Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Etter lov om interkommunale selskap § 21 kan interkommunale selskap ikkje bruke inntekter frå sal av fast eigedom eller andre større kapitalgjenstandar til å dekkje faste utgifter. Departementet har heimel til i særlege tilfelle å dispensere frå dette forbodet.
Departementet viste i høyringsnotatet til at høvet til dispensasjon for interkommunale selskap har samanheng med at det tidlegare var gjeve tilsvarande dispensasjonshøve for kommunar og fylkeskommunar i kommunelova av 1992. Det var ein føresetnad at dispensasjonshøvet skulle nyttast strengt. Høvet til dispensasjon for kommunar og fylkeskommunar blei teke ut ved endringane i kommunelova som tok til å gjelde 1. januar 2001.
Departementet viste i høyringsnotatet til at det er eit viktig prinsipp at verdiar i form av faste eigedommar eller andre større kapitalgjenstandar, verdiar som gjerne er bygde opp over lang tid, ikkje kan nyttast til å dekkje selskapets faste driftsutgifter. Departementet føreslo på denne bakgrunn å oppheve høvet til dispensasjon.
Departementet viser i proposisjonen til at fleirtalet av høyringsinstansane som uttalar seg, sluttar seg til framlegget. Departementet held fast ved framlegget i høyringsnotatet.