11. Revidering av EFTA-konvensjonen på landbruksområdet

11.1 Sammendrag

Konvensjonen om oppretting av Det europeiske frihandelssambandet (EFTA-konvensjonen) 4. januar 1960 utgjer det institusjonelle rammeverket for samarbeidet mellom dei fire EFTA-landa Noreg, Liechtenstein, Island og Sveits.

Med heimel i artikkel 59 i EFTA-konvensjonen har Sveits/Liechtenstein, Island og Noreg revidert EFTA-konvensjonen på landbruksområdet for blant anna handel med råvarer og tilverka jordbruksprodukt, jf. rådsvedtak i EFTA av 21. juni 2012.

Sentrale element i den endra konvensjonen er at Noreg har auka den tollfrie importkvoten for ost frå EFTA-landa frå 90 tonn til 200 tonn per år. Vidare har Noreg gitt ein tollfri kvote for 10 tonn tørka kjøtt, 10 tonn pølser og 400 tonn med konsentrert eplejuice per år. Elles har Noreg for råvarer frå jordbruket gitt Sveits/Liechtenstein og Island dei same generelle reduksjonane i tollsatsane som Noreg har gitt til EU og andre handelspartnarar i tidlegare forhandlingar.

Island har gitt ein tollfri kvote til Sveits/Liechtenstein og Noreg for import av tørka kjøtt på 10 tonn og 15 tonn ost per år. Vidare har Island gitt dei same tollreduksjonane for råvarer til dei andre EFTA-landa som Island har gitt til EU.

Sveits/Liechtenstein etablerer ikkje sjølvstendige kvoter for import frå Island og Noreg. Sveits/Liechtenstein tilbyr full frihandel med ost. På tilsvarande måte som for dei andre EFTA-landa blir Island og Noreg gitt dei same tollreduksjonane som Sveits/Liechtenstein har gitt til EU for råvarer.

For tilverka jordbruksprodukt skal alle EFTA-land minst gi kvarandre den same tilgangen til marknaden som dei gir til EU. Noreg må derfor bruke dei same tollsatsane for import frå Sveits/Liechtenstein og Island som for import av tilverka jordbruksprodukt frå EU.

Endringane i konvensjonen betyr at Sveits/Liechtenstein og Island langt på veg stiller likt med EU når det gjeld tollsatsar ved eksport av jordbruksprodukt til Noreg. EU har for enkelte produkt, blant anna enkelte kjøttslag, tollfrie eksportkvotar til Noreg som ikkje inngår i den reviderte EFTA-konvensjonen. Ein forventar ikkje at endringane av EFTA-konvensjonen vil føre til auka import av vesentleg mengde til Noreg. EU har allereie dei same tollsatsane og er generelt meir konkurransedyktig enn Sveits/Liechtenstein og Island. På sikt kan ein rekne med at kvoten for ost på 200 tonn og kvoten for konsentrert eplejuice på 400 tonn kan bli utnytta.

I samband med endringane i EFTA-konvensjonen har ein også redusert tollsatsen for import av 600 tonn sauekjøtt frå Island frå 2,40 kroner per kg til null kroner per kg.

Noreg får også betre høve til eksport av jordbruksprodukt til Sveits/Liechtenstein og Island. Ein reknar ikkje med at det blir nokon vesentleg auke i eksporten fordi dei norske produkta er lite konkurransedyktige på den internasjonale marknaden.

Tollkonsesjonane som følgjer av den reviderte avtalen på landbruksområdet blir på usikkert grunnlag anslått til å gi staten eit årleg inntektstap på om lag 4 mill. kroner. Endringane fører ikkje til andre nemneverdige budsjettkonsekvensar for Noreg. Det er venta at avtalen vil tre i kraft frå 1. juli 2013. Påløpt og bokført provenytap i 2013 blir anslått til om lag 2 mill. kroner.

11.2 Komiteens merknader

Komiteen tar omtalen til orientering.