Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Inndelingslova er ei prosesslov som regulerer korleis ein går fram ved fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser, sjå lov 15. juni 2001 nr. 70.
Etter inndelingslova kan innbyggjarane sjølve ta initiativ til ei utgreiing om grenseendringar, men berre kommunestyret eller fylkestinget kan ta initiativ til å få greidd ut samanslåing og deling. Det er Stortinget som tek avgjerda i saker som er så store at dei får verknad for stortingsmandat, eller når det er usemje mellom kommunane om ei samanslåing, sjå inndelingslova §§ 4 til 6. Kongen eller fylkesmannen tek avgjerda i andre saker.
Når det er gjort vedtak om endring av grenser, startar ein prosess fram mot iverksetjing. Etter inndelingslova § 26 blir det oppretta ei fellesnemnd ved samanslåing av kommunar for å samordne og førebu samanslåinga.
Samansetjinga av fellesnemnda skal drøftast på felles kommunestyremøte og blir vedteken av dei einskilde kommunestyra. Inndelingslova krev at kvar av kommunane skal ha minimum fem representantar i fellesnemnda, samstundes som samansetjinga av nemnda skal spegla innbyggjartalet i kommunane som skal slå seg saman. I situasjonar der det er markert ulik storleik på kommunane, vil dette kunne føre til at fellesnemnda må ha fleire medlemmer enn det som er tenleg. I tre av dei fem siste sakene om kommunesamanslåing har departementet måtta gjere unntak frå inndelingslova ved samansetjinga av fellesnemnda.
Departementet meinte i høyringsnotatet at det er rimeleg og tenleg at den kommunen som har flest innbyggjarar, har flest medlemmer i fellesnemnda. Departementet gav uttrykk for tillit til at kommunane vil finne fram til ei samansetjing som gjev dei involverte kommunane høveleg representasjon, samstundes som talet på medlemmer i fellesnemnda ikkje hindrar at nemnda er funksjonsdyktig. Departementet meinte at lova ikkje lenger bør krevje ei samansetjing som speglar innbyggjartalet, men at lova i staden slår fast at nemnda bør spegle innbyggjartalet. Departementet meinte òg at kravet om minimum fem medlemmer frå kvar kommune bør endrast til eit krav om minimum tre medlemmer.
Departementet sende difor framlegg om å endra § 26 første ledd andre og tredje punktum på høyring.
Departementet held i proposisjonen fast ved at inndelingslova bør gje ei føring om at samansetjinga av fellesnemnda bør avspegle innbyggjartalet. Framlegget frå departementet gjev større fridom for kommunane enn gjeldande rett. Departementet viser til at det rettsleg sett er skilnad på skal- og bør-krav i lover. Ein konsekvens av ei lovendring vil vere at ein i saker om kommunesamanslåing ikkje lenger må ha unntak frå nasjonalt regelverk for å setje saman ei fellesnemnd som ikkje avspeglar innbyggjartalet.