Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Departementet gjorde i høyringsnotatet greie for handsaminga i Stortinget då føresegna blei vedteken, jf. Innst. O. nr. 14 (1998–1999). Dersom det skal veljast tilsette til styret, seier lova at dei skal veljast «blant» dei tilsette. Lova seier ikkje at dei skal veljast «av» dei tilsette. Departementet gav uttrykk for at det kan vere grunn til å tru at Stortinget meinte «av og blant» då lova blei vedteken, men at omgrepet «av» ved ein inkurie ikkje kom med i lovteksten som blei endeleg vedteken.
Departementet føreslo difor i høyringsnotatet å ta inn omgrepet «av» i kommunelova § 65. nr. 3 andre punktum. Departementet viser i proposisjonen til vurderingane i høyringsnotatet og held fast ved framlegget om å ta inn omgrepet «av» i kommunelova § 65 nr. 3 andre punktum. Det blir i proposisjonen peika på at det er eit viktig prinsipp at det er dei tilsette sjølve som skal velje tilsettevalde.