6.1 Sammendrag

6.1.1 Føremål og innretting av strategien

I meldinga blir det peikt på at det bustadsosiale arbeidet har høg nasjonal prioritet. Tidlegare program og satsingar har samla den statlege og kommunale innsatsen på området. «Prosjekt bostedsløse» (2001–2004) og den nasjonale strategien «På vei til egen bolig» (2005–2007) er døme på innsats der det blei funne løysingar på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.

Innsatsen overfor vanskelegstilte på bustadmarknaden er stor, både i kommunane, staten og den frivillige sektoren. Gjennom dei siste ti åra er den bustadsosiale kompetansen styrkt, og det er etablert mange ulike butilbod til vanskelegstilte. Samstundes står vi overfor utfordringar som må møtast. Kartlegginga av bustadlause i 2008 viste at 6 100 personar ikkje hadde ein fast stad å bu. Bustadutvalet (NOU 2011:15) fann at rundt 150 000 personar kan karakteriserast som vanskelegstilte på bustadmarknaden, og kommunane melder om auka etterspurnad etter bustader og tenester.

Regjeringa vil leggje fram ein brei og langsiktig strategi for det bustadsosiale arbeidet. Regjeringa tek sikte på at strategien skal gjelde frå 2014. Ansvaret for å gje folk hjelp til å skaffe bustad og å yte ulike tenester sorterer under fleire sektorar, både i den kommunale og den statlege forvaltninga. Samarbeid på tvers er ei utfordring på alle nivå.

Strategien skal samle og målrette den offentlege innsatsen. Han skal synleggjere ansvarsforholda i det bustadsosiale arbeidet generelt og innanfor einskilde innsatsområde spesielt. Strategien skal òg vise kva verkemiddel som kan brukast for å hjelpe dei som slit på bustadmarknaden. I strategien vil regjeringa leggje vekt på å førebyggje bustadproblem.

Det er Arbeidsdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet som saman er ansvarlege for strategien. KS er blant dei instansane som vil bli inviterte med i både utviklinga og gjennomføringa av strategien. I tillegg vil representantar for frivillig sektor og brukarorganisasjonar bli inviterte med i arbeidet.

Husbanken skal koordinere arbeidet på direktoratnivå. Dei direktorata som må bidra i arbeidet er Arbeids- og velferdsdirektoratet, Helsedirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet og Den sentrale forvaltninga for kriminalomsorga. Andre departement og direktorat vil bli trekte med ved behov.

Regjeringa vil

  • leggje fram ein ny nasjonal strategi for bustadsosialt arbeid som skal samle og målrette den offentlege innsatsen

6.1.2 Tilfredsstillande buforhold for vanskelegstilte barnefamiliar

Det går fram av meldinga at heimen og nærmiljøet betyr mykje for oppveksten til barn og unge. Tilfredsstillande buforhold er ein føresetnad for gode levekår for barnefamiliar.

Forsking viser at familiar i låginntektsgrupper flyttar oftare enn andre, og at dei oftare bur trongt. Ein del barn veks opp i kommunale utleigebustader i belasta bumiljø. Dei fleste av familiane kjem seg likevel raskt over i tilfredsstillande buforhold, anten på eiga hand eller med hjelp frå det offentlege.

Ei kartlegging av bustadlause personar fra 2008 viste at om lag 200 personar hadde dagleg omsorg for mindreårige barn. Ingen av desse familiane var utan ein stad å opphalde seg komande natt. Den største gruppa var hjå slekt og vener, eller i krisesenter. Rundt halvparten av barnefamiliane hadde vore utan ein fast stad å bu i mellom tre veker og seks månader, og ein av fire hadde vore i ein slik situasjon i meir enn seks månader.

Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen skal medverke til at utsette barn og unge og familiane deira får eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. Barn skal ha trygge oppvekstvilkår og høve til å delta i vanlege aktivitetar sjølv om foreldra har dårleg økonomi.

Bustadutvalet (NOU 2011:15) meinte at det bør stillast krav til at kommunane har beredskapsplanar i tilfelle der barnefamiliar står i fare for å bli eller har blitt bustadlause. Høyringssvara til NOU 2011:15 viste at fleire kommunar allereie har slike planar. Regjeringa meiner at kommunane har eit betydeleg ansvar i tilfelle der barnefamiliar ikkje har ein fast stad å bu.

Når barn og unge skal få eit mellombels butilbod, gjeld det strengare krav til kvalitet på butilbodet.

Barn skal ha ein trygg oppvekst uavhengig av om familien eig eller leiger bustaden sin. For somme barnefamiliar kan det å leige bustad gje mest tryggleik og stabilitet. Gjennom Husbanken sin dialog med kommunane, og særleg i tildelinga av tilskot til utleigebustader, stimulerer regjeringa til fleire kommunalt disponerte bustader i bumiljø som er eigna for barnefamiliar. Staten og kommunen må saman motverke konsentrasjon av sosiale problem og opphoping av negative levekår i einskilde område.

I fleire kommunar er befolkningstilveksten stor, noko som skaper press på bustadmarknaden. Det er viktig å sjå på kva utviklinga på bustadmarknaden får av konsekvensar for familiar med låge inntekter, særleg store barnefamiliar.

Det er behov for å utvikle modellar som skal førebyggje og motverke dårlege buforhold blant familiar med låge inntekter i pressområde. Som eit ledd i dette modellarbeidet skal Husbanken inngå eller vidareføre samarbeid med kommunar som allereie arbeider godt med å betre buforholda til låginntektsfamiliar. Husbanken skal trekkje med seg andre statlege verksemder ved behov, og gjere modellane og erfaringane med dei tilgjengelege for andre kommunar.

Husbanken skal særleg løfte fram kommunale strategiar for å hjelpe barnefamiliar frå leige til eige. Det ser ut til å vere eit stort potensial for flyktningefamiliar til å eige bustaden sin. Erfaringar viser at ved hjelp av dei statlege verkemidla, som bustøtte, tilskot til etablering og startlån, kan mange barnefamiliar kjøpe bustad. Dette vil samstundes frigjere utleigebustader til andre meir vanskelegstilte.

Regjeringa vil

  • førebyggje og motverke dårlege buforhold blant låginntektsfamiliar i pressområde

  • fremje kommunalt disponerte utleigebustader i bumiljø som er tilpassa behova til barnefamiliar

  • gjennom Husbanken og kommunane hjelpe barnefamiliar frå leige til eige gjennom startlån, tilskot til etablering og bustøtte

  • evaluere varslingsregelen i husleigelova og greie ut om det kan vere gagnleg å innføre ei plikt for utleigaren til å varsle Nav-kontoret når barnefamiliar står i fare for å bli kasta ut av bustaden

6.1.3 Bustad som del av hjelpa til utsette unge

Det blir i meldinga vist til at det er store individuelle forskjellar mellom kva utfordringar og behov unge med bustadproblem har. Det er behov for ein målretta innsats mot dei mest utsette unge, det vil seie dei som står i fare for å miste bustaden sin eller som ikkje har ein fast stad å bu. I tillegg er det naudsynt at bustad er ein del av innsatsen på andre politikkområde som gjeld unge, til dømes innsatsen overfor unge som står utanfor utdanning og arbeid.

Det å bu dårleg, eller ikkje ha ein eigen fast stad å bu, kan føre med seg eller forsterke andre problem som utsette unge har.

6.1.3.1 Særskilt innsats for unge utan ein stad å bu

Dei nasjonale kartleggingane viser at talet på bustadlause under 24 år har auka jamt sidan 1996. Dette er ei utvikling ein òg ser i dei andre nordiske landa. I 2008 var 24 pst. av alle bustadlause i Noreg mellom 18 og 24 år. Over halvparten var avhengige av rusmiddel, og ein tredjedel hadde ei synleg eller kjend psykisk liding. Ein relativt stor del hadde vore utan bustad i meir enn eit halvt år.

Ei kartlegging av døgnovernattingsstader og andre former for kommunalt disponerte bustader viser at over halvparten av kommunane i undersøkinga hadde gjeve unge mellom 18 og 24 år eit mellombels butilbod i 2010.

Husbanken samarbeider med Arbeids- og velferdsdirektoratet og Helsedirektoratet om eit idéhefte om bu- og oppfølgingstilbod til utsette unge.

Regjeringa har årleg styrkt fleire av dei økonomiske verkemidla til Husbanken, deriblant tilskot til utleigebustader.

Erfaring og forsking fortel at det er naudsynt å satse meir systematisk på fleire typar butilbod til utsette unge.

Sosialt entreprenørskap er entreprenørskap som blir nytta på sosiale eller samfunnsmessige utfordringar og problem, og inneber at entreprenørane skal finne nye løysingar som kan skape varige forbetringar på viktige område i samfunnet. Ved å samarbeide med ulike miljø for å finne nye måtar å bruke verkemidla på, kan ein få fram fleire eigna butilbod til unge. I tillegg til å trekkje med sosiale entreprenørar, er det relevant for Husbanken å søkje råd frå byggjebransjen, bustadsosiale fagmiljø, andre aktørar innan frivillig sektor og kommersielle aktørar.

Fleire av dei kommunane som Husbanken har langsiktig og forpliktande samarbeid med, har valt å satse på å førebyggje og avhjelpe bustadproblem blant unge. Det blir i meldinga lista fleire gode døme på strategiar og tiltak retta mot unge som er utsette på bustadmarknaden.

Husbanken skal støtte opp om kommunar som ynskjer å intensivere innsatsen overfor utsette unge. Det blir i meldinga vist til at den nye kartlegginga av bustadlause vil vere klar i løpet av 2013 og vil gje eit grunnlag for den vidare oppfølginga som Husbanken må tilby kommunar med unge bustadlause. Det er òg behov for meir kunnskap om individuelle og strukturelle årsaker til at unge får store bustadproblem. Det at stadig fleire unge er utan ein stad å bu er ei utvikling som gjer seg gjeldande i fleire nordiske land, og det er derfor ei relevant problemstilling for nordisk samarbeid.

6.1.3.2 Bustad som del av den statlege innsatsen overfor utsette unge

Regjeringa har som mål å motverke marginalisering av utsette unge. Dette er eit felt der mange offentlege instansar har eit ansvar.

Med ein auka innsats for unge som treng hjelp til å kome i arbeid eller utdanning, vil det bli lettare for dei å skaffe seg ein stad å bu og å halde på han. Arbeids- og velferdsetaten har garantiordningar for ungdom som ikkje er i arbeid eller utdanning. Garantien for unge under 20 år inneber eit tilbod om arbeidsretta tiltak til dei utan arbeid eller skuleplass.

Frå 2013 skal oppfølgingsgarantien og tiltaksgarantien for arbeidslaus ungdom i alderen 20–24 år målrettast mot dei som treng hjelp til å kome i arbeid eller utdanning.

Barnevernet skal sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får naudsynt hjelp til rett tid. Barn og unge med behov for omsorg frå barnevernet er særleg sårbare. Vaksenlivet kjem ofte tidlegare enn det som er tilfellet for dei fleste andre ungdomar, og mange opplever overgangen som vanskeleg. Ei lovendring i 2009 skal sikre at barnevernstenesta gjev ei grundig vurdering av om det skal setjast i verk etterverntiltak, og at vurderingane blir synleggjorde slik at eit eventuelt avslag kan påklagast til fylkesmannen. Hjelp til å skaffe bustad og hjelp til å meistre buforholdet er blant dei vanlegaste etterverntiltaka. For å få til gode tiltak er det særs viktig med godt samarbeid mellom fleire tenester.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har utarbeidd ei oversikt over kva plikter ulike offentlege tenesteytarar har overfor utsette unge som står i fare for å bli marginaliserte og utestengde frå utdanning, arbeidsliv og bustadmarknaden.

I 2010 starta Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet opp «Losprosjektet» i 15 kommunar. Dei unge får ein kontaktperson, ein los, som følgjer dei opp og hjelper dei med å nyttiggjere seg tilbod som blir gjevne i skulen eller av andre instansar. Målet er å betre koplinga til skule og arbeid blant særleg risikoutsette unge i alderen 14–23 år. Ei evaluering av prosjektet skal gjerast ferdig i 2014.

Kunnskapsdepartementet har ei satsing på auka gjennomføring i vidaregåande opplæring. Satsinga ber namnet Ny GIV. Målgruppa for Ny GIV er langt breiare enn berre unge som bur, eller står i fare for å bu, dårleg. Auka gjennomføring i den vidaregåande skulen vil føre med seg at færre kjem i ein vanskeleg busituasjon. Ny GIV skal bidra til ei betre offentleg samordning, der bustadproblem blir sette i samanheng med andre utfordringar. Som eit bidrag til Ny GIV har Husbanken, Arbeids- og velferdsdirektoratet og Finansnæringens Fellesorganisasjon utvikla ein digital simulator som viser korleis dei unge kan styre økonomien sin inn mot å kjøpe seg bustad.

Helsedirektoratet skal etablere ein strategi for å sikre den psykiske helsa til barn og unge. Husbanken deltek i arbeidet med strategien og skal bidra med kunnskap om bustadbehov for utsette barn og unge, og kva for strategiar og verkemiddel som kan nyttast for å førebyggje og motverke vanskelege busituasjonar.

Regjeringa vil

  • leggje til rette for fleire butilbod til unge som ikkje har ein stad å bu, eller som står i fare for å miste den bustaden dei har

  • gjennom Husbanken rette ein spesifikk innsats overfor kommunar som har utfordringar med unge utan ein fast stad å bu

  • nytte sosialt entreprenørskap og sosial innovasjon for å utvikle nye typar butilbod til unge

  • skaffe meir kunnskap om individuelle og strukturelle årsaker til at unge kjem i ein situasjon utan ein fast stad å bu

6.1.4 Butilbod til flyktningar

Kommunane har busett mange flyktningar dei siste åra. Regjeringa vil sikre rask busetjing av flyktningar, mellom anna gjennom eit meir forpliktande samarbeid med kommunesektoren, jf. tiltak i Meld. St. 6 (2012–2013) En helhetlig integreringspolitikk – mangfold og fellesskap. Meldinga legg òg fram regjeringa sin visjon om å tette gapet mellom innvandrarar og resten av befolkninga når det gjeld prosentdelen av sysselsette. Rask busetjing kan verke inn på kor fort flyktningane kjem seg inn i arbeidsmarknaden.

I 2013 er det behov for å busetje om lag 8 500 flyktningar i norske kommunar. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) skal formidle flyktningar til busetjingskommunar. Kommunane gjev tilbakemeldingar om at mangel på eigna bustader til rett tid og på rett stad ofte gjer at dei ikkje kan ta imot fleire flyktningar.

Husbanken har fleire verkemiddel som styrkjer det bustadsosiale arbeidet i kommunane, til dømes startlån, tilskot til etablering, tilskot til kommunale utleigebustader og grunnlån.

Flyktningar er ikkje ei einsarta gruppe. Fleire kommunar nyttar seg òg av den private leigemarknaden. Hushald med låge inntekter og høge buutgifter, mellom anna flyktningar, kan få bustøtte anten dei eig eller leiger bustad.

Verkemidla til Husbanken er viktige for det bustadsosiale arbeidet i kommunane. Talet på flyktningar som skal busetjast frå år til år kan variere. Husbanken må derfor samarbeide tett med IMDi om korleis dei saman kan leggje til rette for at kommunane har føresetnader for å ta imot flyktningar.

Fleire forskingsrapportar ser nærare på kva som må til for at kommunane skal kunne ta imot fleire flyktningar. Her er nokre viktige faktorar: langsiktig planlegging, god forankring og tydeleg ansvarsdeling, hjelp til bebuarar i kommunalt disponerte bustader slik at dei kan kjøpe ein bustad eller leige privat, og profesjonell bruk av den private leigemarknaden.

I tillegg til å nytte seg av verkemidla til Husbanken på kort sikt, må kommunane òg planleggje langsiktig og sjå bustøtte, tilskot og lån i samanheng. Husbanken har inngått eit langsiktig og forpliktande samarbeid med meir enn 50 kommunar der føremålet er å utvikle eit heilskapleg og strategisk bustadsosialt arbeid.

Husbanken skal leggje til rette for erfaringsutveksling mellom kommunar når det gjeld korleis dei kan ta høgde for busetjing av flyktningar, både i planlegginga og gjennomføringa.

Informasjon, rettleiing, kompetansetiltak og kunnskapsutvikling er òg verkemiddel som Husbanken gjer bruk av i arbeidet med å leggje til rette for kommunane sitt arbeid med å busetje flyktningar. Sjå meldinga for døme.

I perioden 2009–2011 busette kommunane over 600 einslege mindreårige årleg. I 2012 var det om lag 470 einslege mindreårige som blei busette. Nokre bur med slektningar eller i fosterheimar, medan andre får tilbod om å bu i bufellesskap med andre unge. Kommunane har teke imot mange einslege mindreårige dei siste åra, noko som har ført til at dei fleste blir busette innanfor målet om tre månader etter at dei har fått løyve om opphald.

Regjeringa vil

  • gjennom Husbanken styrkje kommunane sitt arbeid med å busetje flyktningar. Husbanken skal synleggjere korleis dei bustadsosiale verkemidla kan støtte opp om kommunale strategiar for å busetje flyktningar – både på kort og lang sikt

  • gje inntil 40 pst. utmåling av tilskot til utleigebustader til flyktningar og andre prioriterte grupper

6.1.5 Eit variert kommunalt butilbod

Mange kommunar melder om behov for eit større og breiare butilbod i kommunane. Kommunane disponerer i dag eit spekter av ulike tilbod.

Det blir i meldinga vist til at det er viktig at kommunen tek utgangspunkt i den einskilde sine behov.

Personar med rusproblem og psykiske lidingar er ei gruppe som er overrepresentert i kartleggingane av bustadlause, og som er bustadlause lengst og oftast. Det er dei siste ti åra blitt etablert ei rekkje nye butilbod til denne gruppa.

«Housing First» er ein busetjingsmodell som er nytta i fleire land. Den byggjer på ein tverrfagleg metode som tek utgangspunkt i at bustad er eit grunnleggjande behov for alle. Modellen har eit sterkt brukarperspektiv. Fleire norske kommunar har i dei seinare åra etablert butilbod basert på prinsippa bak Housing First-modellen.

Ulike undersøkingar tyder på at samlokaliserte bustader til ulike grupper ser ut til å ha blitt meir vanleg dei siste åra. Det er viktig at samlokaliserte bustader og bufellesskap ikkje får eit institusjonsliknande preg. Ulike grupper skal heller ikkje måtte bu saman dersom dei ikkje ynskjer det. I tildelinga av tilskot til utleigebustader og omsorgsbustader har departementet og Husbanken tydeleggjort kor viktig integrering og normalisering er når ein etablerer samlokaliserte bustader.

Det er truleg at ein del personar og hushald, som tradisjonelt sett har fått tilbod om kommunal utleigebustad, er i stand til å kjøpe eigen bustad. Regjeringa vil opne for 50 års nedbetalingstid på startlån, noko som kan gjere det mogleg for fleire hushald med låge inntekter å kjøpe bustad og betene eit lån.

Bustadutvalet (NOU 2011:15) gjorde framlegg om ei satsing på 2 500 fleire kommunalt disponerte bustader for personar med rusproblem, psykiske lidingar og dobbeltdiagnosar. Framlegga fekk brei støtte i høyringa. Mange meinte at framlegget til satsing på oppfølgingstenester var for lågt i forhold til behovet.

Tilskot til utleigebustader blir tildelt av Husbanken, og kommunane og andre aktørar som vil etablere butilbod med kommunal tildelingsrett kan søkje. Målgruppa er vanskelegstilte på bustadmarknaden, og butilbod til folk utan bustad, flyktningar, folk med behov for oppfølgingstenester og barnefamiliar blir prioriterte.

Regjeringa vil

  • gjennom Husbanken stimulere til kommunale butilbod til personar med rusproblem, psykiske lidingar og dobbeltdiagnosar

  • utvikle modellar for å sikre brukarmedverknad ved busetjing og utforming av tenestetilbod til vanskelegstilte på bustadmarknaden

  • kartleggje utviklinga av samlokaliserte bustader og bufellesskap, både storleiken, samansetjinga av grupper og lokaliseringa, og etablere indikatorar og rapporteringssystem som gjer det mogleg å følgje utviklinga over tid

  • jamleg kartleggje og analysere bustadløyse

6.1.6 Oppfølging for å meistre buforholdet og kvardagen

I mange kommunar er det lange ventelister for å få kommunalt disponerte bustader, og tilbakemeldingane frå kommunane og resultat frå forskinga fortel om eit udekt bustadbehov blant personar med tilleggsvanskar. For mange som har tilleggsproblem, kan oppfølging vere ein føresetnad for stabile og føreseielege buforhold. Tenestene spenner over eit breitt spekter.

6.1.6.1 Rett til oppfølging

Nav-kontoret yter økonomisk stønad til kostnader til livsopphaldet, der bukostnader utgjer ein vesentleg del, samt andre typar tenester som kan hjelpe mottakaren til å bli sjølvhjelpen.

Kommunane har eit lovpålagt ansvar for å sørgje for helse- og omsorgstenester til befolkninga. Etter lov om kommunale helse- og omsorgstjenester har kommunen og spesialisthelsetenesta ei plikt til å tilby ein koordinator for pasientar og brukarar med behov for langvarige og koordinerte tenester.

Det har vore gjort forsøk med ein koordinerande tillitsperson, og dette var eit viktig tiltak i opptrappingsplanen for rusfeltet. Følgjeevalueringa viser stor grad av måloppnåing.

For ein nærare omtale av rusmiddelpolitikken til regjeringa, sjå Meld. St. nr. 30 (2011–2012) Se meg! En helhetlig ruspolitikk.

6.1.6.2 Bustad som ein del av den individuelle planen

Dei som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har rett til å få utarbeidd ein individuell plan. Hjelp til å skaffe ein bustad og oppfølging i bustad kan vere blant tiltaka i den individuelle planen.

Det er framleis mange som har rett til individuell plan, som ikkje får det. Undersøkingar viser mellom anna at personar med rusproblem i lita grad får utarbeidd ein individuell plan.

Ved utgangen av 2011 var det i alt 6 640 personar som fekk lækjemiddelassistert rehabilitering (LAR). Mange i denne gruppa har hatt uføreseielege buforhold, og det er sannsynleg at ein stor del har vore utan fast bustad over tid. Erfaringane viser at med LAR-behandling, og tilpassa oppfølging, får dei ein betre busituasjon.

6.1.6.3 Statlege tilskot til tenester

Arbeids- og velferdsdirektoratet gjev tilskot til bustadsosialt arbeid.

Helsedirektoratet forvaltar tilskot til utvikling av samhandlingsmodellar, og frå 2012 gjeld dette også for oppfølging i bustad.

Sidan 2009 har Helse- og omsorgsdepartementet stimulert til modellar for eit betre og meir samordna tilbod til dei som har ein alvorleg psykisk sjukdom, gjerne i kombinasjon med rusproblematikk, og som i mindre grad dreg nytte av dei ordinære tenestene. Ein viktig del av denne satsinga gjeld etablering av aktivt oppsøkjande behandlingsteam, såkalla ACT-team («assertive community treatment-team»).

Det blir også gjeve tilskot til etablering av organisatorisk forpliktande samarbeidsmodellar mellom kommunar og spesialisthelsetenesta. Bustadperspektivet er eit sentralt element i dette arbeidet.

Helse- og omsorgsdepartementet er ansvarleg for ei storbysatsing som tok til i 2005. I tillegg til bustadtiltak er etablering av mobile oppfølgingsteam i storbyane viktige resultat av satsinga.

Regjeringa vil
  • styrkje kompetansen når det gjeld oppfølging i bustad for personar med rusproblem, psykiske lidingar og dobbeltdiagnosar

  • gjere modellar for oppfølgingstenester i bustad tilgjengelege for kommunane for slik å sikre betre oppfølging av utskrivingsklare pasientar

6.1.7 Førebygging av bustadproblem – rett hjelp til rett tid

Det er mogleg å førebyggje bustadproblem i avgjerande situasjonar på bustadmarknaden. Spesielt gjeld dette ved frigjeving frå fengsel og utskriving frå institusjon, ved bruk av mellombelse butilbod og ved fare for utkasting. Rett hjelp må kome til rett tid, og for å lukkast må ulike instansar samarbeide på tvers av forvaltningsnivå og sektorar.

6.1.7.1 Å planleggje bustad i overgang frå fengsel og institusjon

Overgangen frå fengsel og institusjon kan føre til eit tilvære utan ein bustad.

Kartleggingane av bustadlause viser at ein av fire bustadlause oppheld seg i fengsel eller på ein institusjon og skal skrivast ut eller frigjevast innan to månader, men utan å disponere nokon bustad.

Frigjeving frå fengsel

Straffedømte har dårlegare levekår enn befolkninga elles. To tredjedelar av dei innsette har hatt ein oppvekst med eitt eller fleire alvorlege problem. Ved starten av soninga er ein tredjedel utan ein bustad, medan talet har auka til to tredjedelar ved fullført soning.

Tilbakeføringsgarantien blei presentert i St.meld. nr. 37 (2007–2008) Straff som virker – mindre kriminalitet – tryggere samfunn. Straffedømte skal få hjelp til å skaffe seg bustad, arbeid, helsehjelp, økonomirådgjeving og andre tenester som dei treng for å leve eit lovlydig liv.

Gjennom dei siste åra er det etablert fleire samarbeidsavtalar mellom kommunar og kriminalomsorga. Avtalane er eitt av fleire verktøy for å sikre samarbeidsrutinar og klare ansvarsforhold mellom partane. Husbanken har finansiert prosjekt som skal byggje opp kunnskapen om korleis kommunen kan sikre innsette ein god og trygg bustad ved frigjevinga, mellom anna gjennom såkalla bustadkonsulentar. I samband med tilbakeføringsgarantien tilsette kriminalomsorga 27 nye tilbakeføringskoordinatorar i 2011.

Forsøket «Fra fengsel til kvalifiseringsprogram» er gjennomført i sju fengsel og sju kommunar i perioden frå 2009 til 2012. Forsøket har vist kor viktig samarbeidet mellom kriminalomsorga og heimkommunen til den innsette er for å lukkast med tilbakeføringa til samfunnet.

Utskriving frå institusjon

Samhandlingsreforma tok til å gjelde i 2012. Reforma skal bidra til meir førebygging og tidleg inngripen, eit større kommunalt ansvar for helse- og omsorgstenester og meir samanhengande tenester for brukarar og pasientar.

Førebels er det berre innført økonomiske insentivordningar for somatiske innleggingar. I Meld. St. 30 (2011–2012) Se meg! En helhetlig rusmiddelpolitikk har regjeringa varsla at ho vil greie ut kommunal medfinansiering og betaling for utskrivingsklare pasientar innanfor rusbehandling og psykisk helsevern.

Risikoen for tilbakefall frå behandling er særleg stor ved utskriving frå institusjon og fengsel. Det finst ein nasjonal kampanje for å betre pasientsikkerheita og å hindre pasientskadar. I 2012 blei det utvikla tiltakspakkar og det blei gjennomført pilotforsøk som skal førebyggje sjølvmord og overdose etter utskriving frå institusjon.

6.1.7.2 Redusert bruk av mellombelse butilbod

Det blir i meldinga peikt på at for å redusere bruken av mellombelse butilbod må det utviklast og etablerast fleire butilbod til dei som ofte oppheld seg på mellombelse butilbod, slik som utsette unge og personar med rusproblem og/eller psykiske lidingar. Ein må òg førebyggje at folk kjem i ein situasjon der dei må be om døgnovernatting.

Alle som ikkje har ein stad å opphalde seg og å sove det neste døgnet, har krav på eit mellombels butilbod, jf. § 27 i lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen. Mellombelse butilbod skal avhjelpe akutt bustadløyse og skal ikkje vare ved over tid. Det mellombelse tilbodet må ha forsvarleg kvalitet sett ut frå tenestemottakaren sine behov.

Bruken av og kvaliteten på døgnovernattingsstader blei kartlagd i 2010. Vanleg lengd på opphaldet for personar med rusproblem og dobbeltdiagnose er meir enn tre månader, medan barnefamiliar og unge i all hovudsak oppheld seg på mellombelse butilbod i under tre månader.

Bruken av nattheim er halvert dei siste tre åra. Samstundes har bruken av andre mellombelse butilbod auka, og til saman budde 3 885 personar på slike tilbod i 2011. Opphald på over tre månader har gått litt ned, noko som kan tyde på at kommunane greier å hjelpe folk over i andre tilbod innan rimeleg tid.

Kommunane er tidlegare blitt oppmoda om å inngå kvalitetsavtalar med alle leverandørar av mellombelse butilbod. Kvaliteten på tilboda ser ut til å vere god og langt på veg i samsvar med dei statlege føringane. Mange kommunar ser ut til å ha fått betre rutinar for å følgje opp tilboda.

Nav-kontoret skal så langt råd er, setje i verk tiltak med det same for å sikre overgang frå eit mellombels til eit varig butilbod, evt. i ein individuell plan.

Arbeids- og velferdsdirektoratet og fylkesmannen gjennomfører i 2012 og 2013 opplæring i lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen for alle Nav-kontor.

6.1.7.3 Færre utkastingar

Dei menneskelege og økonomiske kostnadene ved utkastingar er store. Erfaringar viser at det er mogleg å hindre ein stor del av utkastingane, så sant Nav-kontora blir informerte om situasjonen i ein tidleg fase.

Både varsel om utkastingar og faktiske utkastingar er reduserte frå 2011 til 2012. Utkastingar er for det meste eit storbyproblem.

Økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving er ein del av kjerneoppgåvene til arbeids- og velferdsforvaltninga. Det blir i meldinga peitk på at rådgjevinga er avgjerande for å hindre utkastingar.

Auka kompetanse i økonomisk rådgjeving er eit prioritert område for regjeringa. Det har sidan 2004 vore gjennomført fleire tiltak for å utvikle kvaliteten på dei kommunale tilboda til personar med økonomi- og gjeldsproblem.

Oppfølging i bustaden hindrar også krav om utkastingar og gjennomførte utkastingar.

Regjeringa vil
  • skaffe betre data for arbeidet med å førebu bustad ved frigjeving frå fengsel og utskriving frå institusjon. Betre data skal hjelpe kommunar og statlege instansar til å vurdere måloppnåing, evaluere arbeidet og eventuelt setje i verk nye tiltak

  • vidareutvikle den statistikken Politidirektoratet fører over varsel om utkasting og faktiske utkastingar, for å følgje nærare utviklinga i talet på hushald som blir ramma

6.1.8 Eit styrkt bustadsosialt fagmiljø

Bustadsosialt arbeid som ein del av utdanninga

Bustadsosialt arbeid i kommunen krev eit godt fagleg grunnlag hjå dei tilsette. Bustadutvalet (NOU 2011:15) viste til at bustadsosialt arbeid må inngå som ein del av velferdsutdanninga.

Både Husbanken og Arbeids- og velferdsdirektoratet arbeider med å heve den bustadsosiale kompetansen i kommunane, og har mellom anna vore med på å etablere bustadsosiale studium ved fleire høgskular.

Husbanken, Arbeids- og velferdsdirektoratet og Helsedirektoratet legg alle til rette for tilbod om vidareutdanning i bustadsosialt arbeid.

Kunnskapskjelder og læringsarenaer

Bustadutvalet (NOU 2011:15) meinte at den statlege samordninga ikkje er god nok, og at den statlege innsatsen bør stimulere til at bustad og tenester blir sette i samanheng lokalt. Regjeringa vil utarbeide ei ny rettleiing i bustadsosialt arbeid.

Husbanken skal bidra til å heve kompetansen i kommunar, frivillig sektor, brukarorganisasjonar og hjå andre som arbeider med bustadsosiale spørsmål. Dette blir dels gjort gjennom å utvikle kunnskap som er til nytte i tenestetytinga og politikkutforminga, dels ved å formidle kompetanse og erfaringar.

Husbanken forvaltar bustadsosialt kompetansetilskot. Tilskotet skal bidra til å heve kompetansen innanfor bustadsosialt arbeid.

KS tilbyr kommunane ein arena for analyse av verksemda til kommunane, der samanlikning mellom kommunar skal gje læring om vidare utvikling. I nettverksarbeidet øver kommunane på å utvikle analysar av tenester. Om lag 170 kommunar deltek kvart år i effektiviseringsnettverk.

Regjeringa vil

  • gjennomgå utdanningstilbodet ein har i dag, og i samarbeid med relevante utdanningstilbydarar, vurdere om det er behov for ein samla utdanningsstrategi innanfor feltet bustadsosialt arbeid

  • utarbeide ei ny tverrfagleg rettleiing om bustadsosialt arbeid

  • lage ei samla oversikt over dei økonomiske ordningane som staten tilbyr i det bustadsosiale arbeidet

  • leggje til rette for at bustadindikatorar og bustadspørsmål blir tema i effektiviseringsnettverka til KS

6.1.9 Auka frivillig innsats og brukarmedverknad

Regjeringa stimulerer og støttar opp om frivillige verksemder på ei rekkje felt.

Sjølv om det er kommunane som har hovudansvaret for å gjennomføre bustadpolitikken, og som dermed må ha eigarskapet til arbeidet, vel mange kommunar å løyse oppgåvene i samarbeid med frivillige organisasjonar.

I tillegg har frivillige organisasjonar og interesse- og brukarorganisasjonar verdifull erfaring og kan kome med innspel til den statlege og kommunale politikkutforminga.

Frivillige bidreg til å gje menneske omsorg, nærleik og ein meiningsfull kvardag.

Brukarane må få den informasjonen dei treng for å vite om kva for moglegheiter dei ulike statlege ordningane gjev, slik som bustøtte, startlån, tilskot til etablering i bustad og tilskot til tilpassing av bustad. Husbanken skal mellom anna syte for at det finst god og oppdatert informasjon til aktuelle brukarar på nettstadene sine.

Regjeringa vil

  • stimulere til frivillig innsats i det bustadsosiale arbeidet sentralt, regionalt og lokalt

  • nytte erfaringar frå brukarorganisasjonar i det bustadsosiale arbeidet

  • leggje til rette for at dei ulike bustadsosiale ordningane er godt kjende blant menneske som treng hjelp til å løyse bustadproblema sine

6.1.10 Økonomiske og administrative konsekvensar

Den nye nasjonale strategien for bustadsosialt arbeid skal utviklast i 2013, og regjeringa tek sikte på at han skal gjelde frå 2014. Strategien vil først og fremst ha administrative konsekvensar som følgje av auka bustadsosialt samarbeid mellom medverkande departement og direktorat. Dei tiltaka som blir sette i verk som følgje av arbeidet med strategien skal dekkjast innanfor gjeldande budsjettrammer. Eventuelle meirkostnader skal handsamast i samband med dei årlege statsbudsjetta.

Tiltaka om fleire butilbod til personar som ikkje bur tilfredsstillande skal dekkjast innanfor eksisterande budsjettrammer. Tilskot til utleigebustader er eit viktig verkemiddel som regjeringa har styrkt fleire gonger, sist i statsbudsjettet for 2013. Regjeringa har òg styrkt tilskot til etablering, sist i statsbudsjettet for 2013, mellom anna for å hjelpe vanskelegstilte hushald frå leige til eige. Startlån er eit verkemiddel for å hjelpe vanskelegstilte til å kjøpe bustad. I tillegg til bruk av verkemiddel frå Husbanken, vil det å hjelpe bebuarar i kommunale utleigebustader over i eigd bustad krevje administrative ressursar frå kommunane. Kommunane vil på den andre sida frigjere utleigebustader, som igjen kan disponerast til andre vanskelegstilte på bustadmarknaden.

Tiltaka som blir fremja i dette kapittelet om å heve den bustadsosiale kompetansen og å utvikle betre styringsdata for både kommune og stat, skal gjennomførast innanfor gjeldande budsjettrammer. Tiltaka vil krevje samarbeid mellom departement og direktorat, og kommunesektoren må bidra med innspel og deltaking på eventuelle møte, kurs og konferansar. Det er likevel opp til kvar einskild kommune å vurdere om, og eventuelt korleis, dei vil nytte seg av dei økonomiske og faglege tilboda frå staten. Målet er å vidareutvikle både det kommunale og statlege arbeidet slik at vanskelegstilte på bustadmarknaden får rett hjelp på eit tidlegast mogleg tidspunkt. Det er òg eit mål å vidareutvikle arbeidsformer slik at bustadproblem i større grad kan førebyggjast. Å førebyggje bustadproblem vil truleg innebere økonomiske og administrative innsparingar for både kommune, stat og dei personane det gjeld.

6.2 Komiteens merknader

Bosetting og boliger for flyktninger

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Kristelig Folkeparti, viser til at regjeringen varsler en ny nasjonal strategi for boligsosialt arbeid, der flyktningboliger blir et av innsatsområdene. Regjeringen viser i den forbindelse til nødvendigheten av et mer forpliktende samarbeid med kommunesektoren for å få til en raskere bosetting av personer som har fått innvilget opphold i Norge. Bosetting av flyktninger som har fått opphold er et nasjonalt ansvar, ikke avgrenset til en statlig oppgave.

Flertallet mener en av hovedutfordringene i dagens boligmarked er at det bygges for få boliger, herunder boliger til personer som ikke har mulighet til å kjøpe sin egen bolig.

Flertallet viser til Bosettingskonferansen 22. januar 2013 på Gardermoen, i regi av IMDI, der et av målene var raskere bosetting (http://www.regjeringen.no/nb/dep/bld/aktuelt/nyheter/2013/alle-ma-ha-en-kommune-a-bo-i.html?id=712988).

Av materialet fra konferansen fremgår det at KS vil be kommunene vurdere muligheten for å bosette flere i 2013 og 2014 og arbeide for bedre rammer innenfor flyktningfeltet. Flertallet viser også til NTNU-rapport 2013, Tidsbruken i bosettingsarbeidet. En studie av prosessen fra positivt vedtak til bosetting (Thorshaug, Paulsen og Berg), som er bestilt av KS. Ett av formålene med rapporten er å svare på hvordan en kan oppnå en raskere bosetting fra asylmottak, fortrinnsvis uten at kommuners selvråderett i bosettingsarbeidet reduseres. Rapporten inneholder en rekke anbefalinger, både til KS og kommunene og til statlige myndigheter. Flertallet ser svært positivt på den dialogen som er opprettet mellom partene i bosettingsarbeidet, og har forventninger om at dette arbeidet vil munne ut i en dugnad for å få bosatt dem som nå har ventet lenge i mottak, og en avtale som gir en forutsigbar vei videre, der bosetting av flyktninger blir en enda viktigere del av den løpende planleggingen i stat og kommune.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener at bevegelsene og forholdene på leiemarkedet påvirkes av reguleringer som iverksettes i boligpolitikken.

Disse medlemmer mener reguleringene i boligmarkedet fører til at det bygges for få boliger, og at dette påvirker alle ulike gruppers og individers muligheter til å finne gode boliger som dekker disses behov. Det vil etter disse medlemmers oppfatning også påvirke bosettingsarbeidet av flyktninger negativt, i tillegg til at andre utsatte grupper som sliter med dårlig økonomi og utilfredsstillende boforhold, heller ikke får en tilfredsstillende bosituasjon.

Disse medlemmer mener at boliger for flyktninger er viktig, men at det ikke bør medføre en konsentrasjon av slike boliger, da dette kan virke integreringshemmende.

Disse medlemmer mener at meldingen på en god måte omtaler viktige boligsosiale spørsmål, og bidrar til løsninger på utfordringer som er alvorlige for mange. Disse medlemmer mener imidlertid at boligpolitikken er et stort område, som henger sammen med andre viktige politiske spørsmål. Disse medlemmer ønsker derfor at disse spørsmålene kan behandles i en egen sak, som har et bredere perspektiv enn det som legges til grunn i denne meldingen. Disse medlemmer ber derfor regjeringen komme til Stortinget med en sak om hvordan boligbyggingen kan økes for å dekke fremtidig behov for boliger og sikre bolig for alle.