Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
SSB sin byggjekostnadsindeks for bustader måler i hovudsak utviklinga i kostnadene til innsatsfaktorane arbeidskraft, materialar og transport brukt i bustadbygginga. I perioden 2000–2012 har denne indeksen auka med 58 pst. Byggjekostnadsindeksen blir ikkje påverka av endringar i prisar på tomter, produktivitetsendringar eller endringar i fortenestemarginane til entreprenørane. I perioden 2000–2011 har det vore ein nedgang i arbeidskraftproduktiviteten i byggje- og anleggsverksemda på 9 pst. ifølgje SSB. Det finst ikkje gode data på verken fortenestemarginar i byggjenæringa eller på tomteprisar.
Medan den generelle prisveksten (KPI) har vore på 25 pst. i perioden 2000–2012 har byggjekostnadene auka med 58 pst. I den same perioden har prisane på brukte bustader auka med 119 pst.
Det er stor variasjon i nivået på bustadprisane mellom sentrale og ikkje-sentrale strok. Medan gjennomsnittleg kvadratmeterpris på omsette bustader i Oslo i 2012 var 43 000 kroner, var den tilsvarande prisen for til dømes Hedmark 18 700 kroner.
Dei statlege krava til kvalitetar i nye bustader er blitt strengare dei seinare åra. Sjå meldinga for døme.
Mange kommunar set også krav til bygginga. Dette kan vere krav til føremål, høgde og plassering, krav om blanding av ulike bustadstorleikar i eit grannelag og krav om parkering og så vidare.
Generelt gjer auka krav om standard bustadbygginga dyrare. Det er ulike oppfatningar om kor fordyrande desse krava har vore for byggjekostnadene.
Dei auka krava til nye bustader kan berre forklare delar av skilnaden mellom byggjekostnadene og bustadprisane. Utviklinga i tomteprisane er ein annan sentral forklaringsfaktor bak dei auka bustadprisane.