Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dei norske fartøya har nytta kvoten på fellesbestandane torsk, hyse, blåkveite og lodde nord om 62ºN godt i 2011 og 2012. Med unntak av lodde i 2011 og reker i 2012 nytta Noreg lite av sonetilgangen i russisk økonomiske sone i 2011 og 2012.
I Nordsjøen vart heile den norske kvoten av fellesbestanden sild hausta i 2011 og 2012. Seikvoten vart godt utnytta i 2011 medan det stod igjen 18 pst. av kvoten i 2012. Torskekvoten vart nytta godt begge åra.
I EU sitt farvatn vart den norske kolmulekvoten nytta godt begge åra. Norske linefartøy fiska store delar av botnfiskkvotane av blålange, lange og brosme både i 2011 og 2012. Kvotane på sild, tobis og brisling vart òg godt nytta.
Det norske fisket i Skagerrak var i hovudsak konsentrert om reker 2011 og 2012.
På grunn av usemje i makrellforvaltninga vart det ikkje inngått bilateral avtale mellom Noreg og Færøyane i 2011 og 2012. Difor har norske fartøy ikkje fiska i færøyske farvatn i 2011 og 2012.
Noreg utnytta botnfiskkvotane ved Island godt i både 2011 og 2012.
I 2011 og 2012 fiska Noreg kvoten på norsk vårgytande sild i NØS, i internasjonalt farvatn og ved Jan Mayen. I 2012 vart det òg fiska 655 tonn sild til agn i færøysk sone. I 2011 fiska Noreg heile 47 314 tonn sild i internasjonalt farvatn, mot 4 315 tonn i 2012.
I loddefisket ved Island, Grønland og Jan Mayen sesongen 2011/2012 starta loddefisket i grønlandsk sone i juli 2011, for så å halde fram i islandsk sone vinteren 2012. Kvoten vart godt utnytta. Sesongen 2012/2013 vart det ikkje grunnlag for å opne for eit sommarfiske. Dei norsk fartøya fiska i januar og februar 2013, og kvoten vart òg her godt utnytta.
I 2011 og 2012 fiska norske fartøy kolmule i EU-sona, i internasjonalt farvatn og i NØS. Noreg kan overføre 10 pst. av den norske kyststatsdel inkludert ei overføring på 0,5 pst. frå EU.
I 2011 og 2012 vart kyststatane ikkje einige om forvaltning av makrell. Noreg og EU vart difor einige om ein bilateral avtale om forvaltning av makrell desse åra. Frå og med 2011 er det innført kvotefleksibilitet over årsskiftet i fisket etter makrell.
Noreg utnytta torskekvoten i NAFO (Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen) godt både i 2011 og 2012.
Når det gjeld forvaltninga av norsk vårgytande sild vart kyststatane i 2008 einige om å innføre kvotefleksibilitet over årsskiftet frå og med 2008. Det vart opna for å føre over inntil 10 pst. av ubrukt kvote til neste år. Det vart òg gjeve høve til å forskottere inntil 10 pst. på neste års kvote. Alt fiske utover kvote skal trekkjast frå kvoten neste år. Færøyane og Noreg var dei einaste landa som i 2011 og 2012 fiska på forskot på 2012- og 2013-kvoten. Noreg fiska 25 624 tonn på forskot i 2011 og 19 437 tonn på forskot i 2012. EU, Island og Russland overførte unytta kvantum til 2012 og 2013.
Russland utnytta 64 pst. av torskekvoten i norsk økonomisk sone (NØS) i 2011, i 2012 utnytta dei 72 pst. Russland fiska 88 pst. av hysekvoten sin i NØS i 2011, medan dei i 2012 hadde ei utnytting på 90 pst. Dei fiska 115 124 tonn og 103 412 tonn norsk vårgytande sild i område under norsk jurisdiksjon i 2011 og 2012.
Hovudtyngda av EU sitt fiske i Nordsjøen og i Skagerrak skjer på botnfiskartar (torsk, hyse, sei o.a.), sild, makrell, kviting, raudspette og tobis. Ifølgje offisiell fangststatistikk har EU i dei seinare åra hatt relativt god utnytting av torske- og seikvotane sine i Nordsjøen. Utnyttinga av dei fastsette kvotane i Skagerrak har òg vore gjennomgåande høg for EU.
Grunna usemje om makrell vart det ikkje inngått kvoteavtalar mellom Færøyane og Noreg for 2011 og 2012. Færøyane fekk like fullt tilgjenge til å fiske kolmule og sild gjennom høvesvis fempartsavtalen og kolmuleavtalen. Færøyske fartøy fiska 18 pst. av sildekvoten nord om 62°N i 2012, medan dei i 2011 fiska 50 pst. av sildekvoten nord om 62°N.
Grønland utnytta torskekvotane godt i 2011 og 2012. Grønlandske fartøy fiska 440 tonn sei i 2011, og 680 tonn sei i 2012.
Island fiska 99 pst. av torskekvoten i NØS nord om 62°N i 2011. I 2012 utnytta Island 100 pst. av denne kvoten. Islandske fartøy fiska 38 pst. av sildekvoten nord om 62°N i 2011, medan dei ikkje fiska av sildekvoten nord om 62°N i 2012. Island har dei siste åra fiska ein større del av silda i si eiga sone.
I hovudsak utnyttar Sverige dei bilaterale kvotane sine godt i norsk del av Nordsjøen. Fisket deira er i stor grad retta mot kvotane av torsk, sei, makrell, sild og reker.