Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Regjeringa stimulerer og støttar opp om frivillige verksemder på ei rekkje felt.
Sjølv om det er kommunane som har hovudansvaret for å gjennomføre bustadpolitikken, og som dermed må ha eigarskapet til arbeidet, vel mange kommunar å løyse oppgåvene i samarbeid med frivillige organisasjonar.
I tillegg har frivillige organisasjonar og interesse- og brukarorganisasjonar verdifull erfaring og kan kome med innspel til den statlege og kommunale politikkutforminga.
Frivillige bidreg til å gje menneske omsorg, nærleik og ein meiningsfull kvardag.
Brukarane må få den informasjonen dei treng for å vite om kva for moglegheiter dei ulike statlege ordningane gjev, slik som bustøtte, startlån, tilskot til etablering i bustad og tilskot til tilpassing av bustad. Husbanken skal mellom anna syte for at det finst god og oppdatert informasjon til aktuelle brukarar på nettstadene sine.
stimulere til frivillig innsats i det bustadsosiale arbeidet sentralt, regionalt og lokalt
nytte erfaringar frå brukarorganisasjonar i det bustadsosiale arbeidet
leggje til rette for at dei ulike bustadsosiale ordningane er godt kjende blant menneske som treng hjelp til å løyse bustadproblema sine