selskap frå val til kontrollutvalet. Det blir peika på at innvendingane som kom i høyringa, dreiar seg om ei anna vekting av omsyna og elles er vurderte i høyringsnotatet. Departementet meiner at omsynet til legitimiteten til kontrollutvalet og til at utvalet skal vere ubunde, blir sikra av habilitetsreglane, og vil ikkje i proposisjonen gjere framlegg om å utelukke ei ny gruppe innbyggjarar frå val til kontrollutvalet.