I Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan
2014–2023 er det lagt til grunn ei trinnvis utbygging og utbetring
av E6 på Helgeland til samanhengande god og einsarta standard. Prosjektet
er ei samla utbyggingspakke og føresett gjennomført i tre delar:
E6 Helgeland nord, Helgeland sør og Brattås–Lien.
Regjeringa Stoltenberg la i oktober 2013 fram
eit forslag til utbygging og finansiering av E6 på Helgeland, jf.
Prop. 201 S (2012–2013). Den nye regjeringa ønskte å foreta ein
ny gjennomgang av prosjektet og trekte derfor tilbake proposisjonen,
jf. Meld. St. 18 (2013–2014).
Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram
eit revidert forslag til utbygging og finansiering av E6 mellom
Korgen i Hemnes kommune og Bolna i Rana kommune (E6 Helgeland nord).
Forslaget inneber mellom anna at den statlege ramma til prosjektet
er auka med 300 mill. kroner samanlikna med Meld. St. 26 (2012–2013).
I tillegg legg departementet fram eit førebels
opplegg for utbygging og finansiering av E6 på heile strekninga
frå Nord-Trøndelag grense til Bolna.
E6 er det viktigaste vegsambandet mellom Nord-
og Sør-Noreg. I tillegg er E6 hovudferdselsåra på Helgeland. Formålet
med utbygginga er å få ein jamn og god standard på heile strekninga.
Det er lagt opp til anleggsstart for E6 Helgeland nord
hausten 2014, og med fullføring av siste delstrekning i løpet av
2018. For E6 Helgeland sør (Nord-Trøndelag grense–Korgen) og E6 Brattås–Lien
ligg det enno ikkje føre vedtekne reguleringsplanar. Samferdselsdepartementet
vil komme tilbake til opplegg for finansiering og utbygging av desse
strekningane når det ligg føre tilstrekkelege avklaringar.
Den lokalpolitiske handsaminga er nærare omtala
i kapittel 3 i proposisjonen.
Det er lagt opp til ei trinnvis utbygging av
dei tre delstrekningane E6 Korgen–Bolna (Helgeland nord), E6 Nord-Trøndelag
grense–Korgen (Helgeland sør) og E6 Brattås–Lien. Heile strekninga er
om lag 260 km lang.
E6 på Helgeland har gjennomgåande låg standard
og er prega av forfall, noko som gir dårleg framkomst og trafikktryggleik.
Årsdøgntrafikken (ÅDT) utanom byane varierer mellom 800
og 3 800 køyretøy. Tungtrafikken utgjer mellom 15 og 20 pst. av
trafikken.
Det er førebels lagt til grunn ein samla kostnad for
utbygging og utbetring av E6 mellom Nord-Trøndelag grense og Bolna
på 5 190 mill. 2014-kroner, inkl. prosjektet Brattås–Lien.
Ein førebels finansieringsplan for samla utbygging
av E6 på Helgeland, basert på ein samla utbyggingskostnad på 5 190 mill.
kroner, er vist i tabell 5.2 i proposisjonen. Medrekna kompensasjon
for auka meirverdiavgift er utbygginga av E6 på Helgeland føresett
finansiert med 84 pst. statlege midlar (4 380 mill. kroner) og 16
pst. bompengar (810 mill. kroner).
E6 mellom Korgen og Bolna er om lag 125 km lang.
ÅDT varierer frå 3 800 køyretøy nord for Mo i Rana til 800 køyretøy
ved Krokstrand sør for Saltfjellet.
Det er lagt opp til å byggje ut til saman 62
km veg fordelt på 10 delstrekningar. Om lag 47 km av utbygginga
vil skje gjennom å utvide vegbreidda, rette ut svingar og styrke
bereevna i eksisterande vegtrasé. Det meste av arbeidet vil skje
nord for Mo i Rana. Mellom Korgen og Mo i Rana vil det også bli
gjennomført tiltak for å betre trafikktryggleiken, mellom anna bygging
av gang- og sykkelvegar. Når utbygginga er ferdig, er reisetida
venta å bli redusert med om lag 11 minuttar for lette køyretøy og
om lag 13 minuttar for tunge køyretøy.
Rekna om til 2014-prisnivå blir styringsramma 1 690
mill. kroner og kostnadsramma 1 820 mill. kroner. I styringsramma
inngår 10 mill. kroner til etablering av to automatiske bomstasjonar.
Samfunnsøkonomisk netto nytte for utbygginga er
rekna til om lag -700 mill. kroner. Netto nytte over totale kostnader
er rekna til -0,6.
Trafikkføresetnadene går fram av kapittel 4
og basisføresetnader går fram av kapittel 5 i proposisjonen. Det
er lagt opp til å starte innkrevjinga i dei to bomstasjonane på
strekninga, Skamdal og Reinforshei, i 2015. Innkrevjingsperioden
er rekna til 15 år i kvar av dei to bomstasjonane.
Medrekna kompensasjon for auka meirverdiavgift
er utbygginga av E6 Helgeland nord følgjeleg føresett finansiert
med 80,5 pst. statlege midlar (1 360 mill. kroner) og 19,5 pst.
(330 mill. kroner) bompengar, jf. tabell 6.1 i proposisjonen.
Basert på føresetnadene i proposisjonen er brutto bompengeinntekter
rekna til om lag 640 mill. kroner, fordelt med 330 mill. kroner
til investeringar, 230 mill. kroner til å dekkje finansieringskostnader
og 80 mill. kroner til å dekkje innkrevjingskostnader og drift av
bompengeselskapet.
Det er lagt til grunn at omfanget av utbygginga blir
tilpassa den økonomiske ramma, jf. kapittel 5 i proposisjonen. Nordland
fylkeskommune og Grane, Vefsn og Rana kommunar har fatta vedtak
om garantiar for eit bompengelån på inntil 590 mill. kroner til
utbygging av E6 Korgen–Bolna.
Etter at Stortinget har fatta vedtak om utbygging og
finansiering av E6 på strekninga Korgen–Bolna (E6 Helgeland nord)
i Nordland, vil det bli inngått avtale mellom Statens vegvesen Vegdirektoratet
og bompengeselskapet i tråd med gjeldande standardavtale og dei
føresetnadene som er lagt til grunn i proposisjonen.
For å leggje til rette for effektiv gjennomføring av
utbetringane på E6 mellom Korgen og Bolna er det lagt opp til å
prøve ut ein ny kontraktstrategi.
Samferdselsdepartementet sluttar seg til at
utbygginga av dei 10 delstrekningane og det meste av drifta og vedlikehaldet
av E6 mellom Korgen og Bolna blir lyst ut i ein samla konkurranse,
slik at det blir same entreprenør som står for både utbygging, drift
og vedlikehald. Departementet meiner dette prosjektet er godt eigna
for ei slik kontraktsform. Vidare vil ein med dette vinne erfaringar
som kan vere nyttige når det gjelder andre prosjekt. Dette er ein
ny kontraktstype som må evaluerast og ev. utviklast vidare. Særleg
er det viktig å vurdere tilnærmingar der entreprenøren får fleire
insentiv til å finne fram til kvalitetsmessig gode løysingar. Kontraktforma vil
ikkje ha konsekvensar for finansieringa av utgifter til drift og
vedlikehald. Desse vil på vanleg måte bli finansierte over kap. 1320,
post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant og køyretøytilsyn
m.m., jf. nærare omtale i kapittel 7 i proposisjonen.