Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Med aukande bustadprisar og aukande husleiger kan det vere vanskeleg for unge og vanskelegstilte med låg inntekt og med liten eller ingen eigenkapital å etablere seg på bustadmarknaden. Sterkt stigande bustadprisar gjer at ein må spare mot eit glidande mål. Skattesystemet hjelper dei som leiger, dersom dei bruker BSU-ordninga, men den store skattefordelen er resultatet av den låge eller manglande skatten på eigen bustad.
Langt på veg møter arbeidsinnvandrarar dei same utfordringane som unge på bustadmarknaden.
Det tek gjerne lengre tid for arbeidsinnvandrarar å etablere seg i bustadmarknaden enn for nordmenn. Dei manglar eigenkapital, og ofte også kunnskap om marknaden. Dei må dokumentere at dei vil bli verande i Noreg. Ofte vil dei ynskje å ha ein rimeleg stad å bu. Med aukande butid blir krava og preferansane endra, og arbeidsinnvandrarane får etter kvart buforhold som liknar meir på dei vi finn blant nordmenn. Studiar viser at dei fleste utanlandske arbeidstakarar klarer å etablere seg med akseptable bustadløysingar, og at det høge talet på familiegjenforeiningar kan tolkast som eit uttrykk for at dei fleste klarer å skaffe seg tilfredsstillande buforhold.